Memento mori

”Memento mori!”[1]          Nokre tankar om – og rundt – Luthers skrift ”Om det å forberede seg på å dø.”[2]

 

Innleiing

Det er døden som er hovudtema for dette nummeret av Ung Teologi, og dette – kan vi vel seie – er eit tema som alltid kjem til å ha ein viss aktualitet. For å seie det med rockepoeten Bruce Springsteen: ”Everything dies, baby, that’s a fact.”[3] Springsteen reflekterer eit fenomen som vi alle må forholde oss til. Såleis kan vi også i årsskiftet 06/07 registrere at det pågår ein debatt i avisa Vårt Land, mellom kristne og human-etikarar, om nettopp dette temaet: Døden, samt kva som skjer etter døden.

 

Som kristne veit vi at Skrifta har mykje å fortelje om døden og det som skjer etterpå. Herrens apostel Paulus fortel at Kristi død og oppstode har mogleggjort oppstode frå dei døde og eit evig liv med Gud for oss menneske (1 Kor 15). Men Jesus åtvarer oss mot faren for å gå fortapt (Matt 10,28), og han gjer det klart at det ved tidenes ende vil bli ein dom med to utgangar (Matt 25,31-46). Dette har vorte kalla ”Den hardeste lære i Guds ord”[4], og det er på bakgrunn av denne spenninga mellom dom og frelse ein må sjå Luthers preike ”Om det å forberede seg på å dø.”

 

Luthers trøysteskrift til ein som frykta døden

Det var i 1519, etter spørsmål frå ein Markus Schart, rådgjevar hjå Fredrik den vise, at Luther skreiv skriftet ”Om det å forberede seg på å dø”. Luther var på denne tida sterkt oppteken med debattar og arbeid på fleire frontar. Men mot slutten av året fekk han sett av tid til å skrive det oppbyggjelege skriftet. For oppbyggjeleg var det, og såleis står det som eit vitnesbyrd om Luthers evne til å handtere skriving av både vitskaplege, tunge og polemiske skrifter, og også milde, empatiske og sjelesørgjeriske trøysteskrifter. I vårt aktuelle skrift vil Luther hjelpe lesaren til å tenke gjennom døden og korleis ein best kan førebu seg for han. Sjølv om Luther så å seie ”heng att” i nokre teologiske syn som han seinare tok sterk avstand frå, spes. synet på ”den siste olje” som sakrament samt den positive vurderinga av avlidne helgenar si mangfaldige rolle som ”frelseshjelparar”, er skriftet definitivt prega av ei evangelisk frigjering. Lat oss då sjå nærare på innhaldet i skriftet.

 

Dei tre store bileta: Synda, døden og helvetet

Luther opnar med å seie at døden er å likne med ein fødsel:

 

Derfor må man her tro, og lære ut fra et barns legemlige fødsel, slik Kristus sier (Joh 16,21). Når en kvinne føder, er hun redd. Men når det hele er over, tenker hun aldri mer på angsten, siden et menneske nå er født fra henne og inn i verden. Slik må man også i døden verge seg mot angsten og vite at der etterpå vil være større plass og glede.[5]

 

Kva er så grunnen til denne ”angsten”? Luther fortel at det særleg finst tre ”farar” vi må verje oss mot: Døden, synda og helvetet. I dødsstunda skal ein ikkje tenke på døden, synda og helvete. Men medan ein enno lever, skal ein øve seg i å tenke på dei, slik at ein er førebudd i møte med døden. Han seier såleis: ”Gjennom livet skal man øve seg i tanken på døden, og tvinge den fram så lenge den er fjern og ikke selv presser på. Men når man skal dø, og denne tanken av seg selv allerede er der i altfor sterk grad, da er den farlig og til ingen nytte.”

 

I dødsstunda kjem djevelen og forsterkar bileta. Han vil skape skremmande bilete av døden, han vil peike på våre synder som grunn til fordøming, og han vil få oss til å søkje teikn på at vi er utvalde til frelse og ikkje til fortaping. Hans store mål er at vi skal trosse Gud, spotte han og hate han. ”Den som nå vil kjempe med djevelen og drive ut disse bildene, vil ikke klare seg med å rive og slå og med slåsskamp; bildene vil her bli for sterke, og det hele vil bare bli verre og verre.”

 

Å sjå døden gjennom livet, synda gjennom nåden, helvetet gjennom himmelen

Kva skal ein så gjere i møte med desse skremmande bileta? Jo, seier Luther: ”Du må betrakte døden gjennom livet, synden gjennom nåden og helvetet gjennom himmelen.” Ei viktig setning der, som gjerne kan bli lese to gonger. Så held Luther fram:

 

Du må altså ikke betrakte synden slik den fremtrer i synderne eller i din egen samvittighet eller i dem som er blitt værende i synden og blitt fordømt der; for da vil du utvilsomt gå hen og bli fordømt. Tvert imot skal du vende dine tanker bort fra dette og ikke se på synden på noen annen måte enn i nådens bilde (…) nåde og barmhjertighet er at Kristus på korset tar dine synder fra deg, bærer dem for deg og dreper dem. Å holde seg dette for øyet og tro fullt og fast på det og ikke tvile: det er å holde nådens bilde fram for seg og prege det inn i seg.

 

Men kva med predestinasjonen; korleis skal ein vite at ein er éin av dei som Gud har utvalt til frelse? Luther svarar:

 

Se derfor på Kristi himmelske bilde, han som for din skyld for ned til helvetet og ble forlatt av Gud, liksom en som var fordømt for evig, da han på korset sa ’Eli, eli, lama asabthani’, ’Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg.’ I dette bilde er ditt helvete overvunnet, og din usikre forutbestemmelse blitt sikker, når du nemlig ene og alene bekymrer deg om ham, og tror at disse tingene er skjedd for deg. La det bare ikke bli tatt fra deg, og let etter deg selv bare i Kristus, og ikke i deg selv, så vil du for evig finne deg i ham.

 

Sakramenta gjev stor trøyst

Luther held så fram med å fortelje om den store trøysta som er å finne i sakramenta.[6] ”For i sakramentene handler, taler og virker din Gud, Kristus selv, med deg gjennom presten.” Difor, seier Luther, kan ein ved mottakinga av sakramentet seie:

 

’Gud har sagt meg, og i sakramentene gitt meg et sikkert nådetegn på at Kristi liv har overvunnet min død i sin død; at hans lydighet har utslukket min synd i sin lidelse; og at hans kjærlighet har knust mitt helvete i sin Gudsforlatthet. Dette tegnet på og tilsagnet om min salighet vil ikke bedra meg eller lyve for meg. Gud har sagt det, og Gud kan ikke lyve, verken i ord eller gjerning.’

 

Slik ser vi at Luther legg vekt på at ein i sakramentet vert styrkt i trua. Den som mottek sakramentet får eit sikkert teikn på at Kristi nåde også gjeld for ein sjølv. Og her må ein ikkje blande inn spørsmålet om ein sjølv er verdig. For Gud byggjer ikkje sakramentet på at vi er verdige, men berre på sin nåde. ”En rett bruk [av sakramentet] består ikke i annet enn å tro at det er slik som sakramentene gjennom Guds ord tilsier og garanterer.”

 

Avslutning, med ei lita oppfordring

Det er nok ikkje feil å seie at Luthers samtid hadde langt større fokus på – og medvit om – døden enn vi har i vår tid. Men om døden for oss ofte er ute av syne og ute av sinn, så er han her likevel, og Luthers skrift skulle såleis vere relevant også for oss. Difor vil forfattaren av denne vesle strøtanken gjerne oppfordre lesaren til å leite fram sin Luther, og sjølv lese preika ”Om det å forberede seg på å dø” i sin heilskap. Sagt med ein understatement: Det ville vel ikkje vere den verste måten å bruke ein liten time av si tilmålte tid på.

 

Kjelder

Lehmann, Helmut T. (red.), 1969 Luther’s works band 42 Philadelphia: Fortress Press

Lønning, Inge og Tarald Rasmussen (red.), 1979 Verker i utvalg Oslo: Gyldendal

Normann, Sigurd, 1931 Hovedverker i den kristne litteratur Oslo: Lutherstiftelsen


[1] Latin, kan omsetjast ”Hugs at du er døyeleg”, evt. ”Hugs at du kjem til å døy”. Det vert sagt at sitatet var i bruk i det gamle Roma, då ein romersk general paraderte gjennom byen etter siger i strid. Ein slave skulle då stå bak han og seie ”memento mori” som ei påminning om at generalen også var døyeleg. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Memento_mori for meir om dette (oppe pr. 15. jan. 2007.)

[2] Vi nyttar omsetjinga frå ”Verker i utvalg”, ved Inge Lønning og Tarald Rasmussen. Skriftet kan elles finnast i Luther’s Works band 42, side 95-115, samt Hovedverker i den kristne litteratur band 3, side 111-134. Sjå kjeldelista for meir informasjon.

[3] ”Atlantic City”, frå albumet ”Nebraska” (1982).

[4] Tittelen på eit lite skrift om fortapinga, av Erling Utnem.

[5] Dette, og alle fylgjande sitat, er henta frå Luther (1979): 296-310.

[6] Luther nemner her skriftemålet med absolusjon, nattverden og den siste olje. Sistnemnde spelar ei underordna rolle i skriftet.

Stikkord: , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: