En helt overkommelig disippel

Tveitereid, Knut: ”En helt overkommelig disippel.”

Det Norske Bibelselskap (2005), 188 sider.

 

 

Knut Tveitereid (frå no: Tv.) er fødd i 1973, og for tida arbeider han som ungdomsprest i Storsalen. Han har tidlegare gjeve ut to bøker, nemleg ”i” og ”En helt overkommelig Bibel”. Tveitereid er ein mykje nytta ungdomsleiar og Bibeltimehaldar, og han har stor gjennomslagskraft hjå norsk kristen ungdom.

 

Tveitereid si siste bok har altså ein tittel som er derivert av hans førre. ”En helt overkommelig disippel” er, i fylgje coveret, ei ”bok om livet som Jesu disippel”. Tveitereid nyttar ein litt spesiell framgangsmåte for å nå sitt mål; han har plukka ut alle dei stadene i NT der ordet ”disippel” vert nytta, og med utgangspunkt i desse går han i gang med å skrive om disippellivet. Formalt sett kan ein seie at språket i boka er lett og ledig, og Tv. nyttar relativt hyppig bilete og historier for å illustrere sine poeng. Alt dette gjer han med stort hell.

 

”En helt…” er klart praktisk orientert, og dette er, slik eg ser det, boka si store styrke. Boka gjev ei god blanding av tankar frå Bibelen, praktiske råd, og god livsvisdom. Det er forfriskande at boka er ærleg og realistisk når det gjeld livet som etterfylgjar av Jesus. Fyrste kapittel handlar om at ein som læresvein har ei stor tabbekvote, og Tv. er også klar på at det å fylgje Jesus vil medføre vanskar og t. o. m. forfylgjing. Han legg opp til eit sunt ”livsmønster” med m. a. balanse mellom kvile og aktivitet. Boka er elles ”radikal” (sjå t. d. kva som vert sagt om pengebruk og eigedelar), samstundes som det vert lagt vekt på at ein også har lov til å nyte Guds gåver.

 

Tv. er oppteken av av at ein som kristen bør ha fokus ”inn” (mot fellesskapen), ”opp” (mot Jesus) og ”ut” (mot medmenneske). Personleg tykkjer eg det sviktar litt når det gjeld ”opp”-relasjonen. Her burde det vorte lagt meir vekt på ei skjelning mellom lov og evangelium, og at det er Jesu frelsesverk som er grunnlaget – ikkje berre i utgangspunktet, men også i det daglege livet – for det at vi kan fylgje Jesus. Dette vert det tala for lite om, etter mitt syn, jamvel om det nok vert nemnt. Elles kan det også seiast at boka si tale om at ”disipler ikke er opphengt i bud og regler”, kunne tene på litt klarare tale om at vi som truande har dei ti boda som skal ”fortelje oss kva gjerningar som Gud har hugnad i”, som Luther seier. Men boka er elles tydeleg på at Skrifta skal vere vår rettesnor, og det skal Tv. ha ros for. 

 

Alt i alt er ”En helt overkommelig disippel” ei fin og lærerik bok om det å vere ein etterfylgjar av Jesus i det 21. århundre i Noreg. Ungdom (og vaksne som arbeider med ungdom) vil ha stort utbyte av å lese boka.

 

Hallvard N. Jørgensen

 

 

 

 

 

Stikkord: , , , ,

Kommenter innlegget