Å lese Bibelen

Å lese Bibelen

Anders Piltz

St. Olav forlag 2006

68 sider

149,-

 

St. Olav forlag, som er norsk og katolsk, har nyleg gjeve ut ein serie med småskrifter. Nokre av dei omhandlar ”helgenar”, andre har tema innanfor andeleg rettleiing. I dette nummeret av UT melder og kommenterer vi dei fleste av desse skriftene. Den boka som her skal presenterast og meldast, bér tittelen ”Å lese Bibelen”, og er skrive av professor og prest Anders Piltz.

 

Boka, eller kanskje vi heller bør seie heftet, vert innleia med nokre tankar om korleis ein skal finne sanninga. I god romersk-katolsk og thomistisk stil tek forfattaren utgangspunkt i korleis verda er bygd opp, i all sin vidunderlege kompleksitet. ”Alt tyder på at det eksisterer en Skaper”. Så kjem eit par i og for seg interessante setningar, som inneheldt ei så artig omsetjingstabbe at eg nesten må ta dei med: ”Her kommer åpenbaringen [sic!] oss i møte. Jeg skriver ordet med stor forbokstav for helt tydelig å holde det adskilt fra individuelle åpenbaringer.” No ja, omsetjinga er elles stort sett god, sett bort frå eitt og anna ”svorsk” ord, t. d. når det på side 46 vert sagt at ”Kristi bønn gir salmene en dypere innebyrd.”

 

Men la oss no sjå litt nærare på hovudinnhaldet i boka. Piltz fortel at Bibelens Gud openberrar seg sjølv gjennom Jesus Kristus, og i og med NT er Openberringa avslutta, sjølv om han ikkje er ferdig fortolka på ein endegyldig måte. ”Forståelsen av [hendelsene i NT] vokser med tiden”, jfr. katolsk tradisjonstenking. Det er altså klart at skriftsynet som kjem til uttrykk her, ikkje akkurat samsvarer med det vi finn hjå Luther – t. d. med tanke på Skriftas klårleik – men det er interessant å merke seg at forfattaren i løpet av boka likevel siterer Luthers (og ”lutheranarars”) tanker om Skrifta, med tilslutning.

 

Piltz er oppteken av at ein skal nærme seg Ordet med respekt, og vere liksom Maria, som grunda på dei orda ho fekk høyre av Herren. Bibelen er vår ”andelege føde” som vi ”ivrig, ja, grådig” bør mette oss med, for der møter vi Jesus Kristus sjølv. Ein bør lese Bibelen ”i den hensikt der å finne veien til frelsen.” Piltz tek opp litt problemstillingar rundt eksegese og bibelforsking etter opplysningstida, og i samband med dette nemner han også dei problema det moderne menneske støyter på i møte med groteske historier, hendingar og gudsbilete(?) i GT. ”Bibelen er ingen uskyldig lesning”. Likevel, seier Piltz, skal ein vere klar over at Gud – fyrst og fremst gjennom sin Son Jesus – tek del i vår ”uoversiktelige, blodstenkte historie”. ”Kristi menneskelige natur er ikke noe illusjonsnummer”, og dette gjev ”løysinga” på det anstøytelege i Bibelen. Og difor må vi også, som kristne leggje stor vekt på GT, dersom vi i det heile teke vil forstå kven Kristus er. For Jesu Far er Gud slik han vert openberra i GT.

 

Er det noko eg saknar i ”Å lese Bibelen”, er det det fokus eg – med Luther og Paulus – er overtydd om at rettferdiggjeringslæra bør ha i ei rett forståing av Skrifta. Rettferdiggjeringa – det at mennesket vert frelst ved tru, ved nåde, og ikkje ved gjerningar – er sjølve hovudpoenget i Skrifta. Difor skal også Skrifta tolkast som lov og evangelium. Dette perspektivet er ikkje markert i denne boka, jamvel om det vert lagt vekt på at Bibelen djupast sett er ei kristologisk bok. Likevel er ”Å lese Bibelen” ei god bok med mange lærerike, inspirerande og interessante tankar, og eg kan difor – dersom lesaren er medviten – gjerne anbefale henne.    

 

Meldt av Hallvard N. Jørgensen

Stikkord: , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: