Foredrag om kristen vurdering av film

Innleiing

Norsk ungdom ser mykje film. Undersøkingar viser at filmsalet har gått markert oppover dei siste 5-10 åra.[1] Prisane har rasa nedover i takt med auken i nedlastingar frå nettet. Vanleg pris for ein film på DVD i dag er mellom 59 og 99 kroner. Kun heilt nye filmar må ein gå over hundrelappen for å få tak i. Samstundes ser at ein DVD-filmar vert selt ”over alt”, på bensinstasjonar, kioskar, matvareforretningar, og ikkje minst i store kjedebutikkar som platekompaniet, elkjøp og freerecordshop.

 

At ungdom ser mykje på film, er åpenbart. Eit anna element i utviklinga, er at aldersgrensene har gått markert nedover i løpet av dei siste ca. 10 åra.[2] Filmar som før fekk 18-årsgrense, får no gjerne 15-årsgrense, som innebér at også 12-åringar kan sjå filmen i lag med føresette. Slik det er i dag, kan ein få sjå ”det meste” på filmar med 15 års aldersgrense, og også filmar med 11-årsgrense (kan sjåast av åtteåringar med føresette) kan ha rimelege mengder av vald (filmtilsynet legg her vekt på om valden skjer i ein ”fantastisk” eller ”urealistisk” kontekst.

 

Men også kristen ungdom ser på film. I lågkyrkjelege kristne miljø har det vore ei utvikling i ”mindre pietistisk” retning. Åtvaringane mot film og kino høyrest ikkje lenger så ofte, synest det som. Og hjå kristen ungdom varierer haldningane: Nokre få er sterkt negativt til det meste av film, ein del har eit kritisk forhold til det, men ganske mange har eit lite gjennomtenkt og ukritisk forhold til film.

 

I dette foredraget ynskjer eg å setje fokus på denne problematikken. Som kristne er vi kalla til å vere eit heilagt folk, vi er kalla til å fylgje Jesus i kvardagen. Korleis rimar dette med å sjå på filmar frå Hollywood, der spesifikt kristne verdiar gjerne vert kritiserte eller neglisjerte? Bør vi som kristne innta ei absolutt avvisande rolle til filmmediet, eller bør vi heller vere opne for det meste her? Eg vil, naturleg nok, meine at det er kristeleg legitimt og vist å innta ei ”mellomrolle” her. Verken full avvisning eller full aksept. Men ei slik haldning er den mest utfordrande, for ho krev kritisk sans og evne til å gjennomtenke kva filmane faktisk kommuniserer. Denne kritiske sansen er det fyrst og fremst Bibelen som bør forme.

 

I det fylgjande vil eg ta opp tre ulike punkt. Det fyrste punktet vil dreie seg som vanlege strukturelement i film. Ved å få eit innblikk i desse, vil ein betre forstå korleis historiar er bygde opp, og kva verktøy manusforfattaren har for å fortelje det han har på hjarta. Det neste punktet vil dreie seg om kva filosofiske og moralske oppfatningar som ligg til grunn hjå manusforfattaren, og korleis desse umedvite eller (som regel) medvite vert kommunisert gjennom filmen. Det tredje punktet vil dreie seg om nokre normative føringar med tanke på korleis ein som kristen skal forholde seg til filmmediet. Kva er OK å sjå, kva er ikkje OK å sjå? Kvifor/kvifor ikkje?

 

Manus, analyse, strukturelement i historia

Film dreier seg fyrst og fremst om forteljing av historie. Dette gjeld både dokumentariske og fiksjonelle filmar. Dei ulike strukturelementa i filmen, som vi no straks skal sjå nærare på, er med å på å underbyggje og fortelje historia, helst på ein fengande og drivande måte.

 

Strukturelement i historia

Dei fleste filmar har altså ein del grunnleggjande strukturelement som ”må” vere der for at filmen skal fungere og ha eit godt driv. Desse er det viktig å vere klar over dersom ein ynskjer å forstå ein film. Difor vil vi no gå gjennom desse, del for del, etter ei vanleg inndeling:

 

Tema – Dette er ”det filmen handlar om”, den djupare meininga, moralen i filmen. Denne moralen kjem (nødvendigvis) til uttrykk i plottet i filmen.

         ”Terminator” 1 og 2, ”Jurassic Park”: Ukontrollert teknologisk utvikling fører til øydeleggjing og død for menneskeheita.

         ”Tilbake til fremtiden 1”, ”Forrest Gump”: Alt er mogleg, ”the American dream”, berre ein gjer det rette og verkeleg går inn for det.

Ein film kan gjerne ha fleire slike tema, underliggjande moralske domar om korleis verda er og heng saman.

Helten – Hovudpersonen, ofte den filmen dreier seg om. Ofte blir helten presentert i eit positivt ljos, han har gode verdiar.

Helten sitt mål – Det er dette som driv historia framover, som skaper eit plot. Helten er gjerne heilt oppslukt av å nå dette målet sitt.

Motstandaren – Gjerne ein bad guy, men det kan også vere ein meir moralsk ”nøytral” person som representerer ei utfordring for helten. Treng heller ikkje vere person, kan t. d. vere naturkrefter (”Perfect Storm”), ein hær (den muslimske hæren i ”Kingdom of Heaven”), rein ondskap (Sauron i ”Ringenes Herre”).

Karakterbrist – Karakteren har eit mål, som vi såg ovanfor. Men han har indre sperrer, karakterbrist eller anna, som gjer at han eller ho ikkje når målet. For å kunne ”vinne over” motstandaren må han eller ho innsjå denne karakterbristen og så få ny innsikt.

Tilsynelatande tap – Ofte obligatorisk scene der helten opplever – på ein eller annan måte – at alt ser tapt ut, han har prøvd alle moglege løysingar, motstandaren ser ut til å vinne.

Siste konfrontasjon – Møte mellom helten og motstandaren, anten fysisk, verbalt eller psykisk. Kan ofte vere ein kamp om røyndomsoppfatningar og moral! Manusforfattaren ynskjer å overtyde sjåaren om at helten si røyndomsoppfatning er den rette.

Ny innsikt, karakterutvikling – Denne kan forekomme som middelet for siger i konfrontasjonen, eller som eit resultat av sigeren.

Løysing – Kvar går vegen vidare? Kva var moralen? Kva har helten lært?

 

Dette er altså grunnleggjande trekk i historieforteljing. Dei vil finnast att i dei fleste filmar, og dei er med på å skape gode historier, som vert drivne fram av spenningar, og som gjev meining. Dette er eigentleg historiar om forløysing, om å kome vidare, om å få løyst problem! Dette er det viktig å forstå. Dei aller fleste filmar handlar om karakterar som blir presentert, som får problem, som freistar å løyse dei, men ikkje klarer det, men som likevel – gjennom eit klimaks – får ny innsikt (kjem på eit høgare nivå), og finn forløysing.

 

Det er eit interessant spørsmål kvifor dette er eit grunnleggjande mønster i filmforteljingar. Kvifor er det slik at ein føler seg ”snytt” når filmar ikkje har happy ending? Jfr. t. d. nokre av David Fincher sine filmar, ”Seven” og ”Alien 3”, eller også thrilleren ”Syriana”. Utvilsomt er dette ein refleksjon av våre eigne ynskjer og lengslar. Vi ynskjer at verda skal gje meining, at det skal ende godt. Ofte er dette rein røyndomsflukt: Vi veit at verda ofte ikkje er slik, men vi drøymer oss bort i filmen. Slik sett kan filmar utan happy ending vere meir interessante, utfordrande og realistiske enn dei med. 

 

Nokre ord om manusforfattaren, og manusutforminga

”Bak” det vi ser på film, sit manusforfattaren, som er – for å bruke eit litt dristig bilete – gud over filmens univers. Manusforfattaren bestemmer ”alt” som skal skje, kva ord som vert sagt, kva karakterar som skal delta, korleis dei framstår, kva situasjonar vi får sjå etc. Som ein hovudregel kan ein seie at ingen ting av det som skjer på film, er tilfeldig, jamvel om det kan verke slik. Det som ser ut til å vere eit tilfeldig sveip med kameraet, ei tilsynelatande triviell setning etc. er med på å spele ei rolle i historia, med på å gje informasjon.

 

Dette er med på å gjere det spennande og lærerikt å sjå på film: Dersom manusforfattaren og skodespelarane er gode, vert det interessant å sjå filmen merksamt:

         Kva er tittelen på filmen? Her kan det ligge mykje informasjon. Jfr. t. d. ”What lies beneath” eller “Babel”.

         I ein del filmar finst det parallellar til kultur, historie, religion osb. Skuleeksempel: Matrix-trilogien.

         Kva vert sagt, kva vert ikkje sagt, korleis er kroppsspråket osb. Korleis er forholdet mellom karakterane i filmen med tanke på dette? Sjå t. d. Bergman-filmar.

         Ein del filmar har såkalla ”frampeik”, dvs. hint om kva som kjem til så skje seinare i handlinga. Jfr. t. d. Jimeno i ”World Trade Center”. Han ligg i mørke og held på å døy, under eit enormt berg av betong og jernskrap. Han får eit syn av Jesus, med ei flaske vatn. Etterpå seier han: ”It’s a sign, we’re gonna make it outta here!” Som han også gjer.

 

Sjå Terje Skjerdals ”bruksanvisning” for filmanalyse for meir om dette.

 

Filosofiske røyndomsoppfatningar spelar med

Vi har sett at dei fleste historiar på film dreier seg om forløysing, om utjamning av spenningar og konfliktar. Slike ”frelseshistorier” kan ta plass innanfor mange ulike livssyn og røyndomsforståingar. Det kan dreie seg som ein helt som har det bra, men som får familien drept, og som søkjer hevn, og får det, og som difor finn ”frelse” (typisk Steven Seagal, eller Die Hard-stil). Eller det kan dreie seg om ein person som har framandfrykt (=karakterbrist, som hindrar forløysing), men som gjennom ei farleg reise der samarbeid er påkrevd (=ny innsikt), finn vegen ”heim”, og får eit nytt syn på andre, ulike menneske (Toy Story). Men ein del filmar kan også framstille konflikten og forløysinga – men utan at helten når denne forløysinga. Jfr. T. d. slutten på Twin Peaks, for den som er interessert i slikt.

 

Det som er viktig å vere klar over, er at filosofiske røyndomsoppfatningar i sterk grad er med på å forme historie og manus. Desse oppfatningane er på same tid ein refleksjon av det notidige samfunnet og eit forsøk på å påverke det notidige samfunnet. Altså: Filmar både reflekterar og freistar medvite å påverke ”tidsånda”.

 

Dette gjer dei t. d. ved å gje svar på: Kven er eg? Kva er frelse og forløysing? Kva er god moral? Kva er god seksualmoral? Korleis skal vi oppføre oss mot andre menneske? Korleis skal vi finne meininga med livet? Korleis er eigentleg verda bygd opp? Finst det krefter som styrer det som skjer? Eksisterer Gud, kven er han i så fall? Korleis blir eg lukkeleg? Er kristendom sunt eller usunt? Løner det seg å vere kriminell? Er det ok å bruke vald? Får ein att for gode eller vonde gjerningar? Løner det seg å ta vare på familien? Kvar kjem mennesket frå? Kva skjer etter døden? Finst det skjebne? Finst sanning? Kvar finn ein sanninga? Finst det von for framtida? Osb.

 

Nær sagt alle filmar tek anten medvite eller umedvite, eksplisitt eller implisitt, stilling til mange av desse spørsmåla. Ein del filmar har ein tydeleg agenda, andre har ikkje det, men kommuniserer like fullt ein tydeleg bodskap. Ein del av desse bodskapane er i god overeinsstemming med den kristne bodskapen. Mange er det slett ikkje! Eit poeng som er veldig interessant, er fylgjande: Mange manusforfattarar legg i løpet av ein film ”moralen” i munnen til helten eller ein annan sentral karakter. Denne kan gjerne bli poengtert i éi eller to setningar, gjerne midt i, eller mot slutten av filmen.

 

Nokre døme her: Kva seier ”Titanic” om det å fylgje hjarta sitt i forhold til det å fylgje normer og tradisjonar, jfr. Rose, Jack og Cal? Kva seier ”Star Wars 3” om det same temaet, jfr. Anakin, Palpatine og Padmé? Kva seier Mel Gibsons ”Payback” om bruk av vald? Kva seier ”Saving Private Ryan” om det same? Kva med ”Pulp fiction”? Kva seier ”Ocean’s Eleven” om kriminalitet? Kva seier James Bond-filmane om seksualitet? Kva seier ”12 Monkeys” om skjebnen? Kva seier ”Da-Vinci koden” om kristendom? Kva seier ”AI”, ”Stargate” og ”E. T.” om religion? Kva seier ”Shrek” om kjærleik? Kva seier ”Love Actually” om det same temaet?

 

”Helten” i historia vert gjerne forma som sympatisk, og handlingane han gjer, får dermed ofte eit positivt forteikn, jamvel om dei kristeleg vurdert kan vere høgst problematiske. Historia er med på å seie noko viktig om kva konsekvensar visse handlingar får. Fører vald til noko godt? Eller fører det til noko bra? Er det bra å ha sex før ekteskapet dersom ein elskar kvarandre (dette er klassisk hollywoodmoral)? Eller kan det bli negative konsekvensar?

 

Det grunnleggjande poenget her, blir fylgjande: Dersom ein ser på film kun med tanke på å underhaldast, utan tanke på kva som faktisk blir kommunisert av livssyn, moral, røyndomsoppfatning, er ein eit lett bytte for kommunikasjonen/manipulasjonen(!) til filmskaparane!

 

Eit konkret døme på makt-/valdsmoral og samfunnskritikk: Jason Bourne.

Som eit konkret døme på det i dette avsnittet er diskutert, kan vi nemne den siste filmen i Jason Bourne-trilogien, ”Bourne Ultimatum”. Denne går no på kino, og her fylgjer vi Jason Bourne, den sympatiske og svært dyktige soldaten som vart leigemordar for CIA, men som innsåg at det han dreiv på med var gale, og difor trekte seg ut av tenesta. Han vert skoten, og får eit hukommelsestap, og i filmane fylgjer vi Bourne i hans kombinerte jakt på å finne sin eigen identitet og røming frå CIA, som er ute etter å ta livet av Bourne. Bourne ”ber for mange viktige og farlege løyndomar med seg.”

 

Jason Bourne-filmane er svært spennande, dei har vorte samanlikna med James Bond-filmane. Bourne sjølv er ein ganske valdeleg karakter, som fleire gonger tek livet av menneske, anten ved å kvele, slå dei i hel eller ved skyte dei. Men han er sympatisk, og god mot kvinner. I løpet av filmane kjem ein heilt klassisk Hollywood-valdsmoral til synes: Ein helt kan gjerne vere valdeleg og drepe folk, så lenge det skjer i sjølvforsvar. Fortrinnsvis er det best å slå fiendane medvitslause. Å drepe folk med kaldt blod vert i regelen strengt dømt (Jfr. fyrste scena i Ultimatum, der Bourne ikkje tek livet av ein verjelaus politibetjent, fordi: ”My business is not with you”. Men Bourne tek heller ikkje livet av sjefen for leigemordarprogrammet, litt seinare i filmen, jamvel om han kunne gjort det. Men han tek livet av ein leigemordar som er ute etter å drepe han og kjærasten, fordi det skjer i sjølvforsvar.)

 

Altså kjem her ein tydeleg valdsmoral til synes: Vald er ok i sjølvforsvar, men ikkje i angrep mot verjelause eller uskuldige. Men meir interessant vert filmen når han drøftar forholdet mellom myndigheiter, valdsbruk og rettsprinsipp. Noah Vosen, ein undersjef i CIA, står i bresjen for å ta livet av Bourne. Vosen blir framstilt som gjennomført usympatisk, og bryr seg ikkje om å gå over lik for å verne løyndomen om leigemordarprogrammet. Djupast sett vil han verje seg sjølv frå å bli avslørt. Filmen har ein tydeleg tendens mot denne rettsløysa, ein motstand som får andlet i den kvinnelege kollegaen Pam Landy, som stadig kritiserer Vosen, og som til slutt står i fare for sjølv å bli drept av han. Hennar argumentasjon er stadig: Ein kan ikkje la målet (=å drepe uskuldige) helge midlet (=å verne om løyndomar, rikets sikkerhet.) Dette innebér ein tydeleg, men implisitt, samfunnskritikk frå filmen si side, ikkje minst med tanke på den amerikanske debatten om Guantanamo (fangeleir der mistenkte terroristar vert halde utan offentleg rettssak.)

 

Bør kristne sjå på film?

Etter no å ha gått gjennom strukturen i mange filmar, samt sagt noko om at livssyn og røyndomsforståingar vert kommunisert gjennom film, skal eg gå vidare til å drøfte det spørsmålet som kanskje ”brenn” mest her og no. Vi som er kristne, som trur på Jesus og fylgjer han; korleis bør vi tenke om alt dette? Er det OK for oss å sjå på film? Eg vil understreke, før eg går vidare, at det eg seier i det fylgjande er å rekne som rettleiande, på grunnlag av den innsikt eg har i Guds Ord. Andre kan kome til litt andre konklusjonar her, eg ynskjer ikkje å framstille det fylgjande som noko absolutt bod.

 

Korleis skal vi då som kristne forholde oss til film? Fyrst er det nokre grunnleggjande premiss som må på plass:

 

Positiv vurdering av skaparverket og kulturen:

         Mennesket er skapt i Guds bilete (1 Mos 1,27-29) og har fått eit kulturoppdrag. Kunst og kultur får si naturlege rolle innanfor dette oppdraget. Altså gjev kristen tru i utgangspunktet ei positiv vurdering av film, musikk, kunst etc.

         Apostelen Paulus kan omtale positive element i heidensk og ikkje-kristen kultur, jfr. Apg 17,28; Rom 2,14-15; Fil 4,8.

         Jesus sjølv brukte svært ofte døme frå daglegliv og historie for å forkynne Guds Ord. Han hadde eit positivt syn på skaparverket som Gudgjeve og Gudvilja.

 

Med andre ord er det ingen grunn til i utgangspunktet å forkaste film, heller ikkje ikkje-kristen film. Det kan vere mykje godt å lære om menneskelivet og vår eksistens gjennom å sjå på film, liksom ein kan lære mykje av å lese eventyr, Æsops fablar, eller Aristoteles’ filosofi.

 

Likevel kjem ein på ingen måte unna at vår verd er fallen, etter syndefallet pregar synda heile menneskelivet, og kvart menneske som ikkje trur på Kristus, står i fiendskap til Gud, utan frykt for han og utan tillit til han. Dette pregar i sterk grad filmindustrien. Dei aller fleste filmar teiknar opp ei røyndomsforståing utan rom for Gud, mange har valdeleg og umoralsk seksuelt innhald. Kan kristne sjå på slike filmar? Igjen er det verd å setje opp nokre premiss:

 

Bibelen skildrar menneskelivet, også den syndige delen. Men i moralsk kontekst.

         Bibelen har mykje skildring av menneskelivet. Også mykje vald vert skildra, men i regelen ikkje inngåande, jamvel om det kan vere grovt nok.

         Til ein viss grad vert også stygg språkbruk skildra og attgjeve.

         Seksualitet vert attgjeve ein god del gonger. Erotikk vert skildra i Høgsongen.

         NB! I Bibelen – når vald og umoral vert framstilt – skjer dette innanfor ein moralsk kontekst: Det vert gjeve tydelege føringar med omsyn til kva som er rett og gale, og det får dårlege konsekvensar å bryte Guds bod.

 

Kristne er kalla til å leve heilagt:

         Jesus kallar dei som fylgjer han, til å avstå frå å bruke vald og ta hemn. Dei skal heller vende det andre kinnet til, og overlate hemnen til Gud. (Matt 5) Dette gjeld ikkje den kristne som er ein representant for øvrigheita, som ”bér sverdet.”

         Kristne er kalla til å leve seksuelt reint. Dette innebér å avstå frå seksuelle relasjonar utanom ekteskapet, og å vinne sin eigen ektefelle i helging og ære. (1 Kor 7; 1 Tess 4). Jesus sidestiller det å sjå på ei kvinne med seksuell lyst, med det å drive hor.

         Paulus formanar kristne til ikkje å føre grovt språk og usømeleg tale (Ef 5).

         Paulus formanar kristne til å bli forvandla, bli lik Jesus, ikkje til å etterlikne verda (Rom 12).

         Jesus åtvarer sterkt mot freistingar. (Mark 9.)

 

På grunnlag av desse premissa, er det på tide å kome med nokre normative vurderingar om forholdet mellom kristenliv og filmsjåing.

         I utgangspunktet kan kristne sjå på film som eit positivt medium. Filmskaping høyrer med som ein del av det kulturoppdraget som Gud har gjeve.

         Legg merke til den moralske ramma handlingar vert plassert i! Vald på film treng ikkje vere forkasteleg, dersom det blir framstilt som negativt eller som eit ”minste vonde”. Jfr. filmar som ”Saving Private Ryan” og ”Ringenes Herre”. ”Leaving Las Vegas” framstiller stort alkoholkonsum og prostitusjon, men framstillinga er meir avskrekkande enn inviterande.

         Kristne bør vere kritiske til å sjå utmålande framstilling av seksualitet på film, jfr. Matt 5. Seksualitet på film treng heller ikkje vere forkasteleg, sjå etter den moralske ramma handlingane vert plasserte i. Eit interessant døme: ”Vanilla Sky”. (David Aames’ utsvevande seksualliv fører til død og ulukke.)

         Kva moralske konsekvensar får handlingar i ein film? Vert handlingar mot Guds bod løna eller straffa? Men merk også her at Bibelen kan vere tvetydig: Her på jorda er det ikkje alltid dei gode som vert løna og dei vonde som vert straffa, Salme 73 og Jobs bok. Men Gud har det siste ordet i saka, han skal til slutt døme.

         Dersom ein film inneheld valdelege og umoralske element: Er desse ein del av den berande strukturen i ei større forteljing, eller vert dei framstilt berre ”for sin eigen skuld, til underhaldning”, jfr. t. d. ”Saw”, ”28 days later”, ”Doom” etc. Dette gjeld også stygt språk, grove vitsar etc. Det er problematisk om kristne lét seg underhalde av, og gler seg over, dette på same måten som ”verda” gjer.

 

Som ein kan sjå, har eg altså her innteke eit slags ”mellom-standpunkt”. Eg vil i utgangspunktet oppfordre kristne til å vere kritiske til hollywoodkulturen; her er verkeleg mykje syndig, umoralsk og gud-laust. Men det er vanskeleg å seie noko klart og tydeleg om kva filmar ein bør eller ikkje bør sjå. Utover dei råda eg har gjeve ovanfor, kan eg føye til her:

Bruk gjerne litt tid på å sjekke filmen før du ser han. Kva seier imdb.com, står det åtvaringar der? Les meldingar i aviser, høyr kva vener seier. Får du åtvaringar, så vurder å hald deg unna, jamvel om ”alle andre har sett han.”

 

Og dei filmane du vél å sjå: La deg underhalde, ja visst, men ha ein kritisk sans. Bruk litt tid på å stille spørsmål til filmen: Kva livssyn kjem til uttrykk? Kva moral? Kva ynskjer eigentleg filmskaparane å seie? Kanskje vil dette krevje litt tid og krefter, men samstundes opnar ein for ei mykje rikare og meir lærerik filmoppleving på denne måten.

 

Pass på at du kjenner Bibelen godt, at du lever nært Gud! Ein skal ikkje alltid avvise seriøse filmar som er negative til kristendom og kristne verdiar. Hollywood kan også representere sunn og god religionskritikk (jfr. t. d. ”The apostle”. Også ein film som ”A. I.” kan lære oss kristne noko) og ein kan lære noko viktig om kva andre ikkje-kristne er opptekne av og trur på. Men i alle høve bør ein sørge for å ha eit godt, bibelsk fundament for å kunne døme om det som ein ser på film av ulike livssyns- og moraloppfatningar.

 

Til vidare lesing:

Etisk Oppslagsbok (Espen Ottosen)

Hollywood Wordviews (Brian Godawa)

Reel Spirituality (Robert K. Johnston)

Imdb.com, største filmsida på internett.

 

 

 



Stikkord: , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: