En ubehagelig sannhet

I 1987 gav REM ut ein song med tittelen ”It’s the end of the world as we know it.” Ein kan vel seie at tittelen har fått ein aukande aktualitet i løpet av det siste tiåret. I alle fall om vi skal tru filmen “An unconvenient truth” – på norsk: “En ubehagelig sannhet.” Denne filmen har rulla og gått på kinoar verda over i løpet av dei siste månadene. Filmen tek for seg klimatrusselen; den globale oppvarminga. Er dette eigentleg noko å bekymre seg over? Al Gore, ”hovudpersonen” i filmen har eit tydeleg, men urovekkande svar: ”JA!!”

 

Fyrst nokre ord om ”forma” til filmen. Det heile går nemleg føre seg ved at Al Gore, ”the man who used to be the next President of the United States”, har eit langt foredrag om miljøtrusselen. Ved hjelp av filmsnuttar, grafar og tabellar, intervju, artikkeloppslag osb. presenterer han det han framstiller som kanskje den viktigaste moralske og politiske utfordringa i vår tid: CO2-utslepp har ”boosta” drivhuseffekten på ein slik måte at konsekvensane for verda kan bli katastrofale (og dette er ikkje ei overdriving!) om ikkje noko drastisk vert gjort i løpet av dei komande åra.

 

Og eg må seie: Al Gore er svært overtydande. Han legg fram reine målingar som syner at CO2-nivået er klart aukande, og at det er på eit langt høgare nivå enn det har vore på 650 000 år (!). I takt med denne auken, aukar temperaturane, med det til fylgje at ein får meir tørke, men også meir nedbør og ekstremvér. Gore viser bilete, film og grafar som provar at isbreane smeltar. Og det som verre er: Polisen er i ferd med å smelte, likeeins Grønlandsisen. Og dig this: Dersom arktis smeltar, vil dette akselerere oppvarminga, av di isen reflekterer såpass mykje av solljoset; når isen er borte, vil i staden vatnet ta opp solstrålene, slik at vatnet vert varma opp. Dette vil igjen påverke straumane i dei store hava. Ja, det finst grunnar til å tru at ein kan gå mot ei ny istid, og at denne kan inntreffe i løpet av ein rimeleg kort tidsperiode (kanskje så lite som eitt tiår), seier Gore. Uansett: Havnivået har allereie byrja å stige, og ein reknar med at det – dersom oppvarminga held fram slik som no – kan stige med rundt rekna 7 meter i løpet av dei neste tiåra. Dette vil leggje enorme landområde under land, og millionar av menneske vil bli berørte. Økosystem vil bli kasta ut i kaos, og dyreartar vil døy ut i eit raskt tempo.

 

Gore tek opp tre vanlege innvendingar mot det materialet han presenterer. Fyrst: Er det ikkje slik at det er vitskapleg usemje i forhold til om klimaendringane er menneskeskapte? Gore avviser ein slik påstand, og viser i staden til ei stor forskingsundersøking der nærare 1000 vitskaplege arbeid om klimaproblematikken har vorte evaluerte. Det syner seg at alle dei impliserte vitskapsfolka er samde om at den globale oppvarminga er menneskeskapt. Som promoteringa av filmen også seier: ”The evidence is overwhelming and undeniable.” Vidare: Står valet – politisk sett – mellom miljøvern og økonomi? Er det slik at miljøvern ikkje ”løner seg”, målt i pengar? Nei, hevdar Gore, fyrst og fremst av di økonomi vert eit meir eller mindre irrelevant spørsmål på ein klode som ein knapt kan leve på. Dinest av di det finst døme på at miljøvenlege løysingar faktisk skaper meir vekst og betre utvinning av ressursar.

 

Den tredje, viktige innvendinga Gore presenterer, er kanskje den viktigaste: Er det ikkje håplaust for oss å i det heile teke gjere noko med dette her? Har ikkje utviklinga allereie gått altfor langt? Like rungande som Gore ovanfor sa ”Ja!” til at miljøutviklinga er bekymringsverdig, seier han også ”Nei!” til slike innvendingar. Vi kan gjere noko for å stoppe utviklinga. Men då må vi fyrst ta inn over oss at vi er inne i ein djupt alvorleg situasjon. Kva kan vi så – reint konkret – gjere? Fyrst og fremst kan vi personleg sørgje for at vi sjølv minskar våre CO2-utslepp. Då er det særleg energisparing som gjeld, i og med at så mykje av den energien som vert bruka (også av oss) har opphav i såkalla ”skitne” energikjelder. Men vidare kan vi engasjere oss i det offentlege og politiske liv, for å sørgje for at politikarar også tek ansvar for miljøvern.

 

Då eg sette meg i kinosalen på Colosseum for å sjå ”En ubehagelig sannhet”, hadde kinopersonalet sett på ”ventemusikk”, før filmen byrja. Sannsynlegvis var vel valet av songar meir eller mindre tilfeldig. Men sett på bakgrunn av innhaldet i den etterfylgjande filmen, så gav det likevel ei viss meining at Nick Cave fekk sleppe til med sin ”People, they ain’t no good”: ”People just ain’t no good/I think that’s well understood/You can see it everywhere you look/People just ain’t no good”. Nei, vi menneske er på mange måtar ikkje noko særleg bra: Vi utviklar banebrytande teknologi, effektiv industri, høg levestandard. Men vi har vanskar med å bere ansvaret som fylgjer med; ansvaret for skaparverket og for komande ætter. Finst det då likevel håp om at vi kan endre vår ferd, slik at vi klarer nettopp dette? Eg hadde nær sagt: Det er vi nøydde til å satse på, for elles ser det ut til at kloden vår – slik vi kjenner han – ikkje kjem til å vare så mykje lenger.

 

Av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: