”Kristus i det Gamle Testamentet” – med innspel frå Luther

Innleiing

Det som skal bli tematisert i denne artikkelen, er ”Kristus i GT”. Fyrst og fremst skal eg ta utgangspunkt i Luthers forståing av GT på dette punktet. Velkjende er Luthers ord frå ”Den trellbunde viljen”: ”Ta Kristus bort frå Skriftene, kva meir vil du så finne der?”[1] I denne artikkelen skal eg freiste å konkretisere korleis Luther faktisk tenker seg at Kristus er å finne i GT. Eg vil i hovudsak halde meg til sekundærlitteratur om temaet[2], med nokre innslag av fyrstehandskjelder.[3] Det er nærast overflødig å understreke at kjeldeomfanget her er stort. Luther foreleste i 32 år, men av desse gjekk berre tre-fire år med til NT, resten gjekk med til GT. Det er såleis meir rett å kalle Luther ein professor i GT enn ein professor i NT.[4] Det skal likevel nemnast at når det gjaldt forkynning, preika Luther 30 gonger oftare over NT-tekstar enn GT-tekstar.

I den andre delen av artikkelen vil eg freiste å kome med nokre generelle refleksjonar om ei kristen kristologisk forståing av GT. Desse refleksjonane vil springe ut i ei vurdering av om vi kan fylgje Luther i hans GT-forståing i dag.

 

Luthers forståing av Kristus i GT

Allegoresen og quadrigaen

Det er viktig å kjenne til den eksegetiske utviklinga hjå Luther dersom ein vil forstå hans skrifttolking av GT. Denne utviklinga har også konsekvensar for forståinga av Kristus i GT. Særleg sentralt her står tolkingsmetodane allegorese og quadriga.[5]

Allegoresen var særleg framme hjå den platonsk inspirerte kyrkjefaderen Origenes. Med tilvising til inspirasjonen, samt 2 Kor 3:6 (der det vert skjelna mellom ”Anden og bokstaven”); Gal 4:21-31 m. fl., argumenterte han for at fanst ei djupare, andeleg meining i Skrifta. Dei bokstavlege, uforståelege og anstøytelege ting skulle leie oss til å finne nettopp denne djupare meininga. Allegoresen utvikla seg utover i middelalderen i den såkalla ”quadrigaen”, dvs. eit skjema for tolking av bibeltekstar der ein skulle sjå etter den firfaldige meininga.

Det er diakonen Johannes Cassianus (ca. 360-435) som vert rekna som den fyrste som gav namn til desse fire meiningane. Meingane er inndelt i den historisk-bokstavlege, den allegoriske (viser til trusinnhaldet), den moralske/tropologiske (viser til kjærleiken og etikken) og den anagogiske (viser til det kristne håpet). ”Jerusalem” kan i fylgje Cassianus ut frå dette skjemaet på same tid tolkast som a.) hovudstad i Judea, b.) den stridande kyrkja, c.) den truande sjela, d.) den sigrande kyrkja.[6] Men det er verd å understreke at ikkje alle bibelord trong tolkast på denne måten, og det vart også lagt vekt på at det var den bokstavlege meininga som var den grunnleggjande, og som så å seie var fundamentet for dei andre tolkingane.

            I alle høve var ikkje teologien i middelalderen fram mot Luther prega av kreativitet og nytenking i høve til forkynninga av Kristus i GT. Quadrigaen vart nytta i stor grad, ikkje minst den moralske og allegoriske meininga. På fleire måtar er det mogleg å tale om ein ganske stor uorden, og jamvel kaos, i hermeneutikken på dette området. Thomas Aquinas var ein av dei som freista å skape ein viss orden i dette. I sin Summa Theologica freistar han seie noko prinsipielt om quadrigaen. Aquinas forkastar han ikkje, men legg stor vekt på den historisk-bokstavlege meininga, som han definerer som forfattaren sin intensjon. Han er også nøye med å understreke at dei tre andre meiningane må bli grunngjeve i denne. Aquinas viser også andre gonger at han har ei kritisk innstilling til allegoresen.[7]

 

Luthers eksegetiske utvikling

Vi har sett at middelalderen generelt sett var prega av ein viss uorden og uklårleik med tanke på GT-hermeneutikken. Ved reformasjonen skulle ein reaksjon på denne uordenen oppstå. Dette får vi eit særleg tydeleg døme på hjå Luther i hans utvikling. Hans tolking av Salmane er eit godt utgangspunkt for få innblikk i denne prosessen. Problem knytt til rett forståing av Skrifta vert vel knapt nokon stad i hans skrifter meir grundig gjennomtenkt enn her.

Den fyrste salmeforelesninga (den såkalla ”Dictata super psalterium”, her forkorta ”Dictata”), frå 1513-1515, er sentral. Men går vi hit, vil vi finne at det er ganske vanskeleg å finne eit klart og logisk hermeneutisk mønster, jamvel om det synest som om Luther beveger seg i tradisjonelle middelalderlege banar med omsyn til allegoresen. Luther uttalar sjølv seinare (1532) at han i Dictata fyrst og fremst tolkar Kristus i salmane som eit førebilete for dei truande. Dette er også Thestrup-Pedersens konklusjon: ”Kristus interpreteres i Dictata som exemplar og urbillede for os og vort liv i verden.”[8]. Men denne Kristusforståinga tek Luther seinare avstand frå.

Eitt viktig poeng til frå Dictata skal nemnast: Den historisk-bokstavlege meininga vert her ikkje forstått som den tidshistoriske (”jødiske”) meininga. Nei, den historisk-bokstavlege meininga er den profetisk-kristologiske meininga, dvs. den meininga som peikar på Kristus. Dette har samanheng med at gudserkjenninga vert gjeve åleine i den krossfesta Kristus.[9] Dette kjem eg meir attende til nedanfor.

Perioden frå 1516 til 1519 markerer ein overgang for Luther, bort frå allegorese og quadriga. I 1517 gav Luther ut ei omsetjing og tolking av sju botssalmar. Her har Luther rett og slett stilltiande gjeve opp den firfaldige meininga åt Skrifta. I staden poengterer Luther at det finst éi meining, éi klar sanning. Luther legg også her vekt på at heile Skrifta peikar på Kristus, han som er gjeve for oss. Luther kan seie at ”eg-et” i salmane varierer mellom den einskilde fromme, heile Kristi folk, eller Kristus sjølv.

I 1519-21 gjev Luther ut ”Operationes in Psalmos”, hans andre forelesingsrekke over salmane. Denne vert avslutta med eit grundig oppgjer med quadrigaen og allegoresen. Ein skal sjå etter den historiske, bokstavlege, éine skriftmeininga som den einaste legitime, seier Luther.[10] Luther er særleg kritisk mot allegoresen av di ein der reduserer den bokstavlege meininga til å handle om det reint tidshistoriske, utan evne til å seie noko om tru, kjærleik og von. Luther vil mot dette samanhalde den organiske einskapen mellom den historiske og den homiletiske skriftmeininga. I og med at Skrifta er inspirert av Gud, talar Skrifta om Kristus – i og ved dei historiske orda som er nedskrive.[11]

Eg har no kort skissert opp utviklinga hjå Luther med omsyn til hermeneutiske grunnspørsmål knytt til allegorese og quadriga. Vi har sett at Luther avviser quadrigaen, og at han vert sterkt kritisk til allegoresen, jamvel om han aldri heilt sluttar å bruke han i oppbyggjeleg siktemål.[12] Luther er i alle høve klar på at allegorese er ubrukeleg med omsyn til læreutsegner. I det fylgjande avsnittet skal eg utdjupe meir kva Luther meiner når han talar om den éine historisk-bokstavlege meininga som den legitime.

 

Den historiske meininga = den profetisk-kristologiske

Vi har funne at Luther ser den historisk-bokstavlege meininga som den grunnleggjande. I og med at Skrifta er inspirert, dreier denne éine meininga seg om Kristus. Luther avgrensar seg difor skarpt mot jødisk tolking av GT, som kun ser Skriftas ”ytterside” og difor meiner at GT si hovudsak er gjerningsrettferd. Nei, hovudsaka i GT er Kristus og livet med han i spenninga mellom synd og nåde.

Ein kan spørje: Er då ikkje Luther på nytt attende i den allegoriske tenkemåten? Dette er eit viktig spørsmål, som ein likevel må svare benektande på. Det er klart nok at Luther vil avgrense seg frå ei reint tidshistorisk lesing av GT som ikkje ser at teksten talar til oss også i dag. Men han vil også avgrense seg frå ei allegorisk lesing av Skrifta som ikkje tek utgangspunkt i den bokstavlege meininga til teksten, men heller leitar etter sanningar ”bak” teksten. Nei, det er viktig å ha det klart for seg at ”Luther vil finde ånden i bogstaven, ikke hinsides den.”[13] Når altså Luther talar om den bokstavlege meininga til teksten, er meininga at Luther held seg til ordlyden i teksten, ikkje noko ”bak han”. Luther er overtydd om at Kristus er å finne i denne teksten, og dette er den éine meininga til teksten.[14]

Difor er det rett å seie at Luther tolkar GT med ei klar føresetnad: Han er overtydd om at Anden talar der, og at Bibelen sitt ”scopus” – evangeliet om nåden, Kristi kross og oppstode for oss – er hovudsaka her. Og Luther understrekar at ein difor ikkje kan tolke Skrifta rett dersom ein ikkje kjenner Kristus, og også kjenner til kva nåde og rettferdiggjering er. Thestrup-Pedersen oppsummerer Luthers standpunkt slik: ”Thi i det alternativ befinder vi os ifl. Luther i al vor skrifteksegese: enten forstår vi Skriften ud fra Kristus og den i ham forkyndte trosretfærdighed, der ophæver al gerningsretferdighed for Gud, eller også forvansker vi Skriften, i det vi tolker den i lyset af vår egen filosofi, og denne filosofis inderste væsen vil…være gennomsyret av gerningsretfærdighed”.

 

Meir om profetisk tale om Kristus i GT

Når vi no har sett korleis Luther hermeneutisk sett tenker om GT, skal eg meir konkret gå til verks og freiste å gje eit lite innblikk i kvar Luther finn profetisk tale om Kristus i GT. Luthereksperten Heinrich Bornkamm seier: ”The direct application of the Old Testament texts to Jesus Christ, his words and deeds, his death and resurrection, his church and his work in the believer was by far the strongest and most comprehensive theme in Luther’s interpretation of the Old Testament.”[15] Luther skjelna mellom proklamasjon og prediksjon (forutseiing). Profetane predikerte, ja, men fyrst og fremst proklamerte dei Kristus, ein proklamasjon som skulle halde folket fast i trua på Kristus, dvs. trua på den Kristus som skulle kome.[16] Denne Kristus-forkynninga frå profetane er prinsipielt lik den apostoliske forkynninga av Kristus i NT.

Nokre døme kan gje oss eit innblikk i kvar Luther reint konkret fann profetisk tale om Kristus i GT. I eit skrift frå 1525, der temaet er dei kristne sitt forhold til Moses, ramsar Luther opp kva profetiar som er å finne om Kristus i Mosebøkene. Han nemner det såkalla ”protoevangeliet” (1 Mos 3,15), Guds løfte til Abraham (1 Mos 22,18), Moses’ ord om at ein ny profet skal reisast opp.[17] Andre stader nemner Luther t. d. Evas sigersrop (1 Mos 4,1) og profetien om Juda (1 Mos 49,10).[18]

Går ein til salmane, vil ein – som nemnt ovanfor – også finne at Kristus og trua på Han er hovudsaka. Når Luther skal kategorisere salmane, ser han fylgjande som profetiske, om Kristus: 2, 8, 9, 14, 16, 19, 21, 22, 24, 29, 45, 47, 67, 68, 72, 87, 89, 92, 93, 95-98, 100, 110, 113, 117. Men også dei andre salmane inneheld i stor grad forkynning om Kristus.[19] I det neste avsnittet skal vi sjå nærare på korleis Luther tolkar Salme 117, då vil vi få eit nært innblikk i Luthers konkrete tankegang.

 

Eit døme på Luther-eksegese: Salme 117

Luthers utleggjing av Salme 117 er som sagt eit høveleg døme på korleis Luther kan tolke ein GT-tekst nøye eksegetisk og bokstavleg, men likevel profetisk-kristologisk.[20] Sjølve salmeteksten lyder som fylgjer:

 

”Lovsyng Herren, alle heidningar, pris han, alle folk!

For hans miskunn mot oss er stor. Herrens truskap varer evig. Halleluja!”

 

Denne salmen inneheld for det fyrste ein prediksjon: ”Med nokre få korte ord profeterer og forkynner salmisten om Guds storgjerningar og under, nemleg Evangeliet og Kristi kongerike, som var føresagd, men enno ikkje openberra på den tida.”[21] Salmen, seier Luther, handlar såleis om at heidningane i den pakta skal få kome til trua og bli frelst. Og dette skjer i og ved forkynninga av Kristus og forvaltinga av sakramenta.  

For det andre inneheld salmen ei openberring. Salmen oppfordrar heidningane til å lovsynge den éine Gud der dei er, men dei treng ikkje å forlate landet sitt og slutte å halde lovene i landet. Såleis openberrer salmen læra om dei to rika, dei to regimenta, det verdslege og det andelege. Og med bakgrunn i dette kan Luther sterkt kritisere pavekyrkjas samanblanding av dei to regimenta.

For det tredje inneheld salmen ein lærdom. Når Luther les at ”Guds miskunn mot oss er stor”, forstår han det slik at dette handlar om evangeliet om trusrettferda. Verset handlar såleis om at Gud av berre nåde tilgjev oss alle våre synder for Kristi skuld. Og dette medfører at våre gjerningar og vår visdom ikkje gjev oss noko forteneste framfor Gud. Ut frå dette kan Luther rette kritikk mot både jødar som held seg til lovgjerningar, heidningar som dyrkar avgudar og pavekyrkja som finn på gjerningar som skal skape forteneste framfor Gud. Vidare kan nemnast at Luther omset hebr. ”gavar” med ”herskar”, altså ”Hans miskunn herskar over oss.” Ut frå dette kan Luther tale om Kristi kongerike som er i og over oss, og som gjer at synda ikkje herskar over oss.

For det fjerde inneheld salmen ei oppfordring til prise Herren. I og med at salmen har lært oss at Gud gjev oss alt vi treng av berre nåde, går vår teneste fyrst og fremst ut på å takke og prise Gud. Difor kritiserer Luther sterkt munkevesena sine sjølvoppfunne løfter og tenester.

Luther avsluttar utleggjinga av salmen med å seie nokre ord om sjølve måten han utlegg teksten på. Det gjeld å finne den enkle meininga i Skrifta, seier Luther; dét er den rette og fruktbare måten å bruke Skrifta på. Fyrst og fremst ynskjer Luther å finne og leggje fram det som er ”kjernen i den kristne læra, uansett kvar i Skrifta han vert funne. Og kjernen er dette: At utan nokon forteneste, som ei gåve av Guds reine nåde i Kristus, får vi rettferd, liv og frelse, og at det ikkje finst nokon annan veg…som kan hjelpe oss å nå det.”[22]

 

I det neste avsnittet skal vi sjå på korleis Luther finn triniteten i GT, samt korleis han forstår samanhengen mellom Guds Ord og Kristus.

 

Triniteten i GT, Kristus som ”Ordet”

Det faktum at Luther la så stor vekt på å halde seg til den bokstavlege teksten, medførte at han avviste mange av dei tekstane som tradisjonelt i kyrkjas historie – ved hjelp av allegorese – hadde blitt tolka til å handle om triniteten. Det fanst likevel etter Luthers meining vitnesbyrd om triniteten i GT, ikkje minst fleirtalsforma ”Elohim” (til dømes 1 Mos 1:26; 3:22; 11:7).[23] Men Luther understreka at desse tekstane ofte var uklare; den tydelegaste grunngjevinga for triniteten finn ein i NT.

Skapingssoga i kapittel 1 var hans favorittstad med tanke på å finne triniteten i GT, men dette er ein tekst som også tydeleg forkynner Kristus. Her vert det nemleg skjelna mellom Gud som skaper, og Hans Ord, som verda vert skapt ved. Slik er det også i Salme 33:6, eit vers Luther også likte godt: ”Ved Herrens Ord vart himmelen skapt.” Luther var ikkje i tvil om at det ”Herrens Ord” som her vart omtala, var Kristus sjølv.[24]

 

”Difor er [Kristus] sann Gud, men på denne måten, at Faderen føder [”begets”] Sonen, og at Sonen er fødd. Denne forskjellen legg Moses fram når han nemner Gud, som tala, og Ordet, som vart tala.”[25]

 

I og med at Kristus såleis er Herrens Ord, er Han også til stades alle stader i GT der Guds Ord vert tala. Med tanke på dei kristologiske profetiane tyder dette at Kristus på ein dobbel måte er til stades: Det er Kristus sjølv som talar, og det er Kristus som er innhaldet i profetiane. Dette er ikkje slik å forstå at Kristus ”gjev orda” til den som talar, nei, det er verkeleg Kristus sjølv som talar gjennom profetane eller salmistane.[26]

 

Kristi einskap med Faderen

”Eg og Faderen, vi er eitt”, seier Jesus i Joh 10,30. Denne tanken i NT påverka Luthers forståing av Gud i GT:

 

Såleis fylgjer det mektig og uimotseieleg at den Gud som leidde Israelsfolket ut av Egypt og gjennom Raudehavet, som viste dei vegen i øydemarka ved støttene av sky og eld, som næra dei med himmelsk brød, og som utførte alle mirakla Moses skildrar i si bok, som også førte dei inn i Kaanans land og så gav dei kongar og prestar og alt, er Gud og ingen annan enn Jesus frå Nasaret, son av Maria møy, som vi kallar Kristus, vår Gud og Herre…Igjen, det er han som gjev Moses dei Ti boda på Sinaifjellet, i det han seier: ”Eg, Herren, er din Gud som leidde deg ut av Egypt; du skal ikkje ha andre gudar.” Ja, Jesus av Nasaret, som døydde for oss på krossen, er den Gud som seier i det fyrste bodet: ”Eg, Herren, er din Gud.” Dersom jødar og muhammedanarar høyrde dette, tenk korleis dei ville rase! Og likevel er det sant og må for all æve vere sant, og han som ikkje trur det, bør for alltid skjelve og brenne.[27]

 

Det er verd å understreke at Luther ikkje med dette ville gje opp skjelninga mellom personane i triniteten. Denne skjelninga kom til dømes til uttrykk ved Luthers forståing av Gud og Ordet i 1 Mos 1, som vi såg. Men Luthers understreking av einskapen mellom Gud og Kristus gjorde at det som vart sagt om Gud, også kunne seiast om Kristus. Difor kunne Luther også omtale Kristus som JHVH.[28]

 

Nokre refleksjonar med tanke på forkynninga

Tradisjonell heilbibelsk teologi vert utfordra av den historisk-kritiske metode

Eg har no gjeve ein kort presentasjon av Luthers tankar om Kristus i GT. Det er både spennande og lærerikt å kjenne til korleis protestantar på 1500-talet tolka GT. Men det brennande spørsmålet er sjølvsagt: Kan vi fylgje Luthers eksegetiske framgangsmåte og forståing i vår forkynning og undervisning i dag? Det kan nemnast at Luther allereie på reformasjonstida møtte motstand for si lesing av GT, mellom anna frå Calvin.[29]

Men også den bibelfaglege forskingshistoria som ligg bak oss er med på å utfordre Luthers kristologiske eksegese.[30] Før opplysningstida var det meir eller mindre sjølvsagt å gå inn for ein såkalla heilbibelsk teologi, der ein heldt fast på både GT og NT som to delar av éin Bibel. I fylgje ei slik forståing er GT Guds Ord, og på ein utprega måte løfte. NT er forteljinga om og tolkinga av oppfyllinga av løftet. Dette er då også i det store og det heile Luthers syn.

Men denne måten å sjå på Bibelen endra seg i ein del radikale teologiske miljø etter opplysningstida. Eit viktig premiss i denne utviklinga var framveksten av den historisk-kritiske metode, som legg vekt på at eit skrift må bli forstått ut frå den samtidige sosiale, kulturelle og religiøse omverda. Då vert det problematisk å trekke inn skrifter som er skrive fleire hundre år seinare (altså NT) for å tolke GT. Konsekvensen av dette kunne i nokre tilfelle bli at GT og NT meir eller mindre vart rive frå kvarandre, og det vart meir problematisk enn før å finne samanknytingspunkta mellom dei to.

Det er mellom anna dette som gjer at Bornkamm konkluderer på fylgjande måte om Luthers eksegese: ”…any research which thinks historically will have to give up, without hesitation or reservation, Luther’s scheme of Christological predictions in the Old testament.”[31] Bornkamm vil likevel fasthalde at det er Jesu Kristi Far som talar i GT, liksom i NT, og han vil fasthalde ei kristosentrisk tolking av GT. Men ei adekvat kristosentrisk tolking, slik Bornkamm forstår henne, er kjennemerka av at eksegeten kastar ljos over mennesket sitt møte med Gud i GT, med utgangspunkt i det eksegeten kjenner frå NT.[32]            Med bakgrunn i denne usemja mellom Luther og Bornkamm, blir spørsmålet til oss: Korleis skal vi i dag forkynne Kristus ut frå GT? Det finst ikkje eit opplagt svar på dette vanskelege spørsmålet. Men nokre retningar kan peikast ut.

 

NT forstår GT kristologisk

Innleiingsvis må det peikast på at eit grunnleggjande premiss i Luthers kristologiske lesing av GT, er hans inspirasjonssyn.[33] Men dersom ein ikkje har ei tru på at GT er inspirert av Den Heilage Ande, vil det bli umogleg å forsvare Luthers GT-lesing. I denne artikkelen vert eit verbalinspirasjonsstandpunkt føresett, utan at eg går inn i ei djupare drøfting av tematikken.

            I alle høve: Det kan vere gunstig å hente fram nokre innspel frå NT om korleis Jesus, apostlane og dei fyrste kristne forstod ”Messias i GT”. Eg vil då kort setje opp nokre av dei mest sentrale tekstane.

 

  • Ein kan ikkje unngå å nemne Luk 24, kapittelet med samtalen mellom Jesus og Emmausvandrarane. Her seier Jesus: ”’Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?’ Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.” (Luk 24:25-27, jfr. også v. 45-47).
  • I Joh 5 debatterer Jesus med jødane. 5:39 er eit særleg relevant vers: ”De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg!”
  • Også apostlane fylgte Jesus i denne kristosentriske forståinga av GT. Såleis les vi at Peter i Apg 10:43 seier: ”Alle profetane vitnar om han og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.” Jfr. Apg 17:3.11.
  • I 1 Pet 1:10-11 finn vi nokre viktige ord om profetane og deira bodskap: ”Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få. Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.”

 

Jesus og dei fyrste kristne hadde altså ei utprega kristologisk forståing av GT. Allereie dette er eit teikn på at ei reint historisk forståing av GT som ikkje reknar med at GT i djupaste forstand talar om Kristus, ikkje eigentleg kan kallast ei kristen forståing av GT.[34]

Men når ein går vidare og spør korleis Kristus reint konkret er å finne i GT, møter ein eit relativt mangfaldig og komplisert bilete. Den apostoliske hermeneutikken er nemleg ikkje einskapleg og oversiktleg.[35] Dette vil eg seie nokre ord om i det fylgjande avsnittet.

 

NT si forståing av GT er influert av jødisk hermeneutikk

Det er ikkje rett å seie at NT-forfattarane kun stiller opp GT-tekstar som provtekstar og hendingar i samtida som ”oppfylling” (sjølv om ein sjølvsagt også finn døme på dette.) Richard Longenecker skriv at NT-forfattarane brukar eit vidt omfang av tolkingsmetodar som alle har bakgrunn i det jødiske miljøet den kristne trua oppstod i. Det er tale om vanleg historisk-grammatisk eksegese, analogi-eksegese, targum-eksegese (parafraserande, forklarande omsetjing), midrash-eksegese (handlar om å få fram tekstens relevans i dag), pesher-tolking (ei meir fokusert utgåve av midrash, meir vekt vert lagt på den eskjatologiske oppfyllinga), allegorese og typologisk eksegese.[36] Det ser ikkje ut til at det vert sett skarpe skiljeliner mellom desse ulike typane av eksegese. Paulus’ eksegese skil seg også på fleire måtar frå Peters, Johannes’ og Matteus’.[37] Men det som særpregar den apostoliske forståinga av GT er altså at dei tolkar GT kristologisk. Longenecker oppsummerer slik:

 

“What the New Testament writers are conscious of, however, is interpreting the Old Testament (1) from a Christocentric perspective, (2) in conformity with a Christian tradition, and (3) along Christological lines.”[38]

 

Som vi har sett, hadde apostlane lært denne lesinga av Skriftene av Kristus, som mange gonger hadde bruka Skrifta for å forklare kven han sjølv var.[39] Men det bør understrekast at vi som kristne i dag ikkje er forplikta på dei same eksegetiske metodane som Jesus og apostlane brukte.[40] Derimot er vi forplikta på den apostoliske bodskapen[41] Då bør vi også ha det same synet på GT som dei nytestamentlege forfattarane; GT er ei bok som djupast sett omhandlar Kristus. Og dei stadene der NT tolkar GT kristologisk – uavhengig av hermeneutiske framgangsmåtar – er også vi forplikta på den same forståinga. Apostlane sjølv var nemleg medvitne om å vere under leiing frå Anden i si tolking av GT. Dei var apostlar, utsende av Kristus, og dei hadde autoritet til å forkynne på hans vegne.[42]

 

Meir konkret om Kristus i GT i fylgje NT

Etter no å ha sagt nokre ord om det reint formelle hermeneutiske aspektet ved Jesus og apostlane si kristologiske forståing av GT, er det på tide å gå over til det materielle: Kvar, reint konkret, er Kristus å finne i GT? Sjølvsagt kan eg ikkje her gje ei uttømande framstilling av materialet. Eg vil i staden, med utgangspunkt i Greidanus 1999:203-225, gje ei kort framstilling av seks ulike måtar Kristus vert forkynt ut frå GT i den nytestamentlege forkynninga. Desse måtane er eit godt utgangspunkt når vi skal forkynne Kristus ut frå GT.

 

  • Eit frelseshistorisk perspektiv. Gjennom NT vert det drege ei line frå Adam til Abraham, Israel og fram til Kristus. Kristus er av Abrahams ætt, og Abraham hadde fått løfte av Gud om velsigning til alle folkeslag (jfr. 1 Mos 12; Gal 3:16). Difor finn vi også Jesu ættetavle i Luk 3. Peter talar til folket og seier at Jesus vart krossfest ”slik Gud på førehand fastsette og kjende til” (Apg 2:23-24). Den same frelseshistoriske innfallsvinkelen til ei forkynning av Kristus finn vi att mange gonger hjå Paulus (Jfr. særleg Rom 1:1-3 og kap. 5; Gal 3-4).
  • Eit oppfyllingsperspektiv. Gud gav mange ulike løfte og profetiar i GT-leg tid, og NT er frimodig med å forkynne at Gud no, i den messianske frelsestida, oppfyller desse.[43] Såleis les vi at Jesus i si ”programtale” les frå Jes 61 og seier: ”I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.” (Luk 4:21). Jesus forkynnar seg sjølv som oppfyllinga av profetien om Herrens lidande tenar i Jes 53 (jfr. Luk 22:37, jfr. Apg 8:32-35). Også apostlane la stor vekt på oppfyllingsperspektiv, jfr. Mark 1:1-3; Luk 1:1; Apg 2:16-17; Rom 1:1-3. Mange fleire døme kunne vore nemnt.
  • Typologisk perspektiv. Typologien legg vekt på at Gud handlar ved visse mønster gjennom frelseshistoria. Såleis kunne Jesus og dei fyrste kristne peike på analogiar mellom Guds frelseshandlingar i tidlegare tider, og Guds (større) frelseshandlingar i dag. Særleg sentrale tekstar her er 1 Kor 10, der Paulus talar om Israel sine handlingar i øydemarka som ”typar” på dei freistingane kyrkja møter i dag. Også Rom 5:14 er sentral: Adam er ein type på Kristus, den andre Adam. Hjå Jesus kan nemnast hans typologiske bruk av Jonaforteljinga og forteljinga om Salomo og dronninga frå sør. (Matt 12:40-42, jfr. Jona og 1 Kong 10) og hans typologiske bruk av forteljinga om slangen hjå Israelsfolket (Joh 3:14-15, jfr. 4 Mos 21:9).
  • Lengdemessig perspektiv. Gjennom frelseshistoria frå den gamle pakta til den nye pakta ser ein korleis mange tema i GT vert nytolka i ljos av Kristus i NT. Mest nærliggjande er det her å peike på korleis frelse i GT ofte skjer ved soningsoffer og frikjøping (2 Mos 12:13; 3 Mos 17:11; 25:47-49). Dette temaet vert vidareført i NT i ljos av Kristus. Han kjøper menneske fri ved å gje sitt liv (Mark 10:45), og han gjev sitt blod for å sone alle synder (Rom 3:25; 1 Joh 2:1-2). Men også mange andre tema og omgrep vert nytolka i ljos av Kristus i NT, så som tempel, utveljing, Guds folk, frelse, pakt, lov, landet osb.

 

Avsluttande refleksjonar

Med dette har eg berre antyda dei mest sentrale innfallsvinklane til ei forkynning av Kristus ut frå GT. Eg ynskjer å understreke at ein ikkje for raskt bør tenke at ein har fullstendig oversikt over dette området. NT lærer oss at GT har store djubder på dette punktet, og ein kan bli overvelda av i kor stor grad, og på kor ulike måtar, Jesus og apostlane fann vitnesbyrd om Kristus i GT. Dette bør drive også oss til eit fornya studium av Skrifta, slik at vår forkynning av Kristus ikkje blir statisk, fattig eller einsidig.

            Etter no å gjeve ei kort oppsummering av NT si forkynning av Kristus i GT er det på tide å også seie noko normativt om Luthers kristologiske lesing av GT. Kan vi ta utgangspunkt i Luthers oppfatningar om den ”profetisk-kristologiske” meininga i GT når vi skal forkynne i dag? I utgangspunktet ynskjer eg å svare stadfestande på dette. Som eg har peika på ovanfor, kan ikkje ei kristen forståing av GT bli verande ved ei reint tidshistorisk forståing av GT. GT er inspirert, og sett i ljos av NT veit vi at Kristus er Guds Son, Guds Ord og verdas frelsar. Slik sett gjev Luthers kristologiske lesing av GT uttrykk for vesentlege sider ved ei genuin kristen forståing av GT. Likevel: Luther står nok også i fare for å ”lese Kristus inn i GT” i samanhengar der vi ikkje kan vite om det er GT sin intensjon å tale om Kristus.

Konklusjonen må bli at forkynnaren bør setje seg godt inn i korleis NT forstår Kristus ut frå GT, kva tekstar som blir forstått messiansk, kva typologar som vert nytta, kva tema som vert nytolka etc. Her har forkynnaren eit svært rikt materiale å ta av dersom han/henne har eit vakent og merksamt auge i si lesing. Utover dette må forkynnaren ha som hovudperspektiv i forkynninga at Bibelen som heilskap er ei bok som handlar om lov og evangelium, og om Kristus for oss. Men dette perspektivet må altså ikkje hindre i at ein lét GT-teksten kome til orde på eigne premiss. Her kan det stundom oppstå ei spenning som ikkje så lett lét seg utlikne.

            Denne artikkelen har, som tidlegare nemnt, som mål berre å peike ut nokre retningar i høve til korleis ein kan og bør forkynne Kristus ut frå GT. I alle høve har eg lyst til å peike på Luther som ei fruktbar inspirasjonskjelde i forkynninga over bibeltekstar, jamvel om ein ikkje alltid kan vere samd med han i hans eksegese.

 

Avslutning

Denne artikkelen har dreia seg om Kristus i GT. Eg har gjeve ei framstilling av Luthers kristologiske forståing av GT, og dinest presentert nokre refleksjonar i tilknyting til denne, på bakgrunn av særleg NT. Luther gjekk gjennom ei hermeneutisk-eksegetisk utvikling, bort frå allegorese og quadriga, og over til å leite etter tekstens éine, enkle meining. Denne éine meininga er den historiske, som i mange tilfeller er einsbetydande med den profetisk-kristologiske, dvs. at teksten faktisk talar om Kristus og ulike sider rundt hans liv og gjerning.

NT si forståing av Kristus i GT er mangfaldig, rik og til dels komplisert. Dette har ikkje minst samanheng med den jødiske hermeneutikken som Jesus og apostlane brukar. Luthers kristologiske forståing av GT ligg på fleire måtar nært opp til den NT-lege kristologiske forståinga av GT. Det som likevel kan vere eit problem hjå Luther, er at han står i fare for å ”lese Kristus inn i GT” jamvel der GT ikkje sjølv vil bli forstått kristologisk.

 

Litteratur

Baasland, Ernst 1991 Ordet Fanger. Bibelen og vår tid Oslo: Universitetsforlaget.

Bornkamm, Heinrich 1997 Luther and the Old Testament Mifflintown: Sigler Press.

Bright, John 1967 The Authority of the Old Testament London: SCM Press.

Bromiley Geoffrey W. 1983 “The Church Fathers and Holy Scripture” i Carson, D. A. (ed.) Scripture and truth Grand Rapids: Zondervan.

Childs, Brevard S. 1992 Biblical Theology of the Old and New Testaments London: SCM Press.

Ellis, E. Earle 1992 The Old Testament in Early Christianity Grand Rapids: Baker Book House.

Greidanus, Sidney Preaching Christ from the Old Testament Grand Rapids: Eerdmans.

Longenecker, Richard N. 1975 Biblical exegesis in the apostolic period Grand Rapids: Eerdmans.

Moule, C. F. D. 1981 The Birth of the New Testament London: Adam & Charles Black.

Sasse, Hermann 1981 Sacra Scriptura Erlangen: Verlag der Ev.-Luth. Mission.

Sæbø, Magne (red.) 1976 Så sier Kirkens Herre I Oslo: Gyldendal Land og Kirke.

Sæbø, Magne (red.) 1978 Så sier Kirkens Herre II Oslo: Gyldendal Land og Kirke.

Thestrup-Pedersen, Erik 1959 Luther som skriftfortolker I København: Nyt Nordisk Forlag Arnold Busck.

Wisløff, Carl Fr. 1981 Martin Luthers teologi Oslo: Lunde.


[1] LW 26. Sjå også Greidanus 1999:120 for fleire døme på slike utsegner hjå Luther.

[2] Hovudsakleg Bornkamm 1997, Thestrup-Pedersen 1959 og Greidanus 1999.

[3] Her nyttar eg den engelske utgåva Luther’s Works.

[4] Bornkamm 1997:7-8.

[5] Eg tek i dei fylgjande avsnitta utgangspunkt i Thestrup-Pedersen 1959:296-307. For ei god innføring i oldkyrkjeleg skrifttolking, sjå Bromiley 1983:195-220.

[6] Greidanus 1999:103-105.

[7] Særleg Summa… 1.1.10, jfr. Greidanus 1999:106-107. 

[8] Thestrup-Pedersen 1959:313.

[9] Jfr. Luthers ”krossteologi” t. d. slik han kjem til uttrykk i Heidelbergdisputasjonen, LW 31,35-70.

[10] Thestrup-Pedersen 1959:332-335.

[11] Thestrup-Pedersen 1959:415.

[12] Jfr. Bornkamm 1997:87-101. Han ramsar opp ein del døme på allegorese hjå Luther, og seier på s. 94: ”These dates show that Luther used allegory at all periods of his life. Of course he became more cautious in his use of it as time went on. There is a sharp and definite break after 1525.”

[13] Thestrup-Pedersen 1959:414.

[14] Bright 1967:83 kan vere oppklarande dersom ein ikkje heilt har fått tak i kva Luther meinte: Both Luther and Calvin, to be sure, insisted in principle that Scripture has but one sense, the plain or literal sense. But by this they did not mean precisely what most modern exegetes (who insist on the same thing) would mean. The modern exegete would understand the plain sense as the sense derived from the text by a philological study of it in the light of its historical situation: i. e., what its author intended to convey to those whom he addressed. The reformers would have meant that too, but they would have understood something more by it. Is not the true author of Scripture the Holy Spirit? The plain sense of a text, then, includes the sense intended by the Holy Spirit, the prophetic sense (sensus literalis propheticus), its sense in the light of Scripture as a whole (i. e., Scripture is its own interpreter). And with this understanding of the literal sense the Reformers were able to find abundant Christian meaning in the Old Testament.

[15] Bornkamm 1997:101.

[16] Bornkamm 1997:34, jfr. 109.

[17] LW 35:168-173.

[18] Bornkamm 1997:102.

[19] Bornkamm 1997:105.

[20] LW 14:1-39

[21] LW 14:8.

[22] LW 14,36.

[23] Sjå klart døme på dette i LW 34,223.

[24] Bornkamm 1997:118-119. 200.

[25] LW 1,18.

[26] Bornkamm 1997:201-202.

[27] WA 54,67:1ff. Sitert i Bornkamm 1997:204.

[28] Bornkamm 1997:205.

[29] Greidanus 1999:127-151 peikar på at Luther og Calvin var samde i mykje når det gjaldt bibeltolking. Men medan Luther hadde ei utprega kristologisk forståing av GT, la Calvin meir vekt på å forkynne Gud og hans ære ut frå GT. Dette har samanheng med Calvins svært sterke motstand mot å tolke tekst utover den tydelege historisk-bokstavelege meininga – i så måte står han i sterkare grad enn Luther i tradisjonen frå den antiokenske skulen. Men det har nok også samanheng med hans sterke understreking av kontinuiteten mellom GT og NT. For Luther er det fyrst og fremst Kristus som markerer kontinuiteten. Men det er to pakter, og Moselova er oppheva i den nye pakta. Calvin meiner det er den same pakta som går att i GT og NT, og Moselova er difor i utgangspunktet ikkje oppheva, jamvel om ho vert nytolka i den nye pakta.

[30] Til det fylgjande, sjå Baasland 1991:193-202.

[31] Bornkamm 1997:262.

[32] Jfr. liknande innfallsvinkel til ei frelseshistorisk forståing i min artikkel om Markion.

[33] Om Luthers skriftsyn, sjå til dømes Wisløff 1983:63-72 og Sasse 1981:291-352.

[34] Jfr. Childs 1992:241: ”…for Paul scripture (text) and reality belong together. One cannot understand scripture apart from the reality of which it speaks, namely Christ…For Paul genuine interpretation depends on its bearing witness to its true subject matter, who is Christ. In this sense, Paul is not interested in the Old Testament ‘for its own sake’, if what is understood thereby is the biblical text separated from its true christological referent.”

[35] Longenecker 1975:14.

[36] Longenecker 1975:205-220. For ei innføring i desse ulike eksegetiske metodane, sjå 19-50. Sjå også Moule 1981:68-106 og Greidanus 1999:186-189. Ellis 1992:121 gjev ei god oppsummering på fylgjande måte: ”Biblical interpretation in the New Testament church shows in a remarkable way the Jewishness of earliest Christianity. It followed exegetical methods common to Judaism and drew its perspective and presuppositions from the Jewish backgrounds. However, in one fundamental respect the early Christian hermeneutic differed from that of other religious parties and theologies in Judaism, that is, in the christological exposition of the Scripture totally focused upon Jesus as the Messiah. This different focus decisively influences both the perspective from which they expound the Old Testament and the way in which their presuppositions are brought to bear upon the specific biblical texts. Their perspective and presuppositions provide, in turn, the theological framework for the development of their exegetical themes and for the whole of New Testament theology.”

[37] Longenecker 1975:213.

[38] Longenecker 1975:206.

[39] Greidanus 1999:202. Dette gjeld ikkje minst Jes 53, den lidande tenaren, og Dan 7, menneskesonen som kjem i herlegdom.

[40] Longenecker 1975:218-220.

[41] Apg 2:42; Gal 1:6-9; 2 Tim 2:2; Jud 3 m. fl.

[42] Til dette, sjå t. d. Joh 15,27; 16,13; 1 Kor 2,13; Gal 1,12; Ef. 2,20; 1 Tess 2,13 m. fl.

[43] Merk, som Greidanus 1999:206-7 korrekt peikar på, at omgrepet ”oppfylling” i NT ikkje berre vert bruka om løfter. Det kan også bli brukt om typar (dette finn vi døme på ved Hos 11:1/Matt 2:15) eller ved generelle tekstar (som ved Sal 78:2/Matt 13:35).

Stikkord: , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: