Kva skal vi tenke om ”dypping” av brødet i vinen ved nattverden?

Innleiing

Såkalla ”intinksjon”, det vil seie dypping av brødet i vinen under mottaking av nattverden, har i dei seinare åra dukka opp som ein ny og svært populær skikk i norske kyrkjelydar. I denne vesle artikkelen skal vi sjå litt nærare på bakgrunn og motivasjon for denne skikken. I tillegg vil vi freiste å drøfte i kva grad intinksjon er kompatibelt med ei bibelsk forståing av nattverdens vesen og gjennomføring.    

 

Nokre perspektiv frå kyrkjehistoria

Vi kjenner til fleire kyrkjemøte, opp gjennom historia, som på generelt grunnlag har uttalt seg negativt til intinksjon. Det fyrste vi kjenner, er det fjerde konsilet i Braga, i 675. Her vart det sagt at: ”Praksisen med å utdele nattverden ved intinksjon har ingen autoritet i evangeliet, der han gav sine læresveinar sin lekam og sitt blod: Brødet vart gjeve for seg og kalken vart gjeve for seg.”[1] I det ellevte århundret dukka praksisen opp att, og ved  kyrkjemøte i Klermont (1095) og London (1175) vart avgjerda frå Braga stadfest. I det 12. århundret uttala Pave Pascal II seg også om intinksjon, og då med tilslutning til det vi har nemnt til no: Ein skal ikkje vike av frå det som Herren praktiserte og baud.[2] I fylgje ei luthersk forståing har ikkje Tradisjonen, konsil eller pave nokon avgjerande autoritet. Det er det berre Skrifta som har. Likevel bør desse avgjerdene som vi no har sett på – i og med at dei tek utg. punkt i Skrifta – vere eit memento for oss.   

 

Utviklinga i Noreg

Vi ser altså at praksisen med intinksjon har djupe røter i kyrkjehistoria. Men den vestlege kyrkja har – med unnatak av spesialtilfelle (sjuke, døyande) – ofte vore kritisk til denne type av utdeling. Austleg, ortodoks kristendom har hatt eit anna syn på dette, men det kan vi ikkje gå inn på her.

 

No vil gå over til norsk kontekst, og seie litt om korleis utviklinga har vore her. Det er nemleg som sagt slik at intinksjon som nattverdspraksis har hatt ein veldig oppsving dei siste ti åra, fyrst og fremst kanskje i statskyrkjelege samanhengar, men også i meir frikyrkjelege samanhengar. Kyrkjemøtet har gjort eit offisielt vedtak ang. intinksjon, og dette går ut på at den einskilde kyrkjelyd – dersom kyrkjelydsråd, prest og biskop godkjenner – kan gjere bruk av intinksjon som ordning ved nattverd.

 

Praktiske fordelar og ulemper ved intinksjon

Det er klart at den store veksten til intinksjonsordninga har visse årsaker. Praktisk sett kan ordninga seiast å vere ”enklare”; ein slepp bruk og vask av særkalkar. Kanskje går sjølve gjennomføringa av nattverden raskare. Og for dei som opplever at det å gå til (og evt. knele ved) nattverd representerer ein terskel, kan det vere ”lettare” å gå til nattverd ved intinksjon. I dei samanhengar der ein brukar felleskalk (og alle drikk av denne), vil det å bruke intinksjon moglegvis representere ein litt meir hygienisk praksis. Nokre vil kanskje også meine at nattverd ved intinksjon skaper mindre risiko for ”søl” av nattverdvin.

            På den andre sida att, kan det innvendast at nattverd ved intinksjon (der ein går på rekke) ofte kan føre til ”hektisk” mottaking av elementa. Ein får ikkje tid på seg, slik som når ein står/kneler ned i ein nattverdring. Men uansett: Det er ikkje praktiske omsyn som må få ha det tyngste ordet i denne saka, dét er det Guds Ord, nærare bestemt Jesu innstiftingsord, som må få. Dette vil vi seie noko meir om i neste avsnitt.

 

Kort om nattverden og Luthers forklaring av han

La oss fyrst kort minne om innstiftingsorda:

”Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka, braut det og sa: ’Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!” Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: ’Drikk alle av han! Dette begeret er den nye pakta i mitt blod, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!’” (1. Kor. 11, 23b-25/Matt. 26, 26-28)

 

Luther poengterte at nattverden er Jesu Kristi sanne lekam og blod i, med og under brød og vin. Og Guds Ord og løfte er knytt til brødet og vinen, slik at når vi et og drikk, får vi – ved trua – forlating for syndene. Dette er sjølve hovudsaka når det gjeld nattverden, og dette er ”grunnlærdom” som vi kan lese i Luthers vesle katekisme. Men no er det særleg den konkrete nattverdpraksis som opptek oss. Då vil vi hente fram eit avsnitt frå dei Schmalkaldiske artiklane (desse er også finne i Konkordieboka.) Der tek Luther opp spørsmålet om også vinen skal delast ut til lekfolket, eller om dei berre skal få brød. Luther seier då:

 

”For selv om det skulle være sant at gaven er den samme enten man nyter den under én eller to skikkelser, så svarer jo nattverd under én skikkelse ikke til den orden og innstiftelse som Kristus har befalt.” (Art. 6)

 

Vi les at Luther la stor vekt på ”den orden og innstiftelse som Kristus har befalt”. Dette var eit viktig poeng for Luther: Når ein skulle freiste å forstå sakramentet, skulle ein ikkje ta utgangspunkt i ein dogmatisk posisjon og så dedusere frå dette. Det var det ein gjorde på romersk-katolsk side då ein unnlot å gje vin til lekfolket: Ein kunne jo ikkje skjelne mellom brødets og vinens sakramentale verkekraft, altså får lekfolket heile sakramentet sjølv om dei berre får brødet. Men Luther går sterkt imot ein slik tenkemåte, ein skal nemleg fyrst og fremst sjå på innstiftingsorda og halde seg til dei. Jesus har nemleg bede oss om å ”gjere dette til minne om meg”.

 

Aktualisering med omsyn til intinksjon

Ein del resonnerer på fylgjande måte: ”Det viktige er at brød og vin vert dela ut, sakramentet er jo verkekraftig sjølv om ein ikkje drikk, men berre dyppar. Det viktige er vel at ein får i seg noko brød og vin, måten det skjer på, er irrelevant.” Men det er nett denne tenkemåten vi har sett at Luther kritiserte så sterkt: Ein forlét Ordet, som gjev oss retningsliner for nattverden, og legg mest vekt på det Luther kalla Teiknet, nemleg brødet og vinen. (Jfr. Den Store Katekisma om Nattverden.) I innstiftingsorda seier Jesus: ”Drikk alle…”, og ”Kvar gong de drikk…” Altså er det tale om å drikke vinen for seg, separert frå brødet. Kan dypping karakteriserast som drikking? Nei, det er det vel ikkje rimeleg å seie. Et og drikk ein brød og vin kvar for seg ved intinksjon? Nei, det gjer ein heller ikkje.

 

Nokre problematiserande perspektiv

Vi har sett at Jesus bed oss om å drikke vinen, hans blod, i nattverden. Og dermed vert intinksjon eit avvik frå denne ordninga som Jesus innstifta. Men kva så med Jesu bod om å døype? Det greske ordet for å døype, baptiså, tyder jo å dyppe eller dukke under, og hjå Paulus vert det ein djup samanheng mellom den konkrete symbolikken i dåpspraksisen og forståinga av kva som faktisk skjer i dåpen i forholdet mellom baptisanden og Gud (Jfr. her t. d. Rom 6.) Som kjent legg pinsevener større vekt på at dåpen skal skje ved full neddykking. Er ikkje dette også noko vi lutheranarar bør ta til hjarta, i og med at det er dette som ligg i sjølve ordet ”dåp”? På same måte, men kanskje i litt mindre grad, kan ein spørje om bruken av særkalkar (fleire små beger) og alkoholfri vin også er element som representerer eit vesentleg avvik frå innstiftingsorda. Det tør vel seiast at dette i så fall er eit mindre avvik frå innstiftingsorda enn ved intinksjon.

 

Avslutning

Vi har sett på historiske, dogmatiske og aktualiserande perspektiv på den nattverdverdspraksis som vert kalla intinksjon, d. e. dypping av brødet i vinen. I kyrkjehistoria ser vi at ein har vore avvisande til ei generell opning for denne praksisen i vestkyrkja; han strir med Jesu innstifting. Likevel ser vi at praksisen har vore vanleg i samband med nattverd til sjuke og døyande. Dei siste ti åra har praksisen med nattverd ved intinksjon teke seg veldig opp i statskyrkjelege og frikyrkjelege samanhengar, kanskje spesielt på grunnlag av dei praktiske fordelane. Denne utviklinga er ikkje heldig, med tanke på at Jesus i innstiftingsorda uttrykkeleg bed oss om å drikke vinen. Men det er også grunn til å understreke at nattverd ved intinksjon ikkje påverkar sakramentets verkekraft.

 

 

Kjelder:

Catholic Encyclopedia (Communion under Both kinds: http://www.newadvent.org/cathen/04175a.htm) 

 

Luther, Martin: Luther’s Works (Concordia.)

 

Mæland, Jens Olav (red.): Konkordieboken (Lunde)

 

Schaff, Philip: The seven ecumenical councils (T&T Clark) (Heile skriftet: http://www.ccel.org/ccel/schaff/npnf214.html, ekskurs om nattverd for sjuke: http://www.ccel.org/ccel/schaff/npnf214.vii.vi.xx.html )

 

http://catholica.pontifications.net/?page_id=890



[2] Ibid.

Stikkord: , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: