Arkiv for kategorien ‘Korleis las Luther Bibelen?’

Korleis las Luther Bibelen?

mai 14, 2008

Innleiing

I dette essayet vil vi sjå nærare på eit mykje omdiskutert ”prinsipp”[1] hjå Luther, nemleg hans ”prinsipp” om ”was Christum treibt”, det som driv på Kristus[2]. Dette omgrepet, i lag med ein del andre liknande omgrep[3], finn vi i Luthers fortalar til det Nye Testamente, frå 1522. Omgrepa viser til Luthers sentrale tanke om at det er evangeliet om Jesu død og oppstode for vår skuld som er hovudsaka i det Nye Testamente. Som vi skal sjå, er det ein del debatt om korleis ein skal forstå Luther på dette punktet. Meinte t. d. Luther at evangeliet kan nyttast som eit kritisk prinsipp overfor andre, mindre sentrale delar av kanon? Slik har prinsippet ofte vorte forstått, og i det fylgjande skal vi vurdere om dette er ei rimeleg forståing av Luthers utsegner.

 

Vi vil altså fyrst presentere Luthers fortalar til NT frå 1522. Vidare vil vi freiste å drøfte kva funksjon Luthers prinsipp om ”Christum treyben” spelar i praksis i Luthers skriftsyn. Til slutt vil vi kome inn på spørsmålet om i kva grad Luther kunne setje evangeliet opp mot andre, mindre sentrale, delar av kanon.

 

Presentasjon av Luthers fortalar til NT[4]

Luthers omsetjing av det nye testamentet er kjent. Den fyrste utgåva kom ut i 1522, det var det såkalla septembertestamentet.[5] Luther skreiv fortalar til alle bøkene i NT[6], og i desse fortalane[7] gjev Luther ein presentasjon av hovudtankane i skrifta. Dette vil vi i det fylgjande sjå nærare på. Vi vil då fyrst ha eit avsnitt med Luthers skildring av det han kallar ”dei rette, visse hovudbøker” i kanon. Dinest vil vi sjå nærare på kva Luther seier om dei fire skriftene som han plasserer i randsona til kanon.

 

Hovudsaka er evangeliet om Jesus og hans gjerning for oss

Den fyrste fortalen i omsetjinga frå 1522 bar rett og slett tittelen ”fortale”, og er meint anten å vere ein fortale til dei fire evangelia og apostelgjerningane, eller også til heile NT. Luther innleier med å seie at det i utgangspunktet slett ikkje skulle vere nødvendig ha nokon fortale til NT. Men på grunn av forvirring hjå lekfolket, er det naudsynt å setje bibellesaren på det rette sporet og lære han kva han skal forvente og leite etter i det Nye Testamentet.[8]

 

Det fyrste Luther då vil understreke, er at det berre er éitt evangelium, liksom det berre er éin Kristus.[9] Kva er så dette evangeliet? Her lét vi Luther sjølv kome til orde:

 

Evangeliet er ikkje og kan ikkje vere noko anna enn ei preike om Kristus, Guds og Davids Son, sann Gud og sant menneske, som med sin død og oppstode for oss har overvunne synda, døden og helvete for alle dei menneske som trur på han…Pass difor på at du ikkje lagar ein Moses av Kristus, eller ei bok om lover og lære av evangeliet[10]…For evangeliet krev ikkje uttrykkeleg våre gjerningar, som vi kan verte rettferdige og frelste ved; nei, det fordømer slike gjerningar. I staden krev evangeliet tru på Kristus; at han har overvunne synda, døden og helvete for oss og slik gjev oss rettferd, liv og frelse (…)[11]

 

Luther definerer altså evangeliet ved å forklare kven Jesus er, kva han har gjort, og kva tyding dette verket har for oss.[12] Luther er fullt klar over at NT også innheld mykje av lova, og av gjerningar som Gud byd at vi skal gjere. Og desse vert ikkje ugyldiggjort. Ein må berre forstå dei – og plassere dei – rett:

           

Difor må du gripe Kristus, hans ord, gjerningar, og liding, på ein dobbel måte. For det fyrste som eit døme som vert gjeve deg til, som du skal fylgje og etterlikne(…) Så når du ser korleis han bed, fastar, hjelper folk og syner dei kjærleik, så skal også du gjere dette, både for din eigen del og for nesten din. Men dette er berre den minste delen av evangeliet, og på dette grunnlaget kan ein ikkje ein gong kalle det eit evangelium(…) Evangeliets hovudartikkel og grunnlag er at før du tek Kristus som eit døme, må du ta mot han og erkjenne han som ei gåve, ein presang som Gud har gjeve til deg og som er din eigen. Dette tyder at når du ser og høyrer om at Kristus gjer eller lid noko, så tvilar du ikkje på at Kristus sjølv, med sine gjerningar og lidingar, tilhøyrer deg. Det kan du stole på så sikkert som om du hadde gjort det sjølv; ja, som om du var Kristus sjølv.[13]

 

Vi ser altså korleis Luther legg stor vekt på at ein fyrst må ta mot Kristus som ei gåve, dinest kan ein i fridom fylgje etter han i og ved gode gjerningar.

 

Luthers vurdering og rangering av dei ”sikre, visse hovudskriftene” i kanon

I det førre avsnittet siterte vi Luther i ei viss lengde då han skulle forklare kva evangeliet var.

På bakgrunn av desse tankane, kan Luther vurdere dei einskilde skriftene i NT. Mot slutten av den fyrste fortalen kjem nokre svært viktige resonnement om nettopp dette.[14] Han spør: ”Kva er dei sanne og mest edle bøkene i det nye testamentet?” Og han gjev til svar at dei beste, det er Johannesevangeliet, Paulus’ brev (særleg Romarbrevet, som vi skal kome attende til) og 1. Peters brev. Kvifor er så desse bøkene rangert så høgt? Jo, nett av di ein her finn desse Jesu frelsesgjerningar for oss så godt framstilt. Eller sagt med andre ord: ”Dei syner deg Kristus og lærer deg alt som er naudsynt og frelsesnyttig for deg å vite.”  Men kvifor nett Johannesevangeliet, og ikkje dei andre? Her gjev Luther til svar at han heller vil ha Jesu forkynning enn hans gjerningar, for ”orda hans gjev liv.” [Joh. 6:63].

           

Luther rangerer altså romarbrevet høgt, i forhold til dei andre skriftene. Han forklarer kvifor i sjølve fortalen til brevet[15]. Her seier han at brevet er ”hovuddelen av det nye testamentet”, og at det er eit ”klart ljos, nesten nok til å lyse opp heile Skrifta.” Så går Luther vidare og forklarer sentrale omgrep i brevet, fyrst lova. Luther forklarer at ikkje noko menneske kan halde Guds lov, for denne lova krev heile hjarta, og ein god vilje. Difor er alle menneske syndarar. Synda er djupast sett vantru i det inste hjarta, og ut frå denne spring alle andre synder. Trua er eit guddomeleg verk i oss som endrar oss og føder oss på ny – og trua er ”ein levande, dristig tillit til Guds nåde, så sikker og viss at den truande gjerne ville risikere livet sitt for henne tusen gonger…” Vi kan ikkje gå meir inn på fortalen i denne samanhengen, men berre nemne at Luther sjølv kallar brevet ”det reinaste evangelium”, og at han oppmodar alle kristne til å lære seg brevet ord for ord utanboks.

 

Luther plasserer nokre skrifter i randsona til den NT-lege kanon

Etter at Luther har gått gjennom dei fleste av skriftene i NT, kjem han til slutt til Hebrearbrevet, Jakobs brev, Judas brev og Johannes’ openberring. Luther vil ikkje nummerere desse skriftene, slik han gjer med dei andre. Han forklarer i fortalen til Hebrearbrevet[16]: ”Fram til no har vi hatt å gjere med dei rette, visse hovudbøkene i det Nye testamentet. Dei fire fylgjande har frå gamal tid hatt eit anna rykte.” Luther har nok her Eusebios’ kyrkjehistorie[17] i tankane, denne spelar, som vi skal sjå ei viss rolle i Luther kanonvurdering.

 

Før vi går til dei ulike skriftene skal vi innleiingsvis berre poengtere at Luther vurderer skriftene både ut frå spørsmålet om historisk apostolisk opphav og dogmatisk innhald. Desse to kriteria kan seiast å vekselverke på kvarandre i Luthers forståing. I det fylgjande vil vi sjå reint konkret korleis Luther resonnerer:

 

Når det gjeld hebrearbrevet, byrjar då Luther med å seie at det for det fyrste ikkje er skrive av ein apostel, med tilvising til Heb 2,3. Men for det andre er det problematisk å godta det ein les i kap. 6, 10 og 12 om at syndarar ikkje kan omvendast etter dåpen. ”Dette ser ut til, slik det står, å vere i motseiing til alle evangelia og Paulus’ brev, og sjølv om ein kunne freiste på ei tolking[18] av det, er orda så klare at eg ikkje er sikker på om det ville vere nok.” Men Luther held likevel fast på at det er eit godt brev, der det vert bygd på apostlanes grunnvoll med gull, sylv og vakre steinar (jfr. 1 Kor 3,12), men kanskje iblanda med tre, strå og høy. Han konkluderer difor med at vi ikkje kan setje det på same nivå som dei apostoliske breva.

 

Så kjem vi til den mykje omdiskuterte fortalen til Jakobs og Judas brev.[19] Luther innleier med å seie at Jakobs brev er ei god bok, jamvel om det har vorte avvist i eldre tid.[20] Vi ser altså at Luther fyrst nemner dei historiske kriteria – at det apostoliske opphavet har vorte avvist. Men vidare presenterer han nokre nokre kritiske, dogmatiske refleksjonar: For det fyrste går skriftet tvert mot Paulus og alle dei andre skriftene, i det det tilskriv rettferdiggjeringa til gjerningar. Han gjennomfører ei kort drøfting av dei aktuelle skriftstadene (Gen 15:6, Rom 4,2-22 og Jak 2,21-24), og konkluderer såleis: ”Denne feilen provar difor at dette brevet ikkje er verket til ein apostel.” Meininga er åpenbart at dersom det var ein apostel som stod bak, ville ikkje denne ”feilen” vere her. For det andre, seier Luther, nemner ikkje brevet Jesu liding, oppstode eller Ande. Og i denne samanhengen kjem den mykje omstridde passusen, som vi no skal attgje i ei viss lengd:

 

Det sanne apostelembetet er å forkynne Kristi liding, oppstode og embete og dermed leggje grunnvollen for trua. (…) Alle dei genuine, heilage bøkene er samde om dette, at dei alle forkynner og driv på Kristus [Christum treyben]. Og dette er den rette prøvesteinen å kritisere alle bøker etter, når vi ser om dei driv på Kristus eller ikkje. For alle Skriftene syner oss Kristus, Rom 3 [,21]; og Paulus vil ikkje vite av noko anna enn Kristus 1 Kor 2 [,2]. Det som ikkje lærer Kristus, er ikkje apostolisk, sjølv om det så er Peter eller Paulus lærer det. Altså: Kva som helst som forkynner Kristus, det er apostolisk, sjølv om det er Judas, Annas, Pilatus eller Kaifas som gjorde det.[21]

 

Luther har elles nokre fleire små ”høner å plukke” med Jakobs brev. Dei kan vi ikkje gå inn på i si fulle djubde her. Men han avsluttar fortalen med å seie at forfattaren, ved å leggje vekt på lova, vil oppnå det som apostlane oppnådde ved å stimulere til kjærleik. ”Eg kan difor ikkje inkludere han hjå hovudbøkene, men eg vil likevel ikkje hindre nokon i å inkludere eller opphøgje han som han vil, for det er elles mange gode utsegner i han.”

 

Når det gjeld Judas’ brev, opererer Luther med fleire grunnar til at han ikkje kan godta dette som ei av hovudbøkene, som skal leggje grunnlaget for trua: a.) Judas’ brev kopierer 2 Peters brev, b.) forfattaren synest å vere ein læresvein som kjem etter apostlane, c.) sitat og hendingar som vert skildra, finn ein ikkje att i Skrifta, og kyrkjefedrane utelukka difor brevet frå hovuddelen av Skrifta d.) apostelen seiast å ha reist til Persia, så han skreiv ikkje på gresk.[22]

Vi skal også seie nokre ord om Luthers fortale til Openberringa[23]. Luther innleier med å seie at han ynskjer å stille kvart menneske fritt til å meine det dei vil om boka. Men han sjølv reknar med at boka verken er profetisk eller apostolisk, av fylgjande grunnar: For det fyrste driv ikkje apostlane med visjonar, men med klar tale om Kristus og hans gjerningar. For det andre er det ein uvanleg type profetisk tale som Luther ikkje kjenner att frå verken GT eller NT. For det tredje er det problematisk at forfattaren rangerer si eiga bok så høgt, når ho er så vanskeleg å forstå. For det fjerde avviste mange av kyrkjefedrane boka. Og for det femte kan ikkje ”ånda hans” kjenne seg vel i boka; ”Kristus vert ikkje lært eller gjort kjent klart og tydeleg i ho. Men å lære Kristus, det er det ein apostel framfor alt er bunden til å gjere, slik Kristus seier i Apg 1 [,8] ’De skal vere mine vitne’ Difor held eg meg til dei bøkene som presenterer Kristus for meg klårt og reint.”[24] Det skal nemnast at Luther seinare reviderer denne fortalen, nærare bestemt i fortalen i NT-utgåva frå 1530.

           

”Christum treyben” sin grunnfunksjon: Hermeneutisk og kanonkritisk

Vi skal no undersøke nokre døme på korleis ”Christum treyben” sin funksjon i NT-fortalene frå 1522, har vorte forstått. Hjå norske lutherforskarar er det kanskje særleg Inge Lønning som her skil seg ut. Hans lutherforståing divergerer på sentrale punkt frå forståinga til Ivar Asheim og Oddvar Johan Jensen. Det som debatten særleg står om, er i kva grad Luther driv med kanonkritikk og/eller ”dogmatisk” (innhaldsmessig) kritikk i fortalane. Eller sagt med andre ord: Er Luther interessert i kanonkritikk, slik at han ynskjer å markere kva bøker som er med i kanon? Eller er han i staden interessert i å markere kva som er viktig og sentralt i NT i det heile teke – utan å bry seg så mykje om ”det andre”, eller i og for seg kanons ytre grenser? Vi vil her i det fylgjande gje ein kort presentasjon av lutherforskarane sine resonnement. I løpet av presentasjonen vil vi freiste å finne eit svar på kva luthertolking som er mest adekvat.

 

Vi går fyrst til lutherforskaren Inge Lønning. Han avviser å dele opp Luthers prinsipp i såkalla ”kanonkritikk” og/eller ”dogmatisk” kritikk.[25] I staden meiner han at det prinsipielt sett er den same kritikken som går att både i den generelle fortalen og i forhold til dei fire ”usikre skriftene”. Iflg. Lønning såg Luther det slik at det var evangeliet som legitimerte apostolatet, og ikkje omvendt. Med andre ord: Det at apostlar står bak NT-kanon, er ikkje noko slags formell ”sikring” av at NT er ”god fisk”. Denne sikringa er berre der så langt apostlane forkynner det sanne evangeliet – slik som embetet deira går ut på. Sentralt i Lønnings forståing, står Antiokia-hendinga, der Paulus iretteset Peter.[26] Lønnings konklusjon med omsyn til fortalane vert at Luthers føremål med dei ikkje er å avgrense NT som formal storleik, men derimot å ”peke på det nye testamente [d. e. evangeliet] i Det nye testamente og [la] dette framstå som kanon og meningsgivende sentrum for leseren.”[27] Og dette sentrum vert så og seie overordna apostelautoriteten som formal storleik.[28]

Ivar Asheim[29] og Oddvar J. Jensen[30] markerer seg mot Lønnings lutherforståing. Dei forstår det slik at ”prinsippet” om ”Christum treiben” vert nytta på to måtar hjå Luther: Som eit kanonkritisk prinsipp og som eit tolkingsprinsipp.

 

Jensen peikar på fylgjande: Ved omtalen av hebrearbrevet markerer Luther ein forskjell mellom det han kallar ”dei sikre, visse hovudskriftene” i NT – og dei fire som han plasserer i randsona til kanon. Dette tyder på at Luther ser ein prinsipiell forskjell mellom desse to skriftgruppene i NT. Overfor den eine skriftgruppa, dvs. ”dei rette og visse” skriftene i NT, vil ein ikkje finne at Luther kritiserer eller nedvurderer skrifter eller delar av skrifter. Det er rett at han verdirangerer skrifter i denne gruppa, og føremålet med dette er å syne den leke lesaren korleis han best kan finne evangeliet. Sagt med andre ord: Han markerer tyngdepunkt og periferi i kanon. Tyngdepunktet finn vi der Kristus vert forkynt, og der vi lærer alt det som er ”frelsesnyttig” for oss å vite.[31] Oddvar Johan Jensen omtalar denne Luthers vurdering og rangering av dei kanoniske skriftene som ”pedagogisk, sjelesørgerisk og fortolkningsmessig” – men ikkje kritisk. Dette vil vi likevel drøfte litt nærare nedanfor.

 

Kva så med dei usikre skriftene – korleis fungerer prinsippet der? Asheim oppsummerer slik: Luther tek utgangspunkt i dei sikre, dvs. dei uomstridde apostoliske skriftene. Dersom han då finn noko i dei skriftene som har uvisst apostolisk opphav, som harmonerer dårleg med Kristusbodskapen (som vi finn i dei sikre), vil han plassere desse i randsona til kanon, med det til fylgje at ein bør vere forsiktig med å lese dei. Det er viktig her å leggje merke til at Luther handsamar dei fire usikre skriftene som einingar. Dette innebér at han drøftar om heile skriftet er ein del av kanon eller ikkje, noko som styrkjer oppfatninga av det faktisk er kanonkritikk Luther driv med her.  

 

Så vidt vi ser, er det Jensen og Asheim som treff best når dei omtalar Luthers bruk av ”Christum treyben” som kanonkritisk – overfor dei skriftene med usikkert apostolisk opphav – og hermeneutisk-pedagogisk overfor dei sikre skriftene.

 

Luthers ”hermeneutiske” bruk av ”Christum treyben”  innanfor kanon

Vi har ovanfor konkludert med at ein i NT-fortalane av 1522 vil finne at Luther brukar prinsippet om ”Christum treyben” kritisk overfor dei ”usikre” skriftene; der vert evangeliet bruka som målestokk – og spela ut mot delar av skriftet – for å godtgjere at desse skriftene ikkje har apostolisk opphav.[32] Både Asheim og Jensen var samde i at ”Christum treyben” også var eit hermeneutisk prinsipp som vart nytta til å syne kva som er periferi og sentrum innanfor kanon. Men kva innebér dette i praksis? Det vil vi gjere greie for i det fylgjande. Vi vil fyrst sleppe til orde Asheim:

 

Dette grunnsyn [dvs. det at Kristus er hovudinnhaldet i Skrifta] er det som ligger bak de kjente uttrykk at man ved lesningen av et skrift skal spørre ”om det forkynner Kristus” (WADB 7,384,29-32), at Kristus er ”Skriftens opphavsmann og herre”(WA 40,1,458,33) eller dens ”hode” (WA 39,1,47,21), og at om motstanderne urgerer Skriften mot Kristus”, så vil Luther ”urgere Kristus mot Skriften” (samme sted 19 f). Igjen uttrykk som viser at Luthers identifikasjon av Bibelens skrevne tekst og Guds ord er relativ. Luther skjelner, uten å adskille. Skjønt vi ikke kan få del i Skriftens sakinnhold på en annen måte enn gjennom dens ord, og ordene på den måten i tid får prioritet i forhold til saken, har sakinnholdet, nemlig Kristus, ifølge Luther (WA 42,195,18-21), likevel prioritet i rang, og kan når man først har fått del i det, anvendes kritisk innenfor den samlede bibelske tekstoverlevering, slik sitatene ovenfor antyder.[33]

 

Asheim nemner her Luthers utsegn om å ”urgere Kristus mot Skriften”. Denne utsegna er henta frå eit ganske mykje sitert avsnitt hjå Luther[34], og vi vil her difor like gjerne sitere ein god del av det:

 

Skriftene må bli forstått for Kristus, ikkje mot han. Difor må dei (d.e. skriftstadene) anten setjast i forhold til han, eller ikkje haldast for å vere sann Skrift. ”Hald boda” må, til dømes, bli forstått som at Kristus byd at vi skal halde dei i Kristus eller i trua på Kristus. ”Du skal elske Herren din Gud” etc., åpenbart, i Kristus eller trua på han, for ”skild frå meg kan de inkje gjera.” ”Gjer dette, så skal du leve”, så klart; ”gjer det i meg”, elles vil du ikkje kunne gjere det, men kjem til å gjere det motsette.

…det var naudsynt for alle [dei gamaltestamentlege] helgenane å leve og gjere alle ting i den Kristus som var lova, liksom vi i den Kristus som er openberra.…Difor, dersom våre motstandarar set Skrifta opp mot Kristus, så set vi Kristus opp mot Skrifta.[35]

 

Asheim viser vidare til Luthers bruk av biletet med Skrifta som ein sirkel, der Kristus er sentrum[36], og han held fram slik:

 

Dette sentrum kan da i et gitt tilfelle måtte spilles ut mot periferien, for løsrevet fra sentrum får perifere momenter et skjevt innhold. Det er dette Luther hentyder til når han taler om å ”urgere Kristus mot Skriften”. De tilfeller han har i tanke, er at noen f. eks. kunne påberope seg enkeltord i Skriften som tatt isolert synes å lære rettferdiggjørelse ved gjerninger. Det man da gjør, er ifølge Luther å spille føttene ut mot hodet, tjeneren mot herren. Kristus er Skriftens herre og hode – alt annet i Skriften må derfor underordnes ham (WA 39,1,47,19-22)[37]

 

Asheim nemner elles seinare i artikkelen eitt døme til på korleis Luthers prinsipp om ”Christum treiben” kan føre til at sentrum vert spela ut mot periferi. Dette dømet gjeld Jesu rolle i bergpreika; er Jesus lovgjevar, eller er han kun tolkar av lova? Luther meiner det siste[38], og Asheim ser i dette korleis Luther spelar ”Skriftens sentrum ut mot dens periferi for å unngå en tankeløs biblisisme.”[39]

 

Skrifta motseier ikkje seg sjølv, men peikar overalt på Kristus

Vi ser altså at Asheim talar om at Luther faktisk kan ”spele Skriftas sentrum ut mot dens periferi”. Til dette kan seiast: Det er gode grunnar til å tru at Luthers talemåte her best er å forstå som hypotetisk.  Såleis er det problematisk å omtale den faktiske skrifttolkinga til Luther på denne måten. Dette har samanheng med at Luther meinte at Skrifta ikkje kunne motseie seg sjølv. Carl Fr. Wisløff vil her markere ein viss dissens med Asheim, og resonnerer på fylgjande måte: Poenget vert her at det å forstå ”periferien” (altså t. d. bibelord som ser ut til å lære rettferdiggjering ved gjerningar) i ljos av sentrum (dvs. Jesus som vår frelsarmann, kun ved tru på evangeliets løfte) slett ikkje er ei utlikning av motsetningar for å ”redde” evangeliets lære. Det er derimot – i fylgje Luthers eige syn – uttrykk for rett skrifttolking. Vi siterer Wisløff:

 

Dette ofte siterte ord [om å setje Kristus opp mot Skrifta, sjå punkt 2.2 ovanfor] betyr ikke, som man stundom har ment, at det innen den bibelske kanon kunne tenkes motstridende utsagn om frelsens sannheter. Det kan se slik ut for oss – men ”Skriften kan ikke være imot seg selv” (34. 2, 385). Sammenhengen er en annen, Luther vil ha fram at bibeltolkeren har all mulig rett til å tolke Skriften ut fra dens egen opphavsmann. Det er dette som er rett skrifttolking.[40]

 

Den grundige Lutherforskaren Thestrup-Pedersen samstemmer her, og understrekar at Luthers tale om setje Kristus opp mot Skrifta, eigentleg er hypotetisk:

 

Når Luther taler om å drive på Kristus imod skriften (skønt netop skriften alene har lært ham at drive på Kristus), så er det for Luther en hypotetisk sætning. Hvis Skriften ikke kan forstås ”for Kristus”, har vi ikke med den sande skrift at gøre.[41]

 

Thestrup-Pedersen nemner at det kun er to stader der Luther i eksegesen set Kristus opp mot Skrifta og spelar dei to ut mot kvarandre som to ulike storleikar; det er éit tilfelle i bordtalane, og ved tolkinga av Jakobs brev. Og i samband med Jakobs brev, trekte altså Luther den konklusjon at dette brevet ikkje er kanonisk.[42]

 

Luthers tankegang kjem klart fram i ein berømt kommentar til Gal 3,14. Gal 3,13 fortel, som kjent, om korleis Kristus vart ei forbanning for våre synder. Og når Jesus vert oppfatta på denne måten, seier Luther, då tek han enkelt bort alle dei fanatiske meiningane til motstandarane, om rettferdiggjering ved gjerningar. Men så finst det dei som likevel hentar fram stønad for rettferdiggjering ved gjerningar, frå Skrifta. Talar så Skrifta mot seg sjølv? Vi lét Luther sleppe til orde:

 

Difor, om [Kristus] er prisen for mi frelse, om Han Sjølv vart synd og ei forbanning for å rettferdiggjere og velsigne meg, då vert eg ikkje vippa av pinnen av skriftpassasjar, sjølv om du kunne finne fram 600 til stønad for gjerningsrettferd og mot trusrettferd, og sjølv om du skulle rope at Skrifta motseier seg sjølv. Eg har Skriftas opphavsmann og Herre, og eg vil heller stå på hans side enn å tru på deg. Uansett, det er umogleg at Skrifta kan motseie seg sjølv, unnateke for dei uforstandige og sta hyklarane; hjå dei fromme og forståande gjev ho vitnesbyrd til Herren sin. [43]

 

Eit kritisk spørsmål til Luther

Vi har sett at Luther vil unngå å tale om motseiingar i Skrifta. Det er legitim skrifttolking å tolke Skrifta i ljos av Kristus, og dette gjeld då særleg element som kan sjå ut til å lære rettferdiggjering ved gjerningar. Men kan ikkje Luther med dette seiast å påføre tekstar i Skrifta ei meining som dei eigentleg ikkje har? Thestrup-Pedersen stiller spørsmålet om ikkje Luther reint umedvite gjer nettopp dette.[44] Men han vil også understreke at Luther ”bestræber seg for at lytte til de enkelte tekster i deres egenart og ikke uden videre påtrykker dem et præg, der er dem selv fremmed.”[45] Skulle vi undersøkje dette spørsmålet nærare, måtte vi gå inn på Luthers tolking av dei aktuelle tekststadene der det ser ut til at det vert lært gjerningsrettferd. Dét vil føre for langt i denne samanhengen[46].

 

Oppsummering

Vi har sett nærare på eit viktig prinsipp hjå Luther, nemleg prinsippet om ”was Christum treibt”. Luther brukar ein del ulike omgrep for å forklare éi hovudsak; nemleg at evangeliet om Kristus, hans ord og frelsesgjerningar, er sentrum i det Nye Testamente. Med utgangspunkt i denne oppfatninga vurderer Luther kva skrifter som er dei beste i NT. Men ut frå evangeliet, kan han også avgjere om skrifter med uvisst apostolisk opphav, verkeleg er skrive av ein apostel eller ikkje: Dersom dei har innhald som kjem på kant med evangeliet, vil han plassere dei i randsona til kanon.  

             

Litteratur

Althaus, Paul, 1966 The theology of Martin Luther (Philadelphia: Fortress press.)

 

Austad, Torleiv, 1982 Bibelen og teologien (Oslo: Luther.)

 

Jensen, Oddvar Johan, 1994 Katekismenes teologi (Oslo: Credo.)

 

Jensen, Oddvar Johan ”Til spørsmålet om evangelium, apostolat og embete hos Luther” i

Tidsskrift for Teologi og Kirke 1/1979.

 

Jensen, Oddvar Johan ”’Christum treyben’ i Luthers fortaler til Det nye testamente i 1522” i Tidsskrift for Teologi og Kirke 1/1982.

 

Jørgensen, Hallvard N. ”Er Moselova bindande for oss kristne? – Ei undersøking i Luthers teologi” i Fast Grunn 1/2006.

 

Leivestad, Ragnar “Was Christum treibt” i Kirke og kultur 5/1959.

 

Leivestad, Ragnar ”Sverre Aalens skriftsyn” i Kirke og kultur 2/1960.

 

Lohse, Bernhard, 1987 Martin Luther – An Introduction to His Life and Work (Edinburgh: T&T Clark)

Luther, Martin, 1963 Luther’s works (St. Louis: Concordia Publishing House)

 

Luther, Martin, 1883 D. Martin Luthers Werke. Kritische gesamtausgabe (Weimar)

 

Lønning, Inge ”Evangelium og apostolat. Om motivene for Luthers Bibelkritikk i fortalene til det nye testamente” i Norsk teologisk tidsskrift 1964.

 

Lønning, Inge (red.), 1967 Levende Luther (Drammen: Forlaget Land og kirke).

 

Lønning, Inge, 1971 Kanon im Kanon. Zum dogmatischen Grundlagenproblem des neutestamentlichen Kanons (Oslo: Universitetsforlaget.)

 

Modalsli, Ole, 1995 Evangeliet – Guds kraft til liv (Oslo: Luther.)

 

Schaff, Philip, 1997 A select library of Nicene and post-Nicene fathers of the Christian church. Volume 1. Eusebius: Church history, life of Constantine the great, and oration in praise of Constantine. (Grand Rapids, Michigan: T&T Clark Edinburgh. WM. B. Eerdmans Publishing company.)

 

Thestrup-Pedersen, E., 1959 Luther som skriftfortolker I (København: Nyt Nordisk Forlag Arnold Busck.)

 

Wisløff, Carl Fr., 1966: Guds ord står fast (Gjøvik: Lutherstiftelsen)

 

Wisløff, Carl Fr., 1983: Martin Luthers teologi (Oslo: Lunde forlag)

 

Öberg, Ingemar, 2002: Bibelsyn och bibeltolkning hos Martin Luther (Skellefteå: Artos)

 

Aalen, Sverre: ”Skriftsynet” i Kirke og kultur, 7/1959.

 

Aalen, Sverre: ””Skriftsynet. Svar til Ragnar Leivestad” i Kirke og kultur, 10/1960.


[1] Av særleg interesse er det kanskje å nemne debatten i Kirke og Kultur mellom Sverre Aalen og Ragnar Leivestad. Denne gjekk føre seg i nr. 7, 1959, samt nr. 2 og 10, 1960. Elles skal det nemnast at temaet var ein viktig del av doktorgraden til Inge Lønning, ”Kanon im Kanon”, som han forsvarte i 1971. Artikkelen ”Christum treyben” av Oddvar Johan Jensen (Tidsskrift for Teologi og Kirke 1/1979) er også ei sentral kjelde. Sjå desse kjeldene for fleire kjeldetilvisingar.

[2] Vi nyttar hovudsakleg den amerikanske omsetjinga ”Luther’s works”, forkorta LW, men også av og til den tyske ”Weimarausgabe”, forkorta WA. Sjå litteraturliste for fleire opplysningar om desse utgåvene.

[3] Sjølve omgrepet ”Christum treyben” er i og for seg ikkje så spesielt, her nyttar vi det som ein slags namnelapp på det som åpenbart er Luthers meir utvida meining bak uttrykket, og som kjem til uttrykk i dei mange synonyme omgrepa i fortalen til Jakobs brev: ”…forkynne Jesu liding, oppstode og embete…”, ”…forkynne Kristus…”, ”…syne Kristus…” osb. Sjå LW 35, 396. Meininga med omgrepet ”Christum treyben” vert såleis forkynninga av evangeliet, av Kristi ord og gjerning for oss. Meir om dette nedanfor.

[4] Fortalane til NT kom fyrste gong ut i 1522, men ein del av dei vart reviderte då dei seinare vart gjeve ut på ny i 1534 og 1546. Mine omsetjingar tek utgangspunkt i fortalane frå 1546 (som altså i dei fleste tilfelle samsvarer med dei frå 1522.)

[5] Lohse 1987: 33

[6] Dette med å skrive introduksjon til bøker i Bibelen/NT, var i og for seg ikkje noko nytt, allereie Markion gjorde det same, til liks med Hieronymus og Erasmus. LW 35,231. Her i Noreg kan ein sjå det same i Hermon forlags norske utgåve av King James-Bibelen.

[7] LW 35,225-413

[8] LW 35,357

[9] Jfr. også Luthers skrift ”Ein kort instruksjon om kva ein bør sjå etter og forvente i evangelia”, LW 35,113-125, eit skrift som elles har mange fellestrekk med fortalane.

[10] Sjå meir om dette i Jørgensen 2006.

[11] LW 35,360

[12] Jensen 1982: 38

[13] LW 35,119

[14] LW35,361-362. Merk at dette siste avsnittet (altså i den fyrste fortalen) med denne vurderinga er uteléte i seinare bibelutgåver frå og med 1534. LW 35,350 (fotnote 5) reknar med at dette skjedde av reint pragmatiske omsyn, for at NT-fortalane skulle passe betre med GT-fortalane. Öberg 2002: 317 gjer greie for fleire Luherforskarar som er usamde med dette standpunktet, inkludert han sjølv. Men deira motstridande standpunkt sprikar i litt ulike retningar; det dei har til felles, er at Luther har utvikla sin teologi på ein slik måte at han ikkje lenger såg det gagnleg å ta vare på denne skriftvurderinga, det vere seg anten på grunn av møtet med spiritualistane (S. Raeder) eller faren for tilfeldig bibelbruk (B. Rothen). Det er vel rimeleg grunnlag for å seie at forskarane sine eigne skriftsyn spelar ei viss rolle i forhold til korleis dei tolkar borttakinga av desse omstridde avsnitta i fortalane.

[15] Ibid. 365-380. Sitata i det fylgjande avsnittet er henta frå desse sidene. Merk elles at denne fortalen til romarbrevet er ganske kjent; det var t. d. ved å høyre denne at John Wesley vart omvendt, 24. mai 1738.

[16] Ibid. 394-395.

[17] Eusebios seier fylgjande: ”Det er ikkje rett å oversjå det faktum at nokre har avvist brevet til hebrearane, i det dei seier at det er motsagd av kyrkja i Roma.” (Bok III, kapittel III, pkt. 5. Schaff 1997: 134). Eusebios’ kyrkjehistorie vart skrive ca. i år 324, Schaff 1997: 45.

[18] I WA: ”Eine Glose”, som er ei tolking som freistar å ”forklare bort” den openberre meininga. Öberg 2002: 319 poengterer at Luther seinare kom nærare ei slik ”evangelisk” tolking av dei vanskelege avsnitta, sjå også fotnote 125 i Öberg 2002: 340, og at han vart mindre kritisk mot brevet etter kvart.

[19] LW 35,395-398. Sitata i det fylgjande avsnittet er henta herfrå.

[20] Jfr. Eusebios II, xxxiii, 25: ”[Det vert sagt at] Jakob er forfattaren av det fyrste av dei såkalla katolske breva. Men det bør bli observert at det er omdiskutert; i det minste er det få av dei gamle (”ancients”) som har nemnt det, slik også saka er med det brevet som bér namnet Judas – som også er eitt av dei sju såkalla katolske breva. Likevel veit vi at også desse, i lag med dei andre, har vorte lese offentleg i veldig mange kyrkjer.” Jfr. elles (III, xxv, 3), der vi les at Eusebios inkluderer Jakobs og Judas brev i dei sk. motsagte (gr. tån antilegomenån) skriftene.

[21] LW 35,396.

[22] Verd å merke seg her, er at Luther eigentleg ikkje har noko mot innhaldet i skriftet. Men i og med at han av historiske grunnar ikkje kan godta apostolisiteten, vil han heller ikkje ta med skriftet i kanon. Dette seier mykje om den posisjon Luther tilla den formale historiske vurderinga i forhold til om eit skrift skulle få plass i kanon. Jfr. Jensen 1982: 46.

[23] Det finst eigentleg to fortalar til Openberringa. I det fylgjande avsnittet tek vi utgangspunkt i den fyrste, som kom ut i 1522, jfr. LW 35,398-399. Men seinare, i 1530, då NT vart gjeve ut på nytt, kom også ein ny fortale til Openberringa, og denne er ein del meir positiv til boka, og mange av dei kritiske elementa frå den fyrste fortalen, er borte. Her viser Luther til Eusebios (Bok III, kapittel xxv, punkt 2-4. Schaff 1997: 155-156), og seier at han framleis er i tvil om boka er apostolisk. Men han gjev likevel ei relativt grundig innføring i, og tolking av, boka i fortalen.

[24] LW 35,399       

[25] Lønning 1964: 229

[26] WA 38,209: ”Weil wir wissen, das nicht allein die Propheten, als David und Nathan gesundigt und gefeylet, sondern auch die Apostel offt, wie auch S.Pet., Gal.2, gesundigt und gefeylet hat (…). Jensen 1982: 15-17 poengterer at Luther i samband med denne hendinga skjelna mellom liv og lære hjå apostlane: Dei var vanlege menneske som trengte forlating for syndene dagleg. Men dei lærte likevel rett. Jfr. WA 39I, 194.

[27] Lønning 1964: 230

[28] Oddvar J. Jensen går i rette med Lønning på dette punktet, og argumenterer overtydande for at Luther såg på apostlane – som historiske personar – som Kyrkja sitt fundament. Dette har samanheng både med at dei var kalla direkte av Jesus Kristus, og at dei hadde eit spesielt løfte om vegleiing frå Anden. Jensen 1979: 5-9. Til spørsmålet om apostlane sin læremessige ufeilbarhet, sjå t. d. LW 34,113, der Luther talar om behovet for etisk rettleiing frå Guds Ord av di vi sjølve kan ta feil: ”For vi er ikkje alle apostlar, som ved ei sikker forordning frå Gud vart sendt til oss som ufeilbare lærarar.”

[29] Austad 1982: 41-73. Vi tek utgangspunkt i Asheims artikkel ”Et reformatorisk skriftsyn”, som står på trykk i boka ”Bibelen og teologien” frå 1982. Boka er ei artikkelsamling som bér undertittelen ”Bidrag til skriftsynet av lærere ved det teologiske Menighetsfakultet”.

[30] Jensen 1982: 41-48

[31] Sjå også Althaus 1966: 79

[32] Jfr. når han i fortalen til Jakobs brev talar om at Jakobs ”uevangeliske” forståing av 1 Mos 15,6 provar at skriftet ikkje er eit arbeid frå apostelens hand. LW 35,396.

[33] Austad 1982: 56-57.

[34] Avsnittet er henta frå  ”Disputasjonstesene om tru og lov” av 1535 (LW 34,109-132. WA 39,1,44-62.) Tesene vart førebudde av Luther i samband med doktorgradseksaminasjonen av to av hans nære vener, Hieronymus Weller og Nikolaus Medler. Tesene har som tema ”rettferdiggjeringa av tru”, og drøftar m. a. kva som er den sanne trua og kva frukter som fylgjer av denne. Det avsnittet vi skal sitere, omhandlar rett skrifttolking.

[35] Tese 41-44. 47 og 49. LW 34,112. Kursiveringane er mine.

[36] WA 47,66,18-24.

[37] Austad 1982: 59.

[38] WA 49,387,1-16.

[39] Austad 1982: 63-64.

[40] Wisløff 1966: 65.

[41] Thestrup-Pedersen: 279.

[42] Ibid.: 279.

[43] LW 26,295. Wisløff  1983: 72 og Althaus 1966: 80 siterer også herfrå.

[44] Thestrup-Pedersen 1959: 282

[45] Ibid. 279

[46] Interesserte kan konsultere Ole Modalsli sin ”Evangeliet – Guds kraft til liv”, der dette spørsmålet vert teke opp på ein god måte.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.