Tro og vitenskap – sammenheng eller sammenstøt

Tro og vitenskap – sammenheng eller sammenstøt

Espen Utaker (red.)

 

Denne boka er ei artikkelsamling der det overordna hovudtema er forholdet mellom kristen tru og vitskap. No er det likevel ikkje fyrst og fremst vitskap generelt som vert teke opp, men heller naturvitskap. Den fyrste artikkelen er eit intervju med forskarane Katrina Pajchel og Øystein Elgarøy. Her vert ”universet” teke opp; kor gamalt det er, kor stort det er, korleis det oppstod osb. Pajchel forskar på Big Bang, og ho er tydeleg på forholdet mellom forskinga og den kristne trua: ”Jeg blander ikke kortene. Jeg lar ikke min kristne tro prege min forskning, men forskning underbygger min kristne tro.” Dette er nok ein vis måte å tenkje på. Både Pajchel og Elgarøy er skeptiske til å bruke fysikken som ”gudsprov”; likevel er dei tydelege på at det er mykje der som er reint forbløffande.

 

Frå denne lærerike artikkelen, går vi vidare til ein artikkel om evolusjon og kristen tru, skrive av Truls Jacob Langvand. Forventningane er store i det eg går i gang med å lese, men eg vert raskt skuffa. Sjølv om det her er mykje interessant å lese, finn ein diverre også mange unøyaktigheiter og til dels også klare feil. Ein interessant tanke som vert presentert, er samantenkjinga av cellefornyinga i kroppen vår, med Bibelens tale om den lekamlege oppstoda. Ja, det er ein interessant tanke, men det er like fullt på sida av den bibelske måten å tenkje om den lekamlege oppstoda på (Jfr. t. d. 1. Kor. 15,40). Elles: Det er unekteleg ganske merkeleg å lese at Langvand påstår at det er ”totalt uvitenskapelig” å påstå at biologisk evolusjon ikkje har funne stad. I så fall vil Kvalbeins påfylgjande artikkel om ”Intelligent Design” vere lite å ta omsyn til; her vert det jo nettopp påstått at teorien om biologisk evolusjon har ein del heilt grunnleggjande manglar.

 

La oss då seie nokre ord om Kvalbeins artikkel. Han skriv då om den såkalla ”Intelligent Design”-rørsla. Her vil ein påstå at reine naturalistiske årsaker ikkje kan forklare livets kompleksitet og framtoning slik vi opplever det i dag. Det må ha vore ein ”designer” inne i biletet. Ein tenkjer seg at det har foregått ei utvikling, men at denne designeren har ”gripe inn” i utviklinga av nye artar – og også ved oppstoda av livet i byrjinga. Dette er interessante tankar som nok har mykje for seg. Det kanskje største problemet ved dei, er at dei står i fare for å ”kortslutte” vitskapen. Naturvitskapen ser etter innanverdslege samanhengar, det er slik han arbeider, og det er slik han har framgang og finn ut nye ting. Spørsmålet blir kva slag premiss som må vere til stade for at ein med visse kan tale om at det har vore ein transcendent ”designer” inne i biletet. Slike premiss trur eg det er vanskeleg å etablere, denne ”designeren” er jo usynleg, fri og ”uberegnelig”, dvs. at vi kan vanskeleg finne noko mønster for når han har gripe inn, kva grad han har gripe inn, kva måte osb. Evolusjonsteorien har store vanskar med å forklare ein god del ting; dette bør mane til audmjuke: Vitskapen bør vere ærleg og audmjuk nok til å seie at ”dette forstår vi ikkje, her kan det vere årsaker inne i biletet som vi ikkje kjenner til” – i møte med uforklarlege fenomen. Men vitskapen bør likevel ikkje slutte å forske på desse fenomena! Men det kan fort bli konsekvensen dersom ein på ein eller annan påstått vitskapleg måte seier at ”her var det ein designer som greip inn på overnaturleg måte”. Sjølv trur eg sjølvsagt at det står ein designar bak. Men eg trur altså at vi gjer klokt i å halde denne tanken på avstand frå den vitskaplege arbeidsmetoden. Samstundes er det klart at det her brytast på djupt vatn, reint vitskapsteoretisk, og det er nok viktig at både teologar og biologar ikkje opptrer skråsikkert med omsyn til kva som ”står bak”. Kvalbein skal elles ha ros for å framstille ”Intelligent Design”-tankane på ein framifrå måte, og vonaleg kan artikkelen vere med på å skape debatt.

 

Skarsaune står for den neste artikkelen, og dette er verkeleg ein artikkel med mange interessante og viktige resonnement og synspunkt. Han byrjar med å understreke at Bibelens verdsbilete på sett og vis er ”tidlaust”; det tek utgangspunkt i ei umiddelbar og ”uvitskapleg” oppleving av naturen og verda. Vidare drøftar Skarsaune evolusjon i møte med skapartrua. Han vil avgrense seg frå ei forståing av at Gud vert forklaringsmodell for det som er vanskeleg å forstå i evolusjonen. I staden vil han understreke at Gud verkar i naturlege årsaksforhold (som då for oss kan verke tilfeldige). Skarsaune vil då få litt problem med å leggje bru mellom trua på at Gud faktisk skaper – og det som vi jo røyner i forskinga; at dette – ut frå rådande teori – ser ut til å skje etter visse mekanismar, men dog på grunnlag av mykje kaos og tilfeldigheiter. Elles: Interessant er også Skarsaunes tankar om ”når mennesket vart menneske”. Han vil leggje vekt på at mennesket vart menneske i det Gud tala til det. Og då vert det relevant, seier han, å sjå etter dei fyrste teikn av gudstru i historisk perspektiv.

 

Jostein Andreassen har skrive ein artikkel om Darwin sitt forhold til religion. Dette er ein fin og lesverdig artikkel. Vi kan oppsummere ved å seie at Darwin fyrst var kristen, men etter kvart vaks tvilen fram i han – påverka m. a. av Auguste Comtes filosofi. Han gjekk bort frå trua, og døydde som agnostikar. Det er ikkje grunnlag for å seie at han vart omvendt på dødsleiet.

 

Knut-Willy Sæther skriv om forholdet mellom naturvitskap og kristen tru. Han skisserer opp litt ulike innfallsvinklar til dette, heilt frå den strengt materialistiske, anti-religiøse fløya (C. Sagan, Stephen Hawking) til den andre sida av spekteret, der ein finn kristne som vil bruke Bibelen som ”vegkart” i naturvitskapen. Han nemner også den sk. ”tospråklege modellen”, der ein vil seie at Bibelen og naturvitskapen har to ulike motivasjonar: Fyrstnemnde vil seie noko om kvifor ting er som dei er, sistnemnde noko om korleis ting er. Denne inndelinga har, så vidt eg ser, mykje for seg. Sæther vil elles framheve at det innanfor fysikken oppstår ein del spørsmål som peikar utover fysikken sjølv, spørsmål som det er tilnærma umogleg å forklare ut frå vitskapen. Her kan då teologien tre til og gje svar på desse spørsmåla (t. d. ”Kven står bak? Kvifor er naturen så fininnstilt?” osb.)

 

Den siste tredelen av boka er det Bjørn-Are Davidsen som står for. Han skriv meir generelt om forholdet mellom tru og vitskap. Dei to artiklane som han står bak, er verkeleg lesverdige. Kort sagt nemner han mange døme på at kyrkja ikkje har vore antivitskapleg, i staden har både Augustin, Luther, Calvin m. fl. vore klare på at naturvitskapen må få drive på med sitt, og at teologane arbeider på eit anna plan, med Bibelen. Og vidare: Kristen tru og tanke har faktisk vore ein viktig pådrivar for vitskapen, i og med at trua gav ein tankemessig basis (Gud er rasjonell, og har skapt verda som rasjonell; den kristne tidsforståinga gjev utgangspunkt for ”framstegstenking” osb.) for utviklinga av vitskapen. Men kvar har så folk det frå, at kyrkja ”alltid” har vore ein fiende av vitskap og framsteg? Tru det eller ei, veldig mykje av dette er mytar som vart skapte i kristendomskritiske krinsar på 1800-talet. Davidsen går gjennom ei rekke av desse mytane (som i dag sirkulerer hjå kristne og ikkje-kristne!), og syner at mange av dei er feilaktige. Dette bør vere interessant for dei fleste.

 

Alt i alt har ”Tro og vitenskap” vorte ei viktig og interessant, om enn litt rotete, bok. Som sagt held ikkje alle artiklane like høgt nivå. Interessant er det også at ingen av artiklane står for eit sk. ”gamal/ung-jords kreasjonisme”, alle forfektar biologisk evolusjon av artar, men då med meir eller mindre vekt på Guds ”overnaturlege” inngripen. Kanskje er dette symptomatisk for ei utvikling i synet på evolusjon, i norske, kristne krinsar? Uansett burde nok boka gått litt djupare inn på evt. teologiske konsekvensar av ein overgang til eit (makro-) evolusjonistisk syn.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

 

Stikkord: , , , , , , , ,

Ei tilbakemelding to “Tro og vitenskap – sammenheng eller sammenstøt”

  1. Bjørn Are Says:

    Mange takk for hyggelige ord!

    Du har nok rett i at boka er litt vel rotete, noe som nok er en ganske vanlig greie når man har å gjøre med en artikkelsamling. Ikke minst var det litt plagsomt at Langvand gjentok myten om at kirken mente jorda var flat.

    Et muligens naturlig spørsmål (ihvertfall for meg;-) er om du har lest noen av bøkene jeg har skrevet hele av?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: