Bioteknologi på liv og død

Bioteknologi på liv og død. En enkel bok om Mehmet og Dolly, stamceller og donorsøsken, bioetikk og menneskeverd.

Lunde

2007

112 sider.

149,-

 

Torleiv Ole Rognum er professor i rettsmedisin ved Universitetet i Oslo, Espen Ottosen er teolog og informasjonsleiar i NLM. Saman har dei gjeve ut den vesle boka ”Bioteknologi på liv og død”, som har til føremål å informere om viktige omgrep og problemstillingar rundt bioteknologi og menneskeverd. Forfattarane gjev til kjenne sitt eige standpunkt – dei ynskjer å verne om eit absolutt menneskeverd, som også dekker fosteret – likevel ynskjer dei å å vere objektive og saklege i si framstilling.

 

Sjølve framstillinga vert innleidd og avslutta av ein presentasjon av Mehmet-saka, som var ei stor mediesak i 2004. Akkurat dét tykkjer eg er eit lurt grep; her får ein eit konkret og livsnært utgangspunkt for ein presentasjon av viktige bio-etiske problemstillingar. For å friske opp litt: Mehmet var ein seksåring med ein alvorleg sjukdom som gjer at hans raude blodlekamar vert øydelagde. Det saka står om, er i kva grad ein bør tillate – ved prøverørsbefruktning – å befrukte mange egg, for deretter å velje ut eitt av desse, slik at dette eine embryoet kan bli ein ”donorbaby” for den sjuke Mehmet. Sjølv om mange her ser store moglegheiter, peikar Rognum på at den medisinske behandlinga på dette området har støytt på store problem.  

 

Men sjølv om det ein gong i framtida skulle syne seg å bli mogleg å gjennomføre denne type behandling, er det ei rekke etiske problemstillingar knytt til dette. Førebels har vi ikkje hatt ein grunnleggjande debatt om desse i Noreg, men Rognum og Ottosen argumenterer overtydande for at dette verkeleg bør debatterast. For kva status bør ein eigentleg tilleggje eit ”befrukta egg”? Allereie den dominerande språkbruken avslører her uuttala oppfatningar: Tittelen ”befrukta egg”, som vert nytta i norsk lov, er jo eigentleg misvisande, i staden bør ein omtale entiteten som eit embryo eller ein menneskespire, i og med at entiteten frå befruktning til død har det same arvestoffet.

 

Det er svært tankevekkande å lese om kva syn på menneskeverd som er føresett i den gjeldande abortlova; her er menneskeverdet basert på aukande alder – ei gradering som synest vilkårleg. Sameleis blir det med filosofiprofessorane Solbakk og Saugstad sine forsøk på å grunngje menneskeverd hjå menneske, då hhv. ut frå ”evne til å leve eige liv” og ”fornuftsevne”. Altså vert menneskeverd basert på individet sine eigenskapar, og då vil det alltid vere individ som fell utanfor, t. d. gamle med Alzheimer, eller nyfødde born. Det vert problematisk å tale om absolutt menneskeverd ut frå desse modellane.

 

Den siste delen av boka dreier seg om ”åtvaringar frå fortida”. Det er ei kjent sak at andre verdskrig sine redslar skulle bidra til ei styrking av menneskeverdet og individet sine rettar i etterkant av krigen. Det er også ei kjent sak at førkrigs-Tyskland opererte med groteske raseoppfatningar, ein type sosialdarwinisme, som skulle få blodige konsekvensar i tyske konsentrasjonsleirar. Meir ukjent er det at liknande raseoppfatningane også hadde sterkt fotfeste i Noreg i mellomkrigstida, jamvel om dei ikkje fekk like umenneskelege utslag. Tusenar av menneske vart t. d. sterilisert i Noreg i perioden mellom 1934 og 1977, med stønad frå norsk lov. Årsaka: Dei hadde såpass dårleg arveanlegg at det ikkje var gagnleg at dei førte slekta vidare. Dømet syner at tidsånda lett kan gjere at ein blir verdimessig ”nærsynt”.

 

Rognum og Ottosen har skrive ei viktig og tankevekkande bok om eit aktuelt tema, nemleg bioteknologi. Når ein les boka, skjønar ein at absolutt menneskeverd langt frå er ei sjølvfylgje i vårt samfunn. Boka vil gje stimulans til gjennomtenking av viktige problemstillingar, og innheld også mange vitskaplege og etiske argument mot (og for) moderne bioteknologi. Om eg har noko å utsetje på boka, er det kanskje at ho er flink til å kritisere vår tids grunngjevingar av menneskeverd, men at ho i litt for liten grad prioriterer å grunngje og argumentere sakleg og godt for sitt syn på menneskeverd.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

 

   

Stikkord: , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: