Men han gav afkald. Bidrag til kristologien.

Men han gav afkald. Bidrag til kristologien.

Asger Chr. Højlund

405 sider.

2007

Kolon Forlag

300 kr.

 

”Men han gav afkald. Bidrag til kristologien”, er forfatta av Asger Chr. Højlund, professor i dogmatikk ved MF i Århus. Boka fortener å bli omtala som ein liten murstein, både med tanke på sidetal (405 sider) og tankeinnhald. Højlund går nemleg svært djupt inn i materien som omhandlar Kristi person. Kven er eigentleg Jesus Kristus? Kva meiner vi når vi omtalar Jesus Kristus som Guds Son? Dette er nokre av spørsmåla forfattaren freistar å svare på ved fyrst å gå til oldkyrkja, dinest til moderne kristologiske utformingar, og til slutt ved å gå til NT sitt vitnesbyrd om Jesus Kristus.

Højlund famnar altså breitt i si kristologiske framstilling. Før eg går vidare til omtalen av sjølve hans framstilling, ynskjer eg rette merksemda mot ei viktig ”formell” side ved boka. Højlund vil meir enn å berre framstille kva kristne gjennom tidene har trudd og meint om Kristus. Han ynskjer også å drøfte i kva grad det er sant (overeinsstemmande med røyndomen) å omtale Jesus Kristus som Guds Son. Slik sett vert hans prosjekt på sett og vis ”risikabelt” (”Er det verkeleg sant?”), på den andre sida vert det desto meir interessant, relevant og ikkje minst: kraftfullt. Meir om dette nedanfor.

La oss då seie nokre ord om innhaldet i framstillinga. Fyrste kapittelet av delen om oldkyrkja bér tittelen ”Av samme vesen som Faderen”. Her får vi ei kort og grei framstilling av kristologi i dei fyrste 2-3 århundra, representert ved Hermas, Ignatius og Tertullian. Højlund er inne på den sk. visdomskristologien, som spela ei stor og viktig rolle i forståinga av kven Jesus var. Arius vert elles naturleg nok vigd mykje plass. Han konkluderte – mest på grunn av sin lojalitet til platonsk filosofi – med at Kristus var ein skapning, som såleis ikkje kunne openberre Gud fullt og heilt. Og det er her Nikenum (325/381) opponerer sterkt med sitt ”homoousion” (”av same vesen”).  Eit lite, men interessant, poeng som også vert aktuelt på reformasjonstida: Når Athanasius understrekar at Jesus er av same vesen som Faderen, ligg det ikkje berre eit soteriologisk (frelsesmessig) poeng i dette, men også eit sakramentalt: Nattverdssakramentet kan ikkje tildele frelse dersom det ikkje er guddomeleg realitet i det. Og denne realiteten er avhengig av den guddomelege realiteten i inkarnasjonen.

Det neste avsnittet hjå Højlund tek for seg tonaturlæra og Kalkedon-vedkjenninga. Her presenterer Højlund interessante nyansar mellom alexandrinsk og antiokensk kristologi. Båe ”skular” vil understreke at Jesus har to naturar. Men fyrstnemnde (hjå Højlund representert ved Athanasius, Apollinaris og Cyril av Alexandria) meiner at desse er så sterkt sameinte at ein ikkje kan skjelne mellom guddomeleg og menneskeleg. Men sistnemnde (hjå Højlund fyrst og fremst repr. ved Nestor) meiner at ein må skjelne klart mellom det som høyrer til den menneskelege og den guddomelege naturen.  Alle vil vere samde om at Gud er komen til oss i Jesus Kristus; utfordringa vert (til alexandrinarane) å ikkje neglisjere hans menneskelege natur samstundes som (til antiokenarane) ein fastheld den reelle einskapen mellom Gud og menneske. Højlund går vidare og drøftar Kalkedonense, og freistar å forklare i kva grad det er eit antiokensk eller eit alexandrinsk grunnsyn som her får gjennomslag. Svaret er vel ikkje heilt opplagt, konklusjonen i vedkjenninga er i alle høve at Kristus kjennast i to naturar i éin person.

Før eg går vidare til neste del av ”Men han gav afkald”, vil eg oppsummere med å seie at Højlund sjølv har gjeve ei innhaldsrik, sakleg og ikkje minst balansert framstilling av oldkyrkjeleg kristologi. Det skal elles nemnast at Højlund i avsnitta om oldkyrkja stort sett brukar sekundærlitteratur (Grillmeier, Elert, Skarsaune, Kelly).

Den neste delen av boka byr på mykje interessant lesing, og sikkert også mange nye tankar for den gjennomsnittlege lesaren. Dette er også vesentleg lettare lesing enn ein del av drøftingane i den førre delen av boka. Højlund drøftar to kristologiske utkast inngåande, det éine tilhøyrer den radikale, engelske biskop J. A. T. Robinson, det andre den sprenglærde lutheraneren Wolfhart Pannenberg. Felles for båe er at dei meiner at kristologien er nøydd til å bli nytolka ut frå moderne røyndomsforståing.

Højlund byrjar difor med eit kapittel på ca. 20 sider med generell drøfting av kva den moderne røyndomsforståinga er, samt om det er tvingande å la denne forme vår kristendomsforståing. Det er sjølvsagt svært interessant og relevant lesing. (Mykje av det er typisk Ex. Phil.-stoff, og til ein viss grad hentar Højlund også ein del av sine resonnement frå den lærde, evangelikale kyrkjehistorikar Alister McGrath.)  Højlund poengterer at ein innanfor teologien i dag har teke eit oppgjer med Barths vekt på den transcendente Openberringa, til fordel for ein meir liberalteologisk art samanveving av gudstanken og den moderne kultur. Ein forkastar gjerne Guds suverene evne til å gripe inn, men vektlegg Gud som den som gjev heilskap, meining og samanheng i tilveret. Her finn då også Kristus si rolle.

Fyrst ut er altså den radikale Robinson. Han meiner at det er mest rett å forstå Kristus som ”ein av oss” i den altomfattande evolusjonistiske straumen. Kristus er eit menneske som deler alle våre livsvilkår, jamvel vår falne natur.  Det som skil Jesus frå oss, er fyrst og fremst hans ”verkeleggjering av det sanne menneskelivet.” Såleis er ikkje Jesus fødd av ei møy, han er heller ikkje objektivt stått opp frå dei døde. I omtalen av Jesus som Guds Son blir det viktig for Robinson å understreke at denne tittelen ikkje er vesensmessig å forstå, men funksjonelt – Jesus er Guds Son av di han i sitt liv, gjennom sine gjerningar, reflekterer kven Gud er.  Robinsons kristologi er – oppsummerande – ein type adoptianisme, der det etiske ved Jesus får klart størst vekt.

Går vi til Pannenberg, vil vi finne ein del av den same ”forpliktinga” på den moderne røyndomsforståinga. Men Pannenberg er likevel langt meir positiv til å ta i bruk bibelsk og teologihistorisk materiale enn Robinson. Men hans bruk av historisk-kritisk metode fører til ei avvising av at Jesus såg på seg sjølv i messianske eller guddomelege kategoriar. Heller ikkje hadde Jesus noko medvit om at han skulle døy. Og han vart ikkje fødd av ei møy. Det eineståande ved Jesus i hans liv, er at han er ein representant som så nært identifiserer seg med Guds rike.  Men etter hans død, kjem dét som i fylgje Pannenberg skaper ei heilt endra oppfatning av kven Jesus er, og jamvel også ei dreiing i kven han er; nemleg oppstoda. Oppstoda er Guds apokalyptiske inngrep som avslører kven Jesus er: Jesus er av same vesen som Gud sjølv. Men dette hadde han ikkje del i før oppstoda. Han får del i dette Guds vesen i og med oppstoda, og denne hendinga får tilbakeverkande kraft, meiner Pannenberg. Premisset for denne tenkinga ligg i ei oppfatning av historia som tilseier at det er i historia sanninga blir til, ikkje over eller utanfor. Og såleis kan også Pannenberg tenke seg Gud som foranderleg, og at noko kan ”bli til” i Guds natur.

I denne delen av boka får ein ei sakleg og god innføring i kristologi på moderniteten sine premiss. I den neste delen av boka presenterer og drøftar Højlund det biletet (og til dels: dei bileta) av Jesus som vert teikna opp i NT. Denne delen er stor (nær 200 sider), og her kjem han også stadig attende til Robinsons og Pannenbergs kristologiske framstillingar, og drøftar i kva grad desse samsvarer med, eller avviker frå, NT. Det skal nemnast at Højlund brukar mykje ulik litteratur om NT til gurnn for si framstilling, men særleg nytestamentleren N. T. Wright spelar ei viktig rolle.

Højlund byrjar med ein introduksjon, der han drøftar moglegheita for å finne fram til ”den historiske Jesus”. Viktig her, er det sk. ”3. quest”, ei vending innanfor evangelieforskinga dei siste 20-30 åra. I denne perioden har ein – mykje på grunn av arkeologiske funn, samt auka interesse for Josefus – vorte meir oppteken av å forstå Jesus ut frå den samtidige, jødiske konteksten (i motsetning til t. d. Bultmann-skulen, som var meir oppteken av å forstå NT ut frå hellenistisk påverking), fylgjeleg har ein også vorte langt meir positiv til å finne fram til ”den historiske Jesus”.

Højlund er oppteken av at ein bør vere open for å la ein del av det kristne trusgrunnlaget, nemleg den historiske delen, bli utsett for allmenn prøving. Her bør ein likevel ikkje vere for rask; som nokre hundre års Jesusforsking har synt oss, er det ei nærliggjande og til dels uunngåeleg fallgruve å la standpunkt og oppfatningar ang. Jesus og evangelia bli avgjort av reint subjektive preferansar. Højlund er klar over dette, men ynskjer vist nok ikkje å forkaste historisk evangelieforsking likevel. Til ein viss grad kan ein nemleg etterprøve (d. e sannsynleggjere) det historiske i den kristne trua, men når ein har med Gud og Guds gjerning å gjere, vil det likevel alltid finnast historiske hendingar som vanskeleg/umogleg kan verifiserast med vanlege historisk-vitskaplege verkemiddel. Den kristne trua vedkjenner Jesus som Gud av Gud, og såleis som ein som også må openberrast for menneske (Jfr. t. d. Matt 11,27 og 16,17). Dette kan synast som eit paradoks, men både ein historisk og ein ”teologisk” (trusmessig) innfallsvinkel er naudsynt.

Såleis går altså Højlund i gang og presenterer det jødiske samfunnet på Jesu tid. Her er mange viktige og relevante opplysningar om samfunnsspenningar, romersk okkupasjon, ulike grupperingar, viktige historiske hendingar etc. I neste del er det Jesu historiske framtreden som vert drøfta, hans likskap med Johannes døyparen, hans forkynning av Guds rike, hans utveljing av læresveinar, hans under, hans ”etikk”, hans død osb. Her er så mykje som kunne vorte trekt fram frå Højlund si framstilling. La det berre vere sagt at Højlund er grundig, sakleg, informert og nyansert i det han skriv. Ofte presenterer han ulike forskingsstandpunkt, før han sjølv argumenterer for truverdet åt det som evangelia fortel.

Højlund gjev seg i det neste kapittelet i kast med oppstoda. Også her dominerer den historiske innfallsvinkelen, og Højlund syner at det er svært vanskeleg å kome bort frå at dei fyrste kristne verkeleg hadde ei fast tru på at Jesus var stått opp lekamleg frå dei døde. Så tek Højlund opp synet på livet etter døden i jødisk og gresk kontekst, oppstodetrua i NT, den tome grava, møtene med Jesus etter oppstoda osb. Etter alt dette konkluderer han som Paulus: Det er avgjerande for kristendomen si sanning og relevans at Jesus verkeleg stod opp. Højlund meiner at ein må ”sluke ei rekke historiske kamelar” dersom ein avviser det som uhistorisk at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde.

Dei siste ca. hundre sidene er vigde til ein presentasjon av trua på Jesus hjå apostlane og den fyrste kristne kyrkja. Nytestamentlaren J. D. G. Dunn sitt syn på Kristus hjå Paulus vert – med god grunn – inngåande drøfta. Dunn meiner ein best forstår talen om Kristus som preeksistent, som metaforisk. Kristus er ikkje Gud, det vil i fylgje Dunn medføre eit brot med monoteismen. Når Kristus vert tilbeden som Herre og Son, er dette av di mennesket Jesus på ein eineståande måte lét Guds vilje skje, og ved å gje sitt liv og stå opp att blir opphøgd av Gud. Jesus vert såleis på sett og vis stilt i ”same klasse” som dei GT-lege profetane.

Dunns syn på Jesus Kristus er sjølvsagt eit godt stykke unna den oppfatninga av Jesus som skulle utmeisle seg i oldkyrkjeleg teologi og vedkjenning. Højlund argumenterer sakleg og godt mot denne Dunns oppfatning, fyrst og fremst ved å understreke at Jesus vert tilbeden, noko som i jødisk tru strengt er forbeholdt Gud. Og vidare er det tydeleg i NT at det ikkje held å plassere Jesus i same kategori som profetar, englar eller andre ”mellomvesen”. Jesus er meir enn desse, jfr. Hebr 1,13; Ef 1,20f. Fil 2,5-11 vert vidare ein viktig grunnstein i argumentasjonen for Kristi preeksistens.

Drøftinga av jomfrufødselen er grundig, heile 14 sider. Dette er eit viktig kapittel, og relevante sider ved dette punktet i vedkjenninga vår, vert drøfta. Højlund understrekar at jomfrufødselen er med på å verne om realiteten i inkarnasjonen, og dermed også realiteten i vår frelse. I den samanheng peikar han på korleis kristologiske utgåver som avviser jomfrufødselen, gjerne framstiller Jesu einskap med menneska som det grunnleggjande. Men då ligg det også snublande nært å framstille Jesus som det store forbildet, ikkje som den som kjem frå Gud for å utføre eit frelsesverk som menneska aldri kunne utført.

Det tok meg lang tid å studere meg gjennom ”Men han gav afkald”. Men eg angrar slett ikkje på å ha brukt desse timane på å lese boka, setje meg inn i nye problemstillingar, argumentere for og imot etc. Heller sit eg att med kjensla av å ha fått eit djupare og meir historisk bilete av kven Jesus Kristus var – og også er, i mitt eige liv. Som ein kan forstå, har eg eigentleg fint lite å utsetje på denne boka, men derimot mykje å rose. Sjølvsagt kunne Højlund valt andre perspektiv, t. d. er ”Messias i GT” ikkje behandla som eit eige emne, heller ikkje kristologien i brevlitteraturen utanom Paulus. Og sjølv kunne eg nok også ynskt at han hadde sagt noko meir om kva det innebér for Paulus’ kristologi at han har sin bodskap openberra frå Jesus sjølv (Gal 1,12, Ef 3,3). Men dette er berre småplukk vege opp mot boka i sin heilskap. ”Men han gav afkald” er fyrst og fremst ei grundig teologisk framstilling. Men utover dette har ho også oppbyggjeleg, og ikkje minst apologetisk, nytte. Ho vert med dette varmt anbefalt.

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: