Adonai

Adonai. Lovsanger

Egil Elling Ellingsen og Bertel E. Hjortland.

Verbum

2007

98 kr.

69 sider.

 

Egil Elling Ellingsen er ungdomspastor i Imi-kyrkja i Stavanger, og og Bertel Hjortland er prest i Storsalen i Oslo. Saman har dei no gjeve ut boka ”Adonai. Lovsanger”, ei songbok som er retta mot ungdom. Her vil ein finne til saman 23 engelske og norske songar med notasjon og besifring. Alle dei engelske songane er omsett til norsk, og ein del av desse omsetjingane vil nok vere nye for dei fleste. Tida vil vel vise om dei  blir teke i bruk, men i alle høve tykkjer eg det er sprekt gjort å ta eit slikt grep. Av dei som står bak omsetjingane, kan nemnast Stian Aarebrot og Hans Johan Sagrusten.

 

Innimellom songane vil ein finne sider med kommentarar til songane, refleksjonar og sitat om lovsong, bibelvers etc. Slutten av boka inneheld korte skildringar av dei miljøa og forfattarane som står bak songane, samt eit forslag til songval ved ei nattverdsgudsteneste. Eg tykkjer dette er nyttig og informativt.

 

Songsamlinga har eit ganske (protestantisk-)økumenisk preg. Ein finn songar frå bandet Delirious, frå Hillsong, IMI-kyrkja, Rudi Myntevik, Storsalen, Subchurch, Ungfila, Vineyard, i tillegg til éin song frå den noko mindre kjente Keith Getty. Songvalet er såleis med på å forsterke inntrykket av at konfesjonelle skiljeliner kanskje ikkje spelar så stor rolle hjå unge kristne i dag. Ikkje alle vil vurdere den utviklinga som udelt positiv.

 

Med dette i tankane, vert det spennande å gå til det tekstmessige innhaldet i songane. Som kjent er det nok rimeleg å seie at det har vore ei viss utvikling i tekstinnhald i nyare lovsong dei siste 10-15 åra. Ein del av songane har fått eit breiare og meir nyansert innhald. Dette vert også reflektert i ”Adonai. Lovsanger”. ”History Maker” skildrar Guds mangfaldige undergjerningar, ”Majesty” har eit befriande fokus på synd, kross og nåde, liksom også ”Veien du gikk”, ”Klamrer” og ”I have been redeemed”. ”God of all splendour” legg vekt på at Gud er Skapar. ”In Christ alone” er ein rik og flott song som utlegg historia om Jesu kome i kjøt, hans liding, død og oppstode, samt kva denne gjerninga har å seie for oss menneske. Utanom desse songane, er det generelle hovudfokuset at Gud er god, sann og kjærleg, samt mange frimodige utsegner om at ein vil fylgje Jesus og la hans vilje skje.

 

Konkluderande kan ein difor seie at ein innhaldsmessig her har å gjere med ei fin samling av lovsongar. Men til generell bruk i kyrkjelydssamanheng, er det mi overtyding at dette likevel blir for tynt; ein må også supplere med t. d. forbønssongar, bibelforteljingssongar og songar som har meir læreinnhald; songar som tek opp nattverden, dåpen, anger og tru, Gud som Skapar og oppretthaldar, Den Heilage Ande og Hans gjerning etc.

 

Som eit demonstrativt døme på kva eg meiner: I songforslaget som er sett opp på slutten av boka, er det foreslått fire songar til nattverddelen. Men ingen av desse songane nemner nattverdhandlinga med eit ord. Her er ingen ting om realpresens, om forholdet mellom Guds Ord/løfte og vår tru, om Jesu innstifting osb.

 

Altså: Dette treng ikkje å innebére nokon kritikk av ”Adonai. Lovsanger”. Her er mange fine lovsongar som reflekterer sann og ærleg tru på Jesus, og vilje til å fylgje han. Det vil vere flott om desse kan bli brukt i kyrkjelydssamanheng, men då også supplert av kristne songar som kan ta seg av den litt meir innhaldsmessige pedagogisk-opplærande biten.

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen.

Stikkord: , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: