Fundamentalisme – kva er det?

”Fundamentalisme” er eit ord som vert bruka mykje i debatt og kvardagstale. Men kva ligg eigentleg i dette omgrepet? Og er det framleis tenleg å bruke det?

 

Sjølve omgrepet har bakgrunn i 12 populærteologiske, konservative småskrifter som vart gjeve ut frå 1909 til 1912, kalla ”the Fundamentals”. Desse tok opp viktige tema i den kristne trua: Bibelens truverd, synd, nåde, atterføding, Jesu guddom osb. Dei som slutta seg til dette, vart etter kvart kalla ”fundamentalistar”. Uttrykket vart seinare festa til ein del andre kristne grupperingar, og etter rundt 1980 har omgrepet vorte teke i bruk i eit utal ulike samanhengar, i religion, kultur og samfunnsliv. Ofte ser vi at det vert nytta på ein uryddig og uklar måte, mest som eit skjellsord eller ”stempel”.

 

I ”seriøs” bruk av omgrepet, vil ein seie at sentrale trekk ved det ein bør kalle fundamentalistiske rørsler m. a. er: (a.) absolutteringstendens – dvs. ei oppfatning av at ein sjølv har heile sanninga, og at alle andre tek feil – som gjev seg utslag i (ynskje om) politisk undertrykkjing av alle andre sanningsoppfatningar, (b.) stor reaksjon mot såkalla ”moderne” trekk: Framstegstru, individualisme, moralsk og livssynsmessig pluralitet i samfunnet.

 

Om vi no fylgjer denne definisjonen av omgrepet, så er likevel ikkje alle problem rydda av vegen. Dette ser vi t. d. i samband med spørsmålet om religion og politikk. I fylgje den bibelske toregimentslæra har både kyrkja og staten sine mandat frå Gud. Kyrkja skal forkynne Guds Ord for at menneske skal verte frelst. Men kyrkja skal ikkje blande seg inn i politiske spørsmål som Guds Ord ikkje uttalar seg klart om. Staten, derimot, skal styrast etter fornufta, og verne om livet og samvitsfridomen for den einskilde.

 

På meiningsplanet møter ein ikkje sjeldant forvirring hjå kristne her, og det er heller ikkje alltid heilt enkelt å trekkje klare grenser mellom kristendom og politikk. Så høyrer vi det vert sagt: ”Dette er fundamentalistiske trekk, nett som vi ser i den islamske verda – der finn vi også samanblanding av religion og politikk!” Men til dette må vi svare ”NEI!”

 

Vel kan det av og til vere mogleg å peike på prinsipielle likskapar i forholdet mellom kristendom og politikk, resp. islam og politikk. Likevel er det eit hav av forskjell. Frå kristen side har vi den nemnte toregimentslæra som eit vern mot samanblanding av religion og politikk. Jesus seier: ”Mitt rike er ikkje av denne verda.” (Joh 18,36). Heilt annleis er det i Islam. Her vil ein ikkje finne noko prinsipielt skilje mellom religion og stat. I staden vert det ope sagt at Allah er herskar over både den verdsleg og den andeleg sfære. Konsekvensane er enkle å få auge på: I mange muslimske land er det dødsstraff for å konvertere bort frå islam.

 

”Fundamentalisme” er, som vi har sett, eit vanskeleg omgrep å bruke og å forstå. Det er difor viktig at ordet – når det vert bruka – vert presisert og klargjort, slik at det kan fungere på ein konstruktiv måte. Kanskje burde ein til og med, i staden for å tale om ”fundamentalisme” i eintal, tale om ulike ”fundamentalismar” – dersom ein då i det heile teke vil bruke omgrepet.

 

HNJ

Stikkord: , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: