Om besettelse

INNLEIING

Interessa for demonar og det demoniske melder seg stadig i vår kultur. Hausten 2005 kom dette særleg fram ved boka ”Utdrivelse” av Thomas Teglgaard (Lunde) og kinofilmen ”The exorcism of Emily Rose”. Og no i vår har NTNU køyrd ei kinoreklame der ei jente vert framstilt som besatt, etter modell frå filmen ”Exorcisten”

 

I denne artikkelen skal vi sjå nærare på forholdet mellom besettelse og sjukdom.

Vi vil sjå nærare på ein del sider av fenomenet besettelse – og då særleg i forhold til psykisk og fysisk sjukdom. Korleis skjelnar det nye testamentet mellom dette? Så vil vi seie litt kort om synet på eksorsisme i oldkyrkja. Til slutt vil seie noko om korleis ein bør gå fram for å skjelne mellom demonisering og fysisk eller psykisk sjukdom.

 

NOKRE ORD OM SJUKDOM OG BESETTELSE I DEI SYNOPTISKE EVANGELIA

I NT vert det teikna opp ei røyndomsforståing der Gud og satan står på kvar si side. Gud har sin englehær (Luk. 2:13), satan har sin demonhær (Ef. 6:11ff.) Gud er utan tvil den sterkare av dei to partane, men satan kan likevel gjere stor skade, og påverke, freiste eller også ta heilt kontrollen over menneske. Sjukdom, synd og død er realitetar som kom inn i verda som fylgje av syndefallet. Men sjukdom og synd har også i sterk grad med demonisk påverknad å gjere. For å forklare korleis NT (særleg evangelia) skildrar forholdet mellom sjukdom og demonisering, vil eg setje opp to teser, og desse vil eg grunngje og forklare.

 

Tese 1: Sjukdom kan i NT ofte bli forklart som djevelens verk. Difor kan det vere vanskeleg å trekkje ei klar grense mellom ”sekulær” sjukdom og ”andeleg påverka” sjukdom og liding.

 

Folk som er sjuke eller har ei liding kan seiast å vere ”kua av djevelen” (Apg. 10:38). Paulus talar i 1. Kor. 12: 7-9 om (sannsynlegvis) ein sjukdom, og han seier då at han har ein ”torn i kjøtet, ein satans engel som skal slå han.” Sjå også t. d. Lukas 13:10-17, og Luk. 4:29, jfr. Matt. 9:14.

 

Prof. Hans Kvalbein understrekar i tilknyting til dette, eit viktig poeng: ” [Det er] ikke grunnlag for å hevde at all sykdom på Jesu tid ble sett på som forårsaket av demoner”[1]. Men vi ser at det i NT ikkje vert skjelna heilt skarpt mellom sjukdom som har bakgrunn i naturlege årsaker, og sjukdom som har bakgrunn i påverknad frå vonde åndsmakter.

 

Tese 2: I NT vert det skjelna mellom sjukdom og demoni (besettelse). Skjelninga utmyntar seg tydeleg i måten Jesus lækjer på.

 

I NT finn vi ei skjelning mellom sjukdom og demoniske tilstandar. Dette er, som sagt, hovudregelen, som vi t. d. ser i Matt. 8:16: ”Då kvelden kom, tok dei med til han mange som var forgjorde. Han dreiv åndene ut med eitt ord, og lækja alle som var sjuke.” I Matteus ser vi også at det vert skjelna mellom blindskap som har årsak i forgjering (12:22ff.) og blindskap som har årsak i andre grunnar (9:27ff.)

 

Denne skjelninga vert desto klarare dersom ein tek utgangspunkt i måten Jesus lækjer på: Prof. Skarsaune og prof. Engelsviken[2] gjer merksame på at om ein har dette som utgangspunkt, vil ein finne at det vert trukke ei nesten heilt klar linje mellom eksorsisme og vanleg lækjing.

 

1. Ved vanleg lækjing opptrer Jesus venleg, og han anten tiltalar den sjuke/lidande på ein oppmuntrande måte, eller også rører ved han eller ho. Av og til rosar også Jesus dei sjuke for trua deira. Klimakset er gjerne eit tilsagn om ”syndene dine er forlatne” eller at ”trua di har frelst deg!” Sjå t. d. Matt. 8:1-5 og 9:27-30.

 

2. Ved besettelse opptrer Jesus heilt annleis. Her går han fram med sterk mynd, og han talar strengt. Han tiltalar konsekvent (med eit mogleg unnatak, nemleg Matt. 17:14ff.) dei vonde åndene, ikkje den demoniserte personen. Sistnemnde vert omtala i tredje person. Klimakset er ei kraftig og trugande utsegn frå Jesu munn om at demonen eller demonane skal fly ut av personen. Og dette skjer, og personen endrar åtferd umiddelbart, han ”kjem til seg sjølv”. Det finst mange døme frå evangelia og apostelgjerningane, eitt klart døme finn vi i Mark. 5:1-17.

 

NOKRE PERSPEKTIV FRÅ OLDKYRKJA

Professor Skarsaune har skrive ein artikkel om synet på eksorsisme i oldkyrkja – dvs. den tidlegaste kyrkja, fram til ca år 350 – og i miljøet rundt.[3] Det biletet som han teiknar, rimer godt med det biletet av demoni og eksorsisme som vi finn i NT. Vi siterer:

 

Det er tydelig at eksorsismen gjorde dypt inntrykk på det antikke menneske, så vel kristen som ikke-kristen(…) I eksorsismen så man for sine øyne at Jesu navn hadde makt over det sterkeste man fra før kjente til. Man mente i Oldkirken ganske konkret å gjøre den erfaring at den demon ikke fantes som ikke vek for Jesu navn. Den kristne eksorsisten var i prinsippet 100% effektiv. At de kristne virkelig var anerkjent som eksorsister, fremgår av flere vitnesbyrd, både fra kirkelige og hedenske forfattere. Kristendomskritikeren Kelsos taler om den makt de kristne synes å besitte over demonene, og både Origenes og Tertullian sier at hedningene bruker å hente en kristen når de vil ha hjelp til en besatt.[4]

 

Skarsaune framhevar at eksorsismane var sterkt framme i misjonslitteraturen i oldkyrkja, og at mange vart kristne på grunn av det dei røynte då dei sjølv fekk oppleve eksorsisme på nært hald. Han framhevar elles at demoniske tilstandar i oldkyrkja særleg var knytt til heidensk gudsdyrking, ikkje sjukdom. I tråd med dette, er det eit poeng hjå kyrkjefedrane at avgudsdyrking kan føre til besettelse, jfr. 1. Kor. 10:19-20.

 

KORLEIS SKJELNE MELLOM DEMONISKE OG SJUKDOMSTILSTANDAR?

Den som vil ta Skrifta på alvor, kjem vanskeleg bort frå at menneske på ein spesiell måte kan bli offer for vonde åndsmakter på ein slik måte at dei bør kallast besatte. Men det skal nemnast at det er usemje i teologiske og psykiatriske fagmiljø på nett dette punktet. Øyvind Eide påpeiker at det innanfor misjonsvitskapen er eit problem at det enno ikkje er etablert klare kriterer for kva som fortener diagnosen ”besettelse”. Fylgjeleg har ein heller ikkje klare kriterier for korleis ein bør skjelne mellom psykiatriske lidingar og demoniske tilstandar.[5] Psykiatrien kjenner nemleg til fleire lidingar som har samanfallande trekk med besettelse, t. d. personlegdomsforstyrringar, schizofreni og tvangslidingar, for å nemne nokre.

 

I utgangspunktet skal ein difor vere svært tilbakehalden med å fastslå at ein har å gjere med ein besettelse. Vi kan også kort nemne at det ut frå NT ikkje er grunnlag for å seie at kristne menneske kan bli besatte (jamvel om kristne nok kan bli utsette for demoniske åtak, jfr. t. d. 2. Kor. 12:7, Apg. 5:3.)

 

Men spørsmålet har altså enno ikkje fått eit svar: Korleis kan ein vite om ein har å gjere med ein besatt person? Jerry Mungadze[6] kan bidra med nokre innleiande merknader: Når ein støyter på eit kasus der ein er uviss på om ein person er mentalt sjuk eller besatt, bør ein i utgangspunktet rekne personen for mentalt sjuk. Som ein generell regel, seier han, bør ein stille spørsmål, særleg rundt forløpet og ”historia” til lidinga. ”Har personen hatt slike lidingar før? Har familien liknande problem? Har personen vore til psykiatrisk behandling før, går personen på medisinar, har han vore innlagt på sjukehus osb. Dersom svaret er ja på noko av dette, kan ein som regel rekne med at personen treng psykologisk eller psykiatrisk behandling.

 

Det finst, som nemnt, ikkje klare, allment aksepterte ”kjenneteikn” på besettelse, og Engelsviken poengterer også at NT ikkje gjev uttømande skildringar av fenomenet. Difor kan vi også rekne med at forgjeringa kan få andre trekk og utslag enn det vi kjenner frå NT. ”Det romerske ritualet for eksorsisme” (frå Rituale Romanum) vart utgjeve i 1614 og er enno i bruk i den katolske kyrkja. Her vert det tala om spesielle kjenneteikn på at ein har å gjere med forgjorde menneske, og desse teikna er for det meste overnaturlege; personen talar eller forstår eit ukjent språk, kjenner dulde ting, har spesielt stor fysisk styrke osb. Engelsviken nemner også ein del slike kjenneteikn frå ”misjonsmarka”, og då særleg Etiopia. Han seier at desse for ein stor del liknar dei trekka vi finn i Skrifta.[7] Han nemner særleg kroppslege teikn (kramper, tap av syn osb.), overnaturlege fenomen (kunnskap om menneske, fortida; evne til å flytte eller øydeleggje ting utan å vere i kontakt med dei, evne til å halde kroppslemer i eld utan å skade seg osb.) og moralske teikn (grove synder, valdsam reaksjon på Jesu namn osb.)

 

Elles er det også nyttig å innhente generell informasjon om personen som ein mistenker at er forgjord. Vi har sett at Paulus talar om at tilbeding av avgudar fører til samfunn med vonde ånder. Slik syner det seg også at forgjering kan oppstå som fylgje av okkult praksis som t. d. spiritisme, eller pakter med djevelen/åndsmakter. Dersom ein kjenner til at personen har vore involvert i slike aktivitetar, er dette noko ein bør ta omsyn til.

 

Kjelder:

Eide, Øyvind M.: Sjelesorg i møte med ”onde ånder” i Etiopia – Et forsøk på å forstå, i Tidsskrift for Teologi og Kirke 3/2003.

 

Engelsviken, Tormod: Besettelse og åndsutdrivelse – I Bibelen, historien og vår egen tid. Oslo: Lunde, 1978

 

Lønning, Inge (red.): ”Om verden full av djevler var…” Oslo: Land og kirke, 1979

 

Moreau, Scott (red.): Deliver us from evil – an uneasy frontier in christian mission. Lausanne Committee for world evangelization, 2002

 

Kringlen, Einar: Psykiatri. Oslo: Gyldendal, 2004

 

Kvalbein, Hans: Jesu forkynnelse om Guds rike: Etter de synoptiske evangelier. Oslo: Litteraturtjenesten ved det teologiske Menighetsfakultetet, 2004

 

Richards, John: But deliver us from evil – An introduction to the demonic dimension in pastoral care. London: Darton, Longman and Todd, 1984

 

Roness, Atle: Demonbesettelse – psykiatriske og teologiske synspunkter. Oslo: Luther, 1981

 

Skarsaune, Oskar: Besettelse og demonutdrivelse i den oldkirkelige og nytestamentlige litteratur, Tidsskrift for misjon 3/1997, s. 157-171

 


[1] Kvalbein (2004): s. 83

[2] Moreau (2002): s. 82-83

[3] Skarsaune (1997)

[4] Skarsaune (1997): s. 164.

[5] Eide (2003): s. 214.

[6] Forfattar av artikkelen ”Spiritual conflict in light of psychology and medicine”, s. 203-212 i Moreau (2002).

[7] Engelsviken (1978): s. 87

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: