Fyrste japanar ordinert til prest i Den Norske Kyrkja.

Nobukazu Imazu – eller ”Nobu”, som han vert kalla mellom vener – er frå Japan, og han er 35 år gamal. Han har ei livshistorie bak seg som få andre. Han vaks opp i Japan som ein meir eller mindre umedviten buddhist, men fekk ei interesse for både Noreg og norsk kultur. Han reiste difor til Noreg som backpacker-turist, og i Japan vart han etter kvart med i ein kyrkjelyd som var leia av ein norsk misjonær. I 1993 vart han så døypt av denne norske misjonæren. Seinare reiste han attende til Noreg, der han fyrst fekk eit år på folkehøgskule i Nordmøre, før teologi- og misjonsstudiar på Fjellhaug og Menighetsfakultetet fylgte.

 

Etter eit år som kyrkjelydsarbeidar i Frikyrkja i Ørsta, gjekk altså no turen vidare til Fitjar, der han fekk jobben som kyrkjelydsprest. Det var ei historisk hending då han i august 2007 vart ordinert av biskop Olav Hagesæther til presteteneste: Aldri før hadde ein japanar vorte ordinert i Den Norske Kyrkja! Biskop Olav Hagesæther sa i si preike at Nobu var ei frukt av norsk misjon, og han karakteriserte ordinasjonen som ”nesten ei profetisk hending”.

 

Imazu si teneste i Noreg blir eit vitnesbyrd om at også det norske folk treng misjonærar, det vere seg norske eller utanlandske. Og ”Nobu” er sjølv godt rusta for ei slik teneste: I løpet av sine studieår sette han seg godt inn i norsk vekkingstradisjon, samt reformatorisk og oldkyrkjeleg teologi. Han står difor for heilt sentral, bibelsk og klassisk kristendom, og han har utvikla gode sjelesørgjeriske evner i løpet av sine studieår i Noreg. Fast Grunn ynskjer å gratulere Nobu med hans ordinasjon, og vi ynskjer han Guds signing i tenesta i Den Norske Kyrkja.

 

HNJ

Stikkord: , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: