En kjærlighet å gi videre

Max Lucado er ein oppbyggjingsforfattar som Lunde tidlegare har gjeve ut fleire bøker av (Bli lik Jesus, Grepet av nåden m. fl). Lucado si førebels siste bok på Lunde forlag, bér tittelen ”En kjærlighet å gi videre – å leve i overfloden av Guds kjærlighet”. Og med dette er det slege fast at hovudtemaet i boka er: Guds kjærleik.

 

”En kjærlighet…” har kjærleikskapittelet, 1. Kor. 13 som gjennomgangstema. Forfattaren går gjennom sentrale omgrep og moment i dette kapittelet, og ved hjelp av Bibelforteljingar, Bibelvers og historier frå hans eige og andres liv, klargjer han t. d. kva det vil seie at Guds/den ideelle kjærleik toler alt, utheld alt, ikkje skryt, ikkje gøymer på det vonde osb.

 

Etter denne presentasjonen kan vi gå til vurderinga. Er dette ei god bok? Er ho i tråd med Guds Ord? Til desse spørsmåla må vi svare ja. Her vil eg berre peike på nokre få moment som trekkjer i positiv retning. For det fyrste er boka lettlesen og lett å forstå. Ho nyttar fine historier, bilete og Bibelhistorier. Desse siste vert ofte lettare omskrivne, men likevel på ein måte som er tru mot teksten sitt innhald. I tillegg bør det nemnast at forfattaren har ein god, mild og venleg tone som gjer at det blir behageleg å lese boka.

 

Boka si største styrke, er at ho er godt grunnfest i eit sant evangelisk vitnesbyrd. Omgrepet ”Guds kjærleik” vert ikkje framstilt som noko abstrakt, men derimot ofte knytt til krossen, der Jesus leid for våre synder. Og det vert mange gonger understreka at det er på dette grunnlaget – nemleg frelsa på grunnlag av Jesu død – at vi skal elske kvarandre. Det naudsynte ”bakteppet” for frelsa, våre synder mot Gud, vert heller ikkje neglisjerte, jamvel om eg nok godt kunne ynskt at forfatteren ville hatt eit litt større fokus og gått litt djupare akkurat på dette punktet.

 

Elles kan det seiast at Lucado er jordnær og sunn i sin teologi. Han syner forståing for at problem som t. d. sinne, kan ha mange ulike faktorar og årsaker i seg, og han nyttar kvardagslege døme for å få fram det han meiner. Lucado legg altså ikkje opp til nokon form for ”supermann-kristendom”, men derimot ein sunn kristendom som vert levd ut i samspelet med familie, vener og andre ein møter.

 

Eit par minus i margen har boka fått. Det minste fyrst: Forfattaren kan av og til gje litt ”enkle” løysingar på kompliserte problem. Eit døme på dette, er når han med tilvising til 2. Kor. 10, 4-5 slår fast at vi kan ”tillate” godt eller dårleg humør og avvise vonde tankar, og også kontrollere kjensler som vreide og misunning. Dette blir sjølvsagt for enkelt, og her burde Lucado, etter mi meining vore litt meir nyansert.

 

Det andre minuset, som nok er ein del større enn det fyrste, er fylgjande: Boka reknar, verkar det som, ikkje med moglegheita av at lesaren kan vere uomvend. Såleis talar ho varmt om evangeliet, og nådetilsagn er det mange av. Likevel tykkjer eg boka kunne tala meir om den klare skjelninga mellom lov og evangelium. I tillegg meiner eg ho burde kommunisert litt meir om den sunne Gudsfrykta som Jesus lærer at vi skal ha (Matt. 10:28-31.)

 

Men alt i alt: Ei fin, sunn, lettlest og evangelisk bok om Guds kjærleik til oss – og korleis vi kan bringe denne kjærleiken vidare.

Stikkord: , ,

Kommenter innlegget