Moderne prester

Moderne prester

Paul Leer-Salvesen

Verbum, 194 s., 268,- kr.

 

Paul Leer-Salvesen (PLS) er professor i systematisk teologi ved Høgskulen i Agder. På HiA har dei gjennomført eit forskingsprosjektet ved namn Gud på Sørlandet – mer venn og mindre allmektig?, og Moderne prester er ein del av dette prosjektet. PLS har gått fram ved å trekkje ut ein del tilfeldige kyrkjelydar frå Oslo og Agder/Telemark bispedøme. Deretter har han intervjua 19 ulike prestar frå desse bispedøma, 9 frå Oslo og 10 frå Agder/Telemark. Prestane er anonyme, men dei har fått fiktive namn, og bakerst i boka kan vi lese alderen deira (i tiår), samt kjønn og arbeidsstad (bygd/by). Dette er nyttige opplysningar for lesaren. Føremålet med undersøkinga er å finne ut om prestar sine haldningar og meiningar i samband med etikk og dogmatikk har endra seg. PLS har intervjua prestane, og presentert åtte ulike case for dei, og dei viktigste tema er sambuarskap, homofilt samliv, fortapinga og synet på Jesu fødsel og oppstode. I boka får vi lese ein del av dei svara som prestane gav, i tillegg til ein god del kommentarar frå PLS si hand innimellom svara.

           

Det er verdt å spandere nokre ord på PLS’ framgangsmåte og presentasjon av resultat. Stort sett verkar metodane hans gode og gjennomtenkte. Dei fleste av kommentarane hans er gode, informative og balanserte, jamvel om dei nok her og der nærmar seg det tendensiøse (som t. d. i samband med spørsmålet om homofile sambuande: ”Men Geir er ingen fordømmende prest. Han vil for eksempel ikke nekte de to lesbiske kvinnene nattverd.”). Eg har sett ein del spørsmålsteikn i margen ved måten PLS stadig trekkjer fram Luther og ”luthersk tradisjon” som ”forsvararar” for den teologiske utviklinga i den norske kyrkja. T. d. er det sant, som PLS seier, at Luther såg på ekteskapet som ei verdsleg ordning. Men Luther var likevel på mange måtar milevidt frå den type teologisk og etisk resonnering som mange av desse prestane gjennomfører: Dei ”moderne prestane” – syner det seg – ber nemleg vitnesbyrd om ei ganske fundamental endring i synet på samlivsspørsmål. Kort oppsummert representerer prestane ein etikk som langt på veg er allmenn og ”skapingsbasert”. Men når det kjem til Skrifta verkar det som om dei fleste av dei kjenner seg ganske ”frie” – under dekkje av ei (ofte lettvinn) ”kontekstuell og historisk-kritisk tolking”, evt. ved å la ”livrøynsler” få eit praktisk primat over Skrifta. PLS konkluderer også med at prestane på mange måtar representerer eit meir ”humant” gudsbilete enn før, spes. i samband med livets to utgangar.

 

PLS skal ha ros for å ta opp spørsmålet om teieplikta. Hans refleksjonar rundt dei svara som prestane gjev her, verkar gjennomtenkte, og er vel verde å lytte til. Sjølve avslutninga på boka tykkjer eg at PLS hadde gjort best i å utelate: Her oppsummerer han kva han har funne ut i intervjua, og konkluderer med at kyrkja bør ta eit oppgjer med dei delar av tradisjonen som ”ikke lenger er meningsfulle og bærekraftige” (!). Dette gjeld då kyrkja sitt syn på fortapinga, sambuarskap og homofilt samliv. Kva Bibelen seier, er irrelevant, synest det som. I staden er det prestane – og folk flest – sine synspunkt som bør vere vegleiande. Dersom dette ikkje PLS’ syn på saka, burde han sagt det, for det er slik det framstår.

 

”Moderne prester” er ei interessant, og på mange måtar lærerik, bok om korleis ein god del av prestane i DNK tenkjer om viktige etiske og teologiske spørsmål. Samstundes er boka eit vitnesbyrd om den (etter mi meining) djupe læremessige krisa kyrkja er inne i for tida.

 

Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: