Evangeliet i livets overgange

Evangeliet i livets overgange

Børge Haahr – Andersen, Logos Forlag, 169 s., 198 kr.

 

Mange av medlemene i Den Norske Kyrkje kan karakteriserast som ”kyrkjeframande”. Dei har lite kontakt med kyrkjelege arrangement eller representantar frå kyrkja. Men forbausande mange av desse vél likevel kyrkja som naturleg samarbeidspartnar ved dei fire store ”overgangane” i livet, nemleg fødsel (dåp), pubertet (konfirmasjon), ekteskap (kyrkjeleg bryllaup) og død (kyrkjeleg gravferd). Evangeliet i livets overgange drøftar desse livsovergangane frå mange ulike sider: Fyrst og fremst teologisk – ved å gje ei innføring i kva Skrifta og den kyrkjelege tradisjonen seier om overgangane og dei rituala som vert knytt til dei.

 

Men forfattaren dreg også inn mykje antropologisk, sosiologisk og religionshistorisk materiale, noko som gjev boka ein brei appell og eit breitt perspektiv. Han drøftar m. a. kva som generelt sett er nytteverdien av ritual, kva folk i dag tenkjer om kyrkja sine ritual, kva kyrkja ynskjer å oppnå ved å bruke ritual osb. Dette er sjølvsagt nyttig, ja, mest naudsynt, å kjenne til for ein prest som skal arbeide i ei folkekyrkje. Dåp, Konfirmasjon, Bryllaup og gravferd – men også ei mengd med andre ritual, som t. d. å leggje blomar ved grava, har jo stor tyding for folk, jamvel om dette ikkje alltid vert sagt i klartekst.

           

Ei stor styrke ved boka til Haahr-Andersen er at ho ikkje køyrer seg fast i teori, men støtt og stadig kjem attende til kvardagen – ein kvardag som einkvar folkekyrkjeprest vil kjenne seg attende i (Haahr-Andersen har sjølv arbeidd som prest i den danske folkekyrkja, utanfor København, i 13 år.)  Forfattaren gjev mange praktiske tips til korleis vi kan gjere at ”nye” i kyrkja kjenner seg velkomne og vert inviterte til nærare fellesskap. Han gjev fyldig innføring i korleis han sjølv gjennomfører dåpssamtalar, konfirmasjonstalar, bryllaupstale i kyrkja, sørgjesamtalar osb., og dette er praktisk informasjon som prestar/kateketar/diakonar og ikkje minst teologistudentar som skal ut i kyrkjeleg praksis, vil ha stort utbyte av.

 

Til slutt må eg også nemne at det er forfriskande at forfattaren har oppdaga dei rike kjeldene vi har i Luthers skrifter. Luther foretok jo ei massiv, bibelfundert gjennomtenking av kyrkja sine rituale og sakrament, og dette – kombinert med den ofte sjelesørgjeriske og livsnære tonen hans – gjer at hans skrifter på mange måtar representerer ein ressurs som vi ikkje har råd til å gå forbi. Forfattaren trekkjer t. d. fram Luthers ypperlege skildring av ekteskapet ved stikkorda ”skaparordninga, bodet, krossen, velsigninga”. Forfattaren skal også ha ros for å vere tru mot Bibel og vedkjenning. Han distanserer seg t. d. frå ei ”alle døypte er frelst”-lære, og dette gjer han med stor visdom. Boka vert varmt tilrådd.

 

Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: