Gud, gener og religion

Gud, gener og religion. Nokre refleksjonar (23. mars 2006).

 

Kva er religion? Sjølve ordet kjem av det latinske religiare, som tyder skrekk, gudsfrykt, tru o. l. Omgrepet er vanskeleg å definere, men skal vi freiste på ei avgrensing, kan vi seie at det siktar til ulike trussystem som omhandlar ei oppfatning om gud, gudar eller overnaturlege vesen og/eller ei oppfatning av det immanente og det transcendente.[1]

 

Går vi ut frå denne definisjonen, kan vi slå fast at religion har finst over alt, til alle tider, i alle samfunn. Det var vorte sagt at mennesket er ulækjeleg religiøst. Mange menneske har særleg etter opplysningstida spådd at trua på gud skulle kome til å lide ein sakte, men sikker død. Slik tenkte t. d. August Comte, Karl Marx, Friedrich Nietzche, og den såkalla ”Gud er død”-rørsla på 1960-talet.[2] Tankegangen var ofte at tru på Gud slett ikkje er rasjonelt, for trua på Gud veks fram frå immanente faktorar og forhold, det vere seg fars- og morsbilete frå undermedvitet, ynskje og lengslar, behov for trøyst og meining, produksjonsforhold, eller rett og slett feilaktige forestillingar som er ervd frå forfedrane våre, men som vert utelukka ved dei stadige framstega til moderne vitskap.

 

Men slike prediksjonar har, som vi kan sjå i dag, blitt gjort grundig til skamme. Religionen er ikkje død, han lever i beste velgåande. Ein kan finne mange grunnar til nett dette, vi kan ikkje gå så mykje inn på dei nett no, men berre nemne at religionskritikken som vi kort refererte i førre avsnitt, har éin viktig mangel: Han føresett at Gud ikkje eksisterer, og prøvar så å forklare kvifor folk likevel trur på Gud. Kristne vil då svare at Gud jo faktisk eksisterer, og at det er dette som er grunnen til at ein trur på Gud, og så er ein like langt.

 

Er det mogleg å tenkje seg at det finst ”religionsgen” i nokre av oss, som medfører at dei som har denne disposisjonen, naturleg sett vert religiøse, medan dei som ikkje har denne genetiske disposisjonen, ikkje vert religiøse? Ein del vitskapsfolk vil hevde dette. Tankegangen er då at dei som er religiøse, har betre overlevingsevne enn dei som ikkje er det. I evolusjonaristisk tankegang, kan ein seie at dei er ”betre tilpassa”, t. d. ved deira evne til å sjå håp i håplause situasjonar, evt. også ved å leve eit betre moralsk liv enn dei som ikkje er religiøse, slik at overlevingsevna vart større.

 

Går vi eitt steg attende, og spør: ”Kva var det då som skapte denne religiøse trua i utgangspunktet?”, vil ein sannsynlegvis få til svar at det var ei slags ”kjensle” av det guddommelege eller ei ”svak hvisking”.[3] Dette er sjølvsagt ein høgst problematisk påstand; er det berre dette som skaper tru hjå menneske? Finst det ikkje mange, mange fleire moglegheiter for å grunngje trua si?

 

I boka ”The God gene” hevdar den reduksjonistiske molekylærbiologen Dean Hamer at han har funne genet for spiritualitet. Hans grunnsyn er det vi kan kalle deterministisk, og han seier at alt det vi tenkjer, i grunnen er eit resultat av kjemiske prosessar inne i hjernen vår. Såleis også med religion, som då kan seiast å vere eit resultat av kjemiske prosessar. Men Hamer er sjølv agnostisk, og han kan teoretisk sett tenkje seg at Gud eksisterer. Ein kan då evt. sjå på det hypotetiske ”Gud-genet” som nedlagt av Gud sjølv for at vi skulle søkje han.

 

Hamers undersøkjing gjekk ut på å spørje 1000 menn og kvinner om spørsmål om m. a. ”sjølvtranscendens”, ”transpersonal identifikasjon”, kjensla av å vere i samanheng med eit større univers og openheit mot det som ikkje kan provast. Det ein med andre ord spør etter, er evne til religiøse opplevingar, som t. d. religiøs ekstase. Så undersøkte han resultata, og såg etter spesielle gener hjå dei i undersøkjinga som var mest ”religiøse”. Han såg spesielt etter gener som regulerer utskiljing av visse kjemikalier som har med humør å gjere.

 

Hamer fann ut at dei som hadde evne til ”sjølvtranscendens”, hadde ein viss type genvariasjon. Desse – såg det ut til – var meir sannsynleg religiøse enn andre. Men Hamer understrekar at hundre- eller tusenvis av gener kan spele inn i forhold til tru på Gud.

 

I 1979 vart ei tvillingundersøking gjennomført i Minnesota. Her undersøkte ein 53 par med einegga tvillingar, og 31 par med toegga tvillingar. Ein undersøkte m. a. religiøs tru, og det synte seg at tvillingpar som hadde vakse opp i lag, hadde like stor sjanse for å dele forhold til religiøsitet, enn dei som ikkje hadde vakse opp i lag.[4] Dette – meiner ein – gjer at ein kan slå fast at gener har mykje å seie for kva forhold ein har til religion. Undersøkjinga er interessant, men har også vorte utsett for ein del kritikk.

 

Nevroforskar Andrew Newberg har undersøkt korleis hjernen fungerer i løpet av intens bøn og meditasjon. Han fann då at visse delar av hjernen var mykje brukt, medan andre – t. d. den som gjer at mennesket orienterer seg i tid og rom – minka. Ein tenkjer seg då at ein kan sjå kva det er i hjernen som konstituerer ei religiøs røynsle. Ein har med dette likevel ikkje sagt noko om avgjerande om Guds rolle i alt dette: Er det t. d. mogleg å tenkje seg at Gud ”grip inn” ved ei slik religiøs røynsle, med det til fylgje at vår hjerne vert påverka? Eller bør ein heller ty til den meir reduksjonistiske tolkinga, og seie at denne religiøse røynsla kun vert konstituert i, av og med det som skjer i hjernen? Og ved sistnemne: Kan ein ikkje då like gjerne tenkje seg at denne evna til religiøse røynsler er lagt ned av Gud?

 

Dersom ein tenkjer seg at religiøsitet er bestemt av gener, vert det også nærliggjande å trekkje den konklusjon at berre nokre av oss er religiøse av natur, medan andre ikkje er det. Mot dette, kan ein innvende at dette representerer eit svært snevert syn på kva religion eigentleg er. Ein kan seie at ulike religionars eigenart vert pressa inn i eit lite skjema, der fellesnemnaren er ”religion som kjensle av det transcendente”. Men religion er langt meir enn dette, og kristendom er sanneleg langt meir enn dette. Men i den grad trua på kristendom eller religion vert grunngjeve ved hjelp av mystiske røynsler, kan innvendinga seiast å vere fruktbar.

 

Samstundes må ein då også vere viljug til å snu om på problemstillinga: Dersom ein påstår at religiøse røynsler berre er uttrykk for genetisk disposisjon, kan ein ikkje då like gjerne seie at ei kjensle av at Gud ikkje eksisterer, like gjerne er eit resultat av genetisk disposisjon? Men med dette kan ein ikkje ha pretensjonar om å seie noko om sanningsverdien i ateisme, resp. religiøsitet, i høgda kan ein seie noko om kva som er gode kjelder for å tru på det eine eller det andre.

 

 

-Er religiøsitet fyrst og fremst ei kjensle? Kva er det som gjer at eit menneske kjem til trua?

-Er religiøsitet ein felleskategori? Kan ein lage ”oppsummering” av så vidt ulike religionar som hinduisme, kristendom og islam?

-Kvar gjev ein rom for Guds kall? Skjer dette på overnaturleg måte, eller kan det også skje på ein heit naturleg måte, t. d. ved gener?

-Kva er openberring? Hvisking, kjensle? Kven er G-U-D?

 



[1] Haraldsø (1999): s. 181.

[2] Mcgrath (2004): s. 144-169

[3] Aftenposten…

[4] Hock (2002): s. 21

Stikkord: , , , , ,

Ei tilbakemelding to “Gud, gener og religion”

  1. Ungkristen.com » Blog Archive » Fare for serverproblemer. Says:

    […] nylig over den, er usikker på hvor jeg kom fra da jeg fant den, men slik ble det. Siste innlegg er Gud, gener og religion, et innlegg som fanger de fleste lesere i denne snart post-dawkinistiske […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: