Har Bibelen eit sentrum?

Innleiing

Kva er hovudsak i Bibelen, finst det noko sentrum? Sprikar ikkje innhald, tema, språk, kultur osb. i så mange ulike retningar at det ikkje er mogleg å finne noko einskapleg sentrum i Skrifta? Og korleis skal ein eigentleg forstå forholdet mellom dette evt. sentrum og resten av Skrifta? Dette er nødvendige spørsmål som har konsekvensar for korleis vi skal lese og forstå Bibelen. Det er sikkert at forfattarane av det nye testamentet (NT) var overtydde om at det fanst eit sentrum i Skrifta. I denne artikkelen skal vi freiste å gje svar på kva kva dette sentrum er.

 

Ei rett forståing av sentrum i Skrifta har samanheng med ei rett forståing av ”lov” og ”evangelium”. Vi vil difor freiste å forklare kva som ligg i at Skrifta skal lesast som ”lov og evangelium”. Mot slutten av artikkelen vil trekke fram døme frå dagens teologiske debatt, på det vi oppfattar som eit misbruk av skjelninga mellom sentrum og periferi i dagens teologiske debatt.

 

Jesus Kristus er sentrum i Skrifta

”Ta Kristus bort frå Skriftene – kva meir vil du så finne i dei?[1]” Slik uttalar Luther seg i sitt skrift ”Om den trellbunde viljen”. For Luther var det viktig å understreke at evangeliet om Jesus Kristus – og frelsa ved han – er hovudsak i Skrifta. No skal vi ta fram nokre vers frå NT som er med på å underbyggje dette standpunktet.

 

For dei fyrste kristne var det viktig å understreke at Jesus Kristus var sentrum i GT. (Dette vart teke opp i artikkelen om Markion i det førre nummeret av FG.) 2 Tim 3,14-17 er kanskje ei av dei mest innhaldsmetta utsegner om Skrifta (GT, men prinsipielt også NT), som vi finn i NT. Paulus, Guds apostel, utfaldar korleis ein bør sjå på Skrifta, og han legg vekt på at Skrifta kan gjere ”vis til frelse ved trua på Jesus Kristus”. Dette er det fyrste og fremste ”målet” med Skrifta, seier Paulus. Lukas 4,16-21. 24,13-49; 1 Kor 15,1ff og Joh 5,39 går i same retning. Desse passasjane understrekar at den urkristne lesinga av GT var utprega kristosentrisk, og at det var Jesus sjølv som hadde lært sine læresveinar å lese GT på denne måten. GT har historisk materiale som fortel om Guds handlingar med sitt folk. Men djupast sett er det ei bok som handlar om Kristus, særleg ved Messias-profetiane. Såleis kan Jesus i Joh 5,39 seie: ”De granskar Skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei – og desse er det som vitnar om meg.”

 

Men det er ikkje berre lesinga av GT som er kristosentrisk. I NT er det endå tydelegare at sentrum er Jesus Kristus, krossfest og oppstaden til vår frelse. I Joh 20,31 les vi: ”Men desse [teikna] er skrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de ved trua skal ha liv i hans namn.” Apostelen Johannes har altså ein klar intensjon med det han skriv: Han vil føre lesaren til tru på Jesus som Messias, Guds Son. (Jfr. også forordet til Lukasevangeliet, Luk 1,1-4.)

 

Vi kan også merke oss oppbyggjinga av evangelia: Relativt stor plass vert vigd til Jesu krossfesting og oppstode, og dermed vert tyngdepunktet markert her. Og generelt i evangelia gjeld det at fokus heile vegen ligg på Jesus, hans person, forkynning og gjerning. Jesus peikar på seg sjølv, både i det han seier, og i det han gjer.

 

Går vi til brevlitteraturen, så finn vi også eit sentrum i og rundt evangeliet om Kristus. Vi kan trekke fram nokre døme på dette: I Romarbrevet er det frelsa ved trua på Kristi soningsverk som står i sentrum (Rom 3,21ff.) Og slik oppsummerer t. d. Paulus sitt ”hovudmål” for korintarane: ”For eg ville ikkje vita av noko hjå dykk, utan Jesus Kristus, og han krossfest.” (1 Kor 2,2) Paulus kan også omtale kristendom som ”Ordet om krossen” (1 Kor 1, 18). I Galatarbrevet er det tale om at galatarane har fått ”måla Jesus Kristus for augo som krossfest.” (Gal 3,1) I Kolossarbrevet går Paulus mot ”falsk visdom”, og set opp Kristus i staden, for ”i han har vi utløysinga, forlating for syndene” (Kol 1,14), og ”i han ligg alle skattane av visdom og kunnskap løynde” (Kol 2,3, jfr. også Kol 2,13-15). I Filipparbrevet finn vi den såkalla ”Kristushymna” der ”kerygmaet” om Jesus vert kort, men vakkert, oppsummert (Fil 2,5-11). Hebrearbrevet peikar på at Kristus er Guds Son og Gud sjølv (Hebr 2), han er vår øvsteprest, og at han har bore seg sjølv fram som eit offer for all synd (kap. 5-10).

 

Det får halde med desse døma; Det er klart nok at Bibelen djupast sett er ei bok som handlar om evangeliet om Kristus. Men då må vi fort leggje til at det ikkje er nok å seie at Jesus er sentrum i Skrifta, ein må også seie noko grunnleggjande om kven denne Kristus er, og kva rolle hans person, forkynning og gjerning spelar i forhold til vår frelse. Då er det to omgrep som er heilt sentrale, nemleg lov og evangelium.

 

Nykjelen til å forstå Skrifta rett: Skjelninga mellom lov og evangelium

Dersom ein ikkje skjelnar rett mellom lov og evangelium, er resultatet manglande frelsesvisse og ei vaklande – eller i verste fall falsk – tru. Sagt med andre ord: Skjelninga mellom lov og evangelium er heilt sentral i forhold til spørsmålet om korleis eit menneske vert rettferdiggjort og frelst! Og dersom ein ikkje kan skjelne mellom desse, då kan ein heller ikkje føre eit menneske – og endå mindre seg sjølv – til ei frelsande tru på Kristus.

 

For reformatorane var det klart ut frå Skrifta at Gud gjer to gjerningar med sitt Ord. Han gjer éi gjerning med lova, og ei anna med evangeliet. Men Gud brukar desse med eitt mål for auga: Å føre det syndige og fortapte mennesket inn i eit levande samfunn med seg sjølv. I Apologien[2], artikkel 12 om boten, les vi difor fylgjande: ”Dette er nemlig to av de viktigste gjerninger av Gud i mennesket, å forskrekke og å rettferdiggjøre og levendegjøre de forskrekkede. Hele Skriften fordeler seg på disse to gjerninger. Den ene del er loven, som viser, anklager og fordømmer synden. Den andre del er evangeliet, dvs. det løfte om nåden som blir gitt i Kristus, og dette løfte blir stadig gjentatt gjennom hele Skriften.”

 

Lova syner oss våre synder og forkynner Guds vreide

Etter denne innleiiande merknaden, vil då seie noko litt meir utfyllande om lova og evangeliet. Vi seier fyrst noko om lova, og då går vi til ei kjent preike av Luther[3], der han – med utgangspunkt i Peters møte med Jesus i Luk 5,1-11 – forklarar skjelninga mellom lov og evangelium.

 

Lova, seier Luther, er skrive i kvart menneskehjarta (Rom 2,15), og ”lova lærer oss kva vi skal gjere, og dømer oss skuldige i ulydnad.” Lova er altså eit uttrykk for Guds heilage vilje for oss, og slik sett er ho god (Rom 7,12). Men mennesket står i fiendskap til Guds vilje (Rom 8,7), og når lova då avslører vår forakt for – og ulydnad mot – Gud og hans vilje, så syner ho også Guds evige vreide over vår synd (Rom 1,18). Vi kjenner angsten og skrekken i vårt samvit over våre synder. Slik fører forkynninga av lova oss til å innsjå at vi er fortapte. ”All forkynning av synd og Guds vreide er ei forkynning av lova, uansett korleis og når det vert gjort”, seier Luther.

 

Lova – Guds vilje – er altså ikkje gjeve til oss for at vi ved henne skal fortene frelse, men ho er gjeve av stikk motsett grunn: Ho skal syne oss at vi er fordømte og fortapte under Guds vreide av di vi har synda, ja, av di vi er syndarar av natur! Jfr. til dette spesielt Rom 3,20: ”Men vi veit at alt det lova seier, det talar ho til dei som er under lova, så kvar munn skal verta attlaten og heile verda verta skuldig for Gud. Difor vert inkje kjøt rettferdiggjort for han ved lovgjerningar. For ved lova kjem ein til å kjenna synda.”

 

Lova treng altså å gjere si gjerning i oss for at vi i det heile teke skal kunne ha behov for evangeliet. Difor seier også Confessio Augustana (CA) art. XX: ”Hele denne lære [om rettferdiggjørelsen] må føres tilbake til den nevnte kamp i den forskrekkede samvittighet, og den kan ikke forstås uten denne kamp.” Slik må det vere av di mennesket av seg sjølv ikkje stolar på Gud og hans evangelium, men derimot på seg sjølv! Dette – vantrua – er grunnsynda (jfr. Joh 16,8-9), om ho så eksisterer i form av grov og uttala tillit til eigne gjerningar, eller også i form av ei meir ”from” oppfatning av at ein ikkje er ”verdig” til å ta til seg evangeliet.

 

Men lova er altså ikkje Guds siste ord til oss. Var dét tilfellet, då hadde alle som ein av oss gått fortapt, for lova krev det fullkomne av oss, og seier: ”Den som gjer det, skal leva ved det” (Gal 3,12) og ”Den som held heile lova, men snåvar i eitt bod, han har vorte skuldig i dei alle.” (Jak 2,10) Men mennesket kan ikkje klare dette, difor kan Paulus seie at ”Alle har synda og står utan ære for Gud.” (Rom 3,23). Sagt med andre ord: Ingen menneske – slik dei er i seg sjølv – fryktar eller stolar på Gud. Derimot har dei alle vond lyst. (Jfr. CA art. 2)

 

Evangeliet er ein god bodskap om kva Kristus har gjort til vår frelse

På bakgrunn av det vi til no har sagt, kan vi med rette kalle evangeliet for eit ”ev-angelion”, altså ein ”god bodskap”. Men kva er eigentleg evangeliet? Her er det fint å sitere det som vert sagt i tilknyting til den andre trusartikkelen i Luthers vesle katekisme. Der fortel Luther om kva Kristus har gjort til vår frelse, og kva hans gjerning innebér:

 

”Jeg tror at Jesus Kristus, som er sann Gud født av Faderen fra evighet og tillike sant menneske født av jomfru Maria, er min Herre, som har gjenløst meg fortapte og fordømte menneske, kjøpt meg og fridd meg fra alle synder, fra dødens og djevelens makt, ikke med gull eller sølv, med med sitt hellige, dyre blod og sin skyldfrie lidelse og død…”

 

Jesus Kristus har på krossen frikjøpt oss fortapte og fordømte menneske, så vi er frie frå synda, døden og djevelen. Eit litt anna perspektiv på saka får vi i Luthers fortalar til NT[4]. Der vert det lagt vekt på at evangeliet om Kristus ikkje er ein bodskap om noko vi skal gjere. Det er fyrst og fremst ein bodskap om kva Kristus har gjort til vår frelse:

 

”Evangeliet er ikkje og kan ikkje vere noko anna enn ei preike om Kristus, Guds og Davids Son, sann Gud og sant menneske, som med sin død og oppstode for oss har overvunne synda, døden og helvete for alle dei menneske som trur på han…Pass difor på at du ikkje lagar ein Moses av Kristus, eller ei bok om lover og lære av evangeliet…For evangeliet krev ikkje uttrykkeleg våre gjerningar, som vi kan verte rettferdige og frelste ved; nei, det fordømer slike gjerningar. I staden krev evangeliet tru på Kristus; at han har overvunne synda, døden og helvete for oss og slik gjev oss rettferd, liv og frelse (…)”[5]

 

Evangeliet krev ikkje noko av oss, vi får ta imot frelsa ved tru, utan gjerningar

Det er ein djup samanheng mellom arvesyndslæra og rettferdiggjeringslæra, slik vi finn desse i Skrifta. Vi har sett at Skrifta fortel at mennesket av naturen står i fiendskap mot Gud, og mennesket kan ikkje – og vil ikkje – kome seg ut av denne tilstanden (Jfr. Luthers forklaring til den tredje trusartikkelen i den vesle katekisma). Difor er også evangeliet fullstendig gratis, og det krev ikkje eit fnugg av ”høyraren”.

 

Dersom eit evangelium vert forkynt, der det vert stilt noko som helst av ”krav” til den som høyrer – om det så er ein appell til å omvende seg – ja, då er det ikkje evangeliet ein høyrer, men lova, og ein skjelnar ikkje rett mellom lov og evangelium. Konsekvensen vil bli at frelsesvissa vert grunna på noko i den som høyrer, og forkynninga vil gjere høyraren til ein sjølvrettferdig hyklar, eller også drive han til fortviling, av di han ikkje oppfyller krava som vert stilt. Nei: Lova fortel om kva Gud vil vi skal gjere, evangeliet fortel berre om Jesus og kva han har gjort for oss, peikar på Han, og seier at Han er vår frelsar, og at han gjev forlating for syndene heilt utan vederlag og betaling. Når vi slik høyrer dette evangeliet, skaper Gud trua i oss (Rom 10,17), slik at vi får gripe denne frelsa.

 

For dei lutherske reformatorane var det difor viktig å understreke at når Paulus seier at mennesket vert frelst ved tru og ikkje ved lovgjerningar (Rom 3,28), så innebér dette at tru er noko fundamentalt anna enn noko som vi skal gjere. Trua er retta mot Kristus, ikkje oss sjølve. Det er ein naken tillit som byggjer på Guds løfte og evangelium. Såleis seier Philip Melanchton fylgjande i Apologien, art. IV: ”Den tro som rettferdiggjør, er imidlertid ikke bare en historisk kunnskap, men tilslutning til Guds løfte, der syndenes forlatelse og rettferdiggjørelsen blir tilbudt uten vederlag for Kristi skyld.”

 

Kan ”sentrum i Skrifta” setje etisk rettleiing i Skrifta ut av spel?

La oss no mot slutten gå attende til spørsmålet om forholdet mellom sentrum og periferi, ved å ta utgangspunkt i aktuell teologisk debatt. Frå tid til annan høyrer ein her argumentasjonsmåtar som nyttar idéen om sentrum og periferi for å setje upopulære tekstar – særleg av etisk art – ut av spel. Ein slik type argumentasjon finn vi hjå den liberale delen av lærenemnda for Den Norske Kyrkja, når det – med utgangspunkt i at Kristus er sentrum i Skrifta – vert sagt at ”Kristushendelsene utfordrer til etterprøving av hva som urettmessig binder og begrenser mennesker, og hva som frigjør til liv i kjærlighet.”[6] Her brukar ein altså sentrum – her definert som Kristushendingane – til å ”kritisere” etisk rettleiing i andre delar av Skrifta. Ein nyttar då tekstane der Jesus møter menneske, som ”ryggrad” i argumentasjonen (Joh 4,7-26; Joh 9; Luk 8,43-48 m. fl.) 

 

Mot dette innvender den konservative delen av lærenemnda – med rette – at eit fokus på Jesus som sentrum i Skrifta ikkje logisk medfører slike konsekvensar som her vert trekt opp: ”Ved troen på [Kristus] oppreises mennesker til et nytt liv. Samtidig gir Jesus veiledning for det liv vi er kalt til: ”Den som elsker meg, vil holde fast på mitt ord” (Joh 14,23). Han rettleder oss til et liv etter Guds vilje. (…) Samtidig som [Paulus] forkynner nåden i Jesus Kristus, underviser han i hva det vil si å leve i pakt med evangeliet, også på det samlivsetiske område. Både Jesus og Paulus holder dermed sammen gaven og budet.”[7]

 

At læra om rettferdiggjering ved nåden åleine ikkje medfører nokon form for ”antinomisme”, der dei kristne kan vert frigjort frå Guds bod, er såleis klart. Kristne skal fylgje Guds bod og gjere gode gjerningar, men ikkje for å fortene nåden. Det passar då å avrunde med eit utdrag frå art. XX i CA:

 

”Ellers lærer våre at det er nødvendig å gjøre gode gjerninger, ikke for at vi skal stole på at vi fortjener nåden ved dem, men for Guds viljes skyld. Bare ved troen gripes syndsforlatelsen og nåden. Og fordi den Hellige Ånd blir mottatt ved troen, blir hjertene nå fornyet og får et nytt sinn, slik at de kan bære fram gode gjerninger.”

 

Kjelder:

Austad, Torleiv (red.), 1982 Bibelen og teologien (Oslo: Luther)

Baasland, Ernst, 1991 Ordet fanger (Oslo: Universitetsforlaget)

Luther, Martin, 1963 Luther’s works (St. Louis: Concordia Publishing House)

Luther, Martin, 1904 Sermons of Martin Luther (Grand rapids: Baker book house)

Maier, Gerhard, 1994 Biblical hermeneutics (Crossway books)

Mæland, Jens Olav (red.), 1985 Konkordieboken (Oslo: Lunde forlag)

Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken, 2006 (Oslo: Kirkens informasjonstjeneste.)

Thestrup-Pedersen, E., 1959 Luther som skriftfortolker I (København: Nyt Nordisk Forlag Arnold Busck.)

Walter, C. F. W., 1928 Law and gospel (St. Louis: Concordia)

Wisløff, Carl Fr., 1966 Guds ord står fast (Gjøvik: Lutherstiftelsen)

Wisløff, Carl Fr., 1983 Martin Luthers teologi (Oslo: Lunde forlag)

Wisløff, Carl Fr., 1988 Ordet fra Guds munn (Oslo: Lunde forlag)

 

 


[1] Frå ”Den trellbunde vilje”, sitert i Austad (1982): 56.

[2] Apologien er ei grundigare utleggjing av Confessio Augustana, som er ein del av vedkjenninga åt Den Norske Kyrkja og NLM. Philip Melanchton er forfattar av båe skriftene.

[3] Luther (1904): 131-166.

[4] Luther’s Works bok 35, side 225-413. Av interesse kan det vere å nemne at John Wesley, metodismens ”far”, vart omvendt ved å høyre frå Luthers fortale til romarbrevet.

[5] Luther’s Works bok  35, side 360

[6] Skriftforståelse… (2006): 89.

[7] Skriftforståelse… (2006): 93-94.

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: