Kva er ein apostel?

 

 

Kvifor inneheld eigentleg NT brev som er skrive av Paulus, Peter og Johannes? Og: Mange kristne vil hevde at etisk og læremessig innhald i desse breva bør vere retningsgjevande for kristen tru og liv hjå oss i Noreg i dag: Kvifor?

 

Innleiing

Vi som er kristne, trur på Jesus og fylgjer han i alt han seier. Slik må det vere av di Jesus sjølv er Guds Son og talar Guds eige Ord. Gud sjølv sa fylgjande ved Jesu forklåring: ”Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!” (Matt 17,5, jfr. Hebr 1,2). Ser ein på det Nye Testamente (NT) med eit raskt blikk, er det difor ikkje så vanskeleg å forstå at dei fire evangelia (Matteus, Markus, Lukas, Johannes) har ein rettmessig plass i vår Bibel. Her finn ein jo forteljinga om Jesus, hans lære, ord og gjerningar, hans død og oppstode.

 

Men reint umiddelbart er det meir problematisk å forsvare kvifor ein har med mange skrifter som tilsynelatande ikkje direkte handlar om Jesu ord og gjerningar. For å setje det på spissen: Kvifor inneheld eigentleg NT brev som er skrive av Paulus, Peter og Johannes? Og: Mange kristne vil hevde at etisk og læremessig innhald i desse breva bør vere retningsgjevande for kristen tru og liv hjå oss i Noreg i dag: Kvifor?

 

Svaret på desse spørsmåla kan kort oppsummerast slik: Paulus, Peter og Johannes  er Jesu apostlar. Difor talar dei som autoritative representantar for Herren Jesus Kristus sjølv. Med full autoritet bér dei fram den nytestamentlege bodskapen, ein bodskap som har eit tydeleg tyngdepunkt i Jesu død og oppstode for våre synder. Og difor skal vi ta imot deira ord som Guds eige Ord. Dette er såpass vidtrekkande og konsekvensrike påstandar at det blir viktig å kunne grunngje dei på ein god måte. Det vil eg freiste å gjere i det fylgjande.

 

Bakgrunnen for det greske ordet ”apostolos”

Vi kan byrje med å sjå på sjølve ordet ”apostel”. Det greske ordet som vert nytta på grunnteksten, er ”apostolos”. Så kva tyder no eigentleg det greske ordet ”apostolos”? Direkte omsett tyder ordet ”utsending”, og ordet står i nært slektskap til det greske verbet ”apostellein”, som tyder ”å sende ut”. Men går vi til klassisk (sekulær) gresk, får vi lite hjelp til å forstå djubda i kva som er meint med ordet ”apostolos” slik det vert nytta i NT. Det ligg eit litt ulik meiningsinnhald i ordet desse to stadene. Kort sagt kan ein seie at sjølve ” sendinga” vert understreka både i NT og klassisk gresk, men ”autorisasjonen” av utsendingen (apostelen) vert berre understreka i NT.

 

Kvar finn vi så bakgrunnen for den NT-lege aposteltanken? Jo, fyrst og fremst innanfor spesifikk jødisk tru og tenking. Det tilsvarande hebraiske ordet for ”apostolos” er ”schaliach”. Ein ”schaliach ” var, i jødisk kontekst, ein utsending – ein representant for t. d. ein konge – som fekk eit oppdrag, som regel innanfor den juridiske sfæra. Vekta ligg likevel verken på sjølve utsendinga eller på oppdraget som vert gjeve, men på representasjonen og autorisasjonen. 2 Krøn 17,7-9; 2 Sam 10,1ff er her relevante døme. På sistnemnde skriftstad les vi om korleis David autoriserte utsendingar til – på vegne av han – å møte ammonittane med fred. Ammonittane frykta at utsendingane var spionar, og desse fekk  då halvparten av skjegget raka av og halvparten av kleda skore av. Resultatet av denne vanæringa av utsendingane vart at David la ammonittane for hat, og ein krig tok til. Her ser vi altså at ”schaliach”-ane tala på vegne av sendaren (David), med fullmakt. I seinare rabbinsk judaisme kunne ein formulere denne schaliach-institusjonen på fylgjande måte:”Han som er utsendt frå mannen, er som mannen sjølv.” (Misjna-traktaten Berakoth 5,5)

 

”Apostel” i NT

No har vi sett litt på det som er en språklege og innhaldsmessige bakgrunnen for apostelomgrepet. No går vi til NT sjølv, og ser kva som der konkret vert sagt om saka. Vi finn ordet ”apostel” brukt ca 80 gonger i NT, av desse 34x hjå Paulus og 34x i Lukas og Apostelgjerningane (Desse to skriftene har same forfattar.) Men sjølv om vi ikkje finn ordet mykje brukt i dei andre skriftene i NT, så finn vi saka der like fullt. 

 

Jesus vél ut apostlar

La oss fyrst gå til evangelia, og sjå kva som der vert sagt om apostlane . I evangelia les vi fleire stader at Jesus hadde mange læresveinar samla rundt seg. Dette var i og for seg ikkje spesielt, det var vanleg at rabbiar på denne tida samla flokkar med læresveinar. Jesu læresveinar lærte lydnad og kjærleik av Jesus sjølv. Men hjå Jesus dukkar eit punkt opp, som tydeleg skil seg frå samtidige rabbiar, nemleg at han sjølv vél ut apostlar, på eige initiativ: ”Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine, og av desse valde han ut tolv, som han kalla apostlar.” (Luk 6,13, jfr. Matt 10,1-4; Mark 3,13-19) Her ser vi sjølve oppstarten av apostolatet; apostolatet går såleis attende til Jesus sjølv.

 

Apostlane vert utsende med oppdrag

Jesus sender så ut dei tolv apostlane. Dei får i oppdrag å forkynne at ”himmelriket er kome nær!”, og dei får autoritet til å drive ut vonde ånder, lækje sjuke, gjere spedalske reine og vekke opp døde (!) (Matt 10,5-15; Mark 3,14-15; Luk 9,1-6). Det er avgjerande her å leggje merke til at undergjerningane skjer i Jesu namn, altså som representantar for Jesus. (Mark 9,38; Luk 9,49). Eit anna poeng som dreg i same retning, er Jesu understreking av at ei avvising av apostlane de facto innebér ei avvising av Jesus sjølv! (Matt 10,40; Luk 10,16) Det er ikkje vanskeleg å sjå det nære slektskapet med ”schaliach”-tanken i GT.

 

Fornya apostelkall etter Jesu oppstode

Går vi mot slutten av evangelia, ser vi at apostlane får fornya sitt apostelkall. Det er her viktig å leggje merke til at apostlane – etter Jesu død – var fylt av frykt, angst og mismot. Deira Herre og meister, som dei hadde sett sin lit til, var no død. Og det er fyrst i møte med den oppstadne Jesus at apostlane får nytt mot og ny kraft!

 

Og dei får eit nytt kall. Dei vert personleg utsendt av Jesus sjølv, og dei skal vere vitne om Jesu oppstode frå dei døde. Desse to punkta kan seiast å vere basis for apostolatet i tida etter pinse. Apostlane får i oppdrag å vere vitne om – og forkynne – at Jesus er stått opp frå dei døde, at han er den Messias som er lova i GT, og at forlating for syndene vert gjeve i hans namn til kvar den som trur (Matt 28,18-20; Luk 24,44-53; Joh 20,19-23). Og dei har – i kraft av å vere Jesu apostlar – læremessig autoritet i flokken av dei kristne (jfr. Apg 2,42). Oppdraget som dei har fått, har eit universelt siktemål; heile verda skal få høyre evangeliet. Og Jesus gjev løfte om Anden, som skal gje dei kraft. Dette løftet vart oppfylt på pinsedag, som vi les i Apg 2.

 

At det å vere vitne om Jesu oppstode er heilt sentralt i aposteltenesta, ser  vi elles i Apg 1. Der fortel Peter om Judas, apostelen som forrådte Jesus. Han seier at ein ny person må ta plassen til Judas, og då vert det lagt vekt på at det må vere ein person som har vore i lag med Jesus den tida han var på jorda, og tida etter at han stod opp: ”No er det nokre her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk ut og inn hjå oss, frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart teken opp frå oss. Ein av desse mennene må saman med oss vere vitne om oppstoda hans.” (Apg 1,21-22, jfr. Apg 10,40-42) Denne vekta på augevitnefunksjonen bør vere eit memento for teologiske retningar som i dag ynskjer å innsetje nye apostlar.

 

Forholdet mellom ”dei tolv” og apostelomgrepet

Valet av Matias som den nye apostelen leier oss naturleg inn på spørsmålet om forholdet mellom tolvtalet og apostlane – dette er eit mykje diskutert spørsmål i nytestamentleg forsking, særleg med tanke på at apostelomgrepet ikkje heilt skarpt vert avgrensa til ”dei tolv” i NT (Jfr. t. d. Apg 14,4 og 14, samt det faktum at Paulus også er Jesu apostel). Vi kan ikkje her gå djupt inn i dette spørsmålet, men berre trekke fram nokre interessante vers der Jesus knyter ”dei tolv” saman med ein spesiell funksjon i endetida: ”Sanneleg, eg seier dykk: Når verda skal fødast på ny, og Menneskesonen sit på trona i sin herlegdom, då skal også de som har fylgt meg, sitje på tolv troner og døme Israels tolv stammer.” (Matt 19,28, jfr. til dette Luk 22,29-30, der vi også les at Jesus ”overlét riket” til apostlane.)

 

Paulus – også Jesu apostel

Vi har no sett på kva evangelia har å fortelje om apostlane generelt og deira teneste. Men vi har til no sagt fint lite om den apostelen som vi faktisk veit mest om, nemleg Paulus. Hans apostelteneste skil seg frå dei andres på fleire måtar, særleg i og med at han jo ikkje var eit augevitne liksom dei andre apostlane – han hadde ikkje ”vore med Jesus medan han gjekk ut og inn” mellom læresveinane. Men når vi skal gje ei skildring av Paulus’ apostelteneste- og forståing, er det umogleg å kome utanom den heilt avgjerande og skilsetjande omvendingsopplevinga han hadde. Denne kan vi lese om fyrst og fremst i Apg 9,1-9 (Jfr. også 22,3-21; 26,9-20.)

 

Grunnlaget for Paulus’ apostelteneste: Eit radikalt møte med den oppstadne Jesus

Paulus – som var ”brennande i sin iver” og ”uklanderleg i si rettferd etter lova ” – fekk oppleve eit møte med Jesus Kristus sjølv, på vegen til Damaskus. For Paulus vart dette ei heilomvending i ordets rette forstand, og han kunne ikkje sjå det annleis enn at det var Gud sjølv som hadde utvalt han til dette frå mors liv. Denne radikale omvendinga kjem Paulus attende til fleire gonger i breva sine (jfr. 1 Kor 15,9; Gal 1,13-16; Fil 3,5-6; 1 Tim 1,12-13) og det er dette kallet som for  han er sjølve grunnlaget for hans apostelteneste.

 

At Paulus har eit tydeleg og frimodig apostelmedvit, kjem klart fram i innleiingane til breva hans. Her er han omhyggeleg med å understreke at han er Jesu Kristi tenar, og at han er apostel – ikkje kalla av eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og Gud Fader (Mest tydeleg i Rom 1,1 og Gal 1,1). Og han er ”utvald til å forkynne Guds evangelium”.

 

Paulus har fått bodskapen sin frå Jesus Kristus, ved openberring

Når vi her talar om det evangelium som Paulus forkynner, er det viktig å merke seg at han sjølv hevdar å ikkje ha sin bodskap frå menneske, han har derimot fått han ”ved Jesu Kristi openberring” (Gal 1,12, jfr. Ef 3,3-5). Dette seier Paulus tydeleg til galatarane, som tvila på Paulus’ autoritet som apostel, og som var på veg bort frå det sanne evangeliet. Men det at Paulus ikkje har evangeliet frå noko menneske, treng ikkje å stå i motsetning til at han også kan tale om at han frå menneske har motteke – og gjeve vidare – sentrale delar av Jesustradisjonen, t. d. den om Jesu død og oppstode (jfr. 1 Kor 15,3). Sentraliteten til apostlane i forhold til bodskapen som dei fyrste kristne var kome til tru på, kan Paulus framheve ved å tale om at dei truande er ”bygde opp på apostel- og profetgrunnvollen”. (Ef 2,20).

 

Når Paulus slik har bodskapen sin frå Gud sjølv, medfører dette at han kan tale ”med mynd som Kristi apostel” (1 Tess 2,7). Han kan seie at ”Kristus talar gjennom meg” (2 Kor 13,3), og til tessalonikarane gjev han ros av di dei tok imot forkynninga hans ”ikkje som menneskeord, men som det Guds Ord det i sanning er.” (1 Tess 2,13) Paulus åtvarar difor dei som ikkje tek omsyn til dei påboda han gjev i breva (om ekteskap og seksuelt samliv): ”Difor, den som avviser dette, avviser ikkje eit menneske, men Gud, han som gjev dykk sin Heilage Ande.” (1 Tess 4,8).

 

Hovudinnhaldet i evangeliet som Paulus forkynner

Vi har sett at Paulus talar om at han har fått det evangelium som han forkynner, ved openberring, og Paulus såg altså på seg sjølv som ein tenar for denne bodskapen. Kva er så det materielle innhaldet i dette evangeliet? Jo, det er ”Ordet om krossen” (1 Kor 1,18) eller ”ordet om forsoninga” (2 Kor 5,19). Eller sagt med andre ord: Jesu død og oppstode for våre synder (1 Kor 15,1-4). Dette er eit tydeleg tyngdepunkt i Paulus’ forkynning.

 

I mykje nytestamentleg forsking har ein vore oppteken av å finne det distinkte ved Paulus’ evangelium og lære i forhold til andre ”retningar” og ”tradisjonar” i NT. Og det er klart at apostlane har sett litt ulikt preg på bodskapen. Men det er likevel viktig for Paulus (og dei andre apostlane) å understreke at det berre finst eitt evangelium, éin bodskap, og at det er semje mellom apostlane om bodskapen. Difor er det ingen grunn til splitting eller å setje apostlane opp mot kvarandre, som om dei lærte ulike ting (1 Kor 1,10-15; 15,11; Gal 2,9; Ef 4,3-5; 1 Pet 3,15 m. fl.)

 

Det er elles verd å understreke – kanskje spesielt i vår tid – at Paulus ’ brev tydeleg viser at det ikkje er mogleg å lausrive etikken frå den apostoliske bodskapen; også formaningane er ein integrert del av den nytestamentlege bodskapen (Ef 4,20-21). Meir konkret: Det er rett at rettferdiggjeringa (frelsa) skjer ved trua åleine (Rom 3,28). Men dei gode gjerningane høyrer likevel med som ei naturleg fylgje av at trua er til stades (Gal 5,6). Og om det ikkje er mogleg å kome nærare himmelriket ved eigne gjerningar (Gal 2,16), er Paulus like fullt tydeleg på at det er mogleg å setje seg sjølv utanfor himmelriket ved eigne gjerningar, dersom ein lever i bestemt trass mot Guds vilje (1 Kor 6,9). Såleis ser ein at etikken høyrer med til læra om rettferdiggjeringa slik at desse blir ein organisk heilskap, desse kan såleis ikkje skiljast utan at ein gjer vald på den apostoliske bodskapen.

 

Paulus og dei gamaltestamentlege profetane

Det er grunn til understreke at Paulus i si apostelteneste går inn i ei rolle som på mange måtar liknar dei gamaltestamentlege profetane. Denne likskapen med profetane i den gamle pakt (og kanskje særleg profeten Jeremia) utmyntar seg særleg i Paulus’ kallsmedvit, i hans oppleving av ”lidingsfellesskapet” med Jesus Kristus (jfr. t. d. Gal 6,17 og Fil 3,10), samt i hans medvit om å vere ein tenar for ein bodskap frå Gud sjølv.

 

Eitt punkt til kan her nemnast: Paulus reknar med at teikn og under har ein legitimerande funksjon i forhold til aposteltenesta hans, og slik var det også for ein stor del  med profetane i den gamle pakt. Men Paulus er forsiktig med å tale om dette, då han ikkje ynskjer å opphøgje seg sjølv. Dette har samanheng med at Paulus – som profetane – såg seg sjølv som ein tenar for den bodskapen han vart sett til å forkynne. Men i 2 Kor 12,12 vert han ”tvinga” til å argumentere slik, for å overtyde korintarane om sin autoritet som apostel: ”Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel vart gjort hjå dykk med stort tolmod, både ved teikn og under og mektige gjerningar.” Jfr. også Rom 15,18-19.

 

Avsluttande oppsummering og aktualisering

Vi har no sett nærare på kva som ligg i apostelomgrepet i NT. Ein kan såleis svare fylgjande på spørsmålet i overskrifta: Ein apostel, det er ein læresvein som har vorte utsendt av Jesus Kristus for å forkynne den gode bodskapen om Jesu død og oppstode for oss alle. Apostelen er Jesu representant, og talar på vegne av Han. Såleis talar han med autoritet.

 

At dette er aktuelt for oss som er kristne i dag, skulle såleis vere åpenbart. Her skal berre kort nemnast at ein logisk konsekvens av apostlanes autoritet hjå dei fyrste kristne, var at apostolisitet var eit avgjerande kriterium ved samlinga og avgrensinga av den kristne kanon. (Då er apostolisitet ikkje nødvendigvis forstått som ”eigenhendig nedskrift frå apostlane”, men også som ”autentisk tradisjon frå apostlane”, jfr. Mark, Luk, Hebr m. fl., som ikkje direkte er skrive av apostlar, men der forfattarane hadde nær kontakt med apostlane). Med andre ord: Det er apostlane som avgjer og definerer kva som er sann kristendom! Slik bør også vi tenke om denne saka.

 

Kjelder

Grudem, Wayne The gift of Prophecy (Crossway books, 1988)

Kittel, G. ”Apostellein” og ”Apostolos” i Theological dictionary of the New Testament (Eerdmans, 1964)

Sjaastad, Egil ”Apostlenes grunnvoll” i Budskap 2001 (Fjellhaug, 2001)

Skarsaune, Oskar Ordet ble kjød (Luther, 2001)

Skjevesland, Olav ”Apostolatet i Det nye testamente” i Ung Teologi  2/1970

 

 

Stikkord: , , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: