Inn i tilbedelsen

Inn i tilbedelsen

Tove Rustan Skaar

Verbum

2007

159 sider.

248 kr.

 

Tove Rustan Skaar er bibelskulelærar ved Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo. Hennar bok ”Inn i tilbedelsen” kan seiast å vere etterlengta. Tema for boka er – som undertittelen seier – ”den nye lovsangstradisjonen”. Boka er delt inn i tre delar. I den fyrste delen av boka, ”Innhold og ideologi”, skildrar Skaar fellestrekk ved den nye lovsongen. Ho tek fram tekstar, presenterer sentrale artistar og lovsongsleiarar, drøftar teologisk bakgrunn for rørsla etc.

 

Den neste delen av boka, ”Kritiske røyster” er ei samling av representative kritikarar av den nye lovsongstradisjonen. Her kjem eit breitt spekter med meir eller mindre velfunderte argument fram. Den tredje delen av boka ”Syng lovsang!” har eit meir normativt preg; her drøftar Skaar sjølv kva som er bibelsk, sunt og gagnleg med tanke på song og musikk i kyrkjelydssamanheng.

 

Skaar står sjølv for eit evangelisk-luthersk, lågkyrkjeleg standpunkt. Med tanke på dette, er det då ikkje så overraskande at ho har atskillege kritiske merknader til den nye lovsongstradisjonen. Av dei mest vektige, kan her nemnast:

         Det er ikkje slik at kyrkjelydsarbeidet sin suksess er avhengig av lovsong, slik ein av og til kan høyre.

         Kristen kyrkjelydssong bør ha eit breiare perspektiv enn kun lovsong: T. d. bør læresalmar og klagesalmar få rom, ikkje minst med tanke på at trua vår i stor grad vert forma av det vi syng.

         Songvalet bør bli utsett for ei viss kritisk vurdering, helst også av folk med læreansvar.

         Mange gamle salmar og songar reflekterer ”levd kristenliv” og sunn, bibelsk teologi. Unge kristne bør difor også synge og lære desse.

 

Men Skaar har også mykje positivt å seie om nyare lovsong:

         For det fyrste er det jo heilt legitimt å lovsynge og tilbe Gud: Skrifta oppfordrar til det.

         Skrifta har ein god del å seie om kjærleik til Gud, noko som ofte kan vere eit tema i desse songane. Utfordringa vert å tale sant om denne kjærleiken, slik at ein unngår hykleri og loviskheit.

         Det er viktig at song og musikk i kyrkjelydssamanheng faktisk kommuniserer med dei som syng. Her har ”pop”-lovsongen ei moglegheit til å nå inn i ungdomskulturen.

 

I det store og det heile er altså Skaar kritisk til ein del element i den nye lovsongstradisjonen, jamvel om ho også finn mykje positivt. Personleg tykkjer eg Skaar er ein balansert og dyktig rettleiar, og eg har vel eigentleg ingen kritiske merknader til noko av det ho skriv. Men ho skriv éin stad (s. 87) om at ein i lovsong kan erfare Guds nærvére. Her kunne eg nok ynskje at ho hadde utdjupa litt korleis ho reint konkret forstår dette.

 

Eg anbefaler varmt denne boka til alle kristne, men kanskje spesielt til ungdom og til folk som har ansvar for song og musikk i kyrkjelydssamanheng. Her får ein eit godt utgangspunkt for vurdering av nyare lovsong, og ein får god rettleiing med omsyn til val av song og musikk i kristne møte.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: