Utdrag frå 30 år med kyrkjedebatt om homofili

 

Innleiing

I denne artikkelen skal eg sjå nærare på hovudtrekka i den kyrkjelege debatten rundt homofili dei siste 30 åra, fyrst og fremst ved å ta utgangspunkt i ulike kyrkjelege uttalingar og fråsegner. Jamvel om homofilidebatten er ein mangfaldig og mangefasettert debatt, dreier han seg i kyrkjeleg kontekst fyrst og fremst om skrifttolking, skriftsyn og skriftbruk: Kva seier eigentleg GT og NT om homoseksualitet, skapingsteologi og ekteskapssyn? Kva vil det seie at Skrifta er autoritet for den kristne kyrkja? I artikkelen kjem eg også til å kome innom spørsmålet om det å opne for homofilt samliv er vranglære eller ikkje. Mot slutten av artikkelen skal eg seie nokre ord om homofilivedtaket på Kyrkjemøtet i 2007, før eg oppsummerer og samlar trådane.

 

Tradisjonelt syn i Bispemøtet

Bispemøtet (dvs. dei fungerande biskopane i samling, forkorta BM) hadde i tidleg etterkrigstid eit restriktivt syn på homofilt samliv. Då det i 1954 vart gjort framlegg i Stortinget om å gjere homoseksuelle handlingar straffrie, var såleis BM kritiske. I 1960 vart den sk. ”Assev-nemnda” sett ned av BM, med det føremål å gje ei vurdering av kristne normer i seksualetiske spørsmål. Deira innstilling vart levert i 1962, og her vert då også homofili og homoseksualitet drøfta[1]. Utvalet refererer fleire ulike psykiatriske standpunkt om homofili og såkalla reorientering. Dei konkluderer med å seie at ein generelt må sjå på homofili som ”en patologisk utvikling av driftskomponenten.”

Utvalet refererer ganske kort til dei stadene GT omtalar temaet, og frå NT vert 1 Kor 6,9-11 omtala. På grunnlag av denne siste teksten seier utvalet at ”det ikke går an å være kristen og samtidig drive en homoseksuell praksis.” Til slutt frå denne uttalen, skal eg nemne at utvalet innfører ei skjelning mellom legning og praksis. Legninga vert sett på som ei ”skjevutvikling” som ”unndrar…seg en etisk vurdering.” Men dei utslaga som driftsenergiane gjev i det ytre og det indre, kjem inn under ei etisk vurdering. BM var i det store og det heile samde i Assev-utvalet sine utgreiingar, og dei la vekt på at seksuallivet høyrer til innanfor ekteskapet.

 

Hygen-komiteén

I 1973 sette Bispemøtet ned ein komité som skulle arbeide med å ”formulere premisser og retningslinjer for kirkens behandling av homofilispørsmålet.” I 1977 vart innstillinga ”Om homofili” lagt fram.[2] Professor ved Teologisk Fakultet Johan B. Hygen var leiar for utvalet.

Det som særleg kjenneteiknar Hygen-komitén sitt standpunkt angåande homofili, er den sterke understrekinga av den kontekst homofiliomtalen i Romarbrevet skjer i. Gong på gong vert det tala om ”hvor nær avvisningen av homoseksualitet i Bibelen er forbundet med dommen over hedenskapet.” Men utvalet meiner at det ikkje er grunn til å samankople heidenskap og homofili i dag, slik som det vart gjort før, for situasjonen i dag er ein annan enn i bibelsk tid.

Komitéen meiner vidare at ein må sjå homofilitekstane i nytt ljos, fyrst og fremst av di ”Ny viten har klarlagt et fenomen som ligger utenfor Bibelens horisont, nemlig det som gjerne kalles ekte homofili.” Denne ”konstitusjonelle homofili” fell ikkje inn under Bibelens direkte utsegner om homoseksualitet. Komitéen konkluderer såleis med å seie at når det gjeld homofilt samliv, kan kyrkja verken ”fastholde den tradisjonelle, entydige fordømmelse eller gi homofile forhold kirkelig godkjennelse og velsignelse.” Innstillinga ”Om homofili” er generelt prega av eit liberalt bibelsyn.[3]

Bispemøtet (BM) fekk forelagt innstillinga ”Om homofili” i etterkant av at ho vart presentert i 1977. Oppsiktsvekkande nok fylgte den gongen BM i all hovudsak konklusjonane i innstillinga: ”Når det gjelder homofile seksuelle forhold, er kirken imidlertid tilbakeholdende…fordi den kjenner seg forpliktet på Bibelens egen tilbakeholdenhet…For kirkens holdning fører dette til at den verken kan fastholde den tradisjonelle, entydige fordømmelse eller gi homofile forhold kirkelig godkjennelse og velsignelse.”[4]

 

Homofilidebatten på 80-talet

I 1986 vart samtalerapporten ”Kirken og homofile” lagt fram. Deltakarar her var representantar frå kyrkja og representantar frå den homofililiberale grupperinga Åpen Kirkegruppe (ÅK). ÅK[5] vart stifta i 1976 og er ei økumenisk interessegruppe for homofile i Dnk. Standpunkta i samtalegruppa varierte sterkt. BM tok elles opp att homofiliproblematikken i 1988, i etterkant av innstillinga ”Ekteskap og samlivsformer”. Eg nemner kort at BM med tilslutning siterer innstillinga si utsegn om at ”så langt vi kan sjå [er det] ingen veg fra Bibelens syn på seksualitet til ein legitimering av homofil praksis.”[6]

 

”Homofile i kirken” (1995) – ein merkestein i debatten

Allereie i Assev-utvalet vart det skjelna mellom legning og praksis. Legninga var ikkje gjenstand for etisk vurdering, vart det sagt den gongen. I 1993 vart det – etter oppmoding frå Tunsberg biskop – sett ned eit utval som skulle drøfte denne skjelninga nærare. I 1995 vart innstillinga ”Homofile i kirken” lagt fram. Liksom Hygeninnstillinga skulle dette vise seg å bli ein merkestein i homofilidebatten. Den heile 240 sider lange utgreiinga hadde form av bidrag frå einskilde personar i utvalet. Mot slutten av innstillinga kom så ei oppsummering med to ulike konklusjonar om homofili. Eg skal sjå nærare på tre av bidraga frå ”Homofile i kirken”.

 

Arne Austad om homofili frå medisinsk og psykologisk synspunkt

Overlege Arne Austad skriv om homofili frå eit medisinsk og psykologisk synspunkt. Han peikar på at ein ikkje for raskt bør kategorisere homofili som eit einskapleg fenomen; her finst mange historiar, mange variantar, mange undergrupper. Austad seier at ein ikkje kan karakterisere homofili som ein sjukdom, men at homoseksualitet likevel kan vere ein del av eit psykisk problemkompleks. Han understrekar at heterofili og homofili ikkje er fastlåste kategoriar, men meir ytterpunkt på ein glideskala. Difor kan han også vere positiv til såkalla reorientering, men då ikkje forstått som behandling av sjukdom, men heller som ”arbeid med seg selv og sin identitet i et relasjons- og utviklingsperspektiv.” Dette representerer ei utvikling i synet på homofili, bort frå Hygenkomitéens oppfatning av legning som meir permanent og låst.

 

Halvor Moxnes

Moxnes[7] er oppteken av å ta opp diskusjonen om den homoseksualitet som NT skildrar er ”av same type” som dagens homoseksualitet. Dette er nemleg ein påstand som Moxnes stiller seg kritisk til. Han meiner at antikkens hovudform for homoseksualitet er pederasti, dvs. eit forhold mellom ein vaksen mann og ein unggut. Når det gjeld Paulus’ ord i 1 Kor 6,9-11, brukar Moxnes ein del tid på å forklare at den lastekatalogen som Paulus her brukar (som omtalar ”menn som ligg med menn”), er henta frå jødisk/hellenistisk moralfilosofi. Uttrykka ”er blitt løsrevet fra en konkret sammenheng og er blitt fordømmende stereotypier. De har ikke noen egentlig moralsk argumentasjon.” Seinare seier han det slik: ”…de kan ikke tjene som eksempler på forsvarlig kristen refleksjon over moralske spørsmål.”

Kva tenker så Moxnes om Rom 1, der Paulus talar om ”skammelege lyster”, ”samliv mot naturen” og ”menn som driv utukt med menn”? Her grip Moxnes attende til Hygenkomiteen. Han les teksten slik at dette ikkje dreier seg om homoseksuell identitet, derimot dreier det seg om menn og kvinner som gjer eit medvite val om å forlate den naturlege orden til fordel for omgang med eige kjønn. Fordøminga går fyrst og fremst på fråfallet frå Gud og avgudsdyrking; dei homoseksuelle handlingane er manifestasjonar av dette fråfallet. Men denne koplinga – som mange homofile vil oppleve som krenkande – kan vi ikkje lenger oppretthalde, meiner Moxnes.

Det kjem elles fram at Moxnes kjenner på ein viss fridom til å kritisere apostelen Paulus og dei boda han gjev, t. d. dersom positive endringar i vår kultur gjer det nødvendig eller dersom Paulus’ utsegner kjem i strid med meir grunnleggande teologiske prinsipp (t. d. meiner Moxnes at vi må ta avstand frå Paulus’ tankegang i 1 Kor 11, om at mannen er hovud for kvinna, dersom vi vil halde fast på at mann og kvinne er skapt i Guds bilete.) Dette har samanheng med hans breiare skriftsyn.

 

Hans Kvalbein

Kvalbein[8] innleier med å åtvare mot ei naiv lesing av Skrifta, ei lesing som ikkje freistar å forstå bod og formaningar ut frå deira eiga samtid. ”Vi må”, seier Kvalbein, ”både lese Bibelen oppmerksomt og ydmykt for å forstå hva den sa og hva den sier, og vi må klargjøre hva vi mener når vi snakker om homoseksualitet i dag.”

Kvalbein går vidare til å drøfte kva typar av homofili som var kjent i NT si omverd. Han er samd med Moxnes i at pederasti er ”den mest kjente og omtalte form for homoseksuell utfoldelse”, men det ”betyr ikke at dette var den eneste form for homoseksualitet som var kjent i antikken.” Kvalbein nemner døme på fleire ulike former for homoseksuelle forhold, og han konkluderer med at det er ”god grunn til å tro at en i den antikke kulturen var i stand til å skjelne mellom det vi ville kalle konstitusjonelt homofile og mennesker som selv valgte en homoseksuell adferd ut fra en bifil eller heterofil legning.”

Når det gjeld Rom 1,18-32 – og meir spesifikt v. 26-27 peikar Kvalbein på at teksten inneheld ei generell avvising av homoseksualitet. Teksten ”understreker det allmenngyldige i bildet av den homoseksuelle adferd som frafall fra guds skapervilje.”

Romarbrevsteksten talar også om at homoseksualitet er ”mot naturen”. Kva ligg i dette? Kvalbein forklarar at det er nær samanheng mellom skaparordninga og ”det naturlege” hjå Paulus. Paulus’ poeng er såleis kort og godt at det å byte om samlivet mellom mann og kvinne til eit homoseksuelt forhold, er noko som går mot Guds naturlege skaparordning. Kvalbein avslutter si drøfting og framstilling av romarbrevsteksten slik: ”Homoseksuell adferd…hører til blant de mange synder som påkaller Guds vrede og som fører til dødsdom på dommens dag.”

Kvalbein er også heilt tydeleg i samband med lastekatalogen i 1 Kor 6,9-11: Dei to greske orda ”malakos” (”blaut, mjuk”) og ”arsenokoites” (”mann-liggar”) dreier seg utan tvil om homoseksualitet. Dei er synder som utelukkar frå Guds rike om ein ikkje vender om frå dei. 1 Tim 1,9-10 er ein annan lastekatalog i NT, og her vert ”mann-liggarar” også nemnt, innanfor ramma av det sjette bodet. Kvalbein konkluderer slik: ”Homoseksuell adferd er i strid med det sjette bud, som er en del av de ti bud og som har full gyldighet både i den gamle og den nye pakt.”

 

Konklusjonane

Utvalet som stod bak utgreiinga ”Homofile i kirken” skulle som nemnt samle seg i to fløyer, fem liberale mot tre konservative. Fleirtalet (her forkorta FT) grip attende til BM sine konklusjonar frå 1977, i tilknyting til Hygenkomitéen si uttaling. I denne uttalinga vart den einskilde homofile nærast overlatt til å velje sjølv i spørsmålet om homofilt samliv, utan at det dermed vart sagt at kyrkja skulle godkjenne eller velsigne desse forholda. FT er positiv til dette resonnementet: ”Standpunktet åpner for en videre tenkning der kirken anerkjenner at homofile – som etter moden overveielse kjenner at det ikke finnes andre alternativer for dem enn partnerskap – møter respekt for sitt valg og inkluderes i kirkens fellesskap.” I spørsmålet om tilsetjing av homofilt sambuande i kyrkja, er dei difor positive[9].

Også mindretalet (her forkorta MT) i utvalet grip attende til BM sine konklusjonar frå 1977. Men der FT talar om ”en videre tenkning”, vil MT stå på dei same konklusjonane som før. Dette vert grunngjeve både med ”vår forståelse av det bibelske materialet”, ”en etisk refleksjon om mulighetene for å anvende de bibelske normer for seksualitet i vår tid”, samt også ”ut fra mer allmennetiske perspektiver om utviklingen av kjønnsidentitet i et mer langsiktig kulturelt perspektiv.” Fylgjeleg avviser MT ei opning for homofilt samlevande i vigsla stillingar.

 

Bispemøtet tek stilling til ”Homofile i kirken”

Våren 1995 tok BM opp uttalinga ”Homofile i kirken”[10]. Dette var fyrste gongen BM framstod som markert splitta i spørsmålet om homofilt samliv, og då vart det konservative fleirtalet tvinga til å seie noko grunnleggjande om karakteren av denne usemja.

Det konservative fleirtalet på åtte biskopar tek tydeleg eit steg nærare Skrifta, sett i forhold til BM si uttaling i tilknyting til Hygen-komitéen i 1977 (jfr. ”…Bibelens egen tilbakeholdenhet…”). Dei tilbakeviser at Jesu miskunn mot syndarar kan brukast som argument for å opne for homofilt samliv. Jesus forkynte nemleg også til nytt liv, etter Guds vilje. Vidare er det sant at Skrifta må bli forstått i ljos av sitt sentrum, som er Kristus. ”Men verken Krisushendingen eller rettferdiggjørelsen av tro kan opphøyes til et abstrakt prinsipp…Bispemøtet mener således at de konkrete skriftord som advarer mot homofile handlinger snarere blir styrket enn svekket når de leses i lys av overordnede hermeneutiske prinsipper som skapelsesteologi, bibelsk antropologi, rettferdiggjørelseslæren og dialektikken mellom lov og evangelium.” Fleirtalet konkluderer difor med at dei ikkje kan ”se at en subjektiv, moralsk overbevisning kan sette ut av kraft den objektive, etiske bedømmelse av en handling, som er begrunnet i Skriften.”

Mindretalet på tre biskopar argumenterer sjølvsagt annleis. Dei tek faktisk i ganske stor grad Luther til inntekt for sitt syn, m. a. ved å seie at ”Det fullstendige etiske resonnement må til sist prøves mot ’Skriftens kjerne og stjerne’ (Luther), den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.” Dei viser vidare til korleis kyrkja tidlegare har endra standpunkt med omsyn til ”opphevelsen av slaveriet, avskaffelsen av dødsstraff, rettmessige sosiale krav og kvinners likeverd [sic!]”. Er så homofilt samliv synd? Mindretalet svarar på dette ved å seie at ”Synd er …brudd mot Guds vilje.” Men: ”Et slikt brudd forutsetter at mennesket har et reelt valg.” Men slik er det ikkje med dei som har ”en uforanderlig homofil orientering”: ”Å ikke engang i teorien ha et alternativ til seksuell avholdenhet vil bety at det ikke er noe legitimt rom for drømmer om og lengsler etter et seksuelt samliv. Dermed blir det umulig å si ja til sin seksuelle identitet. Dette innebærer at det også blir umulig å oppleve seg som et helt menneske.” Mindretalet konkluderer såleis på fylgjande måte: ”Spørsmålet om homofilt samliv er synd, kan ikke besvares. Det må bli en sak mellom den homofiles samvittighet og Gud.” Det kan innvendast at ein del av dei premissa denne fløya brukar for å nå fram til denne konklusjonen, er svært diskutable: Deira forståing av Luther er på fleire måtar problematisk, og det premiss at brot på Guds vilje berre er synd når mennesket har moglegheit til å velje det eller ikkje, vert ikkje grunngjeve ut frå Skrifta.

Korleis tenker så det samla BM om denne usemja som no har kome til uttrykk? Det er kanskje mest rett å seie at situasjonen på dette punktet er uavklart. Biskopane seier fylgjande: ”Debatten og uenigheten har ikke svekket den respekt vi har for hverandre. Vi vil fortsatt stå i det tjenestefellesskap vi deler som biskoper i den samme kirke. Det er vårt klare ønske at denne saken ikke får splitte kirken. Uenighet og debatt må ikke skygge for det som er kirkens hovedsak, og som binder oss sammen: Budskapet om den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.”

 

Kyrkjemøtet sine drøftingar i 1995 og 1997.

I 1995 vart saka rundt ”Homofile i kirken” drøfta på Kyrkjemøtet (KM)[11]. Her vart det – med 58 mot 22 røyster – gjort eit vedtak om ikkje å opne for endra forståing og praksis med omsyn til homofilt samliv, i og med at den teologiske argumentasjonen ikkje hadde vore overtydande. Det vart avvist å utarbeide ei liturgisk ordning for forbønshandlingar, og det vart sagt at ”Kirkemøtet forutsetter at kirkelige tilsettingsorganer og biskopene i sin embetsutøvelse innretter sin praksis i tråd med dette.” I 1997 vart saka drøfta éin gong til, men no var temaet fyrst og fremst dei arbeidsrettslege konsekvensane av ikkje å tilsetje homofilt samlevande i vigsla stillingar som prest, kateket og diakon.[12] Desse vedtaka skulle stå i sentrum av den spenningsfylte situasjonen som oppstod då biskopane Gunnar Stålsett og Rosemarie Köhn ope gjekk mot vedtaka ved å tillate/ordinere homofilt sambuande i vigsla stillingar i 1999 og 2000.[13]

 

”Betenkninger” til Bispemøtet høsten 1997.

I 1995 hadde altså både BM og KM teke stilling til utgreiinga ”Homofile i kirken”. Båe desse instansane hadde bede om ei nærare utgreiing av spørsmålet om sjelesorg overfor homofile. Denne utgreiinga kom i 1997, forfatta av biskopane Ola Steinholt (som hadde vore ein del av mindretalet i BM-saka i 1995) og Ole Hagesæther (som hadde vore ein del av fleirtalet.) Her vart ei rekke relevante sjelesørgjeriske og kyrkjelydsrelevante sider av saka drøfta, utan at eg kan gå inn på desse i denne artikkelen.

BM og KM bad også, med utgangspunkt i homofilisaka, om at spørsmålet om einskapen og trusgrunnlaget i kyrkja vart drøfta. Dette skjedde i utgreiinga ”Kirkens enhet og troens fundamenter” i 1997.[14] Bak denne utgreiinga stod dei tre biskopane Halvor Bergan, Odd Bondevik og Sigurd Osberg. Dei utarbeidde eit høyringsdokument med ein del spørsmål om saka. Teologisk Fakultet, Menighetsfakultetet, Misjonshøgskolen, Kirkerådet og Presteforeninga svarte på spørsmåla, og den samla utgreiinga inneheldt svara. I tillegg tok utvalet på tre sjølv stilling til spørsmåla. Utgreiinga er interessant av di ho drøftar i ”alvorsgraden” i usemja om homofilt samliv: Er det vranglære å opne for homofilt samliv?

Utvalet slår her samstemmig fast at spørsmål rundt etisk stoff kan vere ”lærespørsmål”, i og med at det er ein dialektikk mellom evangelium og lov i Bibelen. Difor ser ein også at både Jesus og Paulus ”lærte” ved å undervise om boda og formaningane. Utvalet konkluderer med at ”vi har vist at etiske spørsmål kan være lærespørsmål, endog det vi kaller ’bekjennelsesspørsmål’, der avvikende lære og praksis kan true kirkens enhet.” Seinare, i samband med drøftinga av vranglære, vert det sagt at vranglære dreier seg om standpunkt som er i strid med grunnleggjande etiske prinsipp gjeve oss i Guds Ord, og at omgrepet berre må bli teke i bruk om det gjeld eit offentleg fasthalde, fundamental og permanent avvik frå kyrkja si lære.[15]

Er så det å opne for homofilt samliv etisk vranglære? MF uttalar seg om saka, og seier at dei ikkje kan akseptere homofilt samliv. Å opne for dette – sjølv i ”visse, klart definerte situasjoner”, ”kan ikke sies å være i samsvar med ’grunnleggende etiske prinsipper gitt oss i Guds ord.’” Dermed er kriteriet for vranglære oppfylt. Det er tankevekkande å sjå korleis MF i dag vurderer dette spørsmålet.[16]

Fleirtalet i BM hadde allereie i 1995, då det synte seg at mindretalet på 3 var viljuge til å opne for homofilt samliv, unngått å ta i bruk ”vranglære”-omtalen. Dei tre biskopane som her står bak uttalinga, er naturleg nok enno samde i dette, men dei meiner likevel at visse grunngjevingar av homofilt samliv kan karakteriserast som vranglære, ”for eksempel en argumentasjon der en sier seg fri fra forpliktelsen på Skrift og bekjennelse, eller som nekter å se spørsmålet i sammenheng med bibelsk skapelsesteologi og som ikke lenger ser ekteskapet som den grunnleggende samlivsform.” Like eins vert det sagt at ”Å sidestille heterofilt ekteskap med homofilt samliv er i strid med grunnleggende etiske prinsipper og må anses som kirkesplittende vranglære.”

Fleirtalet (Bondevik og Bergan) meiner at ein kan unngå å bruke ordet ”vranglære” om opninga for homofilt samliv, så lenge ein ser standpunktet som ”en nødløsning uten normativ verdi”. Men situasjonen vil stille seg annleis dersom ein vil gjere opninga til ”gjeldende norm i kirken med derav følgende konsekvenser for embetsutøvelsen knyttet til ordinasjon, vigsling, tilsetting eller liturgiske ordninger.”

Det er generelt svært tankevekkande å sjå at det som i 1997 tydeleg vart definert som vranglære av Bergan og Bondevik, seinare har fått markante talsmenn og -kvinner i bispekollegiet. Dnk har nemleg fått biskopar som både ordinerer homofilt sambuande, og som arbeider for at dette skal bli gjeldande norm i kyrkja. Og som om det ikkje var nok: Dnk har jamvel fått biskopar som står for det som heile utvalet utvetydig omtala som ”kirkesplittende vranglære”[17].

 

Bispemøtet tek stilling til ”Betenkningene”

I sak 14 og 15/97 tok Bispemøtet stilling til dei utgreiingane som no var skrive. Her vert standpunkta frå utgreiinga teke opp att: ”Bispemøtet er klar over at det finnes begrunnelser og standpunkter i denne sak som kan være i strid med kirkens læregrunnlag, men synet på homofilt samliv er ikke i seg selv av en slik natur at det behøver å true enheten i kirken.” Jfr. det ovanfor skrivne om BM 1995. Ei definitiv avgjerd i spørsmålet om vranglære, kyrkjesplitting og homofilisaka, skulle fyrst kome i 2000, i ei uttaling frå Lærenemnda (LN). På mange måtar er det mogleg å seie at denne uttalinga la ferdig premissa for konklusjonen som vart dregen i LN 2006.[18]

 

Tunsberg-saka, 2000: Domprost Dingstad, Biskop Osberg og lærenemnda.

Utgangspunktet for den såkalla Tunsberg-saka i lærenemnda, var at prost i Larvik Asle Dingstad hadde sagt frå seg biskop Sigurd Osberg sitt tilsyn og nekta gudsteneste- og nattverdfellesskap med han, på grunnlag av at Osberg sine standpunkt var i strid med evangeliet, jfr. Confessio Augustana (CA), art. 7[19]. Som nemnt ovanfor, var Sigurd Osberg ein av dei biskopane som i 1995 opna for homofilt samliv, samt at han i 1999 uttrykte at han i visse situasjonar fann det forsvarleg å vigsle homofile i partnarskap[20]. Han sendte sjølv saka til LN i 1998, som då tok opp drøftinga av kva tyngde homofilispørsmålet skulle ha i eit forvaltningsmessig perspektiv. Problemstillinga var: Er usemje i dette spørsmålet grunn god nok til å seie frå seg tilsyn? Sagt med andre ord: Hadde Dingstad vedkjenninga ”på si side” då han handla som han gjorde?

På desse spørsmåla svara LN negativt. Det vert sagt at Dingstad ikkje kan ta CA 28 til inntekt for sin handlemåte[21], og han kan heller ikkje bruke CA 7 som argument for å seie frå seg tilsynet: ”Uten å bagatellisere uenigheten om forståelsen av Skriften og vurderingen av ordnet, homofilt samliv, er det etter Lærenemndas oppfatning læremessig mulig å samles om Ord og sakrament på tross av den uenighet som råder i homofilispørsmålet mellom biskop Osberg og prost Dingstad.”[22] Å opne for homofilt samliv er verken vranglære eller adiaforon (d. e. eit spørsmål Guds Ord ikkje uttalar seg klart om), vert det sagt, jamvel om det også ”kommer an på hvordan en embetsbærer i kirken utformer og begrunner sitt syn og praksis.”

Det er grunn til å spørje om kva som faktisk er meint med dette siste; Bergan og Bondevik hadde i ”Kirkens enhet…” vore konkrete og tala om vranglære i samband med homofilisyn som opna opp for ordinasjon og vigsling. Men det var nettopp dette biskop Osberg, Steinholt og Köhn no utvetydig hadde opna for. Og i bispekollegiet sat no både Stålsett og Köhn, som i praksis hadde teke konsekvensane av dette. I alle høve var LN 2000 både eksplisitt og implisitt med på å nedvurdere alvorsgraden i det å ha eit liberalt syn på homofilt samliv: Dingstad vart kritisert for å gjere ”homofilispørsmålet til et spørsmål om frelse og fortapelse”.[23] Men her vil LN vere tilbakehaldande, utan at dette standpunktet eigentleg vert grunngjeve.

 

Lærenemnda 2006: Homofilisaka belyst ut frå Skrifta

Foranledning

I LN 2000 vart det sagt at det ikkje er LN si oppgåve å vurdere biskop Osberg si homofililære, men berre Dingstad si reaksjonsform. Det vart også sagt at ”homofilispørsmålet ikke kan sies å ha funnet sin avklaring med det arbeid som hittil har skjedd i kirken med denne saken.”[24] Den direkte foranledninga til at LN no neste gong vart kalla inn, var eit mindretal i BM sine uttalingar i 1999[25], der det vart tala om ”stadfesting” og ”krenking” av menneskeverd i samband med spørsmålet om homofilt samliv. Biskop Odd Bondevik sendte eit brev til LN der han sa at ”det er naudsynt å seie noko meir om kva som kan og kva som ikkje kan aksepterast av grunngjevingar og standpunkt i kyrkja.”[26] I perioden mellom 2002 og 2005 arbeidde då LN med ”Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken.”

 

Drøfting av tekstane som omhandlar homoseksualitet

Tekstane om homoseksualitet vert fyrst drøfta. Alle i lærenemnda er samde om fylgjande: ”De tre tekstene i Det nye testamente som direkte omtaler homoseksuelle handlinger, finnes alle i den paulinske brevsamling og er i sin ordlyd klart avvisende…tekstene [representerer] en forståelsesramme der differensieringen mellom mann og kvinne slik den er gitt i skapelsen, innebar at homoseksuelle handlinger og begjær var å forstå som brudd med Guds skapervilje…”[27] Kva så med det viktige spørsmålet om Paulus kjente til sk. ”konstitusjonelle” homofile – menneske med fast og varig homofil identitet? Det er to særuttalingar i LN om dette[28], og det ligg i sakens natur at desse er relativt viktige. Oppsummerande kan ein seie at ein langt på veg kan rekne det som godtgjort at det fanst varige, homoseksuelle forhold i antikken, og også at Paulus kjente til dette. Dermed er eit viktig argument på den liberale sida i debatten dei siste 30 åra, i det store og det heile tilbakevist.

LN går så vidare til tolkinga av bibeltekstane, dvs. forståinga av dei, og vurderinga av deira bruk i dag. Med unntak av Kjetil Hafstad er heile nemnda samde om at ”Det må være mulig å ha et restriktivt syn på homofilt samliv uten bli anklaget for å krenke homofiles menneskeverd.”[29] Som ettertida viste, skulle ikkje denne konsensus bli rådande for debatten som fylgte i etterkant av LN, jfr. biskop Tor B. Jørgensen sine tydelege utsegner om at motstandarar av homofilt samliv krenker menneskeverdet.[30]

 

Den liberale argumentasjonen

LN er delt i to like store grunnfløyer i høve til synet på vurderinga av homofilt samliv i dag. Eg skal her kort oppsummere hovudkonklusjonane. Den liberale fløya legg stor vekt på å forstå Skrifta i ljos av sentrum, som er Jesus Kristus. Fløya vil vurdere haldningar og utsegner opp mot evangeliet om Jesus Kristus. Med andre ord: Dei spelar sentrum i Skrifta ut mot einskilddelar. Dei seier det slik: ”Kristus-hendelsene [i evangelia] utfordrer til etterprøving av hva som urettmessig binder og begrenser mennesker, og hva som frigjør til liv i kjærlighet.”[31] Det fløya seier om nestekjærleiksbodet, dreg i same retning; dei talar om å gje nestekjærleiksbodet ”en kritisk prøvende funksjon”. I så måte er det veldig interessant å sjå at både den liberale og den konservative fløya båe brukar dei same tekstane (Luk 10,25-37; Rom 13,8-10 m. fl.), men landar på heilt forskjellige konklusjonar med tanke både på kva desse tekstane faktisk seier, og korleis dei kan brukast i dag.

Kva så med skapingstekstane i 1 Mos 1-2? Eg kan ikkje her gå djupt inn i deira argumentasjon, men berre kort nemne at fløya argumenterer ved at vi i vår tid har eit endra syn på seksualitet og samliv, som gjer at vi kan frigjere oss frå det desse tekstane seier. Fløya talar om at det er ”vanskelig å avvise at homoseksualitet også kan tolkes som en variasjon innenfor arten menneske.” Sidan dei same etiske krav må gjelde for alle menneske i skapinga (her det vert det henvist til Apg 10,34), får dette konsekvensar for synet på homofilt samliv.

Det er grunn til å peike på den spenninga som er til stades i mykje av argumentasjonen her: På den eine sida er det åpenbart at ein i mangt er prega av eit relativt fritt forhold til Skrifta, og ikkje minst Paulus. Like fullt går ein inn i – og debatterer i kva grad – skriftord om homofili er relevante og normative i dag. Denne spenninga fører til at ein del av behandlinga av Skrifta framstår som inkonsekvent og lite truverdig.[32] Mest tydeleg kjem dette fram ved at ein på den eine sida konkluderer med at NT er eintydig avvisande til homoseksualitet. Like fullt konkluderer ein med å vere positiv til homofilt samliv. Skriftbruken her må seiast å vere høgst kritikkverdig: Skapingsforteljingane vert redusert til hovudsakleg å dreie seg om forplanting, jamvel om det er lett å påvise at Skrifta tenker langt breiare om forholdet mellom mann og kvinne. Skriftord som Gal 3,28 og Apg 10,43 vert teke ut av sin samanheng og brukt på ein nesten manipulerande måte. Fløya teiknar opp eit misvisande bilete av Jesus og tek ikkje omsyn til hans formaningar til nytt liv etter Guds vilje. Forholdet mellom Skrifta som autoritet og kultur/røynsle/fornuft/konsekvensetikk som autoritet, er ofte uklart. Sjølv er eg difor samd med Jostein Ådna, når han seinare seier at ”deler av argumentasjonen [til den liberale fløya] underminerer Skriften som et troverdig åpenbaringsvitnesbyrd.”[33]

 

Den konservative argumentasjonen

Den konservative fløya argumenterer på ein måte som må seiast å vere langt meir konsekvent, samla, og i tråd med Skrifta. Dei vil ta avstand frå ei tenking som set overordna prinsipp i Skrifta opp mot dei einskilde boda. Dei peikar på at evangelia fortel at Jesus ikkje berre møtte menneske med miskunn, men at han også rettleier dei oppreiste til eit liv etter Guds vilje, jfr. Joh 14,23. Såleis vert Sakkeus møtt med miskunn og nåde, men også med eit oppgjer med hans urett (Luk 19,1-10). Og kvinna som vart gripen i hor (Joh 7,53-8,11) vart ikkje fordømt. Men ho fekk også høyre ”Gå bort og synd ikkje meir frå no av.”

Når det gjeld Paulus’ tekstar om homofili, peikar den konservative fløya på at desse er heilt avvisande til homoseksuelle handlingar, som nemnt ovanfor. Og det er ikkje grunnlag for å anføre ei endring i homofilt samliv som argument mot desse tekstane, for ”alt tyder på at Paulus har hatt kjennskap til variasjonen og utbredelsen av homofili og bifili i sin samtid.”[34] Fløya set vidare Paulus’ tekstar mot homofilt samliv inn i ei breiare samlivsetisk ramme, ved å vise til skapingsforteljingane i 1 Mos 1-2. Her vert det lagt vekt på både kjønnskomplementaritet og forplantning. Det er grunnleggjande, seier fløya, at dei nemnte paulustekstane ”fastholder ekteskapet mellom mann og kvinne som den eksklusive ramme om det seksuelle samliv.”

På grunnlag av denne argumentasjonen konkluderer så den konservative fløya med å seie: ”Vi kan ikke se at to uforenlige syn kan være retningsgivende for lære, ordninger og liturgi.”[35] Og: ”Det er(…)uforenlig med vår forståelse av og forpliktelse på Skriften å vigsle, tilsette og bruke samlevende homofile i vigslede stillinger i kirken.”[36]

 

Kva vil det seie å ha Skrifta som autoritet?

Den konservative fløya er altså restriktive med tanke på samlevande homofile i vigsla stillingar. Dette standpunktet står i eit spenningsfylt forhold til fylgjande prinsipielle utsegn i LN 2006: ”…alle i nemnda ønsker å framheve Skriftens autoritet og status som troverdig og forpliktende vitnesbyrd om Guds åpenbaring og som øverste norm for kirkens lære og forkynnelse.”[37] Det vert vidare sagt at dei to ulike syna ”er basert i en felles forståelse av at Skriften har status som åpenbaringsvitnesbyrd og norm for kirkens lære og forkynnelse.”[38]

Med dette har faktisk argumentasjonen for homofilt samliv på sett og vis blitt gjort ”immun” mot påstandar om vranglære.[39] For nemnda definerer i praksis skriftautoriteten på ein slik måte at berre ein person seier at han har Skrifta som autoritet, så har han det. Det er nemleg ikkje avgjerande at ein bøyer seg for det Skrifta faktisk seier, heller ikkje at ein utøver ein bibelsk forsvarleg tolkingspraksis. Frå den konservative fløya sitt standpunkt gjer jo den liberale fløya verken det eine eller det andre. Att står difor fylgjande: At ein på ein eller annan måte grunngjev synet sitt ut frå Skrifta; har ein Skrifta som autoritet. Dette resonnementet har i sterk grad vore med på å leggje premissa for det vedtaket som skulle kome på Kyrkjemøtet i 2007.

 

Homofili-vedtaket på Kyrkjemøtet 2007

I september 2007 la Kyrkjerådet fram eit forslag[40] til Kyrkjemøtet om ikkje å ”videreføre som felles rådføring” vedtaka frå 1995 og 1997, men derimot å opne for homofilt sambuande i vigsla stillingar. Forslaget vart vedteke på Kyrkjemøtet 2007[41] (50 av 84 røyster, 6 av 11 biskopar.) Vedtaket tok utgangspunkt i LN si uttaling i 2006. Det vart såleis lagt vekt på at det ikkje lenger er ”samme grad av enighet om premissene for vedtakene om samlevende homofiles vigslede tjeneste i kirken(…)” Men denne deskriptive situasjonsskildringa fekk også eit normativt preg i det dei to ulike syna (som er manifestert i dei to fløyene i LN) båe underordnar seg ”det reformatoriske prinsipp om Skriften som øverste norm for kirkens lære.” (Jfr. førre avsnitt.)

Det vedtekne forslaget talar om ”at det fortsatt også er kirkelig begrunnelse for ikke å ordinere, vigsle, ansette eller gi tjenestebrev til homofilt samlevende dersom biskop eller ansettelsesorgan vurderer at dette ikke er i tråd med kirkens lære og formål(…)” Såleis vert i praksis spørsmålet om tilsetjing av homofilt sambuande avgjort av rådande biskop og bispedømeråd i det einskilde bispedøme. Lærepluraliten og -relativismen på det samlivsetiske området er såleis herskande, og kyrkja framstår som splitta. Med tanke på den makt og påverking politiske krefter har hatt på bispeutnemningar dei siste åra, er det sannsynleg at det framover vil bli lagt press på å få innsett fleire homofililiberale biskopar i kyrkja.

 

Avslutning og utblikk

Vi har no sett på nokre utdrag frå debatten rundt homofilt samliv dei siste 30 åra. Vi har særleg sett på to tema: Argumentasjon for og imot homofilt samliv, samt debatten om i kva grad det å opne for homofilt samliv er kyrkjesplittande vranglære. Om ein skal oppsummere statusen i det fyrste temaet, må ein konkludere med at det teologiske og skriftmessige grunnlaget for det konservative standpunktet, står sterkt. Når eit liberalt standpunkt likevel har så sterkt gjennomslag i dagens kyrkjelege landskap, har dette utvilsomt mykje med den kulturelle, politiske og ideologiske ”tidsånda” å gjere.

Når det gjeld temaet kyrkjesplitting og vranglære, kan ein oppsummerande seie at kriteriene for kyrkjesplitting stadig har endra seg, i tråd med den teologiske utviklinga i Dnk. Det som i 1995 definitivt vert omtala som vranglære, vert ikkje omtala som vranglære i 2007. Det ser ut til å vere den organisatoriske einskapen som ”bestemmer over” den andelege einskapen. Eit vesentleg premiss for denne mekanismen, er at folkekyrkja ikkje har gode ”verkty” for å takle kyrkjesplitting.

            Til slutt: Denne artikkelen har forhåpentlegvis vore med på å vise at kristen samlivsetikk i Noreg er i sterk utvikling, bort frå Guds ord. I ein slik situasjon gjev det meining å be til Gud: Gjev oss alle å vere sanninga tru – men alltid i kjærleik. 

 

Forkortingar

BM – Bispemøtet

Dnk – Den Norske Kyrkja

FG – Fast Grunn

KM – Kyrkjemøtet

KR – Kyrkjerådet

LK – Luthersk Kirketidende

LN – Lærenemnda

VL – Vårt Land

 

Kjelder

Ekteskap og samlivsformer. Ei utgreeing til Bispemøtet, 1989 Oslo:IKO-forlaget.

 

Homofile i kirken. Betenkninger til Bispemøtet høsten 1997. ”Sjelesorg og homofili”, ”Kirkens enhet og troens fundamenter” Med Bispemøtets uttalelse, 1997 Oslo:Kirkens informasjonstjeneste.

 

Homofile i kirken. En utredning fra Bispemøtets arbeidsgruppe om homofili, 1995 Oslo:Kirkens informasjonstjeneste.

 

Kristne normer for seksualmoral. Et ord fra kirken. 1967 Oslo: Forlaget Land og Kirke

 

”Om homofili. Innstilling fra et utvalg oppnevnt av bispemøtet” i Kirke og kultur 1977, 628-640.

 

Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken. Uttalelse fra Den norske kirkes lærenemnd i sak reist av Møre biskop., 2006 Oslo:Kirkerådet, Den Norske Kirke.

 

Tunsberg-saken. Uttalelse fra Den norske kirkes lærenemnd i sak reist av Tunsberg biskop vedrørende prosten i Larvik, Asle Dingstad, 2000 Oslo:Kirkerådet.

 

www.kirken.no Her vil ein finne uttalingar og referat frå Bispemøte, Kyrkjeråd og Kyrkjemøte.


[1] ”Normer…” 1967:103-107.

[2] ”Om homofili” 1977:628-640.

[3] For ein kritisk analyse av ”Om homofili”, sjå FG 2/1978, leiarartikkelen ”Homofili og Bibelsyn” av Jon Kvalbein.

[4] ”Om homofili” 1977:639-640.

[6] BM 16/88.

[7] ”Homofile i kirken” 1995:87-117.

[8] ”Homofile i kirken” 1995:119-139.

[9] Med unntak av Arne Austad.

[10] Sak BM 2/95.

[11] Sak KM 15/95.

[12] Sak KM 8/97.

[13] Sjå sak BM 12/99.

[14] ”Homofile i kirken. Betenkninger …” 1997:41-89. Dei fylgjande sitat i anførsel er henta herfrå.

[15] Utvalet hentar her ressursar frå det såkalla Asheim-utvalet, som la fram innstillinga ”Den norske kirke og læren” i 1985.

[16] Øystein Larsen, som var på den liberale sida i lærenemnda, er i 2007/2008 tilsett i vikariat som studentprest ved MF. Professorane Jan-Olav Henriksen og Jan Schumacher har offentleg forsvart homofilt samliv. Konklusjonen i Lærarrådet si uttaling om LN 2006 er open: Spørsmålet om homofilt samliv er ikkje avklart. Sjå punkt 4.7.

[17] Tor B. Jørgensen og Solveig Fiske gav i 2007 sin stønad til regjeringa sitt forslag om såkalla kjønnsnøytral ekteskapslov. Jfr. VL 15. 5. 2007.

[18] Sjå LN 2006:121-123.

[19] ”Like eins lærer dei at det alltid vil verta verande éi heilag kyrkje. Men kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett. Og til sann einskap i kyrkja er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta…”

[20] LN 2000:13.

[21] LN 2000:46.

[22] Ibid. 56. Det kan rettast kritikk mot forståinga og bruken av CA hjå LN, jfr. t. d. Oddvar Johan Jensens artikkel i LK 2/2001, samt Ole Fredrik Kullerud i det same tidsskriftet 19-20/2000.

[23] LN 2000:54.

[24] LN 2000:59.

[25] Sak BM 12/99

[26] LN 2006:10.

[27] LN 2006:59.

[28] LN 2006:62-69. Det eine bidraget står Turid Karlsen Seim bak, det andre Ernst Baasland og Jostein Ådna.

[29] LN 2006:86.

[30] Sjå særleg Tor B. Jørgensen sin artikkel: ”Homofili, menneskeverd, bibelbruk og kirkens enhet” i LK 8/2007.

[31] LN 2006:89.

[32] For ein analyse av argumentasjonen i LN 2006, sjå MF si uttaling  ”To velbegrunnede standpunkt? En vurdering av uttalelsen fra lærenemnda i Den norske kirke: Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken.” www.mf.no. Konklusjonen i uttalinga er open. Sjå også Karl Olav Sandnes sin artikkel i LK 7/2000.

[33] LN 2006:123.

[34] LN 2006:95.

[35] LN 2006:125.

[36] LN 2006:137.

[37] LN 2006:126. Jostein Ådna og Gunhild Hagesæther gjev særuttalingar.

[38] LN 2006:123.

[39] LN 2006:119-127. For ein analyse av skriftforståinga i LN 2006, sjå Ole Fredrik Kullerud sin todelte artikkel i LK 18-19/2007.

[40] Sak KR 42/2007.

[41] Sak KM 07/07.

Stikkord: , , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: