Sophie Scholl

Bok:

“Sophie Scholl and the White Rose”

Annette Dumbach og Jud Newborn

OneWorld Publications

256 sider.

150,- (Bokkilden.no)

 

Film:

”Sophie Scholls siste dager”

99,- (CDON.com)

 

Få filmar har gjort sterkare inntrykk på meg enn den tyske ”Sophie Scholls siste dager.” Dette er eit faktum som ikkje seier så reint lite, med tanke på dei (altfor) mange filmane eg har sett i løpet av mitt liv. Filmen, som nyleg vart gjeve ut på DVD etter å ha gått ei stund på kino, er ei dramatisering som relativt nøyaktig byggjer på historiske hendingar. Handlinga dreier seg om ei gruppe ressurssterke tyske studentar – fleire av dei kristne – som våga å gjere motstand mot naziregimet og deira barbari under krigen. Gruppa, som kalla seg ”Die weisse Rose” (”Den kvite rose”) produserte og spreidde under stor risiko flygeblad med harmdirrande utrop mot kneblinga av ytringsfridomen, mot blodbadet som Tyskland hadde skapt i Europa ved sin krig, og ikkje minst mot utryddinga av jødar i konsentrasjonsleirar.Ved ei uforsiktig utplassering av rundt 1000 slike flygeblad på universitetet i München ein tidleg februarmorgon i 1943 vart leiarane i gruppa, Hans Scholl på 24 år og systera Sophie Scholl på 21 år, tekne på fersk gjerning. Dei vart sendte til Gestapo der dei vart utsett for lange forhøyr. Til slutt måtte dei tilstå – og etter kvart forsone seg med at dei ville bli for høgforræderi. Men måten ungdomane – med viten om at dødsstraffa stod for døra – med stort mot og stor overtyding framleis tala nazistane midt imot, er rett og slett overveldande.

Filmar som skildrar kristen tru på ein positiv og realistisk måte, er sjeldne i våre dagar. Men ”Sophie Scholl” er ein av desse sjeldne filmane. Filmen viser tydeleg korleis trua på Jesus, bøna og nattverden er med på å gje Sophie krafta til å stå løpet ut i møte med nazistane. Då eg fann ut at det også var skrive bøker om desse hendingane, bestilte eg den mest kjende og kritikerroste av desse, ”Sophie Scholl and the white rose” av Annette Dumbach og Jud Newborn. Denne boka, som diverre enno ikkje er omsett frå engelsk til norsk, vart fyrste gong gjeve ut i 1986, og deretter på nytt i revidert utgåve i 2006. Boka er godt skrive, det er rett og slett spennande å fylgje historia åt dei heroiske ungdomane i ”die weisse Rose”. Boka gjev også eit godt innblikk i korleis den tilsynelatande totale einsrettinga av nasjonen mot slutten av 30-talet, og det påfylgjande naziregimet sitt autoritære styre, fortona seg for den vanlege tyskar og ikkje minst for den tyskar som såg på utviklinga med sorg og motstand.

Nazismen som ideologi står vel ikkje sterkt i dag. Men dermed er det ikkje sagt at ein ikkje kan lære noko av denne perioden. Tvert om: Mange av dei berande idéane i nazismen kan raskt dukke opp att i menneskelege tenkesett. Her er det nærliggjande å nemne den valdsame forakten for det veike som gjorde seg gjeldande i nazistisk tankegang. Gjer ikkje til ein viss grad liknande tankegang seg gjeldande også i dagens debattar om menneskeverd, abort, aktiv dødshjelp, bioteknologi etc.? Også i dag trengst ”Scholls” som er viljuge til å reise seg opp mot uretten og tale sanninga på vegne av dei som lid.

Både filmen ”Sophie Scholls siste dager” og boka ”Sophie Scholl and the White Rose” vert med dette varmt anbefalt, både for unge og eldre.

 

 

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: