Markion og GT – med omsyn til forkynning

Markion og GT

– nokre perspektiv med omsyn til ei kristen forståing og forkynning av GT.

 

Av Hallvard N. Jørgensen

 

For den tidlegaste kristne kyrkja var Markion (ca. 100 – ca. 160 e. Kr.) ein stor vranglærar. Når det i teologisk, fagleg samanheng er tale om forholdet mellom Det nye og Det gamle testamentet, vert han i regelen før eller seinare nemnt. Og med god grunn: Knapt nokon i oldkyrkja gjekk så langt som Markion i å avskrive Det gamle testamente som relevant for kristne.

 

Innleiing

Innleiingsvis kan ein stille spørsmålet: Kvifor treng vi eigentleg å vite noko om vranglæraren Markion? Isolert sett kan han jo ikkje vise oss vegen til eit rett kristeleg syn på GT. Likevel: Å kjenne til Markions synspunkt, samt å plassere dei i ein historisk, teologisk og kulturell samanheng, kan gje hjelp til å forstå dei særlege utfordringane som dei fyrste kristne stod overfor med tanke på forholdet til GT. Ikkje overraskande vil vi også i dag møte mange av dei same utfordringane, og desse er det behov for å tenke gjennom. Vidare vil det også sjølvsagt vere nyttig å sjå korleis dei fyrste kristne svarte på utfordringa frå Markion – desse svara vil ofte vere umiddelbart relevante også for oss som er kristne i dag.

I det fylgjande skal eg då seie nokre ord om kven Markion var og kva han stod for. Så vil eg gå vidare til ein presentasjon av hans syn på GT. Mot slutten av artikkelen vil eg presentere nokre refleksjonar med tanke på forkynninga. Her vil tema særleg vere frelseshistorie og gudsbilete.

 

Litt om Markion, hans liv og lære

Markion[1] var ein skipsreiar[2] frå Pontus[3], ved Svartehavet. Han kom til Roma rundt år 140, og der freista han å overtyde kyrkjelyden om sine uortodokse standpunkt. Forskarar er usamde om kva Markion dreiv med før han kom til Roma.[4] I 144[5] vart Markion uansett ekskommunisert av kyrkjelyden der, og då danna han si eiga kyrkje, som raskt vaks seg relativt stor.[6] Denne sektkyrkja skulle overleve heilt til 4-500-talet.[7] Markions oppfatningar skal eg her kort oppsummere ved hjelp av Ireneus:

 

Marcion of Pontus succeded [Cerdo[8]], and developed his doctrine. In so doing, he advanced the most daring blasphemy against Him who is proclaimed as God by the law and the prophets, declaring Him to be the author of evils, to take delight in war, to be infirm of purpose, and even to be contrary to Himself.[9] But Jesus being derived from that father who is above the God that made the world, and coming into Judæa in the times of Pontius Pilate the governor, who was the procurator of Tiberius Cæsar, was manifested in the form of a man to those who were in Judæa, abolishing the prophets and the law, and all the works of that God who made the world, whom also he calls Cosmocrator.[10]

 

Markion var altså overtydd om at Jesus hadde forkynt ein annan gud enn Skaparen som vert forkynt i GT.[11] Markions gud var utelukkande god, men Skaparen var vond, ikkje til å stole på, dum, men også til ein viss grad rettferdig.[12] Men denne innsikta om dei to gudane hadde raskt gått tapt, og jamvel apostlane åt Jesus var falle attende til det Markion oppfatta som jødiske villfaringar.[13] Kyrkja var difor ført vilt; evangelia var forfalskingar, med unnatak av Lukasevangeliet (Luk).[14]

Markion meinte at Paulus var løysinga på den krisa som hadde oppstått i kyrkja. Paulus hadde i Galatarbrevet tydeleg tala om eitt evangelium, og om at andre forkynte eit falskt, jødisk evangelium. Dette Paulus’ evangelium var altså det som no var kjent som Luk.[15] Men også dette skriftlege evangeliet hadde vorte endra på mange måtar, av ”judaistar”.[16] Med ”godkjenninga” av Paulus som apostel, vart sjølvsagt også hans brev ein naturleg del av Markions kanon.[17] Men også desse var, etter Markions oppfatning, endra her og der av judaistar.

Markion såg på det som si oppgåve å reinse Lukasevangeliet, som han rett og slett kalla ”Evaggelion”, og Paulus’ brev, som han kalla ”Apostolikon”.[18] Det var særleg viktig å finne attende til det eine, sanne, paulinske evangeliet, nemleg bodskapen om at den Sanne Gud ikkje er GT-guden, Skaparen. Denne reinsinga skjedde då altså fyrst og fremst ved å ta bort passasjar og vers og ord i skriftene som rima dårleg med dette evangeliet.[19] Markion kunne også leggje til tekst som han meinte var opphavleg. Men dette skjer langt sjeldnare enn borttakinga av tekst.[20] Sjølve Markions bibeltekst er gått tapt, men gjennom vitnesbyrda åt Tertullian[21], Epiphanius[22] og Adamantius[23] er det mogleg å rekonstruere hans NT likevel.[24]

Utanom det ”reinsa” NT står Markion sannsynlegvis berre bak eitt skrift til, nemleg ”Antitesar.” Skriftet vart mykje brukt av hans læresveinar og inneheldt hovudargumentasjonen åt Markion med tanke på skiljet av lov og evangelium, GT og NT, Skaparen og den Gode guden. Skriftet har diverre gått tapt, men hovudtrekka kan rekonstruerast på grunnlag av kyrkjefedrane sin polemikk.[25]

 

Tertullian oppsummerer innhaldet i “Antitesane” framifrå på fylgjande måte (Adv Marc IV,19):

Now, to prove clearly what remains of the argument, I shall draw materials from my very adversaries. Marcion’s special and principal work is the separation of law and the gospel; and his disciples will not deny that in this point they have their very best pretext for initiating and confirming themselves in his heresy. These are Marcion’s Antitheses, or contradictory propositions, which aim at committing the gospel to a variance with the law, in order that from diversity of the two documents which contain them, they may contend for a diversity of gods also.

 

Markions forståing av GT – med utgangspunkt i Markions NT

Markions grunnleggjande syn på GT

Etter no å ha gjeve eit riss av Markions liv og læreoppfatningar, samt også sagt nokre ord om hans NT, skal eg no i det fylgjande gå grundigare inn på Markions oppfatningar om GT. Hovudpunktet hjå Markion var at Skriftene i GT tilhøyrte Skaparguden, og såleis var desse Skriftene dumme, veike, vonde etc. Jfr. det Tertullian seier i Adv Marc V,6:

 

The very Old Testament of the Creator itself, it is possible, no doubt, to charge with foolishness, and weakness, and dishonour, and meanness, and contempt…The whole of the Old Testament, the heretic, to the best of my belief, holds in derision.

 

I Adv Marc II,18-19 kjem elles noko av Markions argumentasjon i høve til GT klart fram: Markion kritiserte lova om attgjelding (den såkalla ”Lex Talionis”, jfr. 2 Mos 21:23-25), han kritiserte boda om mat, seremoni- og offerlovene. Skaparen var heller ikkje konsistent i handhevinga av lova; han gjev sabbatsbod og bod om ikkje å lage bilete, men byd likevel at folket skal bere arken rundt Jeriko i åtte dagar, og at folket skal lage ein koparslange i ørkenen. Skaparen sine dårlege eigenskapar manifesterer seg altså i Skrifta (Tertullian nemner dette i Adv Marc II,21-22, og imøtegår Markions argumentasjon). Markions konklusjon var altså at Skriftene i GT var skilde frå skriftene i NT som lova er skild frå evangeliet og jødedomen er skild frå kristendomen. Dette kjem tydeleg fram i Markions ”Antitesar”, som vi har sett.

Men også ved å undersøke bruken av GT i Markions NT, vil ein få eit unikt innblikk i Markions heilskaplege forståing av Det gamle testamentet. Det er dette som er tematikken i mi avhandling ”Markion og GT”, Jørgensen 2008.[26] Det er difor mykje stoff frå denne avhandlinga som i det fylgjande vil bli presentert.[27] Generelt gjeld at Markion både strauk og bevarte passasjar frå GT i sitt NT. I det fylgjande skal eg altså presentere dei mest relevante funna frå mi avhandling, og i tillegg freiste å seie noko om kva desse funna kan lære oss om Markions syn på GT.

 

Markion og profetane

Det ser ut for at Markion har vore medviten om å stryke referansar til profetane som utsendt av Gud. Mellom anna[28] ser vi at Luk 11:49-51 har vorte teke bort av Markion, sannsynlegvis var årsaken fyrst og fremst fylgjande ord frå Jesu munn: ”Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei…” Luk 13:29-35 var stroke, her omtalar Jesus seg sjølv som ein profet, og han er opprørt av di Jerusalem ikkje tek vel imot profetane som er sende til dei. Luk 20:9-19, ei likning som tydeleg nok dreier seg om Israel og Herrens tenarar (altså profetane), var også stroke av Markion.

Markions stryking av tekst er forståeleg, ut frå hans eige synspunkt: Profetane i den gamle pakta tilhøyrer etter Markions syn ikkje den Gode gud, dei tilhøyrer Skaparen.[29] Difor kan ikkje Markion akseptere at Lukasevangeliet tvert om talar tydeleg om at profetane er sendt ut frå den same Gud som sendte Jesus Kristus. Lukas er generelt oppteken av å understreke den sterke kontinuiteten mellom profetane og Jesu med hans læresveinar, sjå forutan dei nemnte tekstane også t. d. 4:14-30; 6:23 og 26; 7:16; 9:30-31; 16:29.

            Sjølv om Markion strauk ein del tekstar som refererer til profetane, lot han også mange stå. Men Tertullian fortel ein del om korleis Markion omtolka dei fleste av desse stadene.[30] Eg skal her presentere éin av desse tekstane. Likninga om Lasarus og den rike mannen (Luk 16:19-31) gjev eit typisk innblikk i Markions måte å lese NT på:

I Luk les vi at den rike mannen kjem i pine i dødsriket, medan Lasarus vert boren til Abrahams skjød. Likninga munnar ut i ei alvorleg formaning om å lytte til Abraham og profetane. Tertullian skriv at Markion tolkar denne likninga på ein særskild måte:

 

But Marcion twists it into another direction, so as to claim that both of the Creator’s rewards in hell, whether of torment or of comfort, are intended for those who have obeyed the law and the prophets, while he defines as heavenly the bosom and the haven of his particular Christ and god.[31]

 

Med andre ord: Det livet etter døden som vert teikna opp i Luk 16, tilhøyrer utelukkande dei som har lydd lova og profetane. Men Markions gud og kristus har sin eigen himmel – men denne vert ikkje omtala i Luk 16.[32]

Dette perspektivet på likninga styrer også tolkinga av vers 29: ”Men Abraham sa: Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.” Det er i utgangspunktet overraskande å finne at Markion også har bevart dette verset. Men Markions forståing av verset fylgjer den tolkinga som vart gjort kjent i førre avsnitt: Utsegna om å lytte til Moses og profetane er å forstå som Skaparen si oppfordring til dei som ynskjer å fylgje Han. Oppfordringa får altså stå for Abraham og Skaparguden si rekning. Men kristne har fått eit anna bod, nemleg å høyre Kristus.

            Ein ser altså at den tydelege samanhengen mellom Jesus Kristus – både hans person og forkynning – og ”Moses og profetane” i Luk vert omtolka av Markion ved eit hermeneutisk krumspring. Han fører ei framand meining inn i teksten, noko han vel er nøydd til å gjere dersom han vil la denne teksten stå i sitt NT.

 

Evangeliet om Jesus Kristus oppfyller ikkje profetiane

Markion kunne altså ikkje akseptere Jesu tale om at profetane var sendt ut av hans eigen Far: Jesu Far var nemleg ikkje Skaparen. Markion hadde, så vidt vi veit, ikkje noko mot profetisk tale, isolert sett.[33] Men han kunne slett ikkje akseptere at Jesus var føresagd av profetane åt Skaparguden, og denne oppfatninga pregar hans NT i sterk grad. Nokre døme på dette: Luk 18:31 er stroke; her er bodskapen at alt det som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. Luk 21:21-22 var stroke, her er det eksplisitt tale om at det som står skrive, skal oppfyllast. Luk 22:35-38 var også stroke. Her siterer Jesus Jes 53:12 og seier at at dette ordet må oppfyllast og at det som er fastsett, må hende.[34]

Jesu liv her på jorda skjedde altså ikkje i tråd med det som var føresagd i Skrifta. Jesus var fullstendig ny, han var ikkje føresagd.[35] Han var utsendt av ein til no framand og ukjent Gud, han var ufødd og han hadde ein ”skinlekam”.[36] Likevel var Markion overtydd om at løfta i GT verkeleg var truverdige – innanfor sitt område. Men dei løfta som Skaparen gav i Skrifta, var retta fyrst og fremst mot dette livet.[37] Dette perspektivet gjeld også den jødiske Messias, som Markion faktisk var overtydd om at ein gong ville bli utsendt av Skaparen. Men han ville berre bli til nytte for jødefolket her på jorda, han ville ikkje bli sendt til frelse alle for folkeslag.[38]

 

Utdjupande om usemja mellom Markion og Tertullian, om profetiane i GT

Det er i denne samanhengen av interesse å nemne at Markion i fylgje Tertullian har ”lært” polemikk av jødisk motstand mot kyrkjeleg tolking av GT. [39] Dette kjem relativt klart fram i Adv Marc III, 6-8. Med andre ord: Markions ”teologi” – som ofte har vorte klaga for å vere (i alle fall potensielt) antisemittisk – dannar her ein type allianse med jødisk eksegese som avviser at Jesus Kristus var den Messias som er lova i GT.

Markions lesing av GT er prega av å vere sterkt bokstaveleg, om enn noko inkonsekvent.[40] Denne bokstavelege lesinga gjeld altså også profetiane om Messias,[41] og det vert eit viktig anliggande for Tertullian i si tredje bok mot Markion å gå mot denne avgrensa forståinga av bibeltekstane. Han byrjar difor – før han går i gang med å prove at Jesus er Skaparen sin Messias – med å leggje ned eit par prinsipp i lesinga av profetiar[42]: Profetiane i Skrifta er ikkje alltid gjeve i framtidsform, dei kan også vere gjeve i fortidsform. Tertullian siterer Jes 50,6 som stønad for dette. Det andre prinsippet går på at ein slett ikkje kan forstå alt i GT bokstaveleg – mykje i GT må bli forstått som allegori, likningar etc. 

Samstundes skal det – som Oskar Skarsaune har peika på[43] – nemnast at heller ikkje Tertullian får alle Messiasprofetiane til å ”passe” på Jesus Kristus, slik som han var på jorda. Men Tertullian løyser dette ved å peike på Jesu fyrste og andre kome.[44] Dei profetiane som talar om at Messias skal fornedrast, siktar til Jesu fyrste kome på jorda (Tertullian nemner m. a. Jes 53; Jes 8,14; Sal 8,5; Sal 22,6). Men profetiane som omtalar Messias’ herlegdom, siktar på hans andre kome (Tertullian nemner her særleg Dan 7; Sal 45).

Og jamvel dette Jesu doble kome til jorda finn Tertullian føresagd i GT: Sak 3 talar nemleg om at øvstepresten Josva (=Jesus) fyrst har skitne klede og vert freista av Satan. Dette siktar til Jesu døyelege lekam og dei mange freistingane Satan møtte han med på jorda. Men etterpå vert Josva kledd i skinande klede; dette siktar til Jesu andre kome i herlegdom. Også dei to geitene i 3 Mos 16 vert tolka som typar på Jesu fyrste og andre kome. Tertullians konklusjon er at Markion og jødane har fest blikket på dei Messiasprofetiane som – sant nok – er mest tydelege. Men desse siktar til Jesu andre kome i majestet. Dei andre profetiane, som er litt mindre tydelege, siktar til Jesu fyrste kome i fornedring, og desse vert oversett og ignorert av Markion og jødane. 

Med dette tangerer ein altså ein ganske tung debatt som ikkje berre involverte ”ytre” meiningsmotstandarar som Markion eller jødane; også innad i kyrkja var det debatt og usemje om korleis GT skulle forståast og tolkast med omsyn til profetiar, bokstaveleg/allegorisk lesing etc. Men denne debatten om sjølve dei eksegetiske metodane skulle verkeleg blomstre fyrst i samband med Origenes’ (185-254) særskilde form for allegorese.

Skarsaune seier fylgjande om den generelle bruken og forståinga av GT hjå dei fyrste kristne:

 

[Man står] overfor et stort materiale som ikke bare fascinerer fordi det er fremmedartet, men også fordi det er så mangfoldig og variert. Spør man etter formalia, altså de eksegetiske teknikker og grep, er det et forvirrende mangfold man står overfor. Spør man etter skrifttolkningens Sitz im Leben, er mangfoldet og variasjonsbredden ikke mindre. Og spør man endelig hvilke saker den eldste skrifttolkning er opptatt av, kan listen over sentrale loci lett bli meget lang.[45]

 

Skarsaune freistar likevel å trekke saman trådane på fylgjande måte: ”Den eldste kristne skrifttolking består i en søken i Skriftene etter legitimasjon for de punkter i kristen tro og praksis som skilte seg fra jødedommen.” Dette dreier seg naturlegvis fyrst og fremst om det kristologiske kerygma.

 

Markion stryk som regel nemninga av Abraham

Nokre ord må bli sagt i eit eige avsnitt om Abraham. Tertullian fortel nemleg – i arbeidet med Gal[46] – at Markion har vore særleg oppteken av å stryke Abrahams namn, ikkje minst i Apostolikon.[47] Bakgrunnen for denne strykinga vil ein for ein stor del finne i det som hjå Paulus er eit hovudpoeng, nemleg at dei som trur på Kristus er born av Abraham i det dei trur på same måten som han. Abraham trudde nemleg på Skaparen og hans løfter, og vart slik rettferdiggjort. På same måten trur dei kristne på Skaparen og hans løfter i og om Jesus Kristus. Såleis kjem det tydeleg fram ein djup samanheng mellom Abrahams gudsforhold og dei kristne sitt gudsforhold. Men dette kunne ikkje Markion gå med på. Hjå Markion er trua (på den Gode guden) kjenneteikna nettopp av fiendskap mot Skaparen.

 

Markion framstiller Jesus som ein fiende av lova

Korleis Markion forstod lova, er eit omfattande og komplisert spørsmål.[48] Eg skal ikkje gå inn i ei breiare drøfting av ”lova” hjå Markion i dette avsnittet, då dette ville sprengt mi framstilling.[49] I tillegg vil ei slik drøfting raskt sikte meir mot Markions syn på forholdet mellom dei to gudane, samt på synd- og frelseslære, enn på Markions syn på GT. Men no i det fylgjande skal eg berre presentere nokre tekstar som nemner lova, og som vi veit at Markion bevarte i sitt NT. Også her får vi eit svært interessant innblikk i korleis Markion omtolkar tekstar.

             Forteljinga om lækjinga av den blødande kvinna i Luk 8:43-48 vert av Markion tolka slik at trua (som Jesus seier har frelst kvinna) fyrst og fremst bestod i ein forakt for den GT-lege lova om ikkje å røre nokon som urein. Også Jesus hadde i fylgje Markion denne forakten for lova. Denne kjem også i fylgje Markion fram i Luk 17:11-19. Her er det tale om lækjinga av dei ti spedalske. Jesus synte at han var ein fiende av Moselova av di han ikkje nøyaktig fylgte henne, meiner Markion. Fleire tekstar frå Markions NT kunne elles vorte nemnt,[50] her skal berre understrekast det som for Markion er hovudpoenget: Ei sann tru på den Gode guden (evangeliet) innebér fiendskap til Skaparen (lova). Såleis meinte også Markion – i tilknyting til Gal 3:13 – at den Gode guden sitt frelsesverk fyrst og fremst bestod i at han kjøpte menneskeborna fri frå Skaparen.[51]

Det skal nemnast at ei kritisk innstilling til Moselova var vanleg tankegods i mange gnostiske retningar.[52] Markions omtolking av NT-tekstane tematiserer i alle fall generelt sett eit svært viktig problemområde i brytinga mellom Det gamle og Det nye testamentet, nemleg korleis kristne skal forholde seg til lova. Store delar av Det nye testamentet er relatert til dette spørsmålet.[53]  

 

GT inneheld i fylgje Markion likevel mykje til lærdom

Eg har no i det førre presentert dei mest sentrale endringane Markion har gjort med NT, med tanke på tekstar som refererer til GT. Eg har også presentert ein del slike tekstar som Markion faktisk lét stå, men då med ei omtolking som går i retning av hans ”antitetiske” to-guds-forståing. Ein kunne då i utgangspunktet tenke seg at Markion strauk resten av dei passasjane i NT som refererer til GT.[54] Men dette er slett ikkje tilfelle. Tvert om vil ein finne at det enno vert verande att mange ulike referansar til GT-stoff i Markions NT.

Her kan til dømes nemnast at Markion bevarer Luk 6:14, der Jesus fortel at David gjekk inn i Guds hus og tok skodebrøda. Også Luk 12:27 var bevart; her samanliknar Jesus liljene med ”Salomo i all sin herlegdom”. Jesu formaning om å kome i hug kona åt Lot (Luk 17:32) var bevart. Går ein til Apostolikon vil ein i 1 Kor finne at sannsynlegvis alle (!) skriftsitata frå GT har vorte ståande i Markions NT, mange jamvel med innleiinga ”Det står skrive” eller liknande.[55] Jamvel 1 Kor 9:8-9, der Paulus seier at eit bod i Moselova er skrive ”med tanke på oss”, var bevart i Markions tekst. Sameleis veit vi at i alle fall store delar av 1 Kor 10 var bevart. I dette kapittelet talar Paulus om ”fedrane våre” – altså Israelsfolket – og attfortel mange hendingar frå 2 Mos. Jamvel konklusjonen i vers 11, der Paulus seier at dette i GT er skrive til formaning for oss, var bevart hjå Markion!

Med utgangspunkt i desse funna i Markions NT, er det rimeleg å slutte at Markion oppfatta GT som ei historisk truverdig bok, med ein del stoff til lærdom også for kristne. Det er vanskeleg å seie om ein skal tolke dette fyrst og fremst som eit uttrykk for at dei gode sidene ved GT reflekterer nokre av dei ”rettferdige” sidene ved Skaparen, eller om ein heller bør sjå dette som eit uttrykk for at Markion var samd med det ein del gnostikarar gjorde seg til talsmenn for: Nemleg at ”pleroma” – guddomsfylden – her og der hadde inspirert GT.[56]

 

Markion og GT – nokre refleksjonar med tanke på forkynninga

Markions synspunkt lever vidare

Eg har no presentert Markion og sagt ein del om hans forståing av Det gamle testamentet. Dette vil nødvendigvis også måtte bli supplert med noko stoff frå hans ”antitesar” dersom ein ynskjer ei meir fullstendig forståing av Markions syn på GT. Særleg etter opplysningstida har fleire kjende teologar i større eller mindre grad fylgt i Markions fotspor i det grunnleggjande synet på GT som før-kristent, sub-kristent eller ikkje-kristent. Her kan særleg nemnast dei tyske teologane Friedrich Schleiermacher, Adolf von Harnack og Rudolf Bultmann.[57] Desse teologane vil sjølvsagt ikkje gå med på Markions lære om to gudar. Det dei har til felles med Markion, er at dei på ulike måtar problematiserer at GT er relevant for kristne. Kontinuiteten mellom GT og NT vert nedtona, problematisert eller direkte avvist. GT vert plassert på eit lågare autoritetsnivå enn NT. Og nokre vil gå så langt som å seie at det ikkje er den same Gud som vert openberra i GT og NT.

            Også forkynninga i våre samanhengar kan, kanskje umedvite, bli prega av slike standpunkt. I slike tilfelle kan ein tale om praktisk markionisme. Det kan skje dersom forkynnaren konsekvent unngår å forkynne over tekstar frå GT, eller dersom forkynnaren ikkje klarer eller ynskjer å vise kontinuiteten mellom GT og NT. Meir vulgært kan det skje dersom forkynnaren brukar det ”grove” gudsbiletet i GT som ein antitese til Jesu milde og tilgjevande sinnelag. Men ein kan også tale om markionittiske element der forkynnaren konsekvent tyr til moralisering, andeleggjering og allegorisering av GT-tekstar, eller også konsekvent les NT-sanningar inn i GT-tekstar utan å ha grunnlag for det. Sagt med andre ord: Forkynnaren unngår å la GT-teksten i si rette, historiske meining tale for seg sjølv i forkynninga – denne meininga får ikkje autoritet og relevans. GT-teksten får ikkje kome til orde på sine eigne premiss og vert såleis eigentleg overflødig.

Markions vranglære krev altså eit svar frå den kristne kyrkja i form av ei grundig gjennomtenking av forholdet mellom GT og NT. Den som forkynner er nøydd til å tenke gjennom i alle fall ein del av desse grunnlagsspørsmåla. I denne utgåva er det særleg Sjaastad sine artiklar som gjev ei god og sakleg innføring i dei viktigaste sidene i problematikken. Her i denne artikkelen skal eg særleg fokusere på éi side ved problematikken, nemleg gudsopenberringa. Med utgangspunkt her, vil eg seie nokre ord om einskapen mellom GT og NT med tanke på frelseshistorie og gudsbilete. I møte med Markion er det kanskje her det ”brenn mest”.

 

Gud openberrar seg i frelseshistoria

Det er altså særleg gudsopenberringa som blir sett under lupa når ein arbeider med Markion. Markion konkluderte av ulike grunnar med at det finst éin sann gud og éin demiurg. Den sanne guden vert openberra i NT, men demiurgen vert openberra i GT. Vi har sett at han freista å grunngje sitt standpunkt både ved å appellere til omtolka og korrigerte framstillingar av Paulus og Jesus, og også ved å setje GT opp mot NT. Kristen teologi har alltid stått standhaftig mot Markions oppfatningar. Den kristne kyrkja seier: Det finst berre éin Gud: Israels Gud og Jesu Kristi Far. Og: GT og NT er to testament i éin Bibel.[58]

            Kva meiner så Markion er Guds openberringsgrunnlag? Adolf von Harnack vil understreke at Markion fyrst og fremst var ekseget og ”bibelsk teolog”, mellom anna av di han ikkje utvikla avanserte og spekulative læresystem slik som det var vanleg i gnostisismen.[59] Heller ikkje påberopte han seg særskilde andelege openberringar av nokon art. Men her vil eg understreke at ei fullstendig fråskriving av påverking frå filosofiske og spekulative kjelder (fyrst og fremst gnostisismen) i Markions kristendomsforståing, vil vere direkte feil. Til dømes veit vi at eit viktig utgangspunkt for Markions ”teologi” var ei fundering på det vondes problem.[60] Markion erkjente vondskapen i verda, og konkluderte med at skaparguden står ansvarleg for dette. Altså er skaparguden vond, til liks med det skapte.[61]  

Men viktigare er det at Markion og gnostikarane også gjorde felles sak i ei radikal omtolking av openberringsgrunnlaget for kristendomen. Difor er det rett å seie at ”the real battle of the second century centres around the Old Testament.”[62] Problemstillinga lyder: Er den kristne gudstanke, frelsesforståing, røyndomsoppfatning etc. grunngjeve i Guds historiske handlingar og hans forkynning om seg sjølv? Eller er dette grunngjeve i mytologi og religionsfilosofi som hjå gnostikarane og (i alle fall til dels) Markion? Sagt med andre ord: Er frelseshendinga i Kristus eit ledd i ei frelseshistorie, eller er det ei ikkje-førebudd, punktuell hending?[63] Dette er eit grunnspørsmål i kontroversen mellom Markion og den kristne kyrkja. Dei fyrste kristne var ikkje i tvil om svaret.[64] Eg vil difor i det fylgjande seie noko utdjupande om kva frelseshistoria innebér med tanke på forholdet mellom GT og NT.

            Det som skaper grunnleggjande einskap i dei mange bøkene i GT er ikkje fyrst og fremst etikken eller det religiøse livet, heller ikkje gudsbiletet.[65] Einskapen ligg fyrst og fremst i Guds mangfaldige historiske gjerningar med sitt folk Israel. Gud har slutta ein pakt med Israel, og han har gjeve mange løfte av ulik art. Ein kan her tenke på løftet til Abraham (1 Mos 12), løftet til David om ein etterkomar som skulle stadfeste riket (2 Sam 7), løfta hjå Jesaja om Herrens tenar og at heidningane skal vende om (Jes 40-55), løftet hjå Jeremia om ei ny pakt (Jer 31), hjå Daniel om Menneskesonen (Dan 7) etc. Slik sett er GT grunnleggjande framtidsretta – historia har eit mål: Guds oppfylling av sine frelsesløfte. Like fullt: GT er ikkje ei fullenda bok. Dei løfta som GT fortel om, vert ikkje oppfylt i GT. I staden vert ein mange gonger vitne til Guds dom over sitt folk, som har brote pakta og tent andre gudar. Og såleis peikar GT ut over seg sjølv – fram mot oppfyllinga av løftet og frelsestida ein gong i framtida.

NT forkynner med stort frimod og overtyding at det er Jesus som er denne oppfyllinga av Guds frelsesløfte. Han stod fram og forkynte ”Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!” og signaliserte med det at han var den utsending som utførte Guds avgjerande frelsesgjerning med sitt folk. Liksom GT såleis er løfte og forventning, er NT fyrst og fremst proklamasjon.

Som kristne er vi difor no i dag ein del av den frelseshistoria som har røter og bakgrunn i GT. Vi er ein del av Guds utvalte og heilage folk, som han ein gong ved tidenes ende skal reise opp frå dei døde til ein ny himmel og ei ny jord. Og med bakgrunn i dette kan forkynninga med frimod seie at Israels historie er vår historie. Den trua på Gud som det vert fortalt om i GT er også vår tru på Gud. Jfr. Paulus i 1 Kor 10: ”Våre fedrar i ørkenen…”

 

Også frelseshistorisk nytolking og diskontinuitet

NT står altså i sterk kontinuitet med GT, og dette er eit poeng forkynninga er nøydd til å rekne med i ei grunnleggjande forståing av GT-tekstar. Men liksom det er kontinuitet, er det også element av diskontinuitet i frelseshistoria, ikkje minst med tanke på Moselova og pakta på Sinai. Mange av desse diskontinuitetselementa utnytta Markion til fulle i si lære, og han brukte dei som argument mot einskapen mellom GT og NT. Men ein treng ikkje vere markionitt for å akseptere at NT på ulike måtar tek opp mange viktige tema, hendingar og løfte i GT og nytolkar dei i ljos av Kristus. Dette skjer ved sentrale tema som tempel, utveljing, Guds folk, frelse, pakt, lov, landet etc. Eg vil her sleppe til John Bright, som har formulert poenget på ein god måte:

 

“…the New Testament affirms that this history [om Gud og Israel] found its terminus, and this theology its fulfillment, in Jesus Christ. The New Testament faith did not break with that of the Old or deny its validity, but rather announced its fulfillment. In so doing, as we have indicated, it took over the great theological constants of the Old Testament faith, reinterpreted them, and gave them new depths of meaning in Christ. Indeed, one can go so far as to say that the structure of the New Testament’s theology is essentially the same as that of the Old, but with the content radically transformed in the light of what Christ has done.”[66]

 

Teologien blir altså vidareført, men det skjer ei nytolking. Slik sett belyser GT og NT kvarandre gjensidig. Guds frelsesgjerningar ved Jesus i NT kan ikkje bli forstått utan den historiske, teologiske og profetiske bakgrunnen i GT. Då er ein attende ved Markions villfaringar.[67] Men Guds gjerningar og løfte i GT blir fyrst rett forstått i ljos av oppfyllinga i Kristus. Får GT stå åleine, utan ljoset og tolkinga frå NT, blir det ufullkome og uforståeleg.

            John Bright peikar på noko interessant når han seier at ein må forkynne GT-tekstar slik som dei står – og la teksten tale som eit vitnesbyrd om den situasjonen i frelseshistoria teksten presenterer.[68] Vi har sett at GT-tida var ei tid for forventning og von til Guds løftesoppfyllingar i framtida. Vi veit at denne tida no er komen, ved Kristus (Gal 4:4). Men den gongen var ikkje tida komen. Det som då vert eit viktig poeng, er at dette ”før Kristus”-perspektivet ikkje berre er eit kronologisk perspektiv, det er også eit teologisk perspektiv. I den forstand har det moderne menneske i vår tid mykje til felles med ”før Kristus”-mennesket som vi les om i GT. For båe desse ”[are] in the condition of standing, whether through ignorance or by decision, outside, or not fully subject to, the messianic kingdom of Christ. It is the condition of those who have never heard the gospel or who, having heard it, have refused it in in favor of some “salvation” more congenial to their way of thinking.”[69]

Bright peikar på at mange av karakterane i frelseshistoria med Israel slett ikkje er Kristuslike og difor ikkje kan fungere som typar på Kristus og kanskje heller ikkje som moralske førebilete for oss. Men dei lever før den messianske frelsestida, under Guds løfte og krav, og er difor teologisk sett analoge til menneske, jamvel kristne. For også kristne har ei ”førhistorie” før dei kom til trua, og dei vil alltid bere med seg sitt gamle menneske, som ikkje vil underkaste seg Kristus. Bright peikar nemleg på at menneskenaturen er felles både før og etter Kristi kome, og han konkluderer difor på fylgjande måte:

 

”This B. C. perspective of the Old Testament is the essential complement to the A. D. perspective of the New. Because of its very humanity, and because it drives ahead toward a future it never attains, the Old Testament raises questions, poses problems, which every sensitive sees are his own problems, the problems of the world and of all mankind. And just because it involves B. C. man in the problems, yet can give them no final solution, it impels him toward some better solution – beyond the limits of B. C. Even the Christian hears the Old Testament in this way…

            The Old Testament as a whole is theologically antecedent to the gospel, finds solution in the gospel, and thus in all its parts – its gospel as well as its law, its promises as well as its stipulations and judgments – opens men to the hearing of the gospel.”[70]

 

Med dette skal det slett ikkje vere sagt at GT kun har denne pedagogiske funksjonen. GT inneheld også evangeliet og talar på mange måtar om Kristus.[71] Men det er viktig å understreke at også for oss kristne i dag gjev ikkje det Nye Testamente full meining utan at det vert sett i ljos av det det er nytt i forhold til.

 

Guds identitet

Vi har sett at det er både kontinuitet og diskontinuitet mellom GT og NT, jamvel om kontinuiteten er dominerande. Kontinuiteten ligg framfor alt i den éine frelseshistoria. GT gjev løfte og forventar. NT proklamerer og oppfyller. I dette ligg det ein sterk kritikk av Markions gudsbilete. Som eg ovanfor har vist, meinte Markion at Jesus var ei openberring av ein fram til no ukjent gud, ein gud som var utelukkande god og tilgjevande. Og frå ein kristen synsvinkel er det sjølvsagt eit poeng at Jesus Kristus er ei endegyldig openberring av kven Gud er, og dette er ei openberring av Gud som er klarare enn den som vart gjeve i den gamle pakta (Jfr. Joh 14:9; Hebr 1:1-3). Likevel: Jesus kom ikkje fyrst og fremst for å presentere ein høgare etisk standard eller eit meir moralsk og opphøgd bilete av Gud. Han kom for å oppfylle lova og profetane og innleie frelsestida.

Dette har også direkte relevans for spørsmålet om Guds identitet. Markion oppfatta demiurgen i GT som hard og uforutsigbar, og han brukte mykje energi på å vise at Jesus ikkje kunne vere denne Guden sin son. Hans argumentasjon i Antitesane på dette punktet er ofte mangelfull, ubalansert og urettferdig. I regelen skjer det ei svartmåling av Gud i GT, medan det skjer ei rosemåling av Jesus. Til dømes kjem dette fram ved at Markion omtolkar domen og fortapinga i NT til å tilhøyre Skaparen, ikkje Jesu Far. Mot denne ubalanserte vurderinga har Brevard Childs på ein god måte oppsummert einskapen i Guds identitet, slik denne kjem til uttrykk i GT og NT.[72] Her på slutten av artikkelen skal eg presentere det mest relevante ved hans oppsummering.

 

         Guds identitet vert både i GT og NT gjort kjent gjennom hans namn. Såleis les vi at Gud openberrar seg som ”Eg er den eg er” i 2 Mos 3:14, jfr. Joh 8:58. I Matteus 1:21 vert det sagt: ”Du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelse folket sitt frå syndene deira.” Jfr. også Jes 40:9-10; 2 Mos 6:2. 3:15; Jes 7:14; 8:8; Apg 4:12; Fil 2:9  m. fl.

         Gud openberrar seg både i GT og NT som skapar og frelsar. Jfr. 1 Mos 1-2; Sal 8 og 89. Denne Guds skapargjerning er tett knytt saman med hans frelsargjerning, slik det til dømes kjem fram i Jes 44:21-23. Dette vil ein også finne att i NT. Her vert det understreka at Jesus var med ved skapinga og at forsoninga mellom Gud og menneske skjedde ved Jesus, som Guds fylde var i (Kol 1,16-20). Eit sentralt poeng både i GT og NT er at Guds frelse er ei redning og nyskaping av skaparverket.[73]

         Både i GT og NT vert det lagt vekt på Guds einskap. Det finst éin Gud, ikkje to, slik Markion meinte. Her kan nemnast 5 Mos 6:4, Israel si truvedkjenning: ”Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.” I NT vert denne Guds einskap ikkje utfordra av Jesu tittel som Herre, jfr. Ef  4,4-5: ”…éin Herre, éi tru, éin dåp, éin Gud og Far for alle…” Sjå også Jes 45:5; Joh 10:30; Gal 3:20; 1 Kor 8:4; 1 Tim 2:5.

         Både GT og NT legg vekt på Guds miskunn og frelsande rettferd. Frå GT kan her nemnast 2 Mos 34:6: ”Herren, Herren er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning!” Jfr. også Mika 6,8; Jes 40:1-2. Frå NT kan ein nemne Joh 1:14-17; Rom 1:16-17. Markions antitetiske oppfatning om at Gud i GT er hard og dømande, medan Gud i NT er mild og tilgjevande, held ikkje mål, jamvel om det her kan vere nyansar.

         På same måte må det understrekast at både GT og NT forkynner Gud som heilag og jamvel farleg, utanfor nåden (2 Mos 19; 3 Mos 11:44). Då Jesaja kom inn for Guds trone, vart han redd av di han sjølv ikkje var rein liksom Gud (Jes 6). Denne reaksjonen finn ein att hjå Peter i Luk 5:8. Jesus var nemleg også heilag og utan synd (Hebr 5:15). Og Jesus oppfordrar sine læresveinar til å frykte Gud, som kan øydeleggje både sjel og lekam i helvete (Matt 10,28).

 

Avslutning

Eg har rissa opp eit bilete av Markion og hans lærepunkt, særleg med omsyn til hans oppfatningar av GT. Eg har også skissert opp nokre punkt som antyder kva vi kan lære av Markion. Markion var og er ein stor vranglærar, og han representerte såleis ein stor trussel for den kristne kyrkja. Mitt ynskje med denne artikkelen var å peike på korleis Markions forståing av GT aktualiserer og faktisk kastar ljos over fleire sider ved den kristne forståinga av GT. Om artikkelen såleis kunne representere ei lita oppfordring til ei utvida og djupare forståing av den relevans GT har for oss som i dag er kristne, er det også von om at forkynninga over GT også kunne dra nytte av nettopp dette.

 

Kjelder

Evans, Ernest (red. og oms.) 1972 Tertullian adversus Marcionem. Books 1-5. Oxford: Clarendon Press.

 

Holmes, Peter (oms.) 1868 The Five Books of Quintus Sept. Flor. Tertullianius against Marcion. Ante-Nicene Christian Library. Edinburgh: T&T Clark.

 

Mitchell, C. W. (oms.) 1921 S. Ephraim’s Prose Refutations of Mani, Marcion and Bardaisan London: Williams and Norgate.

 

The Ante-Nicene Fathers 1979 Grand Rapids: Michigan

 

The fathers of the church 2002 Washington D. C. The Catholic University of America Press.

 

Williams, Frank (oms.) 1987 The Panarion of Epiphanius of Salamis Leiden: E. J. Brill

 

Pretty Robert A. (oms.) 1997 ADAMANTIUS. Dialogue on the True Faith in God Leuven: Peeters.

 

Sekundærlitteratur

Aland, Barbara, 1973 “Marcion. Versuch einer neuen interpretation” i Zeitschrift für Theologie und Kirche, 420-447.

 

Aland, Barbara “Sünde und Erlösung bei Marcion und die Konsequens für die sog. Beiden Götter Marcions” i Gerhard May og Katharina Greschat, 2002 Marcion und seine Kirchengeschichtliche Wirkung Berlin: Walter de Gruyter.

 

Balás, David L. “Marcion revisited. A ‘Post-Harnack’ Perspective” i W. Eugene March (red.), 1980 Texts and Testaments. Critical Essays on the Bible and Early Church Fathers San Antonio: Trinity University Press.

 

Blackman, E. C., 1948 Marcion and his influence Oregon: Wipf & Stock Publishers.

 

Bright, John, 1967 The Authority of the Old Testament London: SCM Press.

 

Childs, Brevard 1992 Biblical Theology of the Old and New Testaments London: SCM Press.

 

Cullmann, Oscar, 1967 Salvation in History London: SCM Press.

 

Green, Joel B. (red.), 1995 Hearing the New Testament. Strategies for interpretation Grand Rapids: William B. Eerdmans Publishing Company.

 

Greidanus, Sidney, 1999 Preaching Christ from the Old Testament Grand Rapids: William B. Eerdmans Publishing Company.

 

Haraldsø, Brynjar, 1997 Kirke og misjon gjennom 2000 år Oslo: Lunde.

 

Harnack, Adolf von, 1997 The History of Dogma Oregon: Wipf & Stock.

 

Harnack, Adolf von, 1985 Marcion. Das Evangelium vom fremden Gott Darmstadt: Wissenschaftliche Buchgesellschaft.

 

Hays, Richard, 1989 Echoes of Scripture in the letters of Paul London: Yale University Press.

 

Head, Peter M., 1993 “The foreign God and the sudden Christ: Theology and Christology in Marcion’s gospel redaction” i Tyndale Bulletin, 307-321.

 

Helleman, Wendy E., 1994 Hellenization revisited New York: University Press of America.

 

Hoffman, Joseph, 1984 Marcion, on the restitution of christianity Scholars Press.

 

Jonas, Hans, 1964 Gnosis und spätantiker I Geist Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht.

 

Jørgensen, 2008 Markion og GT. Spesialavhandling ved det teologiske Menighetsfakultetet Oslo: MF.

 

Kinzig, Wolfram “Ein Ketzer und sein Konstrukteur. Harnacks Markion” i Gerhard May og Katharina Greschat, 2002 Marcion und seine Kirchengeschichtliche Wirkung Berlin: Walter de Gruyter.

 

Knox, John, 1942 Marcion and the New Testament Chicago: Chicago University Press.

 

Longenecker, Richard N., 1975 Biblical exegesis in the apostolic period Grand Rapids: William B. Eerdmans Publishing Company.

 

May, Gerhard, 1986 “Ein neues Markionbild?” i Theologische Rundschau, 404-413. Tübingen: J. C. B. Mohr.

 

May, Gerhard, 1987 “Marcion in Contemporary Views: Results and Open Questions” i Second Century, 129-151. 

 

May, Gerhard, 1984 “Markion und der Gnostiker Kerdon” i Alfred Raddatz og Kurt Lüthi (red.), Evangelischer Glaube und Geschichte. Grete Mecenseffy zum 85. Geburtstag Wien: Die Aktuelle Reihe Nr. 26.

 

May, Gerhard og Katharina Greschat, 2002 Marcion und seine Kirchengeschichtliche Wirkung Berlin: Walter de Gruyter.

 

McGrath, Alister, 1985 Luther’s theology of the cross Oxford: Basil Blackwell.

 

Metzger, Bruce M., 1997 The Canon of the New Testament Oxford: Clarendon Press.

Räisänen, Heikki, 2001 ”Marcion and the origins of christian anti-judaism: A reappraisal” i Challenges to Biblical Interpretation Leiden: Brill.

 

Regul, Jürgen, 1969 Die antimarcionitischen evangelienprologe Freiburg: Herder.

 

Reventlow, Henning Graf (red.) og William Farmer (red.), 1995 Biblical studies and the shifting of paradigms, 1850-1914. Journal for the study of the Old Testament. Supplement series 192.  Sheffield: Sheffield Academic Press.

 

Schmid, Ulrich, 1995 Marcion und sein Apostolos Berlin: Walter de Gruyter.

 

Schmid, Ulrich “Marcions Evangelium und die neutestamentlichen Evangelien. Rückfragen zur Geschichte und Kanonisierung der Evangelienüberlieferung” i Gerhard May og Katharina Greschat, 2002 Marcion und seine Kirchengeschichtliche Wirkung Berlin: Walter de Gruyter.

 

Skarsaune, Oskar, 2001 Og Ordet ble kjød. Studier i oldkirkens teologi. Oslo: Luther.

 

Soden, Hans von, 1922 ”Adolf von Harnacks Marcion” i Zeitschrift für Kirchengeschichte 40, 191-206 Stuttgart: Kohlhammer.

 

Stuhlmacher, Peter, 1997/1999 Biblische Theologie des Neuen Testaments I & II Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht.

 

Tyson, Joseph, 2005 ”Anti-Judaism in Marcion and his opponents” i Studies in Christian-Jewish Relations 1, 21 Berkeley.

 

Tyson, Joseph, 2006 Marcion and Luke-Acts: A defining struggle South Carolina: University of South Carolina Press.

 

Wilson, Stephen G., 1995 Related Strangers. Jews and Christians 70-170 C. E. Minneapolis: Fortress Press.

 

Zahn, Theodor, 1888-1892 Geschichte des Neutestamentlichen Kanons, I og II Erlangen: A. Deichertische Verlagsbuch.

 

Ådna, Jostein “To testament i éin Bibel” i Ung Teologi 4/1995.

 

Forkortingar

1 Apol – Justins fyrste apologi

Adv Haer – Ireneus’ Adversus Haereses

Adv Marc – Tertullians Adversus Marcionem

Celsus – Origenes’ Mot Kelsos

De Carne – Tertullians De Carne

De Princ – Origenes’ De Principiis.

Dial – Adamantius’ dialog.

FIL – Filastrius

Hist Eccl – Eusebius’ kyrkjehistorie

KommGal – Hieronymus’ kommentar til Gal

KommRom – Origenes’ kommentar til Rom

NA – Nestle-Aland

Ps-Te – Pseudo-Tertullian

Strom – Clemens av Alexandrias Stromateis


[1] For grunnleggjande innføringar i Markions liv og lære, sjå Blackman 1948, Hoffmann 1984 (omdiskutert, jfr. særleg bokmeldinga May 1986) og ikkje minst Harnack 1985, som enno gjeld som ”standardinnføringa” i Markions liv og lære. I seinare tid har det fleire hald vorte påpeika at den sistnemnde boka – jamvel om ho i det store og det heile presenterer saklege, innsiktsfulle og grunngjeve domar om Markion – også til ein viss grad var prega av den tida forfattaren levde i. Sjå May 1986, Balás 1980, Aland 1973 og Kinzig 2002. For ei generell vurdering av synet på GT i tysk liberalteologi på 1800-talet, sjå Reventlow 1995:132-149, her vert også Harnack kort nemnt. Det som særleg vert framheva i eit ”post-Harnack” perspektiv på Markion, er at Markion låg nærare gnostisismen enn Harnack ville innrømme. Jfr. her Jonas 1964:227-233. Aland 1973:429 oppsummerer Harnack si oppfatning av Markions forhold til gnostisismen slik: ”Im Grunde war Harnack an Marcions Stellung zur Gnosis gar nicht interessiert, er behandelte sie auch nur in einer einzigen Anmerkung.” (d. e. Harnack 1985:196, n. 1) Med til biletet høyrer også at vi i dag veit langt meir om gnostisismen enn Harnack moglegvis kunne gjort.

[2] Tertullians “Adversus Marcionem” (Adv Marc) III,6; IV,9 m. fl. Adv Marc vart skrive i 207. Det er dette som, i lag med Ireneus ”Adversus Haereses” (Adv Haer), er vår hovudkjelde for kunnskap om Markion. Sjå også Eusebius’ Hist Eccl 5,13,3.

[3] Adv Marc I,1; III,6. 11. 13.; V,1.

[4] Sjå presentasjon av det relevante kjeldematerialet i Harnack (1985): 1*-30*. Regul 1969:177-195 har gjeve ei sakleg og overtydande innføring i problematikken, og eg viser til mi oppsummering av dette i Jørgensen 2008:3 for den som er interessert.

[5] Det er særleg Adv Marc I,19 som her er hovudkjelda for anslag av årstal. Sjå drøfting i Regul 1969:192-195.

[6] Jfr. Justins fyrste apologi, skrive ein gong mellom 147 og 161, (I Apol) 26: ”And there is Marcion, a man of Pontus, who is even at this day alive, and teaching his disciples to believe in some other god greater than the Creator. And he, by the aid of the devils, has caused many of every nation to speak blasphemies, and to deny that God is the maker of this universe, and to assert that some other being, greater than He, has done greater works.” Jfr. liknande i Adv Marc IV,5.

[7] Harnack 1985:153-160.

[8] Spørsmålet om Markion verkeleg var ein gnostiker, er av mange grunnar svært relevant. Kva svar ein gjev på dette spørsmålet, vil vere med på å leggje føringar i høve til korleis ein forstår Markions læreoppfatningar (ikkje minst dei som går på synet på GT). I den samanheng er forholdet mellom Markion og Cerdo viktig å sjå nærare på. Ireneus dreg ei line frå Simon Magus (Apg 8) til gnostikaren Cerdo og vidare til Markion, som han altså seier at byggjer på Cerdo si lære. Her vert Markion presentert i same andedrag som gnostikarar (Jfr. også Adv Haer II,31; III,4.) Eg kan ikkje her drøfte gnostikaren Cerdo sitt forhold til Markion noko nærare, men viser til Jørgensen 2008:3-4 for den som er interessert.

[9] Denne negative skildringa av Skaparen vil ein finne att i Ireneus’ Adv Haer III,12,12; III,25,2. Tertullian skildrar også Markions oppfatning av Skaparen på same viset. Jfr. Adv Marc I,6. Ein stor del av Tertullians argumentasjon går ut på – særleg i II,11-19 – å vise at Skaparen utøver dom og straff på bakgrunn av si eiga rettferd og med eit eigentleg godt siktemål. For meir om Markion sitt syn på skaparguden, sjå elles Harnack 1924:97-118.

[10] Adv Haer I,27. Harnack 1985:318*-321* understrekar at Ireneus er eit framifrå vitne med tanke på å oppnå truverdig kjennskap til Markions lære og standpunkt. Liknande kortinnføringar som Ireneus her gjev, finn vi også hjå Tertullian i Adv Marc I,2 og IV,6.

[11] For ei god innføring i det fylgjande, sjå Harnack 1985):35-44.

[12] Om skjelninga mellom dei to gudane, sjå artikkelen ”Did Marcion distinguish between a just god and a good god?” i May 2002:131-146. Denne artikkelen er noko kritisk mot Harnack 1985:97-106 si vektlegging av at Skaparen – etter Markion si oppfatning – var rettferdig. 

[13] Adv Marc V,3. Harnack 1985:35.

[14] Epiphanius’ ”Panarion” (Pan) 42,9,1-2, Adv Marc IV,2-3, Adv Haer I,27,2. Sjå også Blackman 1948:43; Harnack 1985:41-42.

[15] Det er ikkje heilt opplagt kvifor Markion valte nett Luk. For ei drøfting, sjå Jørgensen 2008:5-7.

[16] Adv Marc IV,3-4, Harnack 1985:141-142. Elles er det eit poeng at Markion var overtydd om at Paulusbreva og Lukasevangeliet var heilt læremessig samstemmige. Dei to delane av Markion sin kanon stod i balanse, og forklara og støtta kvarandre. Sjå m. a. Metzger 1997:98.

[17] Ti av Paulus’ brev (i Markions rekkefylgje): Gal, 1. 2. Kor, Rom, 1. 2. Tess, Ef, Kol, Fil, Filem. (Tertullian og Epiphanius er litt usamde om Fil eller Filem er sist i samlinga), jfr. Pan 42,9,3-4 og Adv Marc V. Pastoralbreva var ikkje med i Markions kanon, Tertullian seier i Adv Marc V,21 at Markion avviste dei. Jfr. også V,1. Harnack 1985:170*-172* er noko usamd med Zahn (1888, I): 634-635 om kvifor breva ikkje var i Markions kanon. Harnack meiner grunnen rett og slett er at Markion ikkje kjente til breva. Zahn vil ta meir utgangspunkt i Tertullians utsagn i Adv Marc V,21. Zahn meiner grunnen til at Markion ikkje hadde med breva, kanskje var at dei var retta til einskildpersonar, og ikkje til ein kyrkjelyd. Når det gjeld Apg, der Paulus jo er ein hovudperson og Luk er forfattar, hadde altså ikkje Markion med dette skriftet i sin kanon. Tertullian forklarar dette (i Adv Marc V,2) med at Skaparen der vert erklært å vere Gud, og at Kristus tilhøyrer Skaparen.

[18] Til titlane, sjå: Dial I,806a/b5; Pan 42,10.

[19] Fylgjande stader talar kyrkjefedrane konkret om at Markion tek bort tekst: Adv Haer 1,27,3; Adv Haer III,11; Adv Marc I,1; Adv Marc IV,2; Adv Marc IV,4; Adv Marc IV,6; Adv Marc V,13; Adv Marc V,18. For ei opplisting av dei konkrete endringane Markion gjorde med teksten, sjå Harnack 1985:*150 og 52-61.

[20] At Markion også la til tekst, er det særleg Epiphanius som seier: Pan 42,9,1; 42,10,4 og også 42,11,9. Men som Harnack 1985:61-62 syner, er det tale om forsvinnande få ”tilsetjingar” i teksten. Sjå også Blackman 1948:47.

[21] Tertullian skreiv sine bøker mot Markion i 207. For drøfting av Tertullians attgjeving av Markion sitt NT, sjå Harnack 1985:*43-*56 og *179-*181. For ei meir grundig innføring, sjå Schmid 1995:35-122.

[22] Epiphanius av Salamis (Fødd ein gong etter 310, d. 403) skreiv Panarion, eit ”medisinskåp” mot kjetteri. Sjå Harnack 1985:64*-67* og 182*-183*, samt Schmid 1995:150-195. Ein framifrå introduksjon til skriftet er også å finne i Williams 1987:x-xxvii. For ei oppsummering av truverdet i Epiphanius’ attgjeving av Markions NT, sjå Schmid 1995:196.

[23] Skriftet som vi her har med å gjere, ”De Recta in Deum Fide”, (forkorta Dial), er i dialogform, det vart forfatta ein gong rundt år 300. I oldkyrkja var skriftet utbreidd under namnet åt Adamantius. Det er usikkert om dette er eit ekte namn eller eit psevdonym. Harnack 1985:*56. For ein grundig og framifrå introduksjon til skriftet, sjå Pretty 1997:1-33. For drøftingar av Adamantius’ relevans med tanke på restaureringa av Markion sitt NT, sjå Harnack 1985:*56-*64 og *181, samt også Schmid 1995:196-236.

[24] Det er Harnack som står bak det som vert rekna som ”standardrekonstruksjonen” av Markions NT. Harnack 1985:*40-*255. Andre rekonstruksjonsforsøk vert nemnt i Jørgensen 2008:7.

[25] Sjå elles presentasjon av Antitesane i Harnack 1985:74-92.

[26] Sjå oppsummering og analyse av resultata på s. 52-60.

[27] Eg brukte, med utgangspunkt i Richard Hays’ artikkel i Green 1995: 222-238, fire ”arbeidskriterier” på kva tekstar frå Markions NT (både strokne og ikkje) som eg drøfta i mi avhandling. Det var tekstar som inneheldt: a. Direkte sitat frå GT; b. oppsummering av historie og lære frå GT; c. Typologi, dvs. interkanonisk oppattaking av (ein sekvens med) hendingar; d. allusjonar, lingvistiske ekko og intertekstualitet, dvs. det fenomen at NT-lege tekstar er vevd saman med eit større nettverk av tekstar, fyrst og fremst frå GT. For meir informasjon om bruken av GT i NT, er særleg Longenecker 1975 å anbefale.

[28] Andre passasjar i Markions NT som er verd å nemne: Luk 9:30 vart av Markion forstått slik at den Gode gud formanar menneske til å høyre Sonen, Jesus, men ikkje Moses og Elias. (Markion hadde sannsynlegvis endra ”tala” til ”stod.” i sin tekst.) Ef 2:20 er endra av Markion. Han har stryke ”og profetane”, med andre ord er efesarane ikkje bygde opp på profetane sin grunnvoll.

[29] Sjå Adv Haer IV,34: “Now I shall simply say, in opposition to all the heretics, and principally against the followers of Marcion, and against those who are like to these, in maintaining that the prophets were from another God(…)”

[30] Ein kan nemne Luk 4:27, som omtalar profeten Elisja, og som var å finne i Markions NT. Markion forstod her Elisja mest som ein antitese til Kristus. Luk 6:23 og 26, samt 11:47, er tekstar som talar om at jødefolket drap sine profetar. Desse tekstane er kompatible med Markions forståing av profetane i GT. Markions motiv for å beholde dei, er sannsynlegvis fyrst og fremst å peike på at jødefolket er klanderverdige. I same retning dreg 1 Tess 2:15, som også var bevart hjå Markion, der Paulus kritiserer jødane av di det var dei som drap Herren Jesus og profetane. Luk 7:16 var med i Markions NT. Her vert det fortalt om at folket er begeistra over Jesus: ”Ein stor profet er reist opp mellom oss, og Gud har gjesta folket sitt.” Markion meinte sannsynlegvis at Jesus her medvite unnlot å korrigere folket. Luk 16:16 var elles eit sentralt vers for Markion. Markion tolka verset inn i si lære om dei to gudar; ved Jesu kome fekk lova og profetane ein ende, og no vert kristendomen forkynt, dvs. Jesus – og den til no framande gud. Merk elles at nokre tekstar har vorte ståande i Markions NT, som tilsynelatande går mot hans grunnleggjande posisjon, dette gjeld 1 Kor 5:7 (Kristus er vårt påskelam) og Luk 7:27 (Johannes er føresagd i Mal 3:1). Kvifor lot Markion desse tekstane stå? Her finst fleire moglege ”svaralternativ”. Ein kan rette fokus mot at Markion kanskje ikkje ville lage eit ”læresystem”, og at han difor ikkje var konsekvent i sine strykingar. Ein kan også tenke seg at han har omtolka desse versa på ein måte som vi no ikkje lenger kjenner til. Men ein bør ikkje utelukke at Markion har hatt ei oppfatning om at delar av GT faktisk var inspirert av Jesu far. Dette var ikkje eit uvanleg standpunkt hjå samtidige gnostikarar. Jfr. t. d. Adv Haer IV,35. Sjå meir om dette Jørgensen 2008: 76-78.

[31] Adv Marc IV,34. Den fylgjande framstillinga av Markions tolking er også henta frå dette kapittelet.

[32] Jfr. særleg  Adv Marc III,24. Det er elles Markions oppfatning at den Gode gud ikkje kan døme – han er utelukkande god (Adv Marc I,24), utan dei varierande kjenslene som Skaparen har (Adv Marc I,25). Likevel blir ikkje alle frelst, etter Markions meining. Dei som ikkje har teke til seg den sanne læra om den Gode gud og Skaparen (Adv Haer I,27) vert overgjeve til Skaparen sin eld. (Adv Marc I,27-28.)  For ei grundigare drøfting av Markions eskjatologi, sjå Harnack 1985:137-143.

[33] Jfr. Harnack 1985:113.

[34] Ein kan elles nemne at Luk 23:34b, som siterer Sal 22:19, også sannsynlegvis var teke bort. Luk 24:26-27, der Jesus legg ut frå alle Skriftene om seg sjølv, mangla sannsynlegvis, like eins 24:44-46, som har same temaet. 24:25 er endra; Jesus bebreider ikkje lenger læresveinane for at dei er seine til å tru det profetane har sagt, men for at dei er seine til å tru det han har sagt. Rom 1:2 – der Paulus seier at evangeliet er føresagd ved profetane – mangla sannsynlegvis frå Markions tekst.

[35] Adv Marc III,1-2.

[36] Markion tok bort nær sagt alt av dei fire fyrste kapitla i sitt Evaggelion. Tertullian peikar eksplisitt på Markions kristologi som motiv, i de Carne 1-3: ”After such a fashion as this, I suppose you have had, O Marcion, the hardihood of blotting out the original records (of the history) of Christ, that His flesh may lose the proofs of its reality.” Markions negative syn på kropp og materie førte til ein doketisk kristologi, fortel Tertullian i Adv Marc III,8. Difor kunne Kristus heller ikkje bli fødd, Adv Marc III,11. (Sjå elles drøfting av forholdet mellom kristologi og redaksjon av evangeliet, i Head 1993. ) At Markion hadde eit syn på materien som vond, kjem også fram i Adv Marc 1,15 og Strom III,3. Men Markions syn på materien er ikkje heilt enkelt å forstå eller framstille. Sjå Aland 1973:427-429. Harnack (1985:124.

[37] Jfr. strykinga av Ef 6:2b og strykinga av ”evig” i Luk 10:25.

[38] Sjå t. d. Adv Marc IV,6: “Marcion has laid down the position, that Christ who in the days of Tiberius was, by a previously unknown god, revealed for the salvation of all nations , is a different being from Him who was ordained by God the Creator for the restoration of the Jewish state, and who is yet to come.”

[39] Interesserte kan sjå vidare drøfting av problematikken m. a. i Räsäinen 2001, Tyson 2005 og Wilson 1995:207-222.

[40] Tertullian påpeikar i Adv Marc III,5 at Markion ikkje er konsekvent på dette punktet i og med at han godtek  dei tilfella av allegorese og symbolsk forståing som er å finne hjå Paulus (1 Kor 9:9; 1 Kor 10:4; Gal 4:22-26; Ef 5:31.)

[41] Sjå t. d. Adv Marc III,13: ”You are equally led away by the sound of names, when you so understand the riches of Damascus, and the spoils of Samaria, and the king of Assyria, as if they portended that the Creator’s Christ was a warrior(…)” Sjå også kap. 14, der Markions standpunkt er at Skaparen sin Kristus må vere ein krigar, ut frå Markions bokstavelege forståing av krigs- og våpenreferansar i GT. Det er elles fleire klare utsegner i Adv Marc III på at Markion har forstått profetiane om Kristus i GT heilt bokstaveleg. Sjå t. d. kap. 19: ”Come now, when you read in the words of David, how ’the Lord reigneth from the tree,’ I want to know what you understand by it. Perhaps you think some wooden king of the Jews is meant!” Origenes stadfester denne typen bokstavelege lesing hjå markionittane, i De Princ V,2: ”Now, such are their opinions, because they know not how to understand anything beyond the letter; otherwise they would show how it is literal justice for sins to be visited upon the heads of children to the third and fourth generation, and on children’s children after them.  By us, however, such things are not understood literally…” Jfr. Harnack 1985:66.

[42] Adv Marc III,5.

[43] Skarsaune 2001:266.

[44] Jfr. Adv Marc III,7.

[45] Skarsaune 2001:267. Jfr. Harnack 1997: I/175-180.

[46] Adv Marc V,3-4.

[47] Luk 20:37-38 vart stroke. Her omtalar Jesus Gud som ”Abrahams Gud”. Gal 3:6-9 var stroke. Passasjen dreier seg om at Abraham vart rettferdiggjort, liksom også alle hans born. Løftet til Abraham gjeld heidningane. Gal 3:14 var forkorta av Markion – referansen til Abrahams velsigning til folkeslaga var borte. Gal 3:15-25 var stroke av Markion. Passasjen handlar om at Guds lovnader til Abraham ikkje vert gjort ugyldig av lova. Gal 3:26-29 mangla sannsynlegvis, i alle fall ”…då er de Abrahams ætt og arvingar…” frå v. 29. Rom 3:31-5,1, altså heile kap. 4, var stroke av Markion. Her er temaet Abraham og hans tru. Elles: Gal 4:22b-26, som nemner Abraham, var med i Markions tekst, men i ein endra versjon. Det er ikkje heilt opplagt korleis Markion forstod denne passasjen. Det kan også nemnast at Jesus i Luk 13:16, i Markions tekst, omtalar ei kvinne som ”Abrahams dotter.” Men i 19:9 var kanskje omtalen av Sakkeus som ”Abrahams son” stroke; Markion meinte sannsynlegvis at Sakkeus var ein heidning. Utanom desse stadene, er det éin stad i Markions tekst der Abraham vert nemnt, nemleg likninga i Luk 16. Men denne vart tolka på ein særskild måte av Markion, jfr. Jørgensen 2008:30-31.

[48] At Markion har hatt eit relativt positivt syn på morallova, skulle i alle fall vere klart nok, jfr. t. d. det faktum at han tek vare på Rom 7:12 i sitt NT. Markion var også overtydd om at det å halde Skaparen sine lover, hadde i seg løfte for dette livet, jfr. Markions forståing av Luk 10:27-28; her dreier det seg om å vinne eit langt og godt liv her på jorda. Barbara Aland og Adolf von Harnack er usamde om Markions syn på lova. Aland 1973:427 seier, i tilknyting til Harnacks (etter hennar oppfatning) noko feilaktige forståing av Markions på dette punktet: “…darin liegt m. E. der stärkste Einwand gegen seine Marcion-Interpretation.”

[49] Dei som er interesserte i ei slik breiare drøfting, kan særleg sjå Harnack 1985:106-111, samt Aland 1973 og Aland 2002.

[50] T. d. Luk 5:14 (Jesus byd den lækte spedalske å vise seg for presten etc. Ikkje av di han vil at lova skal bli halde, men av godleik, av di han visste at dette var vanleg framgangsmåte for slike menneske.) og Luk 18:18-23 (Møtet mellom Jesus og rådsmannen. Her vert ein del av dei ti boda sitert. Kanskje meinte Markion at Jesus annullerte dei nemnte boda og heller gav eit nytt bod; at mannen skulle selje alt han eigde og gje det til dei fattige.)

[51] Harnack 1985:288*-289*. Sjå Dial II,19-20. Også hjå Efream Syraren kjem dette klart fram (Mitchell 1921:60-62.)

[52] Moselova vert gjerne karakterisert som villeiande, eit middel for å halde menneske i fangenskap, og førande til øydeleggjing og død. Sjå ref. i Wilson 1995:199.

[53] Dei som er interessert i meir om dette, kan sjå Stuhlmacher 1997/1999, særleg I/96-107 og I/253-268.

[54] Slik kunne t. d. Haraldsø 1997:27 leie oss til å tenke: ”Konsekvensen av dette [d. e. Markions grunnleggjande oppfatningar] var at all judaisme måtte fjernes fra de nytestamentlige skriftene ved en kritisk gjennomgang.”

[55] Dette gjeld t. d. fylgjande vers i 1 Kor: 1:19 (Jes 29:14), 1:31 (Jer 9:23-24), 2:16 (Jes 40:13), 3:19 (Job 5:13), 3:20 (Sal 94:11), 6:16 (1 Mos 2:24),  14:34 (1 Mos 3:16), 15:25 (Sal 110:1), 15:32 (Jes 22:13),  15:54 (Jes 25:8), 15:55 (Hos 13:8).

[56] Adv Haer IV,35; Adv Haer 1,23,3.

[57] Greidanus 1999:18-22. Bright 1967:62-79.

[58] Jfr. tittelen på Jostein Ådnas framifrå artikkel i Ung Teologi 4/95, s. 53-68.

[59] Harnack 1985:93.

[60] Adv Marc I,2.

[61] Det er interessant å registrere at Markion fleire stader i NT har tolka “verda” som “Skaparen”. Dette gjeld forutan 2 Kor 3:14 også Luk 20:34 (Adv Marc IV,33) Verset vert her for Markion eit argument mot ekteskap, i tillegg til eit argument for at dei som tilhøyrer Skaparen ikkje er verdige til den komande verda. Gal 2:20 (Adv Marc V,4) I fylgje Markion seier Paulus her at Skaparen er krossfesta for han. 1 Kor 1:21 (Adv Marc V,5) Her får Markion omtolka teksten til å seie at Skaparen ikkje kjende den Sanne Gud. 1 Kor 4:9 (Adv Marc V,7) Markion meiner apostlane har vorte til narr og skodespel for Skaparen. Ef 2:1-2 (Adv Marc V,17) Skaparen vert her – av Markion – plassert i den rolla som Paulus gjev til Satan. (Dette skjer også i 2 Kor 4:4, der ”guden i denne verda” i fylgje Markion siktar til Skaparen, og teksten såleis impliserer at det finst ein høgare gud. Jfr. Adv Marc V,11 og V,17, samt Adv Haer III,7.)

[62] F. C. Burkitt, sitert i Blackman 1948:119. 

[63] Jfr. Cullmann 1967:24-28. Her opponerer Cullmann særleg mot Bultmann si forståing av den fyrste kristendom. Bultmanns historieforståing kan i fylgje Cullmann faktisk seiast å vere parallell til Markion og gnostikarane si historieforståing.

[64] Dette gjev seg til dømes utslag i deira sterke vekt på frelseshistoria – frå skaping til forløysing og vidare til den kristne kyrkja – i ei av dei fyrste kristne katekismene Jfr. Ireneus’ ”Bevis for den apostoliske forkynnelse” 11-42a. Jfr. Skarsaunes artikkel ”Den første kristne katekisme” i Skarsaune 2001:237-252. Sjå elles drøfting av forståinga av frelseshistoria i NT i Cullmann 1967:186-289.

[65] I det fylgjande byggjer eg mykje på Bright 1967:126-160. 

[66] Bright 1967:148.

[67] I dette ligg det eit generelt poeng: GT i forkynninga er eit effektivt vern mot misforståing og perversjon av evangeliet. Sentralt teologisk tankegods i NT har røter i teologi i GT, jamvel om det ofte skjer nytolking. Men der røtene blir kappa av og NT står isolert, vil raskt forskjellig filosofisk tankegods kome inn og fylle NT-teologien med innhald.

[68] Bright 1967:205-212.

[69] Bright 1967:206.

[70] Bright 1967:207-208.

[71] Sjå min artikkel om temaet Kristus i GT.

[72] Childs 1992:371-375.

[73] Som eg var inne på ovanfor, hadde Markion eit negativt syn på materien og alt det skapte. Skaparen var GT-demiurgen, NT-guden sitt mål var å fri menneske frå Skaparen og skaparverket. Markions doketiske kristologi var heilt i tråd med dette. Men sjølvsagt får Markion store problem med ein del NT-tekstar. Til dømes ser vi at Tertullian i Adv Marc IV,29 kan kritisere Markion for Jesu formaningar i Luk 12:22-34. Her talar nemleg Jesus om at Gud kler liljene på marka, noko som eigentleg er uakseptabelt for Markion. Men også Jesu mange lækjingar er eit tydeleg vitnesbyrd om at nyskaping og frelse heng tett saman hjå Jesus. Desse representerer dermed ein kritikk av Markion anti-materialistiske standpunkt.

Stikkord: , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: