Postmodernismens udfordring til kristendommens sandhed

Postmodernismens udfordring til kristendommens sandhed. Refleksioner over den kristne apologetiks mulighed i en postmoderne kultur.

Kurt Christensen

Credo Forlag

2005

528 s.

 

Kurt Christensen er professor i etikk og religionsfilosofi ved Menighedsfakultet i Århus. Denne mursteinen av ei bok omhandlar den sk. postmodernismen (frå no av: pm) – det store og til dels ueinsarta ”livssyn” som for tida pregar mykje av notidas vitskapsteori, etikk, populærkultur, filosofi osb. Men hovudtemaet er ikkje pm isolert, men derimot korleis kristendomen relaterer seg til pm.

           

Det er lett å forstå at ”Postmodernismens…” har vorte ei tjukk bok med tema som spenner over mange område. Det er difor også lett å ha forståing for at forfattaren for ein stor del har nytta sekundærlitteratur som kjelder; sentrale forfattarnamn i den samanhengen er D. A. Carson, Stanley Grenz, Alister McGrath, Lesslie Newbigin, Brian J. Walsh og Richard J. Middlethon. Nokre av desse namna vil kanskje vere kjende for lesaren. Eg vil ikkje seie at den utstrakte bruken av sekundærlitteratur skjemmer unødig. Det er jo uansett slik at store delar av framstillinga nødvendigvis må bli litt overflatisk. Men no er det på tide å gå over til innhaldet i boka – og innimellom vil vi kommentere der vi finn det høveleg:

 

Fyrste delen av boka omhandlar forståinga av sanning i den postmoderne kultur: ”Dei store forteljingane” (i modernismen: universelt framsteg og frigjering ved vitskap og tileigning av objektiv kunnskap) har brote saman, ”konstruksjons”-tankegang har slege sterkt inn i erkjenningsteorien, vekta har gått frå tekst til lesar i hermeneutikken, og generelt i forhold til livssyn og religion er den rådande tankegang relativisme og pluralisme: Ingen kan gjere krav på den universelle sanninga, ein må difor tillate fleire ”sanningar” side om side. Sjølve framstillinga (med omsyn til djubde, storleik og temaområde) overlappar nok for ein stor del det gjennomsnittlege ex. phil pensum si behandling av det same temaområde.

 

Neste kapittel omhandlar trekk som peikar fram mot pm, i førmoderne og moderne epokar. Christensen legg vekt på at pm på ingen måte kom som eit ”lyn frå klar himmel”. Ein av dei som mest tydeleg gav forvarsel om at ein postmoderne tankegang var i anmarsj, var vel Friedrich Nietzsche, han er difor vigd eit minikapittel i boka – og dette er interessant lesing. Eit av dei mest sentrale poenga hjå Nietzsche er korleis fornufta eigentleg er underordna ”viljen til makt”. Alt fornufta gjer, er å gje slike ”makt-handlingar” eit skin av rasjonalitet.

 

Kapittel tre freistar å etablere eit teologisk-filosofisk livssynsperspektiv som kan tene som ”arkimedespunkt” for å døme om det postmoderne livssyn. Interessant nok vert det framheva – som jo heilt sant er – at ein person som vil bli ein kristen, på mange måtar må gå gjennom eit paradigmeskifte – bort frå (i alle fall grunnleggjande delar av) det postmoderne eller moderne paradigme. Christensen innser at ”nøytralitet” er umogleg i jakta etter eit fast utgangspunkt (det er jo også ei viktig postmoderne innsikt), likevel vil han hevde at det standpunktet han inntek – nemleg ei konservativ, kristen tru – langt på veg kan forsvarast allment, då ved sk. logisk konsistens, ved historiske grunnar, og ved ”pragmatisk” sanningskarakter (dvs. at kristendomen ”funkar” i livet hans.) Det er særleg den logiske konsistensen som vert interessant å kommentere i denne samanhengen. Her vert det nemleg presentert fem ”kriterier” på at ein religion er sann. Føremålet med kriteria er altså å avgjere om den éin religion er betre eller dårlegare enn ein annan. Nokre av kriteria: Rlg. skal vere praktisabel, fremje god moral, omfatte sentrale delar av røynsla, svare til røyndomen og vere samanhengande i sentrale utsegner. Dette er i og for seg interessante resonnement, men eg må medgje at det for min del ringar nokon varselbjeller: Står ein ikkje her i fare for å ”avgrense” Gud etter kva tankar ein på førehand har om Han? Særleg presserande vert jo dette i kriteriet ang. moral. Kan vi – av oss sjølve – fastslå kva som er Guds vilje og moral, og så bruke dette for å ”finne” Gud i den rette religionen? Christensen referer klokt nok fleire syn på heile denne framgangsmåten, og det skal seiast at ein teolog som Aksel Valen-Sendstad har nokre vektige innvendingar. Men her vil sjølvsagt synet på allmenn openberring spele ei viss rolle. Eg stussar elles litt på at Christensen i denne samanhengen ikkje nemner noko om lov/evangelium – og opplevinga av dom og frigjering i møte med Ordet – som eit vesentleg poeng i tilsluttinga til kristendomen som Sanninga. Dette ville jo rime med Luthers inndeling av religionane – der andre religionar utanom kristendomen vert sett på som vegar til sjølvrettferdiggjering. Men kanskje vil Christensen plassere dette poenget under den før nemnte ”pragmatiske” (el.subjektive) sanningskategorien til kristendomen. 

 

Det fjerde kapittelet er så ei vurdering av det postmoderne livssyn. Her grip Christensen attende til tema få det fyrste kapittelet, berre at han no freistar å vurdere desse tema meir normativt. For å gjere ei lang historie kort, har han mykje kritikk mot store delar av det postmoderne tankegods, kanskje spesielt i avsnittet om religiøs pluralisme og relativisme. Men verd å merke seg, er at mykje av denne kritikken er basert på ”common sense” og er ikkje berre spesifikt teologisk. Elles: Når det gjeld vurderinga av postmoderne hermeneutikk i møte med Skrifta drøftar ikkje Christensen i det heile teke om Bibelen bør vere gjenstand for nokon form for ”hermeneutica sacra” – dvs. ein heilag hermeneutikk som lét Skrifta kome til orde på (etter mi meining) eigne premiss, som det inspirerte Guds Ord. Kva Christensen tenkjer om inspirasjonen vitast ikkje (jamvel om han kallar seg konservativ.) Likevel meiner eg nok at han burde teke med også dette legitime perspektivet i drøftinga si, og då særleg med tanke på eit slikt syns konsekvensar for moglegheita til å finne fram til rett og klar tolking, og spørsmålet om einskapen i Skrifta (for å nemne noko.)

 

Så kjem vi til det siste kapittelet, der fylgjande spørsmål vert teke opp: Korleis skal vi argumentere for kristendomen si sanning i den postmoderne kultur? Her vert det då på sett og vis drøfta strategi: Skal ein bruke ”moderne” reiskaper, d. e. ved å appellere til fornufta, bruke logikk, argument og sannsynleggjering? Eller bør ein heller bruke postmoderne reiskapar, og satse meir på det narrative (forteljande), på vitnesbyrd, på opplevingar, kjensler, fellesskap osb.? Eller kanskje ein bør vende attende til det premoderne, og tre fram med autoritativ forkynning – utan ”godkjenning” av fornufta? Christensen satsar, diplomatisk nok, på ein kombinasjon av desse tre perspektiva. Som eit apropos kan det nemnast at det alltid er ein viss fare for å forrekne sitt publikum; veit vi at høyrarane er ”slik og slik” og vil reagere best på ”den og den” type forkynning? Tja. Går ein til NT, vil ein jo finne at apostlane til ein viss grad ”tilpassa” forkynninga si til tilhøyrarane, jfr. Paulus’ Areopagostale og 1 Kor 9, 19-23. Det spørsmålet som då lurar i bakgrunnen, vert då sjølvsagt: Kva i kristendomen kan endrast, kva kan ikkje endrast? Christensen går så vidt inn på denne problematikken, og ser løysinga i omgrepet ”changing continuity”. Med dét vil han søkje å respektere at kristendomen har ”ei kjerne” sjølv om han reknar med at all kristendom er kontekstuell og kulturelt betinga. Kva er så denne kjerna? Her har ikkje Christensen noko klart svar. Han talar fleire gonger om ”de oldkirkelige symboler”, samstundes seier han at kvar grensa går mellom det uskiftelege og de utskiftelege ”er imidlertid vanskeligt at udtale sig generelt om.” Dette er etter mi meining for tynt, spesielt med tanke på at apostolikum og nicenum jo konsekvent (med unnatak av omgrepet ”homoousion”) hentar omgrep og innhald frå Skrifta sjølv – noko som jo rimer godt overeins med at vedkjenningane som kjent er norma normata, dvs. avleidd/derivert norm – av Skrifta. Dette punktet kunne altså gjerne vore drøfta litt djupare, då det jo også spelar ei stor rolle i det som er hovudtemaet for kapittelet.

 

Alt i alt er ”Postmodernismens…” vorte ei stor og god bok. Ein treng sjølvsagt ikkje lese heile, mange vil sikkert kunne nøye seg med kapitla med vurdering av det postmoderne livssyn og diskusjonen om kva metode ein skal bruke i kristen forkynning. I alle høve bør det understrekast at god og brei kunnskap om det filosofiske grunnlaget for postmodernismen er nyttig og viktig. Med ein slik kunnskap kan ein langt meir effektivt kjenne samtida og, som Paulus seier, ”[rive] ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud.” (2 Kor 10, 4-5)

Stikkord: , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: