Foredrag om dåpen i det Nye Testamente

 

Innleiing

Det er eit sentralt, viktig og omstridd tema vi skal ta føre oss i dette foredraget, nemleg den kristne dåpen. I Matteus 28 kan vi lese at Jesus gjev den såkalla misjonsbefalinga: ”Meg er gitt all makt i himmel og på jord! Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler, i det dere døper dem til Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Og se, jeg er med dere alle dager så lenge verden står.”

           

Jesus har gjeve oss eit oppdrag. Vi skal gå ut i verda, seier han, og gjere folk til læresveinar. Og vi skal døype dei, seier Jesus. Greitt. Det spørsmålet eg då skal ta opp i dette foredraget, er altså: Kva er eigentleg dåpen? Det er då naturleg at eg også kjem inn på spørsmålet om såkalla ”barnedåp” og ”vaksendåp”. La meg då fyrst seie at eg kjem til å ta utgangspunkt i NT sjølv, men at eg kjem til å argumentere for eit evangelisk-luthersk dåpssyn. Når dét er sagt, vil eg også understreke at eg ynskjer at det skal vere ope for innvendingar og spørsmål, dersom de er usamde eller det er noko de lurar på.

 

Nokre refleksjonar om det å forkynne om dåp

Ein kunne seie: ”Dåpen er eit betent tema. Det er så mange ulike meiningar ute og går. Kunne vi ikkje berre leggje dåpen litt til sides og konsentrere oss om det vi er samde om, om Jesus som Guds Son, og om frelsa?” Dette er ei haldning som vi ikkje så fort bør avvise. Av og til er det nok viktig å leggje til sides det vi er usamde om, for å kome saman om det vi faktisk er samde om. Her i Kviteseid vert det t. d. arrangert såkalla ”Fellesmøte” av og til. Då er det pinsevener, kyrkja, normisjon og betel som kjem saman. Men på generelt grunnlag må ein likevel seie at denne haldninga ikkje er god. Og årsaken er fyrst og fremst denne: Dersom du les NT, vil du finne at dåpen spelar ei veldig stor rolle, spesielt i Apostelgjerningane og brevlitteraturen. Det er ingen tvil om at dåpen var noko veldig viktig for dei fyrste kristne. Difor bør også dåpen vere viktig for oss.

 

I det fylgjande skal eg trekkje fram ein del av dei mest sentrale tekstane i NT som omhandlar dåpen. Så skal vi freiste å seie nokre ord om kva dåpen eigentleg er. Mot slutten skal vi seie nokre ord om dette med barnedåp. Då kjem eg til å argumentere for eitt barnedåpssyn, men som sagt vil det bli opna for motargument og innvendingar. Eg ynskjer å understreke at dersom det er ting vi er usamde om, er det lite å tape på å diskutere ting på ein open og sakleg måte. Det ein derimot kan tape på, er å teie ned problemstillingar, eller grave seg ned i sine eigne skyttargraver.

 

Dåpen i Apostelgjerningane

Vi kjem ikkje her til å ta opp dåpen i evangelia, sjølv om det kunne vore interessant nok. Jesu dåp skiljer seg markant frå den dåpen vi vert døypte med. Vi går difor til Apostelgjerningane fyrst, og der vil vi trekke fram tre tekstar som talar om dåpen. Der får vi ein del tips i forhold til kva ein skal tenkje om dåp og dåpspraksis.

 

Peter på pinsedag.

De kjenner nok historia om kva som skjedde på pinsedag. Apostlane fekk Anden, og då forkynte dei med stor kraft. Dei forkynte om Jesus, og då les vi at dei som høyrde på, reagerte sterkt:

 

Men da de hørte dette, stakk det dem i hjertet, og de sa til Peter og de andre apostlene: Hva skal vi gjøre, brødre? Peter sa til dem: Omvend dere, og la dere alle døpe på Jesu Kristi navn til forlating for syndene. Så skal dere få Den Hellige Ånds gave. (Apg. 2, 37-38)

 

Her ser vi fleire viktige poeng som vi skal ta med oss: Dåpen er knytt saman med det å tru på Jesus og å vende seg om til han. Like vert dåpen knytt til det å få forlating for syndene, og å få den Heilage Ande.

 

Den etiopiske hoffmannen

I denne teksten les vi om læresveinen Filip. Han fekk beskjed av Anden om å ta ein tur ut i øydemarka. Der møtte han plutseleg på ein etiopisk hoffmann som var ute på tur. Filip gjekk bort til han og forkynte evangeliet for han. Så kom hoffmannen til trua på Jesus. Då les vi:

 

Mens de nå kjørte fram langs veien, kom de til et sted hvor det var vann, og hoffmannen sa: Se, her er vann, hva er til hinder for at jeg blir døpt? Filip sa: Tror du av hele ditt hjerte, så kan det skje. Men han svarte og sa: Jeg tror at Jesus Kristus er Guds Sønn! Så bød han å stanse vognen. Og de steg begge ned i vannet, både Filip og hoffmannen, og han døpte ham. (8:36-38)

 

Eitt viktig poeng i denne teksten, er at tru og dåp høyrer i lag. Hoffmannen vert ikkje døypt før han vedkjenner at han har trua på Jesus som Guds Son. Utover dette seier ikkje teksten noko om kva dåpen er for noko.

 

Nokre ord om Paulus’ dåp

Neste tekst vi skal sjå på, er ein kort tekst henta frå kapittel 22. Der fortel Paulus sjølv om sin eigen dåp (som vi også kan lese om i kapittel 9). I kapittel 22 får vi ei teologisk ”tyding” av Paulus’ dåp:

 

[Ananias] sa til meg: Våre fedres Gud har utvalgt deg…du skal være et vitne for alle mennesker om det du har sett og hørt. Og nå, hva venter du på? Stå opp og la deg døpe og få dine synder vasket bort i det du påkaller hans navn! (Apg. 22,15-16)

 

Legg merke til ordbruken her. Det er snakk om at dåp, og at ”syndene vert vaska bort”. Det er liten tvil om at dette siktar til sjølve dåpsvatnet. Men vidare vert det føresett at det er tru der, i og med påkallinga av Jesu namn.

 

Dåpen i brevlitteraturen

Vi skal no sjå på dei viktigaste tekstane i brevlitteraturen, om dåpen. Som nemnt ovanfor, vert dåpen nemnt mange gonger her. Dåpen var veldig viktig for dei fyrste kristne, det er sikkert. Når ein les NT, vil ein ikkje finne noko slikt som ”udøypte” kristne. Trua på Jesus og dåpen til hans namn, høyrer saman. Ein vil også finne at dåpen sterkt vert poengtert som inngangsporten til kristenlivet. Men no vil vi gå til tekstane sjølve, og sjå kva dei seier.

 

Romarbrevet 6: Dåpen og det kristne livet

I Romarbrevet 6 er temaet ”det kristne livet”, det å leve eit åndsfylt liv i kvardagen, prega av godleik og kjærleik. Nokre av dei kristne hadde prøvd seg med fylgjande argumentasjon: ”Jesus døydde for alle våre synder, ikkje sant? Kan vi ikkje då berre synde så mykje vi vil, vi blir jo frelst likevel?” Paulus seier ”NEI!” Og så viser han til dåpen. De fekk jo eit nytt liv, seier han, de vart fødde på nytt – kvar då? Jo, I dåpen. La oss sjå kva teksten seier:

 

Hva skal vi da si? Skal vi bli ved i synden for at nåden skal bli dess større? Langt derifra! Vi som er døde fra synden, hvordan skulle vi ennå leve i den? Eller vet dere ikke at alle vi som ble døpt til Kristus Jesus, ble døpt til hans død? Vi ble altså begravet med ham ved dåpen til døden, for at liksom Kristus ble oppreist fra de døde, skal også vi vandre i et nytt liv. (Rom 6, 1-4)

 

Her vert det sagt at vårt ”gamle, syndige liv” vart gravlagd ”ved dåpen”. Ein del vil tolke denne teksten slik at dåpen her mest vert eit ”symbol”, men eg vil seie at dette er ei tolking som ikkje gjer heilt rett mot det som teksten sjølv seier. Dette inntrykket vert forsterka ved den neste teksten vi skal sjå på.

 

Kolossarbrevet 2: Gravlagt og oppreist, til liv med Kristus, i dåpen.

I ham er dere også blitt omskåret med en omskjærelse som ikke er gjort med hender, ved at kjødets legeme ble avlagt, ved Kristi omskjærelse, idet dere ble begravet med ham i dåpen, og i den ble dere også oppreist med ham, ved troen på Guds kraft – han som oppreiste Kristus fra de døde. (Kol. 2, 11-12)

 

Her får vi ei klarare framstilling av det som Romarbrevet 6 seier, nemleg at den som er kristen, er ført inn i eit nytt liv med Jesus, ved trua. Kvar skjer dette? Jo, I dåpen. Ein skal også leggje merke til at vendingane som går på å ”bli oppreist med Kristus”, ”bli gravlagt med Kristus”, er typisk dåpsterminologi.

           

Seinare kjem eg attende til dette med barnedåp. Her skal eg berre kort nemne at denne staden er ein av dei mest direkte ”linkane” til barnedåpen. Omskjeringa av Israelsfolket gjaldt nemleg heile folket, inkludert borna, som vart omskorne frå dei var åtte dagar gamle. I denne teksten vert dåpen kalla ”Kristi omskjering”. 

 

Titus 3: Atterføding, frelse og fornying ved dåpen.

Men da Guds, vår frelsers godhet og kjærlighet til menneskene ble åpenbaret, frelste han oss, ikke på grunn av rettferdige gjerninger som vi hadde gjort, men etter sin miskunn, ved badet til fornyelse og gjenfødelse ved Den Hellige Ånd. (Titus 3,4-5)

 

Her vert det sagt at Gud har frelst oss. Kvar gjorde han det? Jo, ved badet til fornying og atterføding, les vi. Handlar dette om dåpen? Ja, det vil eg absolutt seie: Det greske ordet for ”bad” tyder rett og slett eit vanleg vassbad. (Evt. sjekk Apg. 9, 37; 16, 33; 22,16, Ef. 5, 25-26. Ved fleire av desse stadene er både vatn og bad nemnt i lag. Det er difor rimeleg unaturleg å tolke desse stadene til ikkje å handle om dåpen. Jfr. også at dåpen i nytestamentleg tid ikkje skjedde slik som i våre kyrkjer, med litt skvetting av vatn, men derimot med eit ”bad”, med full neddykking.

 

1. Peter 3: Frelse i dåpen.

I [Noahs ark] ble noen få, det er åtte sjeler, frelst ved vann, det som også nå frelser oss i sitt motbilde, dåpen. Den er ikke en avleggelse av kjødets urenhet, men en god samvittighets pakt med Gud, ved Jesu Kristi oppstandelse… (1. Pet. 3, 20-21)

 

Dette er ein mykje omdiskutert tekst. Men ein ting som er heilt klart, er at teksten tydeleg seier at dåpen frelser. Kva som ligg i ”en god samvittighets pakt”, er meir uklart. Det greske ordet for ”pakt” finn vi berre her i NT, eperotema. Det kan tyde pakt, eller også bøn eller ynskje. Dersom ein omset med ”bøn”, er det ikkje enkelt å seie om den gode samvittigheten er subjekt (altså at det er denne som bed) eller objekt (altså at ein bed om eit godt samvit). Eg vil nok halde ein knapp på den siste, med stønad frå Hebr. 10, 22.

 

Kva konklusjonar trekkjer ein med bakgrunn i desse tekstane?

Vi har sett at tekstane fortel at dåpen gjev frelse, atterføding, nytt liv, union med Jesus i hans liv og død. Samstundes er det NT heilt tydeleg på at frelsa vert gjeve ved tru på Jesus Kristus (sjå t. d. Gal 2, 16 med mange fleire). Det er difor rimeleg å seie at ein forstår NT rett dersom ein reknar dåpen som eit nådemiddel, ein måte Gud gjev oss sin nåde på, ved trua. Vi vert døypte med vatn, og Guds Ord er knytt til vatnet, og når vi tek imot dåpen i trua, får vi frelse, syndsforlating og nytt liv.

           

I forlenginga av dette, vert det viktig å spørje om fylgjande: Meiner NT at ein person som ikkje er døypt, ikkje er frelst? Var det ikkje slik at frelsa vart gjeve i dåpen, ved tru og tillit til Jesus? Jo, frelsa vert gjeve i dåpen. Og NT kjenner som sagt ikkje til kristne som ikkje er døypt. Dersom ein er kristen, då skal ein døypast, seier NT. Samstundes finn ein døme på at folk kjem til trua og får Anden berre ved å høyre Guds Ord. Dette kan ein t. d. lese om soldaten Kornelius i Apg. 10. Som lutheraner seier ein at Ordet er eit nådemiddel, eit middel Gud brukar til å gje oss sin nåde. Jfr. Rom 10, 17. Dette vil i og for seg ”alle” vere samde om, sjølv om ikkje alle vil bruke ordet ”nådemiddel”.

 

Barnedåpen – bibelsk eller ikkje?

Vi må også seie nokre ord om barnedåpen. Dette er eit omstridd tema, også blant teologar. Vart spedborn døypte i den fyrste, kristne kyrkja, eller venta ein til borna kunne ta avgjerda sjølv, og bli døypte ”på trua si”? Dette er eit viktig spørsmål, og diverre er det slik at NT ikkje uttalar seg krystallklart om dette spørsmålet.

 

Kan vi lese om barnedåp i NT?

At vaksne folk vart døypte, det er sikkert, det har vi jo sett mange døme på i tekstane ovanfor. I Apg. 2, t. d., las vi at 3000 folk høyrde forkynninga, og vart omvendt og lot seg døype. Det er ganske naturleg at så mange vaksne folk er nemnt i NT, for kyrkja var den gong i ein misjonssituasjon, og dei som vart lagt til kyrkjelyden, hadde enno ikkje hatt mykje tid til å få born. Finn vi likevel tekstar som talar om at småborn vart døypte? Ja, det vil eg meine at ein rimelegvis kan seie, sjå på desse:

 

  • Kol. 2 har vi allereie sett litt på. Denne teksten kallar som sagt dåpen for den nye pakts omskjering. Omskjeringa var eit teikn som alle i Israelsfolket skulle ha.
  • 1. Kor. 10 talar om førebileta for dåpen og nattverden i utferda frå Egypt (2. Mos). Her seier Paulus at ”Alle ble døpt til Moses i skyen og i havet.”
  • Fleire stader i Apostelgjerningane les vi at heile huslydar vart døypte (Sjå 16, 15. 18, 8 m. fl.) Det er rimeleg å tenkje at også småborn var med med her, sjølv om det kan anførast argument mot dette.
  • Også born vert kalla læresveinar, det kjem fram fleire stader i NT, jfr. Apg. 21, 4-5 og Ef. 6,1-3.
  • Nokre vil seie at vi i NT ikkje er bedne om å døype spedborn. Til dét kan ein svare at ein ikkje er forbode det heller. MEN vi er bedne om å døype ”alle”, jfr. Matt 28, 18-20. Det vert også, i Mark. 16, 16, sagt at den som trur og vert døypt, skal verte frelst. Då vert dåpen knytt til frelsa.

 

Men teologien er avgjerande…

Ein kunne nok seie at dersom det vi har skissert ovanfor, var alt vi visste om dåpen, då hadde det ikkje vore heilt enkelt å avgjere spørsmålet om barnedåp. Men barnedåpen får god stønad frå nokre meir prinsipielle, teologiske slutningar. Vi har sett at dåpen gjev frelse, og eit livssamfunn med Jesus, ved trua. Då blir det viktig å stille fylgjande spørsmål: Treng småborn frelse? Treng dei å få nåden på nokon måte, eller er dei frelst ”slik som dei er” av di dei er ”uskuldige”?

 

Kva seier NT om syndefallet og dets konsekvensar?

Her har NT ein god del å seie. Mange tekstar er tydelege på at alle menneske, både unge og eldre, småborn og vaksne, er syndarar. Og då blir det viktig å presisere fylgjande: Ein BLIR ikkje syndar av di ein GJER det eine og det andre. Ein ER ein syndar, DIFOR gjer ein synder. Eller sagt med andre ord: Etter syndefallet har vi alle ein syndig og fallen natur. DIFOR gjer vi den eine og den andre synda. Men dette vil då seie at også småborna har denne syndige naturen, og treng frelsa. Her skal vi berre trekkje fram ein del skriftord som understøtter denne måten å forstå synd på:

 

·        [Adams] overtredelse ble til fordømmelse for alle mennesker. (Rom 5, 18)

·        Også vi vandret alle blant dem i vårt kjøds lyster, og vi gjorde kjødets og tankenes vilje. Vi var av naturen vredens barn, liksom de andre. (Ef. 2,3)

·        Jesus svarte: Sannelig, sannelig sier jeg deg: Uten at en blir født av vann og ånd, kan han ikke komme inn i Guds rike. Det som er født av kjødet, er kjød, og det som er født av Ånden, er ånd. (Joh. 3,5-6)

·        Det er ikke én rettferdig, ikke en eneste. (Rom. 3, 10)

·        Slik bærer hvert godt tre god frukt, men et dårlig tre bærer dårlig frukt. Et godt tre kan ikke bære dårlig frukt, heller ikke kan et dårlig tre bære god frukt. (Matt. 7, 17-18)

·        Kjødets (dvs. mennesket slik det er i seg sjølv) lyst er fiendskap mot Gud, for det er ikke Guds lov lydig, kan heller ikke være det. (Rom 8, 7)

·        Også dere, som var fremmede og fiender av sinnelag, i deres onde gjerninger… (Kol. 1, 21)

 

Dette er dei mest sentrale utsegnene i NT om kva det vil seie at mennesket er ein syndar. Og det er tydeleg at NT trekker alle menneske med i syndefallet; alle har fått ein syndig natur, inkludert borna. Difor er også alle i utgangspunktet fortapte.

 

Jesus og borna

Ein kan spørje: Finst det utsegner i det NT som seier at borna likevel er frelst ”slik som dei er?” Nokre vil bruke Jesus og borna som argument her. Jesus sa jo at ”barna høyrer til Guds rike”, sa han ikkje det? Her må ein halde tunga rett i munnen. Kva var det Jesus sa? Han sa: ”La de små barn være, og hindre dem ikke i å komme til meg, for himlenes rike hører slike til.” (Matt. 19,14)

           

Jesus føreset altså at borna IKKJE er hjå han, men at dei må bringast til han. Han seier jo også i Mark 10, 15: ”Den som ikke tar imot Guds rike likesom et lite barn, skal slett ikke komme inn i det.” Altså: Borna må ta imot. Jesu poeng her, er ikkje at borna i seg sjølv har gode eigenskapar som gjer dei eigna for Guds Rike. Heller er det vel mangelen på eigenskapar som gjer at dei er eit godt døme: Dei er hjelpelause.

 

Kva med trua; kan eit lite barn tru?

Vi har sett at ingen vert frelst berre ved å bli døypt, trua på Jesus er avgjerande, ingen vert frelst utan tru (Jfr. Heb. 11,6). Kan så eit lite spedbarn tru? Ja, det må ein seie, sjølv om ikkje NT seier dette klart. Teksten med Jesus og borna peikar i den retninga. Like eins må ein spørje: Dersom borna ikkje kan tru, korleis skal dei bli frelst? Her vil trusforståinga spele avgjerande inn. Kva ER tru?

           

Dersom ein tenkjer seg at trua må vere medviten og tydeleg vedkjennande, er det klart at eit lite spedborn ikkje kan tru. Men det er ikkje slik vi bør forstå trua. I NT er trua fyrst og fremst forstått som tillit til Guds løfter (Jfr. Rom. 4, 5). Trua vert gjeve av Gud, og skapt av han (Ef. 2, 8-9). Tru er noko heilt anna enn gjerningar (Gal. 3, 1ff. 2,16), det er ein naken tillit til Gud, ei tom hand. Sjølvsagt seier NT mykje om at trua fører til gode gjerningar og frukter, det er klart. Men trua i seg sjølv er ikkje ein viljesakt. Det er derimot ein tillit som Gud skaper i oss når vi møter evangeliet. Denne tilliten til Jesus kan vi ha sjølv om vi søv, og sjølv om vi er i koma. Like eins må vi tenkje oss at Gud kan skape denne tilliten i eit lite barn ved dåpen, liksom han kan skape han i oss, av berre nåde.

 

Tidleg teologihistorie

Til slutt nokre ord om kva vi kjenner til om dåp og barnedåp frå dei fyrste to hundre åra i kyrkjehistoria. Det fyrste ein kan seie, er at eit dåpssyn som seier at dåpen kun er eit ”symbol”, rett og slett ikkje finst i oldkyrkja. Alle var samde om at dåpen gav frelse og forlating for syndene (eit mogleg unntak, som ikkje hadde nokon særleg utbreiing å tale om: Det anonyme skriftet ”Om gjendåp”, frå 256).

 

Fleire utsegner peikar i retning av at barnedåp vart praktisert i oldkyrkja, dei fyrste heilt sikre utsegner vi har på dette, er frå rundt 200: Origenes talar om barnedåpen som ein apostolisk skikk (og merk at det ikkje er mange slektsledd frå han og attende til aposteltida), Hippolyt si kyrkjeordning omtalar barnedåp (og liturgiske ordningar er svært konservative, og endrast ikkje brått). Den motstandaren vi kjenner til, som får mykje merksemd, er Tertullian. Han uttalar seg mot barnedåpen. Men han gjer det ikkje ut frå eit truande-dåpssyn, han meiner at det er syndsforlating i dåpen. Han vil likevel utsetje dåpen for at borna skal få velje sjølv, slik at dei ikkje skal ”skusle bort” det dei får i dåpen. Tertullians syn hadde ikkje mykje gjennomslagskraft. Vi ser altså at teologihistoria uttalar seg positivt i retning av barnedåp, sjølv om vi ikkje har klare utsegner om dette før rundt 200.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stikkord: , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: