Vær, vind og livets alvor. En brevveksling.

Vær, vind og livets alvor. En brevveksling.

Martin Lönnebo og Tomas Sjødin

Verbum

185 s.

298 kr.

 

”Vær, vind og livets alvor” er – som undertittelen også seier – ei brevveksling. Som vekselvis brevskrivarar og adressatar finn vi pinsepastoren Tomas Sjødin og biskop emeritus Martin Lönnebo. Tema i brevvekslingane er nettopp: Vær, vind og livets alvor. Her vert det skrive lett og ledig om dagleglivet, arbeidet, historier, tru, opplevingar, familie. Når det gjeld familie, er det særleg deira søner som vert nemnt; Lönnebo har, og Sjødin har hatt, barn som er funksjonshemma, og ein får eit innblikk i korleis dette opplevast.

 

Generelt sett er det mange gullkorn og mykje livsvisdom å ta med seg i denne boka. Mest hjå Lönnebo, vil eg nok seie, men også hjå Sjødin. Her kunne mykje vore nemnt, men eg skal berre ta fram nokre døme:

         ”Valget for menneskeheten står mellom ”hellig og profant”, ”hellig eller profant”. To konjunksjoner avgjør. Nittenhundretallet valgte ”eller” og førte oss nær avgrunnen med nazismen og kommunismen.” (Lönnebo)

         ”Nåden er lys og lett, synden er mørk og tung.” (Lönnebo)

         ”Hvis man tenker på samtaler, er det nettopp de som preges av mot som kan få en lettende virkning. Motet til å si det slik det er. Motet til å spørre om det vanskelige.” (Sjødin)

         ”Jeg har problemet med å lytte til muntre prekener om glede, jeg kan bli så nedtrykt.” (Lönnebo)

         ”Ta livet på alvor, men ikke deg selv.” (Lönnebo.)

 

Men så skal det også seiast at her er mykje som lett kan oppfattast som litt inkjeseiande. Det er slikt stoff som har sin sjølvsagte plass i ei brevveksling mellom to gode vener, men som fort kan bli litt malplassert i ei bok som vert lagt ut på den opne marknaden. Skjønt malplassert; på den andre sida kan det jo innvendast at dette litt trivielle stoffet, om køyreturar, ver, mat og drikke etc. jo tener sitt føremål, både ved å skape ein viss ro-stemning for lesaren, samt også ved å vise korleis trua vert levd ut i, og samanvevd med, det daglegdagse livet.

 

Språket i ”Vær, vind…” er, med vilje, noko abstrakt. Sjødin og Lönnebo filosoferer og reflekterer, og av og til kan det heile bli noko høgtflygande. Men samstundes medfører dette litt luftige språket at lesaren vert utfordra til å tenke. Generelt sett kan det vel seiast at den kristendomsforma som kjem til uttrykk i ”Vær, vind…” er evangelisk, økumenisk, mild og noko rund i kantane. Kanskje vert det litt for straumlinjeforma; NT-leg kristendom er jo også prega av konfrontasjon, men dette finn ein lite av ”Vær, vind…” Samstundes skal ein ha i minne at boka ikkje har pretensjonar om å vere ei lærebok i dogmatikk eller bibelteologi.

 

”Vær, vind og livets alvor” er ei lun og god bok om livet i alt sitt mangfald. Boka har mykje god livsvisdom, og også ein del kristent, oppbyggjeleg stoff, jamvel om dette siste nok ikkje er den sterkaste sida ved boka. Mitt kanskje største ankepunkt mot henne, er av rein formell art: Sjeldan har eg lest ei bok med så mykje skrivefeil. Her synest det som om det er gjort ein hastejobb med å omsetje frå svensk til norsk.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: