Det guddommeliggjorte menneske og den menneskeliggjorte Gud

”Det guddommeliggjorte menneske og den menneskeliggjorte Gud. En analyse av Kenneth E. Hagins lære.”

Kjell Olav Sannes

Refleks-serien 5, 172 sider, 298 kr.

 

Kjell Olav Sannes er professor i dogmatikk ved Menighetsfakultetet. Han har lenge interessert seg for den sk. trusrørsla, og denne boka omhandlar fyrst og fremst kristendoms- og røyndomsforståinga til ”lærefaderen” i trusrørsla, Kenneth Hagin. Sannes innleier med å seie noko om at det er ei relativt einskapleg lære i ”truskyrkjelydane” i trass av at dei ikkje har ei felles vedkjenning, slik som den lutherske kyrkja. Sannes påviser at Hagin har ein enorm autoritet i trusrørsla, og at teologien hans i det store og det heile er grunnlaget i store delar av henne. Sannes seier også litt om Oslo Kristne Senter og Levande Ord sitt forhold til Hagins teologi. Men dette hadde det vore fint om han hadde sagt endå meir om, i og med at det til tider kan verke litt uklart kva forhold t. d. OKS har til Hagin.

 

Hovuddelen av boka omhandlar sjølve teologien til Hagin. Og det kjem fram at teologien hans på svært mange punkt er usunn og ubibelsk. Vektpunktet ligg på ”tru” (særleg forstått som ”gjerning/innsats for å få ting til å skje”), og mange gonger talar Hagin om korleis han har fått spesielle openberringar av Gud, som i praksis supplerer og til dels også går mot Skrifta. I flg. Hagin er det no djevelen som er gud her i verda (han omtolkar 2. Kor. 4:4), og dette medfører at Gud faktisk ikkje – reint juridisk – kan gripe inn her på jorda, Han er ikkje allmektig og allestadsnærverande. Men vi som kristne har autoritet, og berre vi har tru på dei ”andelege lovene” (t. d.: ”Name it and claim it!”) kan vi få kva vi vil, ja, vi kan kommandere Gud slik at vi til og med sjølv kan bestemme kor lenge vi vil leve. Også ikkje-kristne ha utbytte av å bruke dei ”andelege truslovene”. Hagin lærer også i sak at vi som kristne langt på veg er identiske med Gud sjølv.

 

Sannes meiner å påvise (og eg er samd med hans konklusjonar) at Hagins mange vranglærande lærepunkt slett ikkje står som ”einskilde villfaringar”, men at dei logisk spring ut frå eit teologisk system og ei spesiell røyndomsforståing. Difor er det naudsynt å ta eit grunnleggjande oppgjer med Hagins teologi i det heile, i staden for å gjere ”kosmetiske” endringar på einskildpunkt.

 

For oss som er usamde med Hagins teologi, vert det ei utfordring å halde fast på eit bibelsk og balansert syn på lækjing (og velsigningar elles) frå Gud. Like eins er vi også nøydde til å ta omsyn til vanskelege vers som t. d. Mark. 11:23-24 (som er heilt grunnleggjande for Hagin) og 2. Pet. 1:4 (om ”guddommeleg natur”). Også vi har desse versa i vår Bibel, og vi må kome til rette med dei i vår teologi.

 

Alt i alt er Sannes bok ”Det guddommeliggjorte menneske…” ei svært lesverdig bok. Boka gjev god og sakleg innsikt i kva Hagin sin teologi eigentleg innebér, og ho kan fungere godt som tolkingsnykjel og ”vegkart” i møte med trusrørsla.

 

Hallvard N. Jørgensen

 

Stikkord: , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: