Tro – 13 essays om tro

Tro – 13 essays om tro

Jan-Olav Henriksen (red.)

Kom Forlag

219 s.

Kr. 248

 

Temaet for ”Tro” er – opplagt nok – tru, både kristen og ikkje-kristen. Gjennom 13 essays får vi ein del ulike perspektiv på korleis tru kjem til uttrykk, fyrst og fremst i dagens (norske) samfunn. Hovudsakleg er det valt eit såkalla ”utanfrå-perspektiv” på trua. No vil eg kort gå gjennom dei 13 essaya, og kommentere litt.

           

Det fyrste essayet er skrive av Gunnar Danbolt, og omhandlar forholdet mellom tru og kunst i kyrkjehistoria. Her var det mykje nytt for meg, men det var verkeleg interessant lesing. Det er generelt sett interessant å sjå korleis kunst reflekterer den rådande tidsånd/filosofi/teologi. Danbolts essay gjer godt av å ha store fargebilete.

 

Kristin Solli Schøien skriv godt og lesbart om kyrkjerommet. Eitt av hennar viktige poeng er at kyrkjerommet ber bod om ein usynleg røyndom, og at rommet gjev hjelp til å uttrykke og artikulere trua på denne røyndomen.

 

Dei tre neste essaya glir litt over i kvarandre; Fyrst ut er Inger Furseth med ”Tro, kjønn og livshistorie”, så kjem Pål Ketil Botvar med sitt ”Hva tror nordmenn på?”, der han drøftar forholdet mellom trua og det sosiale. Knut Lundby skriv om ”Tro i det offentlige rom.” Dette er tre gode essay, og skikkeleg snacks dersom ein er interessert i dette temaområdet. Eit lite spørsmålsteikn har eg sett i margen i samband med undersøkjinga hjå Botvar om tilhøvet mellom (anten kristen eller nyreligiøs) tru og sosiale forhold. Han finn tydeleg samanheng her, og konkluderer med at religiøs orientering påverker sosiale forhold. Men: Er det så sikkert at t. d. ei nyreligiøs orientering skaper sosial endring? Kan det ikkje like gjerne vere slik at menneske med visse sosiale forhold søkjer til ei nyreligiøs orientering? Her tykkjer eg kanskje Botvar – i eit elles framifrå essay – kunne vore litt tydelegare.

           

Leif Gunnar Engedal og Gry Stålsett Follesø skriv godt om tru ut frå ein religionspsykologisk synsvinkel. Engedal skriv forståeleg, dog med ein del vanskelege ord, om utvikling av identitet. Essayet er til å bli vis av. Follesø skriv om korleis religiøs tru kan bryte ned eller byggje opp. Dette er eit viktig tema. Om det er noko å utsetje på artikkelen, så kunne det vel kanskje vere at Follesø ikkje godt nok klargjer det som er ei av kardinalutfordringane for religionspsykologien, nemleg det faktum at ”religion” er eit veldig, veldig komplekst og mangesidig fenomen. Kanskje er det difor betre å avgrense seg til ein viss religiøs tradisjon – og undersøkje korleis religiøs tru fungerer her – enn å tale ganske generelt om ”religion” og ”religiøsitet”.

           

Tore Frost skriv om tru og tvil frå ein filosofisk synsvinkel. Dette er artig og interessant lesing. Frost er innom Sokrates, Augustin, Descartes, Kierkegaard, Ibsen, Heidegger m. fl. Han skal ha ros for å skrive lett og ledig.

           

Bernt Oftestad skriv drivande godt og interessant om omvendingane hjå Ronald Fangen og Sigrid Undset. Vi får fylgje utviklinga hjå desse frå vantru (evt. mangel på tru) og til deira omvending. Oftestad får fram likskapar og ulikskapar mellom dei to, og samstundes knyter han også liva deira opp til den samtidige tidsånd og kulturstraum.

 

Henriksen skriv om ”Innhold i og betydning av kristen tro”. Eit viktig tema for han er at trua ”åpner for verdens muligheter”. Han skriv elles godt og reflekterer litt rundt kva innhaldet i trua er, korleis trua kan skape sjølvrefleksjon og -utvikling, kva forholdet mellom tru og viten er, osb. Det er ikkje alltid så lett å sjå korleis han grunngjev sine standpunkt om den kristne trua. Men dette har sannsynlegvis også noko å gjere med omfanget av artikkelen; det er avgrensa kva ein kan få plass til av resonnement.

 

Notto Thelle og Anne-Hege Grung skriv om kristen tru i møte med annan tru, fyrstnemnde litt på generelt grunnlag, sistnemnde i samband med meditasjon. Thelle poengterer at det er viktig å vere open for andre religiøse tradisjonar av di ein har mykje å lære av dei. Dette er det ikkje vanskeleg å vere samd med han i. Men eg set elles litt spørsmålsteikn ved hans relativt eklektiske bruk av NT i samband med hans oppfatning av den allmenne openberringa. Thelle seier sjølv at han går i retning av inklusivisme, men han drøftar diverre ikkje dei sidene av NT som utfordrar eit slikt standpunkt.

           

Grung skriv om djupmeditasjon i kristen kontekst. Det ho skriv, er interessant og lærerikt, og det synest som om slik meditasjon til ein viss grad kan ho noko for seg, reint mentalhygienisk. Det eg sjølv har mest problem med, er å forstå korleis denne ”objektlause” meditasjonen som fokuserer på pust og kropp, har noko med det spesifikke kristne å gjere. Her er Grung også ganske uklar, ho talar om at ”Gud er til stede overalt – i den mystiske tradisjonen også ved sitt opplevde fravær – det er vi som ikke har opplevd at vi selv er til stede.” Ho ser ut til å meine at di meir vi utforskar oss sjølve i meditasjonen, di meir får vi oppleve ”Guds aksept og kjærlighet.” Til dette seier eg med ein skeptisk mine: ”Hmmm…”

           

Den siste artikkelen skil seg markant frå dei tidlegare, her er det evangelisten Aril Edvardsen som fortel om tru og moglegheiter. Her er mykje godt og inspirerande å ta med seg, eg tykkjer også det er forfriskande at Edvardsen har så god kontakt med det bibelske materialet. Det er elles verd å leggje merke til at Edvardsen definerer tru som tillit til Guds løfte. Som god lutheranar seier eg ja og amen til det. Meir vanskeleg er det å svelgje hans likelydande definisjon av tru som ”positiv tenking”. (”Gud har skapt alle med en sjette sans i vårt indre som heter TRO – det vil si evnen til å tenke positivt.”) Her ser ein tydeleg slektskap med Kenneth Hagins liknande teologi om ”lover for positiv tenking”, utan at eg kjenner nærare til kva forhold til Edvardsen har til han.

           

”Tro” er blitt ei innhaldsrik og utfordrande bok. Dersom ein er interessert i ulike ”utanfrå-perspektiv” på tru, er lesinga av denne boka slett ikkje bortkasta tid.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

 

Stikkord: , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: