Luther og Moselova

Forvirring omkring forholdet til Moselova

4. februar 2005 var professor i filosofi, Nils Gilje (NG), på besøk i talkshow-programmet ”Først og sist”. Vi vil i det fylgjande attgje ein del av den dialogen som vart ført mellom han og programleiar Fredrik Skavlan (FS)[1]:

 

FS: Ja, i forbindelse med bispeutvelgelsen i Oslo, så er…så blusser igjen denne striden mellom de liberale og de Bibeltro opp igjen (…) hvorfor blir det sånn hver gang?

 

NG: Jeg tror det har noe å gjøre med at dette er en tradisjon der vi har hatt Bibeltro på den ene siden, vi har hatt meir liberale på den andre siden (…) Og det har noe å gjøre med, trur jeg, at den ene, den ene fløyen her, i større grad kanskje knytter an til det Gamle Testamente – til en mer mosaisk oppfatning av lov og rett, mens den andre gruppen har en mer liberal oppfatning og kanskje knytter an til for eksempel Bergprekenen, i det Nye testamente (…)

 

FS: Ja, hva tenker du på; kan du eksemplifisere?

 

NG: Ja, jeg skal ta et eksempel: I det Gamle Testamente så står det for eksempel at kvinner som har født, altså den nye barnemoren, er uren. (…) Og dette er naturligvis en del av den mosaiske loven. Men, du skal leite ganske lenge, tror jeg, i dag etter å finne noen Bibeltro som på en måte vil bruke…vil gjøre politikk ut av dette. Sant; Prestegård vil neppe snakke om disse tingene…altså, Høybråten vil aldri ta det opp til…til diskusjon, selv om dette òg naturligvis er en del av Bibelen, og noe som en kunne sitere hvis…hvis en fant det…fant det opportunt. Men det gjør en ikke. (…)

 

FS: (Smiler) Det kommer nok noen brev med løkkeskrift som jeg skal videresende til deg.

 

NG: (Smiler) Vi har allerede fått noen.

 

Professor Nils Gilje definerer striden mellom sk. Bibeltru og liberale i kyrkja, ut frå korleis desse to grupperingane stiller seg til GT og Moselova. Det bør vere eit memento at ein professor i filosofi kan uttale seg på den måten som han gjer her; det er sannsynlegvis eit teikn på at den allmenne kunnskapen omkring spørsmålet om kristne sitt forhold til Moselova, ikkje er særleg høg. Kanskje er heller ikkje kunnskapen hjå truande sysken særleg stor på dette området.

 

I det fylgjande vil vi difor gå til vår reformatoriske kyrkjefader, Martin Luther[2], og sjå om han kan hjelpe oss med å få eit avklart bilete av korleis vi som kristne skal tenke om Moselova. Vi vil fyrst seie nokre ord om den historiske ”settinga”: Kva var det som fekk Luther til å skrive om den kristne sitt forhold til Moselova, og i kva skrifter tek han opp dette temaet? Vidare vil vi seie noko om korleis Luther resonnerer, kva Bibeltekstar han nyttar, og kva konsekvensar han trekkjer. Til sist vil vi kort freiste å trekke opp nokre kyrkjehistoriske liner; er Luther eineståande i måten han resonnerer på med omsyn til Moselova?

                

Litt kort om bakgrunn for Luthers resonnement ang. Moselova

Spørsmålet om korleis vi som kristne skal forholde oss til Moselova, er om lag like gamalt som den kristne kyrkja sjølv[3]. Det som gjorde at Luther var nøydd til å ta opp kva forhold kristne skal ha til Moselova, var sjølvsagt forvirringa som eksisterte i hans samtid omkring dette spørsmålet. Bakgrunnen for denne forvirringa, var mangfaldig. Såleis er det ikkje rart at dette er eit spørsmål som også Luther støytte på og arbeidde mykje med. Spørsmålet vert mange gonger teke opp i hans skrifter, særleg frå ca. 1524 og utover. I det fylgjande vil vi nemne ein del døme:

 

I ”Om pavedømet i Rom”[4] frå 1520 er temaet polemikk mot Pavekyrkja. Luther tek opp spørsmålet om forholdet til Moselova i samband med påstanden om at paven har sin ”mønsterfigur” i øvstepresten Aron. I ”Mot dei himmelske profetar”[5] frå 1525 tek Luther opp spørsmålet ganske grundig, men her er det ikkje pavekyrkja som er ”motstandar”, men derimot (den litt for ivrige) medreformator Andreas von Karlstadt. Det Luther reagerte mot i hans tilfelle, var ynsket om å rive ned helgenbilete o. l. på bakgrunn av biletforbodet i 2. Mos. 20:4 m. fl. stader.

 

I 1525 vart også det smått legendariske skriftet ”Korleis kristne skal døme om Moses[6]” skrive. Dette skriftet gjev ei god oppsummering av Luther sitt syn på Moselova. Skriftet er eigentleg nummer 29 i ei rekke på 77 preiker over 2. Mosebok 20, om dei ti boda. Bakgrunnen for skriftet var (til dels) at det i den tyske landsdelen Saksen vart arbeidd for å byte ut dei kongelege lovene med mosaisk lovgjeving.[7]

 

I skriftet ”Mot sabbatarianarane”[8] frå 1538, er det atter andre som gjev motstand, nemleg ei rørsle som ynskjer å påverke kristne til å halde sabbaten. Luther er overtydd om at det er jødar som står bak[9], og skriftet vert difor i stor grad retta mot desse.  I ”Om konsila og kyrkja” frå 1539 er det om att pavekyrkja som vert irettesett. Dette skriftet representerer Luthers ”endelege dom over middelalderkyrkja”[10], og temaet er altså kyrkja: Korleis kan ho reformerast, kva er kjenneteikna hennar, og kva innebar apostelmøtet og dei fire fyrste økumeniske kyrkjemøta? Luther kjem inn på kristne sitt forhold til Moselova i samband med spørsmålet om når i kalenderåret ein skal feire påske[11].

 

Desse skrifta som vi her har nemnt, vil vere hovudkjeldene våre i det fylgjande, sjølv om vi også kjem til å trekkje inn andre kjelder. Vår vesle presentasjon har synt at spørsmålet om kristne sitt forhold til Moselova slett ikkje var eit detaljspørsmål, men derimot eit sentralt tema, der Luther opponerte mot fleire ulike grupperingar. Desto meir spennande blir det difor når vi i det fylgjande vil sjå på substansen i Luthers tenking om dette.

 

Moselova er gjeve til jødane åleine

Gong på gong understrekar Luther at Moselova er gjeven til jødane åleine og ikkje til oss som er kristne i dag: ”[Moselova] er ikkje lenger bindande for oss av di ho vart gjeven til Israelsfolket åleine…Vi må difor stoppe munnen på desse splittande åndene som seier ’slik seier Moses’ osb. Her svarar du ganske enkelt: Moses har ingen ting å gjere med oss. Dersom eg ville akseptere Moses i eitt bod, då måtte eg akseptere heile Moses…Moses er død. Hans styre fekk ein ende då Jesus kom. Han har ikkje lenger noko teneste.[12]

           

For å klargjere det standpunkt at Moselova kun er gjeven til og for jødane, kallar Luther Moselova for ”der judischer Sachsenspiegel”. ”Der Sachsenspiegel” var ei tysk lovbok frå 1200-talet med lover ang. sosiale og økonomiske forhold[13]. Luther sitt poeng er at liksom tyskarane har sin Sachsenspiegel, hadde jødane også sin ”Sachsenspiegel”, nemleg Moselova. Vi som ikkje er jødar, kan difor sjå på Moselova som ein landslov på lik linje med t. d. Gulatingslova. Like lite som Gulatingslova er bindande for ein jøde, er Moselova bindande for oss som ikkje er jødar.[14]

 

Det sentrale er altså å leggje merke til kven ordet er tala til. Han åtvarer mot dei som stadig ropar ”Guds ord, Guds ord”, og held fram: ”Men kjære ven, spørsmålet er om det vart sagt til deg eller ikkje. Gud talar verkeleg til englar, tre, fisk, fuglar, dyr og heile skapningen, men dette er likevel ikkje retta mot meg. Eg bør vere merksam på det som er retta til meg, det som er sagt til meg, der Gud formanar, driv eller krev noko av meg.”[15]

 

I motsetning til ”Sachsenspiegel”, som kan seiast å vere ei reint ”menneskeleg” lov, er Moselova likevel gjeve av Gud, og skal kallast Guds Ord[16]. Luther gjev likevel mange grunnar for at Moselova ikkje skal påførast oss som i dag er kristne. I det fylgjande vil vi trekkje fram nokre av desse grunnane.

 

Luthers GT-lege og NT-lege argumentasjon med omsyn til Moselova si avskaffing

Når det gjeld GT, er det fyrste Luther gjer merksam på, innleiinga til dekalogen, dei ti boda. Her vert det sagt: ”Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egypt, or trælehuset.” Men vi, seier Luther, har aldri blitt ført ut av Egypt, men berre jødane.[17] Like eins peikar Luther på at mange heidningar i GT kunne kome til tru på Israels Gud utan å måtte omskjerast eller halde lova[18]. Luther nemner t. d. Farao og hans hoff på Josefs tid, profeten Jona, kong Nebukadnesar, kong Kyros i Persia, Job, kong Hiram og mange fleire. Vidare vert det vist til Jer. 31: 31-32, og Luther legg vekt på at desse versa talar om ei ny pakt, og dette impliserer ei forkasting av den gamle, d. e. Moselova. (Vi kjem elles attende til meir av den GT-lege argumentasjonen i neste avsnitt.)

 

Når vi kjem til NT, er det særleg apostelmøtet i Apg. 15 som er i sentrum for Luthers argumentasjon. Naturleg nok er det spesielt i skriftet ”Om konsila og kyrkja” at apostelmøtet får brei dekning.[19] Luther parafraserer Apg. 15, og hans argumentasjon går som fylgjer: Hovudsaka i apostelmøtet var ikkje mindre enn å hindre at gjerningar vart gjort nødvendige til frelse. Farisearane hadde ikkje forstått at den som ville halde litt av lova, også måtte halde heile (Luther viser til Gal. 5:3). Dersom farisearane fekk gjennom sitt ynske om at dei nye kristne også måtte halde bli omskorne og Moselova for å kallast rette kristne, då ville nådeordet bli annullert, og med det også Jesus og Den Heilage Ande. Med utg. pkt. i v. 10-11[20] og Joh. 7:19 går Luther også vidare og slår fast at også fedrane var fortapte syndarar som ikkje heldt lova, og dermed vart dei også frelste ved nåden åleine, utan gjerningar. Heidningen Kornelius og hans hus fekk frelse ved Peters forkynning, og den Heilage Ande vart gjeven som teikn på denne frelsa, og dét utan at dei hadde halde Moselova. Difor er det eit uttrykk for å freiste Gud dersom ein no vil seie at det å halde Moselova er naudsynt til frelse.

 

Slik oppsummerer og til dels tolkar altså Luther apostelmøtet i Apg. 15. Men korleis tenker så Luther om dei fire ”tillegga” som Jakob seier at heidningane skal halde?[21] Luther spør fyrst retorisk: ”Motseier Den Heilage Ande seg sjølv?” Det er nemleg ikkje mogleg å sameine å pdes. måtte halde noko av Moselova og pdas. ikkje trenge å halde noko av Moselova. Årsaka til dette er Gal. 5:3 som slår fast at dersom ein meiner å måtte halde noko av lova, må ein også halde heile. Reint umiddelbart seier Luther at ”dersom vi ikkje kan sameine dei (d. e. heile lova og inga lov), då må vi avvise St. Jakob med hans artikkel og halde fast på St. Peter med hans hovudartikkel…for utan St. Peters artikkel kan ingen oppnå frelse.[22]

 

Men Luther har sjølvsagt meir å seie; han meiner ikkje at Peter og Jakob motseier kvarandre. I staden ser han det slik at dei fire tillegga som Jakob legg til, ikkje er å sjå på som evige lover (jamvel om forbodet ang. hor ikkje er oppheva). I staden var det ”naudsynte” tillegg som vart lagt på heidningane for skuld jødane. Hovudsiktemålet med tillegga var såleis å ikkje fornærme dei som var ”jødar av fødsel” (Gal. 2:15), med det til fylgje at jødane kunne få del i trua og verta frelste. Luther konkluderer då slik: ”Så desse to artiklane, Peters og Jakobs, motseier kvarandre – og likevel gjer dei ikkje det. Peters omhandlar tru, Jakobs kjærleik.[23]

 

Dei ti boda og den naturlege lova

Vi har ovanfor sett at Luther i utgangspunktet reknar Moselova som oppheva og ikkje bindande for den kristne. Men skjønar at folk kjem til å spørje: ”Du meiner vel ikkje her at det fyrste bod har vorte avskaffa, for når alt kjem til alt bør, så bør ein ha ein Gud? Vidare bør ein ikkje drive hor, drepe, stele?[24] Fylgjande sitat er ei god oppsummering av svaret som Luther gjev: ”Vi vil akte på Moses som ein lærar, men ikkje som vår lovgjevar – dersom han då ikkje samsvarer med både det nye testamente og den naturlege lova.[25] Luther kan også seie det på denne måten: ”Der den mosaiske lova og den naturlege lova er eitt, der vert lova verande og vert ikkje avskaffa i det ytre, men berre andeleg ved trua, som ikkje er noko anna enn oppfyllinga av lova (Rom. 3 [:31]).[26]

 

Luther reknar altså med at mange av lovene hjå Moses samsvarer med den naturlege lova, og det i Moselova som samsvarer med sistnemnde, er ikkje avskaffa. Det lovstoffet som er ”eitt” (jfr. sitatet ovanfor) er likevel ikkje gyldig av di det står i Moselova, men eine og åleine av di det samsvarer med den naturlege lova.

 

Det er særleg dei ti boda som uttrykkjer det materielle i den naturlege lova. Fylgjande sitat er i så måte opplysande med omsyn til Luthers tankar omkring dette: ”(…) Dei ti boda var spreidde over heile verda ikkje berre før Moses, men til og med før Abraham og alle patriarkane. For sjølv om Moses ikkje ein gong hadde stått fram og Abraham ikkje hadde vorte fødd, så ville dei ti boda hatt sitt styre i alle menneske heilt frå byrjinga, slik som dei også gjorde og enno gjer.[27]

 

Såleis peikar Luther fleire gonger, med tilvising til m. a. Rom. 1:20 og 2:14-15 på at også heidningane kallar på sine gudar, dømer steling, hor, løgn, mord osb.[28] Luther oppsummerer innhaldet i den naturlege lova slik: ”Såleis er ’du skal ikkje drepe, drive hor, stele, osb.’ ikkje berre mosaiske lover, men også den naturlege lova som er skrive i kvart menneskehjarte, slik Paulus lærer (Rom. 2 [:15]). Også Kristus sjølv (Matt. 7 [:12]) inkluderer heile lova og profetane i denne naturlege lova, ’så alt du vil at menneske skal gjere mot deg, gjer det same mot dei, for dette er lova og profetane.’ Paulus gjer det same i Rom. 13:9, der han oppsummerer alle Mose bod i kjærleiken, som også den naturlege lova lærer i orda ’elska nesten din som deg sjølv.’[29]

 

Dei ti boda i Moselova: Berre moralsk lovgjeving?

I avsnittet ovanfor såg vi at Luther samanstiller dei ti boda med den naturlege lova som Gud har ”implantert” i menneskehjarta. Men meiner så Luther at ein ukritisk kan identifisere dei ti boda i 2. Mos. 20 og 5. Mos. 5 med den naturlege lova, med det til fylgje at også fyrstnemnde er bindande for oss kristne? Og i forlenginga av dette spørsmålet, dukkar også eit nytt opp: Inneheld dekalogen berre moralsk – og ikkje seremoniell eller sivil – lovgjeving[30]?

 

I ”Mot dei himmelske profetar” (1525) vart dette presserande spørsmål sidan Andreas von Karlstadt viste til biletforbodet i 2. Mos. 20: 4-5a. til forsvar for hans øydeleggjing av helgenbilete og krusifiks. Luther imøtegår Karlstadt sin skriftbruk. Dersom ein seier at dekalogen ikkje inneheld seremoniell eller sivil lovgjeving, gjer ein ikkje rett mot dei ti boda sjølv, meiner Luther[31]. For ”ut av dei Ti Boda strøymer og avhenger alle dei andre boda og heile Moses”. Problemet er altså at dei ti boda har vorte ”tilpassa” det jødiske folket på ein slik måte at ein ikkje på ein ”naiv” og liketil måte kan rekne dei som bindande for den kristne i dag. I ”Mot sabbatarianarane” (1538) utfaldar Luther ein del interessante tankar omkring akkurat dette. Dei kan oppsummerast i fylgjande passasje: ”Når Moses vil setje opp ei spesiell lov og nasjon ulik alle andre, som han har fått bod om å gjere, introduserer han fyrst Gud sjølv; han er den universelle Gud for alle nasjonane, som gjev dei ti boda – som før dette, ved skapinga, hadde vore prega i hjarto åt alle menneske – til dette folket spesielt, også munnleg. I si tid tilpassa Moses fint desse [d. e. dei ti boda] med sine lover på ein betre måte enn nokon andre. Men omskjeringa og Moselova vart ikkje prega i hjarto åt menneska; dei vart fyrst pålagde av Abraham og Moses på deira folk.[32]

 

Luther går vidare og peikar på ein del av dei stadene der det er tydeleg at det har skjedd ”tilpassingar”. Og han viser at dei ti boda på det næraste heng saman med jødisk seremoniell og sivil lovgjeving:

 

Vi har allereie nemnt den ”frelseshistorisk innleiinga” til dekalogen. Denne kan vi ikkje som kristne vedkjenne på same måten som ein jøde; då ville vi bli lygnarar. Men bodet gjeld like fullt for oss.[33] Det fyrste bodet er elles ein føresetnad for alle dei andre boda som gjeld tilbedingshandlingar og seremoniar. Det tredje bodet talar om sabbaten, men kristne treng ikkje å bry seg om kvile på den sjuande dagen, for dette er berre ei tilpassing som Moses gav til folket sitt. Sabbatsbodet og biletforbodet er tydeleg seremonielle bod, meiner Luther[34], og han siterer Kol. 2:16-17[35], Gal. 4:10-11[36], Jes. 66:23 og 1. Kor. 8:4[37] til stønad for dette. Men – som Luther seier – ”naturen viser og lærer også at ein no og då må kvile ein dag, slik at menneske og dyr kan få ny krefter. Denne naturlege fornuft (”natural reason”) erkjende også Moses i sin sabbatslov, for han plasserte sabbaten under mennesket, slik som også Kristus gjer (Matt. 12 [:1ff.] og Mark. 3 [:2ff.]. For der sabbaten vert halden for skuld kvila åleine, er det klart at han som ikkje treng kvile, får lov til å bryte sabbaten og kvile ein annan dag, slik som naturen tillét. Sabbaten skal også verte halden med det mål å forkynne og høyre Guds ord.”[38]

 

Sameleis gjeld dette det 4. bodet: Den fyrste delen bodet gjeld enno, for det samstemmer med den naturlege lova. Tillegget om at ein skal få bu lenge i Kaanans land, er derimot ei tilpassing for jødane. Boda om å ære foreldra, ikkje drepe, ikkje stele osb. er også på det næraste samanbundne med sivil lovgjeving, for dei vert halde i hevd ved at Gud samstundes har gjeve den juridiske lova og den ytre styremakta.

 

”Konklusjonen” på det heile blir at dei ti boda vert haldne og lærde av di”dei naturlege lovene aldri har vorte så ryddig og godt nedskrivne som hjå Moses[39]. Moses skal såleis av oss bli sett på som ein framifrå formidlar og tolkar av ”naturlova”. Men Sinaiopenberringa representerer ikkje noko kvalitativt ”nytt” for oss med omsyn til openberringa av Guds vilje; det som eventuelt er nytt, er i så fall ikkje bindande for oss, i og med at det er retta til Israel åleine.

 

Den naturlege lova og samvitet

Vi har sett at Luther legg vekt på at mennesket står ansvarleg overfor overfor den naturlege lova som er skrive i hjarta, og ikkje overfor Moselova – dersom ho då ikkje samstemmer med den naturlege lova. Med dette sagt, skal det også seiast at Luther er pessimistisk på menneskenaturen sine vegne med omsyn til ivaretakinga og etterlevinga av den naturlege lova. Vi lét Heinrich Bornkamm få forklare Luthers tankare nærare:

 

God had to impress [the natural law] on humanity once again through Moses since it had been largely forgotten. Luther here developed a view of history of the soul of humanity directly opposite to that of the Enlightenment. While for the Enlightenment (for Locke and Lessing) God’s revelations anticipated goals at which humanity would arrive by itself even if by longer roads, Luther saw human history not as natural progress, but as a progressive separation from purer beginnings. That was why God had to communicate once again with particular clarity his natural law through Moses.[40] Bornkamm viser her til “Den andre disputasjonen mot antinomarane” (1538), der Luther seier fylgjande: ”Då mennesket hadde nådd punktet der dei ikkje brydde seg om verken Gud eller menneske, vart Gud tvinga til å fornye desse lovene og skrive dei på tavler for augo våre…[41]

 

Såleis er den naturlege lova i hjarta i fylgje Luther ein heilt naudsynt føresetnad for at mennesket skal bli overtydd om sine eigne synder: ”For [djevelen] er klar over at Kristus lett kan bli teken bort [frå hjarta], men at lova er skrive djupt i hjarta og ikkje kan bli viska ut. Dette ser vi tydeleg i klagesalmane. For her er dei kjære heilage ikkje i stand til å bere Guds vreide. Dette er inkje anna enn lova si merkbare forkynning i samvitet åt hjarta.”[42]

 

Dersom ikkje den naturlege lova var innskriven i menneskehjarta, ville ein måtte ”lære og forkynne lova i ei lang tid før samvitet vart gripe. Hjarta må også finne og kjenne lova i seg sjølv. Eller ville det ikkje bli ei samvitssak for nokon. Men djevelen blendar og fyller hjarta, slik at dei ikkje alltid kjenner denne lova. Difor må ein forkynne lova og prege ho i menneskesinna heilt til Gud hjelper dei og opplyser dei slik at dei kan kjenne det som Ordet seier, i hjarto sine.[43]

 

Så kvifor bry seg om moselova når ho berre gjeld jødane?

Vi har ovanfor sett at Luther legg stor vekt på at Moselova prinsipielt sett berre er gjeve til og for jødane, jamvel om det er mykje i henne som samsvarer med den naturlege lova som alle menneske har i seg. Er det så nokon vits i å ta omsyn til Moselova i det heile teke?

 

Luther nemner fleire grunnar til at Mosebøkene er gode å forkynne frå jamvel om Moselova prinsipielt sett er gjeve til jødane åleine. Det er særleg i Skriftet ”Korleis kristne skal døme om Moses” at Luther går inn på dette. Han nemner tre grunnar for at vi ikkje skal ”setje Moses under benken.”[44]

 

For det fyrste meiner Luther at Moses gjev mange gode råd for korleis eit samfunn kan styrast: ”Eg ville til og med bli glad dersom fyrstane styrte i samsvar med Mose døme. Dersom eg var ein herskar, ville eg nytte Moses som ein modell for mine statuttar; ikkje slik å forstå at Moses skulle vere bindande for meg, men slik at eg kunne vere fri til å fylgje han i å styre slik som han gjorde.”[45] Så går Luther vidare og nemner ein del konkrete døme på kva han ville gjort bruk av i Moselova. T. d. ville han innført tienda som skattemål, slik at skattefordelinga kunne bli meir rettferdig. Like eins ville Luther også likt å innført ordning med jubelår, slik at eigedomar o. l. kunne verte verande ”i familien”.

 

Den neste tingen ein kan lære om i Mosebøkene, er løfta om Jesus: ”Eg les Moses av di slike vidunderlege og trøystande løfte er å finne der, løfte som kan styrke mi veike tru.[46] Luther poengterer at løfta ikkje er bod, for boda er ikkje gjevne til oss – det er derimot løfta. Luther nemner så ein del av desse løfta: 1. Mos. 3:15, om kvinna si ætt som skal knuse hovudet åt slangen, 1. Mos. 22:18 om løftet til Abraham og 5. Mos. 18: 15-16 om profeten som skal verte reist opp mellom brørne i Israel.

 

Den tredje og siste saka som vi kan lære i og av Moses, er ”dei vakre døma på tru, kjærleik, og kross, som vist hjå fedrane, Adam, Abel, Noah… Av desse kan vi lære å stole på Gud og elske Han. Vidare er det også døme på gudlause, korleis Gud ikkje unnskylder vantrua hjå dei som ikkje trur; korleis han kan straffe Kain, Ismael, Esau…[47]

 

Kjelder

Luther’s Works i 55 bind

 

Litteratur

Bornkamm, Heinrich: Luther and the Old Testament, Sigler Press, Mifflintown PA (1997)

Hillerbrand, Hans J. (red.): The Oxford Encyclopedia of the Reformation, New York/Oxford: Oxford University Press (1996)

Lohse, Bernhard: Martin Luther’s theology. Its Historical and Systematic Development, Minneapolis, Fortress Press (1999)

Melanchton, Philip: Loci (1521), København, O. Lohses forlag (1953)

Mæland, Jens Olav (Red.): Konkordieboken, Lunde Forlag, Oslo (1985)

 

 

 


[1] Interesserte kan finne programmet på www.nrk.no (Sitert 12. april, 2005)

[2] Vi nyttar utgåva ”Luther’s Works” i 55 bind i tilvisingar, dersom ikkje anna vert presisert. Denne utgåva er ei omsetjing til engelsk. Vi omset sitat og titlar til norsk.

[3] Spørsmålet vart presserande å ta opp allereie tidleg i den kristne kyrkja, les vi i Apg. 15. Jfr. også Galatarbrevet, som har som hovudtema: ”Treng heidningekristne å omskjerast; må dei bli jødar for å bli frelste?”.

[4] Org.: ”Von dem Bapstum zu Rome”, LW 39: 49-105

[5] Org.: ”Wider die himmlischen Propheten, von den Bilden und Sakrament”. LW 40: 73-225.

[6] Org.: ”Eyn Unterrichtung wie sich die Christen ynn Mosen sollen schicken”, LW 35:157-174.

[7] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35: 158

[8] Org.: “Ein Brieff D. Mart. Luther Wider die Sabbather An einen guten Freund”. LW 47: 59-96

[9] Det er, historisk sett, usikkert om dette er tilfelle, då vi veit relativt lite om rørsla. Like gjerne kan vel rørsla ha bestått av kristne som las GT bokstaveleg. Jfr. LW 47: 60-63

[10] ”Om konsila og kyrkja” (1539), LW 41:5

[11] Ibid. s. 66ff.

[12] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35:164-165.

[13] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40:98

[14] Resonnementet rundt omgrepet ”Sachsenspiegel” vert teke opp fleire gonger, sjå t. d. LW 35: 167 og 40: 97f.

[15] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35: 171-172.

[16] Ibid. s. 161

[17] Ibid. s. 165

[18] ”Mot sabbatarianarane” (1538), LW 47: 85f.

[19] Resten av avsnittet er henta frå ”Om konsila og kyrkja” (1539), LW 41: 67-77

[20] Apg. 15:10-11: Kvifor vil de då freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje fedrane våre eller vi orka å bera? Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi vert frelste, vi liksom dei.

[21] Apg. 15: 20-21: Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod. For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.

[22] ”Om konsila og kyrkja” (1539), LW 41: 73

[23] Ibid. s. 77

[24] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40: 96

[25] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35: 165

[26] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40: 97

[27] ”Mot sabbatarianarane” (1538), LW 47: 89. Merk at omgrepet ”dei ti boda” her ikkje umiddelbart vert nytta om dei ti boda i Moselova. Dette forklarer Luther nærare på dei fylgjande sidene i skriftet. Vi kjem attende til dette i neste avsnitt.

[28] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35:168, ”Mot dei himmelske profetar” (1525) 40: 96 ff., ”Mot sabbatarianarane” (1538), LW 47: 89 m. fl.

[29] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40:97

[30] Skjelninga mellom seremoniell, sivil og moralsk lovgjeving i Moselova er mykje utbreidd i den lutherske kyrkja, ikkje minst av di Melanchton gjorde seg til talsmann for henne, jfr. Melanchtons ”Loci” (1521): s. 56: ”De guddommelige Love er dem, der er forordnet af Gud i de kanoniske Skrifter. Man har inddelt dem i tre Grupper: Morallove, Rettergangslove og Ceremonilove. Morallovene er dem, der er foreskrevet i de ti bud, og til disse skal den Studerende henføre alle de andre Moralbud, som er fremført i hele Skriften.” Men Melanchton er sjølvsagt samd med Luther i at sabbaten er oppheva. Sjå t. d. CA art. 28 om kyrkjemakta. (Mæland (1985): s. 55 og s. 57)

[31] Fylgjande avsnitt er henta frå ”Mot dei himmelske profetar” (1525),  LW 40: 93 ff.

[32] ”Mot Sabbatarianarane” (1538), LW 47: 90

[33] Ibid.

[34] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40:93.

[35] ”Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam.”

[36] ”De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år. Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.”

[37] ”Når det gjeld det å eta kjøt som har vore ofra til avgudane, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda; det er berre éin Gud og ingen annan.”

[38] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40: 98. Jfr. elles Luthers forklaring i den store katekisma: ”Etter sin utvortes ordlyd angår altså det tredje bud ikke oss kristne. For det gjelder en helt utvortes sak (…) Men ved Kristus er vi nå stillet fritt i alle slike ting. Vi holder helligdagen for det første av hensyn til vårt legemlige behov (…) at [vi] skal holde oss i ro en dag og komme til krefter. Men dernest – og framfor alt – at en på en slik hviledag kan få tid og anledning til å være med i gudstjenesten. Mæland (1985): s. 312. Det kan vere problematisk å få eit klart oversyn over Luthers argumentasjon ang. sabbaten i forhold til hans generelle syn på at Moselova er avskaffa.

[39] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40: 98. Jfr. til dette Bornkamm (1997): s. 132-133: ”The reason for this is not only the striking formulation and the inclusive arrangement, but above all [!] the inner logic which deduces all commandments from the First Commandment, something Luther pointed out untiringly.”

[40] Bornkamm (1997): s. 127-128

[41] WA 39 (1), 454:10

[42] ”Mot antinomarane” (1539), LW 47:110-111

[43] ”Mot dei himmelske profetar” (1525), LW 40:97. Det som Luther her seier, talar for så vidt også rett inn i debatten i norsk kyrkjeliv omkring korleis lova skal brukast i forkynninga. I den sk. antinomistiske strid (som gjekk over fleire år) kjempa Luther mot teologen Johs. Agricola, som meinte at lova ikkje skulle kallast Guds ord, og ikkje fokuserast på i omvendingsforkynninga. Luther var oppteken av at lova måtte forkynnast for at mennesket kunne innsjå si eiga synd. Såleis vert forkynninga av lova (d. e. lova sin 2. bruk, ”usus paedagogicus”, jfr. Gal. 3:24) eit så og seie ”naudsynt premiss” for forkynninga av evangeliet. Jfr. art. 20 i CA: ”(…) hiin kamp i den forskrekkede samvittighet (…)” Sjå elles Hillerbrand (1996): s. 51f. og Lohse (1999): s. 178-185.

[44] ”Unter den Banck stecken”, dvs. å gløyme el. neglisjere.

[45] ”Korleis kristne skal døme om Moses” (1525), LW 35: 166

[46] Ibid. s. 169

[47] Ibid. s. 173

Stikkord: , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: