Profetisk tale – kva er det?

Innleiing

Eg er bede om å halde eit lite foredrag her på Kvitsund, og temaet skal vere ”profetisk tale”. Dette er eit spennande tema, og det er eit tema som Bibelen talar om. Difor er det også relevant for oss kristne i dag.

 

Etter Jesusvekkinga på 70-talet har nådegåver kome meir fram i ljoset, og ikkje minst den lutherske ”Oase”-rørsla har vore med på å fokusere på desse. IMI-kyrkja og organsisasjonen Ungdom i Oppdrag er andre stader der meir spontane karismatiske innslag har hatt spelerom i ein del større grad enn i våre NLM-samanhengar. I NLM har ein tradisjonelt sett vore litt tilbakehalden mot slike ”spontane” innslag, men ein har likevel lagt vekt på at ein er ei ”nådegåverørsle”. Vekta har derimot vore mest på forkynninga.

 

No i det fylgjande skal eg trekke fram ein del sentrale sider ved ”profetisk tale” i NT. La meg understreke at verken når det gjeld praksis eller kunnskap er eg ein ekspert eller veteran. Difor er eg rimeleg audmjuk i forhold til det eg seier; eg legg fram bibeltekstar og bed dykk lytte, og så lét eg det vere ope for innspel.

 

Bibelen – Guds pålitelege Ord

La oss fyrst byrje med eit ganske grunnleggjande spørsmål. Korleis kjenner vi Gud? Korleis veit vi kva som er Guds vilje? Det finst mange religionar, og mange av dei hevdar å ha rett og god kunnskap om kven Gud er. Vi som er kristne meiner også at vi har det, og vi meiner at andre religionar stort sett tek feil. Kvar har vi denne kunnskapen frå? Vi har denne kunnskapen frå Bibelen – meir konkret: I profetiske og apostoliske skrifter – meir konkret: I Jesus Kristus, Guds Son.

 

Hebr 1,1-2 seier fylgjande: ”Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til oss gjennom profetane. Men no, i desse siste tider, har han tala til oss gjennom Sonen.” Eller vi kunne teke fram 2 Tim 3,16, der Paulus fortel om Skrifta, og seier at Skrifta er inspirert av Guds Ande, at dei kan lære oss opp, rettleie oss, osb. Men fyrst og fremst kan dei vise oss vegen til frelsa i Jesus Kristus. Apostlane som har skrive skriftene i NT, er utsendte av Jesus med autoritet til å forkynne og vere representantar for Jesus sjølv, og difor talar dei Guds Ord.

 

Eg skal ikkje dvele så lenge ved dette, for dette er ikkje eit foredrag om Bibelen. Eg ynskjer berre å understreke at fylgjande (og dette er viktig): Det er kun i Bibelen vi finn sikker kunnskap om kven Gud er og kva hans vilje er, ingen annan stad! Det er Bibelen som gjer Kristus levande for oss og skaper tru i oss. Difor er det for oss som er kristne heilt avgjerande – heilt avgjerande – at vi stadig tek til oss av Guds Ord her og lét det få forme oss og arbeide med oss.

 

Dette blir – som vi skal sjå – aktualisert i forhold til spørsmålet om profetisk tale. Har profetisk tale den same autoritet som Bibelen har? Nei. Bibelen kan vi sikkert vite at er Guds tale. Det kan vi ikkje med profetisk tale, her vil det alltid vere eit usikkerhetsmoment. Dette rekna også Paulus tydeleg med, som vi skal sjå.

 

Nådegåver

Paulus innleier brevet til korintarane med å seie at dei kristne ”ikkje manglar noko nådegåve medan de ventar på vår herre Jesu Kristi openberring” (1 Kor 1,7)

 

”Charisma” er eit gresk ord som vi omset med ”nådegåve”. (”Charis” tyder nåde). Nådegåvene er utrustingar som Anden gjev til den einskilde kristne, fyrst og fremst for at dei skal brukast til teneste for dei andre som trur på Jesus. Det er Anden som gjev gåver slik som han vil (1 Kor 12,11), og alle som er kristne har si nådegåve (1 Pet 4,10).

 

Paulus brukar gjerne biletet av dei kristne som ein lekam, der kvar av oss er ein lem på lekamen. (Rom 12,4; 1 Kor 12,12). Vi har ulike nådegåver og ulike evner, men alle er naudsynte, og målet er at vi skal tene kvarandre og ha omsut for kvarandre, slik at lekamen kan vekse opp til Kristus (1 Kor 12,25-26; Ef 4,11ff.)

 

Det er litt viktig å understreke dette når vi no talar generelt om nådegåver. Nådegåver er ikkje noko som skal brukast til å opphøgje seg sjølv. Dei skal brukast for å oppbyggje og tene dei andre kristne! Difor seier Paulus at ein fyrst og fremst skal søke etter dei gåvene som tener kyrkjelyden (1 Kor 14,12). Og midt imellom Paulus to viktigaste kapittel om nådegåver, 1 Kor 12 og 14, plasserer han ”kjærleikens høgsong”, 1 Kor 13.

 

 

Profetisk tale: Ei viktig nådegåve også i dag

Lat oss no, etter å ha sagt litt generelt om nådegåvene, gå meir konkret til verks, og undersøkje kva NT seier om den profetiske nådegåva. Profetisk tale er ifylgje Paulus ei sentral og viktig nådegåve, fyrst og fremst av di ho kan vere til teneste og oppbyggjing for kyrkjelyden. Difor formanar Paulus og seier: ”Sløkk ikkje Anden, forakt ikkje profetord, men prøv alt, og hald fast på det gode, og hald dykk borte frå vondskap av alle slag.” (1 Tess 5,19-22) Eller vi kan trekke fram 1 Kor 14,1: ”Jag etter kjærleiken, streb etter åndsgåvene, mest etter å tale profetisk.” (!)

 

Forskjell på GT-profetar og NT-profetar

Så kva er eigentleg denne profetiske talen? Sjølv om ordet ”profet” vert nytta både i GT og NT, bør ein vere klar over at det er distinkte forskjellar mellom dei to gruppene. Profetane i GT tala direkte ord frå Gud (2 Sam 12,25; Deut 18,18; Esek 2,7). Difor les vi også at det var ganske alvorleg å gje seg ut for å vere ein profet dersom ein ikkje var det. For det å ikkje lyde profeten innebar å ikkje lyde Gud sjølv (1 Kong 20,35-36; 2 Krøn 25,16 m. fl.) Dersom ein var falsk profet, var straffa døden (5 Mos 18).

 

Går ein til NT-profetane, er saka heilt annleis. Dette har å gjere med at meiningsinnhaldet i sjølve ordet ”profet” har utvikla seg fram mot Jesu tid, slik at det på denne tida er ganske ope, og kan tyde ei mengd ulike ting, som ”bodberar”, ”sannseiar”. Difor må vi gå til NT sjølv, for å sjå korleis ordet vert brukt der.

 

Profetiane skal prøvast

At NT-profetar ikkje talar direkte ord frå Gud, slik som dei i GT gjorde, er tydeleg i og med at det i NT vert sett på som normalt at profetiane skal prøvast (Jfr. 1 Kor 14,29; 1 Tess 5,21). Dette innebér at alle i kyrkjelyden, men kanskje særleg dei som er mest modne og vise, på bakgrunn av Guds Ord, GT og den apostoliske bodskapen, skal døme om det som vert sagt, er frå Gud (Jfr. Apg 17,11). Det er altså tale om prøve profetiar, ikkje om å prøve profetar, og evt. døme dei som falske.

 

Såleis bør ein ”rangere” profetiar som forkynning eller rettleiing elles, ikkje som noko ”høgare”. Sagt med andre ord: Dersom ein profeti talar om noko spesielt ein skal gjere eller seie, så bør ein ikkje sjå på dette som Guds veiledning, men heller som ei menneskeleg veiledning som Gud kanskje kan ha mint personen om. Ein kan bruke fornuft, og ein gjer inga synd om ein avviser ein slik profeti. Men kanskje vil Gud ha sagt noko spesielt.

 

Kva er målet med den profetiske tale?

Profetisk tale bør ikkje tenkast for spektakulært. Når Paulus skal ”definere” profetisk tale, gjer han det slik: ”Den som talar profetisk, talar for menneska, til oppbyggjing, formaning og trøyst” (1 Kor 14,3). Dette er altså grunnfunksjonen til den profetiske tale; han skal vere til oppbyggjing, trøyst og formaning. I Apg les vi også om Judas og Silas, som var profetar. Om dei vert det også sagt at dei ”styrkte og formana” brørne (Apg 15,32).

 

Innhaldet i den profetiske talen

Kva er så innhaldet i det som vert sagt i den profetiske talen? Dette er det ikkje heilt enkelt å seie. Apg fortel om to profetiar der Agabus fortel om noko som kjem til å skje i framtida (11,28; 21,10). Men denne typen av profetiar er absolutt ikkje ein hovudtype i NT, sjølv om vi nok også i dag kan rekne med at dei kan kome. Hovudpoenget ved profetiar er at dei skal vere til trøyst og formaning.

 

Men elles seier også Paulus noko avgjerande i 1 Kor 14,30. Der omtalar han profeti som ”openberring”. Han talar om at profetisk tale vil ha ein funksjon som gjer at ein som ikkje er truande, som kjem inn i kyrkjelyden, ”vil kjenne seg avslørt og dømt av alle, hans inste tankar kjem for dagen. Han vil falle ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og vedkjenne: Gud er sanneleg mellom dykk!”

 

Her er utvilsamt eit heilt sentralt element i den profetiske talen. Profetisk tale kan definerast som tale som har sitt utspring i at Gud har minna ein på noko spesielt, og då særleg i tilknyting til det bibelske vitnesbyrdet. Men det som særpregar den profetiske talen, er altså at talen ”går spesielt inn” hjå dei som høyrer. Dei får høyre det dei ”treng å høyre”. Og dette er altså særleg ”lære og formaning” (1 Kor 14,31).

 

Såleis er det ingen ting i vegen for å tenke at eit vitnesbyrd som vert gjeve på eit møte her på Kvitsund, eller også ei preike, er profetisk. Det avgjerande vert då om det som vert sagt, skjer etter påminning frå Anden.

 

Korleis få profetisk nådegåve?

Til slutt nokre ord om kven som har – og kan få – denne nådegåva. Vi såg at Paulus la vekt på at det er Anden som deler ut nådegåver, slik han sjølv vil. Likevel kan Paulus seie at ein skal strebe etter å få nådegåver, særleg å tale profetisk. Sannsynlegvis reknar han her med at ein kan be Gud om å få denne gåva, liksom med tungetale.

 

Det som vert viktig her, er då om ein har rette motiv for å søke denne gåva: Søker ein etter å få gåva for å opphøgje seg sjølv, eller søker ein etter henne for å tene andre kristne?

 

Elles bør ein vere open for å prøve ut denne gåva, i kyrkjelydssamanhengar, så framt det vert opna for det. I NT er det vel knapt noko slikt som eit ”profetembete”. Heller er det vel slik å forstå at dei som jamnleg profeterte i kyrkjelydssamanheng, dei vart kalla profetar, og ein rekna med at dei hadde denne nådegåva. Såleis kan ein ikkje ”presse fram”, eller ”velje” å profetere, men ein kan be Gud om gåva, og dersom ein fornemmer at ein får ein type ”openberring” av ein bodskap, så kan ein prøve å bere det fram.

 

Viktig her, blir at ein sjølv har god kunnskap om Bibelen og kva Guds Ord seier. Då kan ein lett sjalte ut eigne tankar og feilaktige forestillingar ein måtte ha, i staden for å tru at desse kjem frå Gud. Det er nok heller ikkje rimeleg å tenke seg at profetiar som måtte kome, er heilt lausrive frå Guds Ord i Skrifta. I staden er det nok meir rimeleg å tenke seg at det heller dreier seg om ein applikasjon av Guds Ord, dvs. at Anden brukar Guds Ord – som jo er Hans sverd (Hebr 4,12; Ef 6,17) – inn i ein bestemt situasjon, slik at folk får høyre nett det dei treng, til trøyst og formaning og oppbyggjing.

 

I tråd med det som her er sagt, er det ikkje rett, når ein talar profetisk, å seie ”Så seier Herren”. Guds Ord har vi i Skrifta, og dersom ein les eller nøyaktig utlegg frå denne, då er det mogleg å avslutte med ”slik lyder Herrens Ord”. Men aldri elles. I staden kan ein seie t. d. ”kanskje Gud vil minne oss på denne skriftstaden”, eller ”eg trur kanskje Gud ynskjer å seie til oss i dag at…” I og for seg er slik sjargong vanleg i bedehussamanhengar, der det er tale om at ”Gud minte meg på eit vers”. Dette kan veldig gjerne vere profetisk tale.

 

Kjelder:

Grudem, Wayne The gift of Prophecy (Crossway, 1988)

Hill, David New Testament Prophecy (Marshall, Morgan and Scott, 1989)

 

 

 

 

Stikkord: , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: