Den ukjente Jesus

Oskar Skarsaune er, som nok dei fleste lesarar veit, professor i kyrkjehistorie ved MF. Han har skrive ei viktig og høgaktuell bok der hovudtemaet er alternative kjelder til kven Jesus var. Boka er bygd opp av sju kapittel der temavalet spenner over eit ganske stort område. Rimeleg mykje stoff er vigd til teoriar og standpunkt som vert fremja i ”Da Vinci-koden” (dVk) og ”Hellig Blod, Hellig Gral” (Hb). Elles er Skarsaune også innom kanonhistorie, nytestamentlege apokryfe evangelier, Thomasevangeliet, Jesusforskinga og alternative teoriar til kva som skjedde med Jesus etter at han vart krossfest.

           

dVk og Hb er bøker som dei fleste i Noreg veit meir eller mindre om. Kort her kan eg nemne at dVk er ein kriminalroman som blandar ”truth and fiction” på ein (seiast det) forbausande flott måte. Sikkert er det i alle fall at boka har fått eit verkeleg stort nedslagsfelt i Noreg, oppsiktsvekkjande 200 000 eksemplar av boka har til no vorte selde! På verdensbasis kan ein gange det talet med 60. Det som har skapt så mykje blest om dVk, må nok likevel seiast å vere dei (i dobbel forstand) uortodokse teoriane som der er framsette, meir enn den skrivemessige dugleiken til forfattar Dan Brown. Som Skarsaune mange gonger påpeiker i si bok, har ikkje Brown på nokon måte forska seg fram til desse teoriane sjølv, det måtte i så fall vere dersom ein kan kalle det å lese ei bok – Hb – for forsking. Det er nemleg denne boka som gjev ”råstoffet” til det meste av det som Brown skriv om Jesus, Vatikanet, Maria Magdalena, Tempelriddarane, Den Heilage Gralen, kanonhistoria osb.

 

Fyrste kapittel i ”Den ukjente Jesus” omhandlar det som er ein av grunnsteinane i både dVk og Hb, nemleg funnet av pergamentrullar i ei lita kyrkje i Rennes-le-Châteu i Frankrike. I Hb vert det påstått at det i 1890 vart funne fire slike rullar, og to av desse gav (visstnok) til kjenne at Jesus verkeleg var gift med Maria Magdalena. I det andre kapittelet er ”den heilage gralen” tema. ”Gralsforteljingane” stammar frå ca. 1200 og utover, og gralen kan vere anten den tallerken som Jesus hadde nattverdbrødet på, eller begeret som vinen var i, eller også eit beger som Jesu blod rann oppi. Men Hb og dVk meiner at gralen i staden nok er løyndomen om Jesu blodsline. Skarsaune går djupt inn i det ein kan vite om alt dette, og han konkluderer med at teoriane om ”Jesu kongelege etterkomarar”, som fylgje av ekteskap med Maria Magdalena, i det store og det heile byggjer på fusk, fanteri, lygn, bedrag og falskneri – i tillegg til slette historisk-vitskaplege metodar.

 

Dei to fyrste kapitla i ”Den ukjente Jesus” tek altså ganske grundig opp problemstillingar henta frå dVk. Dei som ikkje har lest dVk, vil nok finne dette interessant (dei som har lest dVk, vil utan tvil like det), men det kan kanskje bli litt mange namn og opplysningar på éin gong, særleg i det fyrste kapittelet.

 

Det tredje kapittelet omhandlar Maria Magdalena, og kva rolle ho spelar i NT, i apokryfe evangelier, i middelalderlegender og – sjølvsagt – i dVk. Og det kjem vel neppe som ei overrasking for nokon at Skarsaune rettar flengjande kritikk mot sistnemnde bok for å sidestille legendariske, oppdikta middelalderforteljingar med det Nye Testamente, som historiske kjelder. Uansett: Maria Magdalena er ein person som er populær i mange krinsar også i dag, og det Skarsaune skriv om dei historiske kjeldene om hennar person, er interessant og lesverdig.

 

I det fjerde kapittelet er det kanonhistoria som er i sentrum. I Hb vert det sett fram påstandar om at det var keisar Konstantin som avgjorde kva skrifter som skulle vere med i NT. Etter tidlegare forfylgjing av kristne under keisar Diokletian, var dei fleste kristne skrifter inndregne og øydelagde. Konstantin stod difor ganske fritt til å utforme sitt eige Jesusbilete, og NT vart difor endra, slik at vi fekk ein meir guddomeleg Jesus. Men alt dette er vrøvl frå ende til annan, slår Skarsaune fast. Og kva meir er: Det er ikkje særleg vanskeleg å avkrefte det heller, for vi har mange gode handskrifter til NT frå før Konstantin si tid. Skarsaune går også grundig inn på kva som er innhaldet i ein del NT-lege apokryfe skrifter, samt kanonprosessen og kvifor desse skriftene ikkje kom med i NT. 

 

Det femte kapittelet er verkeleg ein godbit for alle som er interessert i evangelia og Jesusforskinga. Her går Skarsaune, over 55 sider, inn i debatten om Q-kjelda og Thomasevangeliet. Q-kjelda er ei hypotetisk kjelde; ein tenkjer seg då at Matteus- og Lukasevangeliet byggjer på Markusevangeliet. Problemet er berre at Matteus og Lukas har ein del stoff felles, som ein ikkje finn i Markus. Dette felles stoffet ser ein føre seg som ei kjelde som både Matteus og Lukas har nytta. Skarsaune er ikkje bastant på dette området, men han grunngjev meiningane sine på ein overtydande måte. Han trekkjer fram at det i alle høve vil vere vanskeleg å vite kva slag kriterier ein skal nytte for å rekonstruere ei evt. Q-kjelde, og at det difor vert meir eller mindre basert på gjetting dersom ein freistar å finne fram til eit meir eit meir opphavleg Jesusbilete på grunnlag av ein slik rekonstruksjon. Thomasevangeliet vart funne i Nag Hammadi i 1945, i lag med ein del andre gnostisk prega skrifter. Det er vanskeleg å vite når det er skrive, Skarsaune meiner at ein del tyder på ei avfatting rundt 150 e. Kr. Men dei avskriftene vi har, er eldre.

 

Thomasevangeliet har vore mykje debattert innanfor evangelieforskinga, og grunnen er at skriftet inneheld ein del ord som har klare parallellar i dei synoptiske evangelia, i tillegg til ein del ord med gnostisk ”klang”. Nokre forskarar, t. d. Jesusseminaret i USA, reknar med at nokre få delar i Thomasevangeliet kan representere ”nye” Jesus-ord. Skarsaune argumenterer derimot overtydande for at Thomasevangeliet er avhengig av evangelia i NT. Mykje av argumentasjonen vil det føre for langt å gå inn på her – det dreier seg mykje om analyse og samanlikning av Q, dei synoptiske evangelia, og (den greske og den koptiske) Thomas. Han legg også vekt på den klare gnostiske tendensen i Thomas, i motsetning til dei synoptiske evangelia, der vi møter langt fleire menneskelege trekk hjå Jesus. Men spesielt interessant er det å lese om korleis Skarsaune vil sjangerbestemme skriftet. Han gjev mange gode grunnar for at Thomasevangeliet best er å forstå som eit ”utfyllande” skrift som fortel om Jesu undervisning av læresveinane etter at han var stått opp frå dei døde.

 

Det sjette kapittelet omhandlar særleg Jesu død. Døydde Jesus verkeleg på krossen? Eller overlevde han kanskje, og reiste til eit anna land, kanskje Frankrike eller moglegvis India? Skarsaune går gjennom nokre av dei til dels kompliserte opphava til nokre av dei moderne teoriane om kvifor Jesus ikkje døydde på krossen. Det finst nemleg dei som påstår at Jesus vart døyvd med opium då han drakk eddikvin på krossen, og vidare at essenarane sin legekunst hjalp han til å overleve i trass av skadene han pådrog seg. Men alt dette er berre vrøvl, seier Skarsaune, og det byggjer på falskt eller rett og slett fråverande kjeldegrunnlag. Dette kapittelet er spesielt lærerikt, ikkje berre av di det tek opp nyare teoriar om at Jesus ikkje døydde på krossen, men også av di ein får ein fin gjennomgang av kva vi verkeleg kan vite om Jesu død ut frå evangelia.

 

Det sjuande og siste kapittelet er eit slags oppsummeringskapittel, der Skarsaune på sett og vis gjev det rette svaret på kvar vi bør gå for å få vite kven Jesus verkeleg var – nemleg til evangelia og breva i NT. Han reflekterer også litt rundt korleis historikaren arbeider for å finne ut om skriftene verkeleg er truverdige. Oppgåva til historikaren er, seier Skarsaune, å handsame meir eller mindre partiske kjelder ”med omtanke og dømmekraft”. Og når ein gjer det, vil ein finne at skriftene i NT er forbausande truverdige.

 

Alt i alt ser ein at Skarsaune er innom ganske mange forskjellige tema i løpet av ca 250 sider. Og ein del stader går han veldig grundig ned i tema som kan verke perifere og lite relevante (men likevel interessante!). Så kan ein spørje: Er dette verkeleg naudsynt, eller kunne Skarsaune ha greidd seg med ein tredjedel av det sidetalet han enda opp med? Eg trur at svaret her må bli at det i høgste grad er naudsynt, og eg vil freiste å grunngje det på fylgjande måte: Om nokon skulle vere i tvil: Teoriane i dVk og Hb framstår ikkje som fantasi og fiksjon. Dei gjer krav på å vere sanne. Og dei feilaktige teoriane og standpunkta som vert fremja, er (på forførande vis) grunngjeve av ei salig blanding av reell historisk kunnskap og reell fantasifull fiksjon. Men Denne blandinga er farleg, for når lygna på denne måten vert blanda med sanning, er det svært vanskeleg for ”mannen i gata” å skilje kva som er gale og kva som ikkje er det. Og som om ikkje dét er nok: Då Da Vinci-feberen herja som verst, vart vi vitne til at talsmenn for det heile fekk presentere sine standpunkt utan motspørsmål i beste sendetid på riksdekkjande TV. Når ein samstundes tek med reknestykket at ca. kvar 20. nordmann eig ei utgåve av dVk, er det enkel matematikk at feilaktige påstandar om Jesu ekteskap med Maria Magdalena, om Konstantins samling av NT osb. får fotfeste i det norske folk.

 

Den postmoderne tankegangen, kombinert med ein stadig større overflod av informasjon, kan lett føre til resignasjon: ”Er det i det heile teke mogleg å vite noko om Jesus? Kan ikkje dVk og Hb ha like rett som Bibelen – båe har jo gode grunnar for det dei påstår?” Men Skarsaune vågar å ta opp kampen med ein slik tankegang. Difor er ”Den ukjente Jesus” ei umåteleg viktig bok, som alle kristne (og ikkje-kristne) vil ha utbyte av å lese. Alle tenkjande kristne bør vite litt om kanonhistorie, om korleis evangelia var til og om argument for og imot det at Jesus døydde og stod opp. Vil ein lære om dette, er ”Den ukjente Jesus” ein fin stad å byrje.

             

 

 

Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: